AKP-arkivet

Beskyttelse mot
tvangskteskap

Høyringsfråsegn frå AKP

November 2006


Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Innvandringsavdelinga
Postboks 8019 Dep
0030 Oslo
Dykkar ref 200603652-/ CEF

Beskyttelse mot tvangsekteskap - tiltak for å motvirke at unge personer sendes til og holdes tilbake i opprinnelseslandet for å tvangsgiftes

Me viser til nemnde høyring.

AKP meiner at forslaget om 21-årsaldersgrense er problematisk, fordi AID ikkje kan dokumentera i kor stor grad det vil hindra tvangsekteskap - det fins ingen sikre opplysningar som viser kor mange giftarmål som føregår under ulike grader av tvang. Samtidig vil det ramme dei som av ulike grunner gifter seg - frivillig - i ung alder.

Dei føreslåtte tilleggstiltaka vil ramme dei som gifter seg av fri vilje. AKP er einige i AID sine vurderingar for dei som gifter seg frivillig aukes i forslag 2 ift 1 og 3 ift 2. AKP meiner at forslag om at tiltaka i pkt. 9 oppheves når herbuande fyller 26-28 i auka grad vil ramme utanfor målgruppe og at det ikkje kan vera forholdsmessighet i tiltak vs. mål. Og me legg vekt på det høyringsnotatet peiker på: jo høgare aldersgrensa settes, jo meir inngripande blir det for parter som har inngått giftarmål frivillig.

AKP kan ikkje støtte nokon av alternativa, då me er redd dei vil verka uforholdsmessig inngripande og me ikkje veit omfanget av ekteskap inngått under press og tvang. Tvangsekteskap bør, som Noreg sine internasjonale forpliktelser tilseier, bekjempast med alle moglege forhandsreglar, men forslaga kan krenke t.d. forbodet mot diskriminering

1.4 Forslag fra høringsinstansene

Høringsinstansene inviteres til å komme med forslag og innspill til eventuelle andre tiltak enn de som er skissert i punkt 9, som kan motvirke at noen holdes tilbake i hjemlandet som konsekvens av et 21-årskrav. Instansene inviteres også til å foreslå andre målrettede tiltak for å motvirke tvangsekteskap.

AKP meiner det viktigaste tiltaket mot tvangsekteskap må ligga i integrering. Positive tiltak som verker integrerande er å ha ein arbeids- og bustadmarknad som er open for innvandrarar og flyktningar. Eit anna godt tiltak er gratis barnehage for ungar med minoritetsbakgrunn. Me stør informasjons- og rådgjeningstiltak som SEIF, Informasjonstelefonen om tvangsekteskap, Kompetanseteamet mot tvangsekteskap, meglingsinstansar, MIRA-senteret og Krisesenter - og ser auken i henvendingar til disse nettopp som eit uttrykk for at disse har fått auka støtte og auka verksemt og nettopp lykkast i å spreie informasjonom muligheter og rettar.

Me meiner at negative incentiv, som forslaga til tiltak - spesielt tiltak 2 og 3 - til utlendingslova er, ikkje fungerer integrerande. Det er allereie begrensingar i utlendingslova, t.d. §9a, som enno ikkje er iverksett. AKP meiner ein først må undersøke effekten av disse før ein vedtek nye begrensingar, men me er også i mot desse begrensingane av same grunn som me er i mot tiltaka som er foreslått i høyringa. AKP meiner også at det å bruka utlendinglova for å få ei gruppe borgarar i Noreg til å overhalda andre norske lover fungerer undergravande for lova.

Tvangsgifte er eit alvorleg overgrep. Men det er ikkje dei unge i miljøa som praktiserer tvangsekteskap som må ta ansvar for å få ein slutt på dette. Me synest forslag om å heve aldersgrensa for ekteskapsinngåing vitner om ein sånn tankegong. Tiltaka mot tvangsekteskap og arrangerte ekteskap må først og framst rettast mot maktpersonar i innvandrarmiljøa. Leiarar i organisasjonar og trussamfunn, dvs. eldre menn er dei som har makt og innflytelse. Det er disse som må vera første målgruppe dersom regjeringa verkeleg ynskjer å beskytte ungdom.

Tvang til ekteskap er reelle problem for både unge jenter og gutar. Tvang til å bli i ekteskap som ikkje fungerer er reelle problem, og det er viktig at samfunnet vårt legger til rette for rett til sjølv å bestemme både om og når ein vil gifta seg og skilja seg. At ingen skal måtte gifte seg mot sitt ønske eller å bli i eit ekteskap ein ikkje vil vera i er ikkje vanskelig å einast om, uansett om den det gjeld er 18 eller 50 år, eller om foreldra kjem frå Pakistan, Sverige eller Noreg.

Ei viktig årsak til at tvangsekteskap førekjem i vår del av verda er den strenge innvandringspolitikken og Noreg si deltaking i Schengensamarbeidet. Noreg har stengt grensene for innvandring frå tredjeverda-land. Å komme frå fattige kår i eit anna land med håp om at du skal kunne komme til Noreg for å skape deg eit betre liv, er like vanskelig som for ein kamel å koma igjennom eit nålauge. Den einaste måten norske myndigheter gir til å koma igjennom nålauge er familiegjenforeining eller ekteskap. Å endra på utlendingslova slik at det blir enklare med innvandring frå heile verda er difor eit viktig tiltak for å hindra tvangsekteskap.


Peikar til høyringsbrevet


Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

Til AKP si heimeside