
Arbeidernes kommunistparti |
![]() |
|
Søk | Aktuelt | akp.no og Rødt! |
Dette nettstedet vil fortsette som historisk dokumentasjon. |
AKP sitt andre ekstraordinære landsmøte i 2007, samla 21. april 2007, meiner at vi i Raudt kan føra vidare det kommunistiske arbeidet i Noreg, og vedtar at AKP oppløyser seg sjølv og går inn i dette partiet. Slik følgjer vi opp vedtaket AKP gjorde på det ekstraordinære landsmøtet i mars: "... resultatet av prosessen med danning av eit nytt revolusjonært parti har gitt eit godt utgangspunkt og går derfor inn for at AKP skal gå inn i det nye partiet" (Raudt). AKP har vore sentral i mange viktige kampar, og dette vil bli ført vidare i Raudt. Då AKP blei stifta på 1970-talet var det blant anna fordi Vietnamkrigen radikaliserte norsk ungdom, og fordi vi såg behovet for ein revolusjonær kommunistisk organisasjon i Noreg. Kampen mot amerikansk krigføring er minst like viktig i dag, når Noreg er ein aktiv krigsdeltakar og ikkje berre støttespelar. Eit viktig arbeid som må gjerast framover, er å delta i kampanjen for å få norske soldatar ut av Afghanistan, og å kreva at Noreg skal slutta å trena opp irakiske quislingsoldatar. Klassesamarbeidet i fagforeiningane blei også utfordra på 1970-talet. Dei "ville streikane" gjorde på nytt streik til kampmiddel. Fagrørsla står i dag framfor nye store kampar som vi vil delta aktivt i. Utflagginga av Tiedemands Tobakk viser at jakta på superprofitt fører til slakt av lønsomme norske arbeidsplassar, utan at regjeringa vil eller kan gjera noko med det. Pensjonsforliket er eit svik mot arbeidsfolk. Dette vert tydeleg for stadig fleire, og kampen for å forsvara AFP har no stor og veksande oppslutnad i fagrørsla. På 1980-talet utvikla AKP ein kvinnepolitikk som fekk fram at fleirtalet i arbeidarklassen er kvinner, og som viste kor viktig krav som sekstimarsdagen og likeløn er for heile fagrørsla. Meir enn 10.000 kvinner deltok på bøllekursa til AKP, der vekta låg på kollektiv kvinnekamp og korleis kvinner og arbeidsfolk kan gjera kvarandre store. Desse erfaringane er like viktige i dag. Kapitalkreftene pressar på for å privatisera fellesressursane vasskraft, olje og fisk. Dei menneskeskapte klimaendringane gir oss signal om at eit anna samfunn trengst. Målet vårt er eit samfunn der det er behova til folk, ikkje profitten ein kan oppnå på dei, som styrer. Seks timars normalarbeidsdag med full lønskompensasjon er ikkje eit grensesprengande krav, men noko vi har råd til i dag. Det ville gitt mange deltidsarbeidande kvinner ei løn å leva av, og gitt folk tid og overskot til å ha det bra. Målet vårt er det klasselause samfunnet. Det trengst framleis revolusjonær organisering i Noreg i dag. Vi grip no sjansen vi har fått til å føra kampen for dette vidare i Raudt. Samtidig vil vi tenkja nytt om korleis vi betre kan få til dei store oppgåvene vi har. Arbeidet har starta. Vi gler oss til å halda fram saman med nye og gamle kameratar. 8. mars 2007 4. mars 2007 13. februar 2007 10. februar 2007 27. januar 2007 13. januar 2007 10. januar 2007 3. desember 2006 2. desember 2006 28. november 2006 29. oktober 2006 20. oktober 2006 18. oktober 2006 15. oktober 2006 9. oktober 2006 23. september 2006 20. september 2006 29. august 2006 27. august 2006 27. juli 2006 19. juli 2006 3. juli 2006 16. juni 2006 2. juni 2006 15. mai 2006 28. april 2006 21. april 2006 20. april 2006 16. april 2006 Eldre saker finn du her |
akp.no heter nå ![]() Gratis abonnement? Tidsskriftet Rødt! |
AKP Osterhaus' gate 27 0183 Oslo telefon 22 98 90 60 faks 22 98 90 55 e-post akp@akp.no postgiro 0530 1189356 org-nr 974 248 956 |
||