Å forstå m-l-rørsla

av Olav Randen

Trykt i Klassekampen 25. august 2003 i noko avkorta utgåve
Komplett versjon attgjeve med løyve frå forfattaren

Attende til hovudsida for denne debatten


Debattane om m-l-rørsla i sommar og i vinter og i fjor og året før har vore konkurransar i to øvingar, fordømming og anger. Om temaet skal bli noko anna enn ustanselege reprisar, må vi starte i ein annan ende, med å prøve å forstå. Så kan vi trekkje lærdommar og eventuelt fordømme og angre etterpå.

Eg skriv dette ut frå eigne røynsler. Eg var med i SUF, MLG og AKP i tida frå 1970 til 1980. Eg budde i Oslo til i 1972 og seinare i andre delar av landet. Eg hadde aldri sentrale partiverv. Når eg bruker fortid om m-l-rørsla, er det fordi det berre var i syttiåra ho var ei masserørsle.

Eg tek utgangspunkt i eit på mange måtar godt bokverk, Karsten Alnæs' Historien om Norge. Alnæs kallar m-l-arane "en marginal og tallmessig liten gruppe, som politisk sett spilte en helt uvesentlig rolle". Likevel skriv han 15 sider om oss.

Som eksempel bruker Alnæs Hanne Müller, overklassedotter frå Bergen. For henne, vakse opp med "Bud bedes gå kjøkkenveien" på inngangsdøra av tung eik, med "perlekjedene oppkveilet på fløyelsbunn i smykkeskrinet av sølv" og seinare student med bisampels som uteplagg, var SUF og arbeidarklassen eksotisk og framandt - og verdt å utforske. Gøy var det også, og "herrene i AKP ble erotiske midtpunkter" med spelande musklar og asketisk livsførsel.

Det kan forteljast andre historier. Kameraten som verva meg til SUF til dømes, fortalde om lag slik: Eg las hefta og diskuterte med m-l-arane på Blindern, mest for moro og utan at eg tenkte så mykje på at det vedkom meg. Men då eg hadde vore heime på Nordmøre og reflektert over korleis slitet hadde brote ned mor mi, melde eg meg på grunnsirkel.

Om eg tenkjer gjennom bakgrunnen til dei m-l-arane eg kjende, er eg i liten tvil om at denne historia er meir representativ enn Hanne Müller si.

Kvifor vart vi med?

Alnæs skriv at m-l-rørsla var dei bortskjemde sitt opprør i ei tid med velstand, vekst og demokrati. Men vi som vart vaksne sist på seksti- og først på syttitalet, såg andre trekk i tida. Vi såg brutal nedslakting av folk i Indokina og Afrika, militærdiktatur i Hellas og Spania, palestinarar utan heimland, sovjetisk innmarsj i Tsjekkoslovakia og fascistkupp i Chile, aukande skilnad mellom fattige og rike folk og fattige og rike land, overvaking av annleis tenkjande her heime, nedbryting av natur og rasering av distrikt - og Norge nærast som eit lydrike for USA.

Mot dette var tanken om revolusjon og sosialisme ein draum om ei betre framtid. Om vi trudde at revolusjonen var like om hjørna? Og at sosialismen var eit paradis på jord? Vi trudde at revolusjon var ein sjanse, som kanskje kom i vår tid og kanskje låg langt fram. Men iallfall dei av oss som hadde lese Mao, trudde ikkje sosialisme var berre herlegheit. Klassekampen vil halde fram, og faren for kontrarevolusjon er til stades, var blant hans sentrale tesar.

M-l-rørsla såg på vanlege folk som aktørar og ikkje som brikker. Med meg til dømes var det slik at eg som ung student slong innom eit og anna møte i politiske ungdomsorganisasjonar. Der møtte eg politikarprofesjonen, det at somme av oss er kalla til å bli politikarar og elite, andre til proletarar eller husmødrer. Det at massane er dei eigentlege heltane og leiarane ofte barnslege og dumme, som Mao formulerte det, var ei tenking av eit heilt anna slag. Arbeidet med massemobilisering, demonstrasjonar og spreiing av flygeblad, veggaviser og argument ut blant folk, var denne tenkinga omsett i praksis.

