

USAs justisdepartement, FBI
13. mars 1961
Eg vil gjerne nytte dette høvet til å sende ei helsing til dei som les Treasure Chest.
Redaktøren har fortalt meg at bladet no sett i gong ei rekkje historier om kommunismen, og eg vil gjerne få leggje fram mitt syn på kor viktig det er å forstå dette emnet. Kommunismen er det alvorlegaste trugsmålet mot måten vi lever på. Snart vil dykkar generasjon få ansvaret for å verne om og ta vare på den fridomen vi skattar så høgt. Den mest effektive måten å kjempe mot kommunismen på, er ved å lære så mykje du kan om han. Dette gjer du ved å følgje passande kurs på skolen din og ved å lese bøker og andre tekstar om emnet. Utstyrt med denne kunnskapen vil du forstå kommunismens natur. Det er ein kunnskap som er livsviktig, for han hjelper oss å kjenne att og avsløre kommunistar når dei freistar å infiltrere ulike delar av samfunnet vårt.
John Edgar Hoover
direktør
(Treasure Chest of Fun and Fact vert gitt ut annakvar veke i skoleåret. Andre blad vi gir ut er Den unge katolske bodberaren, Den katolske juniorbodberaren og Vår lille bodberar.)
Kommunismen! Kva er det? Korleis starta det? Kva skjer vidare? Dette skoleåret skal vi sjå kva som får nokon til å tenne på kommunismen ved å ta ein kikk på viktige sider ved historia - med særleg vekt på Russland.
7. november 1917 - kommunistane tar Petrograd

Den moderne kommunismen fikk sitt første fotfeste i Russland ved vald og blodsutgyting. Ei lita gruppe menn leia ein revolusjon. Dei oppmoda folk til å angripe den representative regjeringa. Folk følgde oppmodinga av di dei trudde kommunistane ville føre dei fram til eit betre liv. Dei innsåg ikkje at i bytte med dette løftet om eit lettare liv gav dei avkall på fridomen sin.

Etter denne skjebnedagen i 1917 har kommunismen vakse kraftig. I dag er nesten ein tredel av jorda kommunistterritorium, og kommunistleiarane har kasta sine auge på USA også. Historia som no kjem, er om korleis livet vert for ein familie i eit kommunistisk USA.
- Det er talerøyret for kommunistregjeringa dykkar som talar. I dag har kommunistiske styrker fullført okkupasjonen av landet dykkar. USA finst ikkje meir. No heiter det Unionen av sovjetstatar i Amerika. Lenge leve USSA!

- Kva gjer vi no, far?
- Vi skulle ha tenkt og bede før dette hendte, Bill. Men det er aldri for seint. Vi lyt gå til kyrkja og be Gud om hjelp.
Men ved kyrkjedøra ventar ei overrasking.
- Det står at regjeringa har tatt over kyrkja sin eigedom. Det skal bli eit kommunistmuseum her i staden.
- Men kva med Ryan prest?

Neste dag får dei svar på mange spørsmål.
- Det står at alle dei katolske prestane og nonnene skal sendast til arbeidsleirer. Dei som ikkje vil, vert drepne.
- Og det same gjer dei med dei fleste jødiske og protestantiske prestane!
- Dei kan ikkje gjere dette! Vi må skrive til kongressrepresentanten vår.
- Men Bill, vi har ikkje ei representativ regjering meir. Vi må gjere som kommunistane seier.

Faktisk er ikkje regjeringa i Washington meir. Ho er flytta til Chicago.
- Dei har tatt den største bygninga i Chicago til mellombels regjeringshovudkvarter.
- Dei bare tok ho - utan å spørje eigaren!
Kommunistane øydelegg det meste av Washington.

- Herr Girard fortalte at dei fleste med høge stillingar i styringsverket er forsvunne.
- Alle som ikkje godtek kommunismen.
- Eg skal vise dei! Eg går ned til avisa!

