Toppbanner: Folket kjempar, folket sigrar!

Arbeidernes kommunistparti

AKP-logoen
Søk Aktuelt akp.no og Rødt!

Dette nettstedet vil fortsette som historisk dokumentasjon.

akp.no Google

AKP oppløyser seg for å styrka organiseringa av det revolusjonære arbeidet

AKP sitt andre ekstraordinære landsmøte i 2007, samla 21. april 2007, meiner at vi i Raudt kan føra vidare det kommunistiske arbeidet i Noreg, og vedtar at AKP oppløyser seg sjølv og går inn i dette partiet. Slik følgjer vi opp vedtaket AKP gjorde på det ekstraordinære landsmøtet i mars:

"... resultatet av prosessen med danning av eit nytt revolusjonært parti har gitt eit godt utgangspunkt og går derfor inn for at AKP skal gå inn i det nye partiet" (Raudt).

AKP har vore sentral i mange viktige kampar, og dette vil bli ført vidare i Raudt. Då AKP blei stifta på 1970-talet var det blant anna fordi Vietnamkrigen radikaliserte norsk ungdom, og fordi vi såg behovet for ein revolusjonær kommunistisk organisasjon i Noreg. Kampen mot amerikansk krigføring er minst like viktig i dag, når Noreg er ein aktiv krigsdeltakar og ikkje berre støttespelar. Eit viktig arbeid som må gjerast framover, er å delta i kampanjen for å få norske soldatar ut av Afghanistan, og å kreva at Noreg skal slutta å trena opp irakiske quislingsoldatar.

Klassesamarbeidet i fagforeiningane blei også utfordra på 1970-talet. Dei "ville streikane" gjorde på nytt streik til kampmiddel. Fagrørsla står i dag framfor nye store kampar som vi vil delta aktivt i. Utflagginga av Tiedemands Tobakk viser at jakta på superprofitt fører til slakt av lønsomme norske arbeidsplassar, utan at regjeringa vil eller kan gjera noko med det. Pensjonsforliket er eit svik mot arbeidsfolk. Dette vert tydeleg for stadig fleire, og kampen for å forsvara AFP har no stor og veksande oppslutnad i fagrørsla.

På 1980-talet utvikla AKP ein kvinnepolitikk som fekk fram at fleirtalet i arbeidarklassen er kvinner, og som viste kor viktig krav som sekstimarsdagen og likeløn er for heile fagrørsla. Meir enn 10.000 kvinner deltok på bøllekursa til AKP, der vekta låg på kollektiv kvinnekamp og korleis kvinner og arbeidsfolk kan gjera kvarandre store. Desse erfaringane er like viktige i dag.

Kapitalkreftene pressar på for å privatisera fellesressursane vasskraft, olje og fisk. Dei menneskeskapte klimaendringane gir oss signal om at eit anna samfunn trengst. Målet vårt er eit samfunn der det er behova til folk, ikkje profitten ein kan oppnå på dei, som styrer. Seks timars normalarbeidsdag med full lønskompensasjon er ikkje eit grensesprengande krav, men noko vi har råd til i dag. Det ville gitt mange deltidsarbeidande kvinner ei løn å leva av, og gitt folk tid og overskot til å ha det bra.

Målet vårt er det klasselause samfunnet. Det trengst framleis revolusjonær organisering i Noreg i dag. Vi grip no sjansen vi har fått til å føra kampen for dette vidare i Raudt. Samtidig vil vi tenkja nytt om korleis vi betre kan få til dei store oppgåvene vi har.

Arbeidet har starta. Vi gler oss til å halda fram saman med nye og gamle kameratar.


8. mars 2007
Oppdatering av sida med nytt-parti-stoff. Sjå meir her

4. mars 2007
akp.no nr 2 av året er på plass, åttandemarsutgåva: Tekstar om m.a mannevald, sekstimarsdag, retten til å gå ute, aldersgrense for giftarmål, afp, likestilling og aprilpiker. Les meir her

13. februar 2007
Partisamlingsprosessen: Endelege innstillingar til program, vedtekter og leiing. Les meir her

10. februar 2007
Rødt! nr 1, 2007 er på nettet. Les om kvinnekamp, kvinners arbeid, patriarkat, klima, alkohol, olje, Afghanistan, Tsjetsjenia og den digitale dugnaden

27. januar 2007
Årets første utgåve av akp.no. Tekstar om m.a tenestedirektivet, nytt parti, barnehager, klasseskiller, Irak, Palestina, Nepal og asylpolitikk. Les meir her

13. januar 2007
Vi har oppdatert sida med stoff om partisamlingsprosessen. Les meir her

