I det første kapitlet såg vi korleis kommunistane vil ha det her i Amerika. Ikkje særleg hyggeleg. "Korleis kan folk tenkje slik," undrest du kan hende. For å finne svaret lyt vi gå attende i tid og sjå korleis kommunismen starta.

Dette er dei fire viktigaste leiarane i historia til den moderne kommunismen: Karl Marx, Vladimir Lenin, Josef Stalin, Nikita Krustsjov.

Grunnsteinen til kommunismen vart lagt ned for mange år sidan av ein forfattar ved namn Karl Marx. Frå hovudet til denne mannen kom ei av dei største fårene mot verda som vi nokonsinne har sett. Han vart fødd i 1818 i Tyskland. Faren var ein velståande advokat.
- Eg vonar at han ein dag vert advokat slik som eg!

I ungdommen vart Karl døypt som kristen.
- Eg er overraska og glad for at du er vorten ein kristen, Karl.
- Vel, eg er ikkje så glad. Det var far sin ide. Han skifta religion av omsyn til forretningane.
Karl skulle ikkje bli advokat, slik faren håpa.
- Eg liker jussen, men eg vil ikkje bli praktiserande advokat.
- Eg hadde von om noko anna. Men du skal studere!

Etter eit år på universitetet i Bonn, vart Marx utvist.
- Du må kvitte deg med dei skrudde ideane dine. Eg sender deg til ein annan skole så du kan starte på nytt.
Unge Marx vart sendt til universitetet i Berlin.
- Eg vil gå berre til timane eg har interesse av. La dei andre gå i tosketimane.

Ein av favorittlærarane hans var professor Georg Hegel.
- Nye tankar vert ikkje skapt fritt i hovuda våre. Dei vert tvinga på oss av andre tankar.
- Godt! Han trur ikkje på ei fri vilje.
- Det verker ikkje rett. Gud har gitt oss makt til fritt å skape våre eigne tankar ...

Studentane, inkludert Marx, diskuterte ivrig det Hegel sa.
- Karl, denne Hegel pratar tull.
- Eg er ikkje samd. Han tenkjer rett. Men vi burde bruke læra på alt rundt oss, ikkje berre tankane.
- Vi katolikkar veit at ingen tankar vert tvinga på oss. Gud har gitt oss eit hovud slik at vi kan gjere frie val kvar einaste dag. Det er vala vi gjer som avgjer om vi kjem til himmelen eller helvete.

- Vala våre er ikkje fri. Hegel seier at dei vert tvinga på oss av tidene vi lever i. Og når det gjeld gud, så finst han ikkje.
- Berre ein dust kan seie at Gud ikkje finst.
Men Marx heldt fram med å tenkje på Hegel si lære.
Kanskje eg kan bruke Hegel sin metode på dei einaste tinga eg trur på - det eg kan ta på og kjenna ...

- Eg trur berre på slike ting som kan vegast eller målast. Eg trur mennesket finst berre av di det kan vegast og målast. Men eg trur ikkje at det har sjel, for slikt kan ikkje vegast eller målast.
- Av same grunn trur eg ikkje på gud. Og eg trur ikkje på noko andeleg, slikt som himmel eller helvete eller sjela eller noko udøydeleg ...

Marx prøvde ut desse nye ideane på venene sine.
- Eg er materialist (ein som ikkje trur på nokon åndeleg røyndom). Gud finst ikkje. Jorda og alt på ho har blitt til av seg sjølv. Det som skjer, er avgjort av skjebnen.
- Karl, dette er frykteleg feil.
- Ting som venleik og mot kan ikkje målast. Men vi veit at dei finst.
- Og vi veit at Gud finst. Det er mange prov på det.

- Det som finst på jorda, endrar seg heile tida. Men dette skuldest ikkje gud. Dei endrar seg fordi dei er i konflikt med einannan!
- Til dømes vil levesettet av i dag verte øydelagt av konflikten mellom rikdom og fattigdom. Dei rike og dei fattige vil kjempe med einannan om rikdommane på jorda.

- ... og i denne kampen vil dei fattige til slutt sigre over dei rike. Resultatet vil verte fullstendig lykke over heile jorda, av di all eigedomen vil tilhøyre oss alle saman.
Marx hadde no formulert tre viktige trussetningar for kommunismen:
1) Det finst ikkje noko åndeleg, berre det materielle.
2) Verdshistoria er nødvendigvis ein kamp mellom dei rike og dei fattige.
3) Ut av denne kampen vil komme arbeidarane sitt styre over alle andre folk. Og det styret vil vere fullstendig godt.

- Vi vil framskunde himmerike på jorda ved å oppfordra arbeidarane til å velte dei som styrer, med makt og vald. Så kan dei danne regjeringar som vil eige all eigedom i landet.
Ein annan ung mann, Friedrich Engels, godtok Marx sine tankar og freista å spreie dei vidare.
- ... og Marx seier at når regjeringa har tatt over heile verda, så treng vi ikkje ei regjering ein gang. Det vil bli himmerike på jorda - ingen rike, ingen fattige, ingen som styrer - sann kommunisme.
- Haha! Du spøker vel - det er heilt sprøtt!

- Korleis kan regjeringar med så mye makt berre døy av seg sjølv?
- Eg er redd herr Marx ikkje har forklart meg det enno.
(Merknad frå redaktøren: Korkje Marx eller nokon annan kommunist har nokon gong freista å forklare denne underlege trua.)
Marx skreiv svært mykje om tankane sine.
- Ein dag vil kommunismen spreiest over heile verda. Og den dagen vil bøkene mine vise veg.

Venen Engels støtta han medan han skreiv.
- Friedrich, dette vil bli noko av det viktigaste eg har skrive. Eg kallar det Det kommunistiske manifestet.
- Eg er glad eg kan hjelpe deg, gode ven!
Mange år seinare skulle ein ung mann ved namn Lenin verte svært påverka av dette og andre skrift av Marx.
- Kamerat, Karl Marx hadde svaret. Nå er det opp til oss å utvikla tankane hans og sette dei ut i livet i Russland.

Marx sjølv levde livet sitt utan heimland. Han kom i bråk med styresmaktene i Tyskland, så han og familien flytta til Frankrike ... men derifrå vart han vist bort på grunn av det han trudde på.
- Karl, om du berre kunne la vere å seie at menneska knappast er noko meir enn dyr.
- Eg prøver igjen i Belgia.

Heller ikkje belgiarane sette pris på Marx.
- Vi må dra straks. Styresmaktene er etter meg.
- Kan du vente anna, du som heile tida oppfordrar folk til revolt?
Til sist drog Marx til England, der han fekk bli.
- Eg trur at dette landet ein gong vil verte velta av kommunismen. Likevel let dei meg ha fridomen min.

Marx brukte sine siste dagar på ei bok han kalla Kapitalen. Etter det vi veit, gikk han i døden medan han framleis avviste gud og trua på noko liv etterpå. Han vart gravlagt på Highgate-kyrkjegården i London i 1883.
Det var med Karl Marx at kommunismen starta. Den første staden tankane hans vart setne ut i livet, var Russland, og mannen som gjorde dette, var Vladimir Iljitsj Lenin. Han skal vi lære meir om i neste kapittel.