Medan det normale var at dei store debatterte og dei små, særleg jentene, sette ut stolar føreåt, tagde i forsamlinga, skreiv referat under møtet og rydda og vaska etterpå, var respekten for den menige medlem ein annan i m-l-rørsla, med konsekvent arbeidsfordeling, med rundar blant møtedeltakarane, gruppedebattar og ein kritisk/sjølkritisk stil som også kunne råke dei i posisjonar.

M-l-arane gjekk rett inn i dei vanskelege spørsmåla. Der DNA sa Fred i Vietnam og at vi for all del ikkje måtte kritisere storebror USA med namn, same kor mange napalmbomber dei sleppte, sa m-l-arane USA ut av Vietnam og Støtt frigjeringsfronten FNL.

M-l-rørsla hadde intellektuell appetitt på å analysere og vilje til å forstå. Vi forenkla, ignorerte innvendingar, skilte svart frå kvitt og ignorerte nyansar, det er så. Likevel var det ein avgrunn frå dette og til organisasjonsliv og universitetsfag flest, der vi skulle analysere vår vesle flik av virkelegheita og overlate heilskapen til andre.

Vi vart også med fordi vi oppnådde resultat. Med metodane med massemobilisering, ståpåvilje og motvilje mot kompromiss gjekk m-l-arane på mange vis i spissen for å gjere syttitalet til eit annleistiår i etterkrigstida, eit tiår då dei mektige ikkje var allmektige. Om dette skreiv eg meir i Klassekampen 1. august.

Korleis var vi?

Var vi arrogante, oppkjeftige og respektlause? Ja visst. Tenk deg, lesar, ein gjesteførelesar om den franske revolusjonen eller 1814, han avsluttar på velforma vis og ventar på applausen. I staden kjem ei jentehand i veret: Du gløymer kvinnene, endå vi er halve himmelen. Eg vil ha meg fråbedd slik kvinnediskriminering. Og jubelen bryt laus, ikkje for den intellektuelle kraftprestasjonen, men for dette dusininnlegget. Eller tenk på førstemai-komiteen i småbyen, som annonserer planleggingsmøte og reknar med at partistyret og bystyregruppa møter slik dei alltid har gjort. Så kjem 25 ungdommar som aldri har gått i førstemai-tog, seier at Trygghet i fellesskapet bør byttast ut med Kamp mot imperialismen, og at møtefleirtalet skal avgjere i demokratiets namn.

Sjølvsagt er dette arroganse og manglande respekt for andre sitt intellektuelle og politiske arbeid.

Men spørsmålet kan også stillast til andre, til dei som har hatt ein m-l-ar som lærar, kollega, fagforeinings- eller organisasjonskamerat, lege, sosialkurator eller eitkvart slikt. Sjølv om ein skal vere varsam med å snakke om gruppetrekk, trur eg det er grunnlag for å hevde at m-l-arar og eks-m-l-arar flest, meir enn andre, viser vilje til å lytte og evne til å sjå seg som ein del av fellesskapet. Skikkelege folk altså, eller med våre syttitalsord: Folk som tek masselinja på alvor.

Det fanst og finst arroganse i ulike miljø. Eg minnest til dømes EU-striden i 1994. Dåverande statsminister Gro Harlem Brundtland var i Mosjøen og kom i debatt med ein bonde frå Hattfjelldal. - Du er jo helt hjernevasket, sa statsleiaren. Fylkesleiaren i DNA Nordland orsaka henne etterpå med at ho nok hadde fleire enn denne eine i tankane. - Uttalelsen var nok myntet på et bredere segment.

Kanskje er arroganse nokså likt fordelt. Særtrekket var heller at vi var arrogante mot dei som ikkje var vane med å bli møtt på den måten, dei med makt.

M-l-arane "brukte tyranniske metoder som piping, avbryting, utskjelling, utfrysing og mobbing", skriv Alnæs. Det er også sant. Piping blir kanskje ikkje brukt på møte i meir danna organisasjonar som Unge Høyre og Rotary. Men dei andre tyranniske metodane?