10. januar 2007
Rødt! nr 4, 2006 er no komplett. Les om Balkan, terrorbombing, Afghanistan, religion, maoisme og mange bøker

3. desember 2006
Fleire artiklar frå Rødt!. Les om Solstad, SU, arbeidsmiljø og Mao - og meir kjem
AKP har gitt høyringsfråsegn om dei foreslåtte
tiltaka mot tvangsgifte. Les meir her

2. desember 2006
Ny utgåve av akp.no. Tekstar om m.a Midtausten, pensjon, kjønnsroller, kommunisme og ungdomshus. Les meir her

28. november 2006
Nytt nummer av Rødt! er på veg ut i posten og på nettet. Les om nytt parti, pensjon og sjukehuskamp - og meir kjem

29. oktober 2006
Lagt ut ei fråsegn til frå landsmøtet - om særaldersgrense ved giftarmål. Les nedst på denne sida

20. oktober 2006
Ny utgåve av akp.no. Tekstar om m.a bistandspolitikk, Venezuela, Nepal, fredsprisen, statsbudsjettet og sekstimarsdagen. Intervju med den nye leiinga i AKP. Les meir her

18. oktober 2006
Vedtaka frå landsmøtet ligg her

15. oktober 2006
AKP har hatt landsmøte. Ingrid Baltzersen er valt til ny leiar. Les meir her

9. oktober 2006
Rødt! nr 3 er omsider komplett på nett. Vi presenterer historisk Kambodsja-debatt. Vi har oppdatert sider med omtale av AKP, Gymnaslærer Pedersen og Urent farvann. Og vi gir deg programmet for Globaliseringskonferansen i kortform

23. september 2006
akp.no nr 8 med artiklar om m.a fattigdom, Libanon og jentepolitikk. Les meir her

20. september 2006
Rødt! nr 3 med m.a artiklar om demokrati, Stalin, Spania, Kambodsja, porno, vatn, samane, Libanon og framandgjering. Les meir her

29. august 2006
Ny bok av Erling Folkvord: Urent farvann! Les meir om boka og ting ho her

27. august 2006
Sommaren går mot slutten, og vi er klare med ei ny utgåve av akp.no, med stoff om Libanon, universitetspolitikk, Afghanistan og meir til. Les meir her

27. juli 2006
Fråsegn frå AKP om eventuelle Nato-styrker i Libanon. Les meir her
Jon Børge Hansen skriv om Gaza, Libanon og Noreg. Les meir her

Ny sommarlett side: Sjølvdiggingssida: Sånt andre seier om AKP - ei sitatsamling. Les meir her

19. juli 2006
Fråsegn frå AKP om situasjonen i Midtausten. Les meir her

3. juli 2006
Ny utgåve av akp.no, med stoff særleg om sveltestreiken og om tariffoppgjeret. Les meir her

16. juni 2006
To fråsegner frå AKP i samband med sveltestreiken til dei afghanske flyktningane. Les meir her

2. juni 2006
Lagt ut Jorun Gulbrandsen sin appell mot deportasjon av afghanske flyktningar. Les meir her
Ny utgåve av akp.no: Palestina, Irak, Venezuela, tariffoppgjeret, rettssaka mot Oddleiv Tønnessen, flyktningedeportasjonane, RV-landsmøtet og meir. Les her

15. mai 2006
Ebba Wergeland sin appell ved dagens Palestina-demonstrasjon utanfor Oslo i dag. Les meir her

28. april 2006
Vi feirar første mai med ein liten filmsnutt frå dei harde søttiåra: 1. mai 1972 i Hamar. Sjå her

21. april 2006
AKP rår til å røyste nei i byggfaga. Les fråsegna her
Nytt nummer av akp.no - med stoff om tariffoppgjeret, klassekamp i inn- og utland, internasjonal solidaritet pluss intervju med den nye RU-leiaren. Les alt saman her

20. april 2006
AKP gratulerer Bjørgulv Braanen og Klassekampen med Fritt ords pris. Les meir her

16. april 2006
Nytt nummer av Rødt! (nr 2, 2006). Les meir her

Eldre saker finn du her

akp.no heter nå
Rødt nytt
Du kan fortsatt
abonnere gratis.

Siste utgåve av månadsavisa akp.no
Gratis abonnement?

Tidsskriftet Rødt!
har nå eget nettsted

Siste utgåve av tidsskriftet Rødt!
Abonnement?
Gratis prøvenummer?


Ny bok om Nepal

Les om AKP

AKP
Osterhaus' gate 27
0183 Oslo
telefon 22 98 90 60
faks 22 98 90 55
e-post akp@akp.no
postgiro 0530 1189356
org-nr 974 248 956