Men i avisa - der Bill jobba i redaksjonen ...
- Denne avisa vert ikkje gitt ut meir. Heretter er det berre regjeringa si offisielle avis som kjem ut. Og det er berre tv- og radiostasjonen til regjeringa som får sende.
På veg heim får Bill vite meir.
- Bill, det er ikkje berre i avisene. Dei har teke over alt av firma. Og fagforeiningane er også tekne over av kommunistar.

- Det er altså difor far ikkje fekk tak i advokaten sin i dag tidleg.
- Akkurat! Dei seier at det ikkje trengst advokatar i ein kommunistisk stat. Regjeringa avgjer kven som er skuldig eller uskuldig utan hjelp frå advokatar.
- Men det er jo som å leve i eit fengsel!
- Hysj! Dei har oppretta eit hemmeleg politi. Høyrer dei prat som det der, vert du arrestert.

Heime er det meir nytt om det kommunistiske levesettet.
- Det kom ein mann på døra og sa at eg må arbeide på fabrikken frå i morgon. Viss ikkje, tek dei huset vårt.
- Men det er vårt hus. Eg har arbeidd hardt for det.
- Mannen sa at ingen får eige hus meir. Regjeringa har teke over all jord og alle bygg.
- Korleis skal det gå med familien vår.

- Eg hugsar vi lærte på skolen at kommunistar ikkje trur på familien. Dei seier at dei skal "frigjere" kvinna frå heimen og sette ho i arbeid.
- Berre vent til de får høyre kva vi lærte på skolen i dag. Det var berre nye lærarar der. Og så har skolen fått nytt namn. I staden for St Josef heiter han Sovjetskole 32. Læraren sa at det ikkje finst nokon Gud og at kommunismen er fullgod og allmektig.

Dei tok ned krusifiksa og hang opp USSA-flagget i staden.
- Kommunismen er svaret på alle problema i verda. Det vil verta eit himmerike på jorda, og alle vil verte lykkelege. Slikt som sjela, gud og det udøydelege finst ikkje. Mennesket har ikkje noka sjel. Det er ikkje noko liv etter dette. Dei som trur på kommunismen, er gode. Dei andre vil vi ordne opp med.

- Det vert kan hende vanskeleg for dei gammaldagse foreldra dykkar å tru på dette. Det er dykkar plikt å seie frå til oss, om dei ikkje gjer det. Elevar som følgjer dette, vil verte store kommunistheltar. Og vi vil få orden på foreldra dykkar kjapt.
- Dei har tatt frå oss alt av rettar. Samstundes seier dei at dei skal gjere oss lykkelege. For noko tull! Dei eig alt - til og med oss!
- Og dette er visst berre byrjinga.

Neste dag ...
- Herr Jones. Styresmaktene har vedteke at du skal arbeide på eit sagbruk i nord-Wisconsin. Du reiser med toget i morgon. Om du protesterer, vert du arrestert ... Kona di vil verte flytta til eit husvere i Chicago, like ved fabrikken. Du vil få vitje ho no og då.
- Men når kona mi skal arbeide, kven tar seg av barna?

- Styresmaktene tar seg av barna i særskilte skolar og barneheimar. Dei får treffe mora i helgene. Sett i gang no!
- Om berre eg og andre amerikanarar hadde forstått kor grufull kommunismen faktisk er ...

Og slik sluttar historia om den amerikanske familien under kommunismen.

Det er ei historie som ikkje vil bli røyndom om vi er på vakne og held vakt over fridomane våre.
- Om vi ber og spreier sanninga til heile verda, vil det til slutt øydeleggje den grufulle feilen vi i dag kallar kommunisme.
Les brevet frå FBI-direktøren først i denne historia: "Den mest effektive måten å kjempe mot kommunismen på, er ved å lære så mykje du kan om han."
Og følg med vidare i denne serien - del 2 kjem her.