Dette er ein del av julehelsinga 2004 på www.akp.no.
Les gjerne innleiinga her.

Sanninga - del 4

Lenins bolsjevikar fekk no hjelp av ein hær av opprørarar som visste lite eller inkje om dei syndige kommunistideane. No skulle dei ta Petrograd, hovudstaden i det gamle Russland.

Opprørarane overmanna den lille gruppa som forvarte regjeringsbygga.

Dei braut seg inn til regjeringa sine folk.

- Ta dei til fange! Vi kan sette dei i byfestninga.

Den russiske hovudstaden tilhøyrte no Lenin. Han og dei næraste følgesvenene trudde ikkje på nokon gud, men på eit himmerike på jorda. Det skulle innførast ved å lure folk til å stø eit kommunistisk diktatur som ikkje brydde seg om noka form for lov.

Det var også eit bolsjevikopprør i Moskva. Hundrevis vart drepne i ein vekelang kamp, før dei raude fekk kontroll og kunne gjere Moskva til ny hovudstad. Når dei første kampane var over ...

- No kan eg komme fram frå skjul og ta kommandoen over Russland. Marx sine tankar kan setjast ut i live.

Han danna ei ny regjering.

- Eg er no leiar for den nye regjeringa. Kamerat Trotskij, du og kamerat Stalin vert to av mine viktigaste assistentar. Først må vi stoppe krigen mellom Russland og Tyskland. Agentane våre har no kontroll over det meste av hæren.

- Vi kan bruke hæren til å styrke vår kontroll!

Nokre månader seinare ...

- Ekstra! Ekstra! Russland underteiknar fredsavtale med Tyskland. Dei allierte kjempar vidare utan dei. Ekstra!

Trotskij vart sett til å leie hæren.

- Det er opp til dykk å forme den nye raudehæren til ei gruppe kjemparar som vil forsvare bolsjevikregjeringa. Om de ikkje gjer dette, vil de bli skotne.

I mellomtida oppretta Lenin ein hemmeleg politistyrke, Tsjekaen.

- Det er dykkar oppgåve å finne dei som er usamde med oss og bli kvitt dei med alle nødvendige middel. Nokre av dykk vil arbeide i hæren, andre ute blant folk.

Privateigedom vart avskaffa.

- Pappa, kvifor tek dei avlinga vår?

- Dei seier at jorda tilhøyrer staten no, og at dei kan gjere kva dei vil med ho.

Dei som gjorde motstand, blei tatt hand om av Tsjekaen. På nokre månader vart tusener av gode menn myrda. Lenin lovte folket mykje ...

- I regjeringsavisa seier Lenin at dei statane i Russland som vil trekkje seg ut, kan gjere det.

- Du kan vere viss på at Ukraina vil!

... men berre dei løfta som tente måla hans, vart haldne.

- Så Ukraina vil trekkje seg ut? Du veit kva som må gjerast. Gi ordre til raudehæren om å knuse dei.

Religionsundervisinga i skolane vart avskaffa.

- Følg med, studentar! De treng ikkje å lese religion meir. Sidan gud ikkje finst, er slikt unødvendig.

Kyrkjene vart stengte.

- Desse kara er av reint gull! Dei vil vi få en god pris for.

- No kan dei tene til å dyrke den verkelege guden - kommunismen!

Det endelege målet for kommunismen var ikkje gløymt.

- Vi veks i styrke over heile Russland.

- Ja, kamerat, men vi lyt hugse at vi ikkje har vunne fullt ut, før vi har kontroll over heile kloten.

Ei raud gruppe, Komintern, vart dana.

- Du skal leie denne gruppa, kamerat Sinovjev. De skal nytta alle middel for å spreie kommunismen i andre land.

- Det vert starta kommunistparti over heile verda. Eg skal sjå til at dei følgjer våre ordrar.

Sinovjev sine folk reiste frå land til land.

- Eg dreg til Frankrike i morgon. Eg har instruksjonar med til kommunisthovudkvarteret i Paris.

- Eg skal til Canada. Eg skal spreie kommunistiske tankar til arbeidarleiarane der.

USA stod også på lista.

- Velkommen til Chicago!

- Eg har særskilte ordrar fra Moskva om å ta leiinga over kommunistane her og trene dem i å gjere slutt på demokratiet.

Over heile jorda vart det bygt kommunistparti leia av Moskva. Medlemene fekk opplæring i å kaste regjeringane sine med alle middel, inkludert mord.

Samstundes fekk den nye raudehæren i Russland motstand frå antikommunistiske russarar, som vart kjent som kvitehæren.

Etter to år med kampar ...

- Kvitehæren er knust, kamerat Lenin.

- Dei hadde ein dårleg strategi og ingen forsyningar. Eg er overraska over at dei klarte seg så lenge.

Da dei raude tok over Russland, lovte dei folket "jord og brød". Men i 1922 ...

[På skiltet: Den amerikanske naudhjelpsadministrasjonen]

- Meir enn 22.000 russarar har svelta i hel denne månaden.

- Takk Gud for hjelpa frå amerikanarane. Var det ikkje for dei, ville det vore verre.

- Regjeringa sa ho ville gi oss jord. Men ingenting av jorda er vår.

- Alt tilhøyrer regjeringa. Om jorda var vår, kan du vere viss på at vi ikkje ville ha svelta.

I Lenin sitt hovudkvarter i Moskva ...

- Det går ikkje slik som eg venta. Det har vore opprør allereie. Eg må gjere noko før folket reiser seg mot meg.

Like etter ...

- Vi vil verksetje ein ny økonomisk politikk straks - og fram til vi får betre kontroll med folket. Frå no av vil vi godta litt privateigedom.

Dermed vedgikk Lenin at det første kommunistiske eksperimentet var ein fiasko.

- Skattane er høge. Men vi får i alle høve lov å eige noko - og selje det.

- Men fridom har vi enno ikkje.

Kommunistdiktaturet og terroren varte ved. Tusenvis som var mot kommunismen, vart skotne. Hundretusenvis vart fengsla. Så, seint i 1922 ...

- Kamerat Lenin er svært sjuk.

- Om han skulle døy, kven skal da ta plassen hans?

- Det vert det kamp om. Og eg, Josef Stalin, skal vinne.

21. januar 1924:

- Kamerat Stalin! Lenin er død!

- I eit styresett som vårt er det ikkje reglar om kven som skal bli ny leiar. Eg må vere viss på å vinne den kampen.

Lenin vart gravlagt på Raudeplassen i Moskva. På denne tida var kommunismen blitt ein slags religion - men utan ein gud. Den første "helten" kan ein framleis sjå i ei glaskiste i Moskva.

Les del 5 her.