I dag snirklar ei lang rekkje av nysgjerrige russarar seg på utsida av kommunistane sitt hovudkvarter i Moskva, inn mot ei lita bygning. På innsida passerer rekkja lekamane til Vladimir I Lenin, grunnleggjaren av den russiske kommunismen, og Josef Stalin, mannen som tok over makta etter han.

Dette er historia om Vladimir Lenin, mannen som tok Marx si lære og smidde ho til den kommunismen vi kjenner i dag.

Lenin vart fødd i Russland i 1870. Allereie som 17-åring var han i trøbbel.
- Unge mann, du har vore arrestert for aktivitet mot regjeringa, og du vert no utvist frå universitetet.
Dei neste åra studerte Lenin og nokre nære vener skriftene til Marx.
- Kamerat, Karl Marx hadde svaret. Nå er det opp til oss å utvikla tankane hans og sette dei ut i livet i Russland.

Lenin blei akseptert som marxistisk leiar.
- Vi som følgjer Marx må bruke alle moglege middel til å få vekk dei som står i vegen for oss. Kameratar, alt som fremmar revolusjonen, er godt. Det er den einaste morallova vår.
Igjen vart han arrestert for verksemd mot regjeringa.
- Du dømmest til 14 månader i fengsel. Etter det blir du deportert til Sibir.

Etter tida i fengsel og eksil, drog Lenin til Sveits.
- Eg vil starte ei avis som vi kan smugle inn i Russland. Ho skal oppfordre folk til oppreist mot styresmaktene. Ho skal fortelje om Marx sin plan for himmerike på jorda.
Han studerte Marx sine idear, og arbeidde med detaljane.
- Eg er sikker på det, kamerat, at den einaste måten vi kan sette Marx sine idear ut i livet på, er ved små grupper av skolerte folk.

- Vi skal lære dei korleis ein hissar opp innbyggjarane i eit land slik at dei vil kaste regjeringa.
- Men det er nokon som meiner at vi burde slå oss saman for å overtyde andre om det vi trur på. Jo fleire vi blir, jo meir makt får vi.
- Nei!

- Di større gruppa vert, di meir forvirra og svak vert ho. Eg vil ha små grupper, der kvar medlem arbeider kvilelaust for å øydeleggje dagens samfunn.
Lenin spreidde sine tankar på marxistiske møte.
- Vi skal ha ein liten gjeng med skolerte arbeidarar, mest som ein hær. Dei skal ly leiarane sine utan spørsmål.

- Det første målet vårt er Russland. Skolerte marxistar skal bruke alle tenkjelege metodar for å hisse opp folket til å kaste regjeringa. Etter det kan vi kommunistar ta makta.
Dei av marxistane som støtta Lenin, vart kjent som bolsjevikar.
- Lenin har rett - ei lita gruppe kan mykje lettare presse kommunismen på Russland.
- Når Russland fell, vil vi verte leiarar.

Små grupper av bolsjevikar følgde Lenin sine ordrar og tok til med hemmeleg arbeid for å skape eit kommunistisk, gudlaust Russland
... ved å spreie løgner ... ved ran ... for å kjøpe våpen ... og ved å lære seg å bruke dei.

Slik vart bolsjevikane, det som seinare skulle kallast kommunistpartiet, fødd. Dei er dei syndige røttene Lenin skapte for at den syndige sæden Marx hadde planta, skulle vekse. Slike vonde røtter kan ikkje gi anna enn vond frukt.
Lenin blei den øvste leiaren for bolsjevikane.
- Om du er bolsjevik, må du gjøre akkurat som Lenin seier.
- Ja, det han seier, er alltid rett.
Josef Stalin og Nikita Krustsjov følgde seinare Lenin som leiarar. Leiaren av kommunistpartiet blei etter dette den øvste herskaren - diktatoren som ikkje kunne gjøre noko gale.
Diktator --> kommunistpartiet --> regjeringa --> folket

Josef Stalin hadde faktisk tatt til å lære av Lenin allereie, i Finland i 1905.
- Det er ei ære å treffe Dykk.
- Eg har høyrd om arbeidet Dykkar, kamerat. Du let inkje og ingen stå i vegen. Det er godt, så lenge du følgjer mine ordrar.
- Vi må halde fram med arbeidet med hemmeleg trening av bolsjevikgruppene både i Russland og andre stader. Så, når tida er mogen ...
- ... vil vi få folket i Russland til å gjere revolt. Bolsjevikane vil leie kampen, og folket vil gjere kjempinga for dei.

I 1917 ...
- Russland har vore med i verdskrigen lenge no. Men det einaste dei har å vise til mot Tyskland, er tapt land og tapte liv. Kan hende er tida mogen for revolusjon.
- Gi folka våre ordre om å øydeleggje moralen i den russiske hæren ...
- Bolsjevikane seier krigen er vonlaus og at vi burde slutte å slåst.
- Kan hende dei har rett.

- ... sei at dei skal sette i gang oppreistar blant arbeidarane i byane ...
- Reis dykk og kjemp mot sjefane. Nå er det på høg tid å få ei regjering som vil sette ein stoppar for krigen og gi dykk det som tilhøyrer dykk.
- ... og sei at dei må være budd på å ta det russiske regjeringshovudkvarteret i Petrograd.
- Gi våpen til dei bøndene som vil følgje ordre frå oss. Lov dei jord. Seinare tar vi ho attende. Trua vår er bygt på hat. No er det tida til å bruke det hatet. Lenge leve Marx og Lenin.

Lenin utnemnte Leo Trotskij til å organisere sjølve revolusjonen.
- Om eg vert sett i Russland, vert eg arrestert. Du må organisere oppreisten. Sørg for at telefon, telegraf og jarnbanekontor vert tatt. Ta kontroll over bruene.
Trotskij drog til Petrograd.
- Dei militære leiarane i Petrograd skal snart ha eit møte. Om eg kunne overtyde dei om å stø Lenin ...

Planen var vellykka.
- Du lover mykje, og det høyrest bra ut.
- Kvifor skulle vi forsvare regjeringa? Vi skal hjelpe til å kaste ho.

6. november 1917
- Det er tida for å slå til. Med alt vi har lovt folket, skulle det gå lett. Sett i gang!
Før dagen var omme, var mest alle viktige stader i byen tatt av bolsjevikane.

Men det viktigaste regjeringsbygget, Vinterpalasset, var framleis på regjeringa sine hender. Ei lita gruppe lojale soldatar haldt til der.
Les kapittel 4 her.