Å forstå syttitalet

av Olav Randen

Trykt i Klassekampen 1. august 2003
Attgjeve med løyve frå forfattaren

Attende til hovudsida for denne debatten


Debatten mellom Eldar Myhre og Håkon Kolmannskog (HK) i Klassekampen og like eins etter Bernt Hagtvets krav i Dagbladet om sjølvkritikk frå AKP viser kor vrient det er å forstå norsk syttital. Min bakgrunn for å skrive om perioden er at eg var med. Eg var AKP-medlem i eit drygt tiår, rett nok aldri i sentrale posisjonar, og eg var aktiv politisk i ulike samanhengar.

Det kan høve å starte med det at mange studentar og ferdige kandidatar valde industriarbeid eller anna fysisk arbeid. For dagens kommentatorar, inkludert HK, verkar det uforståeleg. Partiet må ha hatt eit jerngrep om kadrane.

Men det var annleis. I seksti- og syttiåra vart talet på studentar dobla kvart femte år. Mange av oss var ikkje oppflaska med oppdrift. Vi ætta frå industriarbeidarar, bønder eller fiskarar og hadde ikkje ein einaste akademikar i slekta. Med meg til dømes var det slik at eg fekk gode karakterar på framhaldskulen, og lærarane rådde meg til å gå på gymnas. Eg følgde rådet, fekk gode karakterar der òg, hamna på universitetet, tok ein embetseksamen og prøvde meg som akademikar nokre år. Men eg fann meg ikkje til rettes, prøvde andre ting og vart etter nokre års famling småbrukar. Etter inflasjonen tyngde ikkje studielånet så mykje heller. Hadde eg vore fødd ti år før, hadde eg vel reist til sjøs nokre år eller vorte snikkar.

Stod partiet bak?

Vi var altså oppvaksne med arbeid, arbeidde i feriane og kjende oss heime blant arbeidsfolk. Steget inn i fysisk arbeid var stutt. Steget inn i akademia var lengre.

Men partiet stod bak? Tja, vi diskuterte yrkesval i partilaget og rådde medlemene til å prøve industri eller anna fysisk arbeid. Argumenta var to, at arbeidsfolk trong folk med politisk innsyn og at vi sjølve trong dei impulsane og erfaringane arbeidslivet gav. Det var, slik eg ser det i dag, godt hald i begge argumenta. Vi hadde hatt eit betre samfunn om det hadde kravd av legar og advokatar og rådmenn og journalistar at dei skulle ha minst eit år i fysisk arbeid før dei fekk sine leiarstillingar.

Det er altså rett som Eldar Myhre skriv at yrkesvalet var eit individuelt val. Det var ikkje partiet som valde for folk. Dei fleste ville truleg ha valt like eins om dei ikkje hadde vore med der. Sjølvsagt hadde også AKP sine karrieristar som proletariserte seg for å gjere partileiinga til lags og kome i leiinga sjølve, men desse var unntaka.

Men eg synest Myhre legg for lite vekt på ei anna sak, at vi hadde eit ønske om å vere til nytte i kampen for småkårsfolks interesser. Det som vart formulert i den svulstige parolen Ten folket altså. For eigen del var eg halvhjarta med i NTL då eg var stipendiat. Dei lågt på karrierestigen hadde det trongt også på eit universitetet, men vi visste alle at dei iherdige og dei som utsondra det nødvendige lojalitetssekretet, ville bli professorar eller førstekonsulentar med romsleg økonomi om nokre år. Difor var ikkje behovet for interessekamp det største. I foreininga fanst også ei tylft medlemmer som kunne analysere godt og skrive velforma fråsegner. Difor trongst ikkje den enkelte. Då eg etter nokre år vart med i bonde- og småbrukarlaget, følte eg meg meir heime fordi alle der trong ein interessekamp, og eg følte meg meir til nytte fordi eg gjennom studietida hadde lært ein del om å analysere og formulere som organisasjonen mangla. Eg trur Myhre og andre opplevde det like eins då dei vart industriarbeidarar og tillitsvalde.

Tiåret som forandra Norge

For å forstå dette må vi attende til situasjonen i Norge i syttiåra. Til no har norske historikarar helst delt etterkrigstida i to, med skiljet rundt 1975. Med det skuslar dei bort at syttitalet skilde seg både frå tida før og tida etter. Slik eg ser det, er den fornuftige inndelinga ei tredeling, i den statskapitalistiske perioden frå krigsslutt til rundt 1970, annleistiåret frå 1970 til 1980 og den marknadskapitalistiske perioden frå 1980 fram til i dag.

Kva skjedde, og kva var m-l-rørsla si rolle? La meg starte med eit lite og eit stort eksempel.