Maos ugjerningar

I eit tiår eller meir hylla ungdomsgrupper Mao, både som tenkjar og som politikar, utan særleg sideblikk til hans negative sider. "Formidabel politisk blindhet," skriv Alnæs, og eg protesterer ikkje. Her trengst eit oppgjer, skriv kommentator etter kommentator, og eg protesterer framleis ikkje. Dei som ikkje har teke sjølvkritikk, har ingen rett til å uttale seg i det norske samfunnet, skriv dei, og eg protesterer.

La oss i eit par avsnitt byte ut Mao med Martin Luther, eit ideal for Norge gjennom fleire hundreår både som religiøs tenkjar og menneske. I hans tid gjekk tyske bønder til opprør, med krav om respekt og skikkeleg behandling. Thomas Müntzer og hans medopprørarar slåst altså for det vi i dagens språkbruk ville kalle menneskerettar. "Knus, kvel og drep dei opprørske bøndene som ville hundar," var Luthers oppmoding. Mot jødane brukte han ord av same slaget.

Det trengst eit oppgjer med og ein balansert analyse både av Mao og Luther. Men over tid og utan basunropa. Og om vi - med om lag like god grunn - seier at dei som ikkje har teke eit oppgjer med Luther, ikkje har rett til å uttale seg i det norske samfunnet, skrumpar demokratiet vel mykje inn.

Kadervurderingar?

Alnæs skriv at kadervurderingane var "bygd opp etter standardiserte ritualer. ... Etter at gruppa hadde vurdert sterke og svake sider ved kandidaten, vedtok man i fellesskap en korrigeringsplan. Det omfattet hjelp i ekteskapelige problemer, dersom medlemmet hadde det. Ofte fikk hun eller han påbud om å lese sosialistisk litteratur."

Også dette er sant. Kadervurdering var ein metode som kunne misbrukast og vart misbrukt. Men det er ikkje heile sanninga. Vi kunne seie at du, kamerat, bør vere meir saman med familien, redusere den politiske aktiviteten ei stund, mekke bil eller spele fotball. For hugs, lydde formaninga, du skal vare heile livet og ikkje berre denne våren.

Alle som har vore på eit landsmøte eller eit årsmøte i ein konfliktfylt organisasjon, har opplevd at kvelden og natta før eit val syder forsamlinga av liknande personvurderingar. Men det er ein skilnad: Den det gjeld, er ikkje med.

Det er ein skilnad til: Spørsmålet om korrigeringsoppgåver blir ikkje reist. Kritikken er ofte ukameratsleg og fordømmande meir enn konstruktiv. Tenk til dømes om DNA hadde gjort ei skikkeleg kadervurdering av Gro Harlem Brundtland før ho vart statsminister. Di korrigeringsoppgåve skal vere å lytte til folk. For mennesket har to øyre og berre ein munn, kunne dei ha sagt, og det hadde gått dette landet betre.

Den ukjende leiinga

Vi visste ikkje kven som sat i sentralkomiteen. Vi kunne ikkje ta telefonar og kjende ikkje andleta til folk. Grovt udemokratisk, ja.

Det hadde sin bakgrunn. Det spraka i telefonar, stundom vart samtalar spelte i reprise, og brev kom ikkje fram eller kom etter veker og bar merke av at dei var opna under vegs.

Eg kan nemne eit lite døme av det slaget hundretals ungdommar opplevde. På rekruttskolen vart varmvatnet borte. Vi klaga og klaga, men ingen ting skjedde. Til slutt kravde eg, som var tillitsmann, allmannamøte. Der vedtok vi å leggje ned tenesta dagen etter viss ikkje varmvatnet kom att. Eg vart kalla inn på teppet. - Eg veit alt om deg, bjeffa kompanisjefen med auga på rapporten om tilfellet OR.

Eit par timar etterpå var forresten vatnet ordna.

Lund-kommisjonen skriv mykje og godt om overvaking, men er grunn om det viktigaste spørsmålet: Kvifor overvaka dei oss? Det var neppe fordi dei frykta at vi skulle alliere oss med ei framand makt. Dei tenkte nok mange forvirra tankar, dei ansvarlege for overvakinga, men ikkje at Albania eller Kina skulle okkupere Norge. Dei overvaka oss fordi kampen om samfunnet kunne hardne til, og då kunne det bli nødvendig å setje oss ut av spel. Med dei metodar som var og er tilgjengelege for å setje folk ut av spel.