Ein haustdag i 1969 eller 1970 samla ei gruppe gymnasiastar i Øystese i Hardanger seg i frustrasjon over at dei ikkje fekk lærebøkene sine på nynorsk. Somme av dei hadde truleg lese Maos vesle raude sitatbok, kanskje også heftet om Strasbourgertesane, og dei hadde høyrt ein suffar frå Oslo eller Bergen oppglødd forkynne at streik var løysinga på alle våre problem. Vi går til lærebokstreik, avgjorde jyplingane og fekk resten av elevflokken med seg.

Hausten etter sende dei brev til alle gymnasiastsamfunn om å gjere like eins, med paroleforslag som: Lærebøker til same pris og tid på begge målformer! Stortingspreik nyttar lite, berre aktiv massekamp fører fram! Staten er ingen snill onkel, han må tvingast i kne! 30.000 elevar slutta seg til. Dinest lovfeste Stortinget kravet, truleg fordi dei frykta at fleire aksjonar påverka holdningane hos dei unge. Dei uferdige og naive gymnasiastane frå Øystese hadde altså endra Norge. Framleis står lovpåbodet ved lag.

I 1976 la regjeringa fram ei oppsiktsvekkjande stortingsmelding om ernæringspolitikk. Vi må ta dei internasjonale matproblema og ønsket om global rettferd på ramme alvor, står det der. Difor må vi redusere forbruket av kornbasert kjøt, altså kylling og gris, og heller ete meir korn, heimeavla grønsaker og kjøt produsert på gras og utmarksbeite. Meir brød og graut og gulrøter.

Det var rett tenkt og endå meir aktuelt i dag, når svolten er permanent for nesten ein milliard menneske. Men om ein statsråd no hadde foreslått noko slikt, ville han ha vorte hengt ut i ei samla presse og ein karriere ta slutt.

Nei då, det var ikkje AKP som stod bak. Eg kjenner ingen tråd frå partiet og til dåverande sosialminister Sonja Ludvigsen, som visstnok var arkitekten. Eg veit heller ikkje om sekretærane hadde band til AKP. Eg minnest ikkje om Klassekampen skreiv om meldinga, og om dei så gjorde, fordømte dei ho truleg fordi ho ikkje såg ernæringspolitikken i revolusjonært perspektiv.

Samanhengen er ein annan. Bak meldinga låg ei tenking om at vårt ansvar er globalt, at solidaritet må til og at ei anna verd er nødvendig og mogeleg. Dei som framom alle andre dreiv fram denne tenkinga i det norske samfunnet, var dei unge og umodne og ofte brautande og skråsikre m-l-arane.

Syttiåra var tiåret då kvinnekamp vart alvor, både kamp for arbeid og mot kvinneundertrykkande holdningar, og då sjølvbestemt abort vart vedteke. I 1972 sa Norge nei til EU-medlemskap. Det var tiåret då ei brukande arbeidsmiljølov kom, då det vart vanskeleg å leggje ned bedrifter fordi folk protesterte, då fiskerigrensa vart utvida, då Stortinget vedtok inntektsopptrapping for bønder, då regionteater, vidaregåande skolar, distriktshøgskolar og småflyplassar kom, då miljøkamp vart ein realitet og miljøet fekk eige departement, då kommunesamanslåingane tok slutt, då homofile våga stå fram, då dialektbruk kom i staden for normalisert tale i det offentlege rom, då den absolutte legeautoriteten vart broten, då språket vart endra slik at solidaritet og imperialisme vart godtekne ord, då veggaviser og gruppediskusjonar vart delar av organisasjonslivet, då Vømmøl og Tramteatret og Troilltampen og Hålogaland Teater endra kulturen og mykje mykje meir.

Eg som skriv dette, kan framleis (men kanskje berre i nokre år) vere småbrukar fordi syttiåra gjorde det mogeleg. Ungane mine gjekk på ein grendeskule som vart berga på grunn av aktivismen. No vil dei ovanpå på nytt leggje ned skulen, slå saman kommunane og avvikle mitt yrke.

Det var mange som drog lasset. Men m-l-rørsla har ein stor del av æra for at syttiåra vart ein framgangsrik periode for småkårsfolk. Vi gjorde mykje dumt og noko gale, det er så. Men noko anna var viktigare enn det dumme og galne: Vi tente håpet om at ei anna tenking og ei anna verd er mogeleg. Vi var dei utolmodige som ikkje var nøgde med halvgode løysingar og difor dreiv tenking og tiltak framover.

Blant dei mange paradoksa i historia er difor at syttitalet og m-l-innsatsen for å endre Norges internasjonale posisjon var blant årsakene til at Gro Harlem Brundtland vart leiar for Verdskommisjonen for miljø og utvikling og internasjonal kjendis.

No er det mote å jamre over tiåret. Det var "en guffen epoke", skriv til dømes Anders Giæver i VG og etterlyser fleire hagtvetar. I denne gufne perioden, til skilnad frå både tida før og etter, hadde ikkje overklassen kontroll. Og då er det ikkje anna å vente enn at dei er misnøgde. Aldri meir skal vi sleppe grepet, tenkjer dei.

Fordi vi var eit trugsmål og ein maktfaktor, overvaka dei oss og samla stoff i mapper til påkomande tilfelle. Sjølvsagt gjorde dei det, slik var og er samfunn av vårt slag. Eg har aldri skjønt indignasjonen over etterretninga blant somme som var aktive i denne tida. Dei synest ha fått det for seg at samfunnet er eit demokrati.

Eg har drive politikk i alle år etterpå. Men med unntak av eit EU-nei i 1994 som ikkje stoppa EU-tilpassinga, nokre utsette meierinedleggingar og at eg har bidratt til å endre ørlite på landbrukspolitikken, har eg ikkje oppnådd noko. Den politiske aktiviteten har handla om å halde oppe ei tenking, ein moral og ein beredskap i fall tidene snur, ikkje meir. Vi er ingen maktfaktor lenger. Stort sett ville samfunnet ha vore det same om eg og mine meiningsfellar hadde slokna politisk i 1980.

For yngre folk, som HK i Klassekampen, har politikken berre vore innanfor denne ramma. Altså interesse, moral og kanskje karriere. Når dei harselerer med det å tene folket, har det noko å gjere med at dei ikkje ikkje forstår at radikal politikk også kan vere alvor og resultat.

Demokrati?

Vi hadde eit uavklara forhold til demokratiet, skriv HK i sitt forsøksvise generasjonsoppgjer. Sant nok. Vi var for at klassane skulle byte plass. Vi ville altså erstatte borgarskapets diktatur med proletariatets diktatur. Vi la liten vekt på - eller avviste - generelle menneskerettar som ytrings- og organisasjonsfridom. Og vi bygde ein organisasjon der medlemene ikkje visste kven leiinga var og kva dei gjorde og difor ikkje kunne kontrollere.

I dag meiner eg organisasjonsmodellen til AKP var forkasteleg og ei hovudforklaring på at partiet storkna. I dag er eg også meir oppteken av menneskerettar, og eg trur ikkje arbeidarklassen som klasse er i stand til å styre samfunnet på best mogeleg vis.

Men eg veit også at ytringsfridom er ein ting for Silvio Berlusconi og noko heilt anna for den sicilianske hushjelpa eller den ladinske småbrukaren. Eg har opplevd internasjonale forhandlingar som formelt er demokratiske, men der USA stiller med 100 rådgivarar og fleire afrikanske land deler ein ambassadør som utsending. Eg meiner framleis at eit formelt demokrati er ein ting og eit reelt demokrati noko heilt anna, og at tiltak for å halde dei med makt nede må til om demokratiet skal bli reelt.

Men eg har ikkje dei gode løysingane. Eg har altså framleis eit uavklara forhold til demokratiet eller rettare skrive til metodane for å oppnå demokrati. Men eg har også minst like stor tillit til den demokratiske viljen hos dei som har eit uavklara forhold til demokratiet, som til dei som har avklara forholdet.

Kambodsja og Hagtvet

Men Kambodsja, fy og fy og sjølvkritikk og orsakingar, skriv Bernt Hagtvet og dusintals andre denne sommaren. Og m-l-arar emeritus produserer lydig sjølvkritikkar.

Det er også på sin plass, men for kva? For at vi aktivt forsvara det folkemordet som fann stad? Nei, men for at vi heldt oss til kjelder som fortalde andre ting og hadde ein utillateleg naiv tillit til desse kjeldene. Det er ille nok, like ille som til dømes stordelen av det norske forsvaret for okkupantmakta Israel gjennom mange tiår. Men det er noko anna enn aktivt å forsvare eit folkemord. Eg trur til dømes at hadde dette vore i internettet si tid, ville m-l-arane ha visst betre og fordømt Pol Pot - på vanleg skråsikkert og unyansert vis.

Men for statsleiingane, for Carter og Reagan og Thatcher og Brundtland og Willoch, var det annleis. Dei forsvara og samarbeidde i FN med representantar for Raude Khmer. Carter og Reagan og Thatcher gav dei også økonomisk støtte og våpenopplæring. Og Norge var, som den reflekterte Hallvard Bakke skriv, med på å førebu FN-støtte for Raude Khmer i 1983. Ulikt oss naive og einsidig informerte hadde dei etterretningsapparat og visste kva dei gjorde.

Så kvifor fordømmer Hagtvet og andre hagtvetar oss og ikkje dei? Og kvifor konkluderer han ut frå ei einaste sak i staden for å analysere eit større materiale på systematisk og vitskapleg vis?

For å vende tilbake til det denne lange artikkelen starta med, m-l-arane sitt yrkesval og blant dei min ringe person. Eg hadde talent for teoretisk arbeid og kunne også ha vorte professor som Hagtvet. Men når eg les slike skriveri som Hagtvets, endå lengre enn dette og med dei mest vidtgåande konklusjonar ut frå ein sylspinkel empiri, tenkjer eg at det var sanneleg bra eg heller vart småbrukar. For tru kva vegen til og livet i professorstanden hadde gjort med mitt hovud?