Det var altså ikkje slik at vi ønskte ei ukjend leiing. Det var i staden slik at vi meinte det var nødvendig å skjerme folk, trass i problema for det indre demokratiet.

Det med ei ukjend leiing er unormalt. Men ei utilgjengeleg leiing er normalt. Prøv å få til ein dialog med rådmann eller ordførar eller landsleiing i ein organisasjon eller med utlendingsdirektoratet. Du vil erfare at mange har lagt inn eit spam-filter mot vanlege folk, same om du ser namn og bilete i avisa og finn nummer i katalogen og e-postadresse på nettsider.

Men om dei utilgjengelege har glatte og harde andlet, som dei m-l-arane Alnæs skriv om, det har eg aldri tenkt over.

Leiinga hadde eit informasjonsmonopol, med Klassekampen og internaviser og det aller meste ovanfrå og ned. Det var ille og øydeleggjande. Men det møter vi sanneleg også i andre organisasjonar. Direktørane bestemmer, sersjantane blant tillitsvalde og tilsette spreier informasjonen og legg opp møta, vel vitande om at lojal og aktiv handling gir forfremjing, og vi små som kanskje har andre synsmåtar, slepp høfleg til med tominutts innlegg som ikkje får dei ringaste konsekvensar.

Forfallet

Med m-l-rørsla gjekk det som det plar gå. Frå ein gong i siste halvdel av syttitalet tok ho til å visne, først i Oslo og seinare utover landet. Det levande demokratiet vart borte, nytenkinga like eins. Marxismen-leninismen vart ein fasit meir enn ein analysereiskap. Dei lojale vart verande, og dei andre gav opp. Som i NKP i femtiåra og i DNA i etterkrigstida. Og lojalitet snur sjeldan nedgang.

Kva var att? Eit "ytterliggående, autoritetsdyrkende og antidemokratisk alternativ", som Alnæs skriv? Eller ein normal, liten partiorganisasjon? Tja. Den som har lese bøkene til Reidar Hirsti, Reiulf Steen og Ronald Bye om det indre liv i det einaste større partiet det har leke frå, Arbeidarpartiet, vil nok vere samd i at metodane leiinga der iblant har brukt, fortener slike karakteristikkar minst like mykje som m-l-rørsla.

Nei då, det orsakar ingen ting. Men han var inne på noko vesentleg, tømmermannen ein gong i tida som snakka om ei flis og ein bjelke.

Oppsummering og lærdommar

M-l-arar brukte å seie at alle ting har to sider, ei god side og ei dårleg side. Ei grov forenkling av ei mangfasettert virkelegheit, ja. Men likevel: Også m-l-rørsla hadde to sider. Den eine sida var engasjementet for ei betre verd bygd nedanfrå.

Det er denne dugnaden for fellesskapet Alnæs og andre forståsegpåarar gløymer i sin iver etter å krossfeste. Difor blir perioden og rørsla eit mysterium for dei, ein uforståeleg del av Norgeshistoria på linje med befolkningsnedgangen i første halvdel av 1300-talet og samlinga om paripolitikken i mellomkrigstida.

Mykje står att å analysere, men med dei kunnskapane vi har så langt, kan vi trekkje to lærdommar. Den første gjeld lojalitet. Solidaritet ja, men lojalitet nei, bør vere oppmodinga. Bryt informasjonsmonopolet og einsrettinga, dyrk den alternative og sjølvstendige tenkinga, kan vi seie.

Mao var forresten innom det same. Det er rett å gjere opprør, sa han. Bombarder hovudkvarteret, oppmoda han.

Det er lett å seie og vanskeleg å gjennomføre, for oss som for Mao. For samfunn og organisasjonsliv er slik at om du vil forandre, treng du makt. Og skal du få makt, må du vere lojal. Men medan du syner den lojaliteten som må til for å få makt, mister du det sjølvstendet som trengst for å bli annleis og nytenkjande.

Den andre lærdommen, som nesten alle kommentatorar gløymer endå kor viktig han er, er denne: Om folk ser eit aldri så lite skimt av håp om ei betre verd, vil dei - innsatsvillig og ueigennyttig - strøyme mot lysglimtet. Det var det vi - med våre ifølgje Alnæs glatte og harde andlet - gjorde på syttitalet.