Per Egil Hegge skriv 25. juli at AKP "snuste med logrende haleheng på hvert eneste folkemorderiske redselsregime etter 1950 før de nikkende godkjente liklukten som parfyme." Eitt einaste "folkemorderisk redselsregimeregime etter 1950" har AKP omfamna, Røde Khmer i Kambodsja. Ikkje fordi dei dreiv folkemord, som AKP aldri har støtta, men fordi dei dreiv frigjeringskamp, slik vi har støtta dei fleste folk som har kjempa for frigjering (unntak finst, vi burde ha kritisert Kinas undertrykking i Tibet). Men i mange år var vi blinde for at også frigjeringskjemparar kan gjera grove overgrep. Påstandar om slikt oppfatta vi som vestleg propaganda, og kva den var verdt, visste vi frå Vietnamkrigen.
Hegge har grunn til å kritisera vår naive tiltru til Røde Khmers gode hensikter. Men han går mykje lenger. Påstanden hans er at AKP har omfamna alle folkemorderiske regime etter 1950. Hegge er godt orientert, men kanskje hugsar han litt dårleg. Lat meg friska opp hukommelsen med ei oversikt over nokre av etterkrigstidas verste overgrep: Algeriekrigen, Vietnam, Kambodsja, Suharto-kuppet i Indonesia, Aust-Timor, massakrar på kurdarane, i Halabja og andre stader, Rwanda, Kongo, diverse latinamerikanske diktatur, med Guatemala og Colombia som dei verste. Lista kan gjerast lengre, men det er heller få av dei ansvarlege massemordarane som har kalla seg marxistar. John Pilger hevdar at "den største massakren i annen halvdel av det tyvende århundret" var klappjakta på kommunistar 1965-1966 under kuppet i Indonesia. USA, som sette opp dødslister, har anslått at kanskje ein million blei myrda. Kuppmakaren, Suharto, er også ansvarleg for folkemordet på Aust-Timor, der minst tredjeparten av befolkninga blei utrydda! Ingen etter 1950, heller ikkje Røde Khmer, har slått den rekorden. Suharto var Verdsbankens mønsterelev og USAs gode venn, og opererte delvis etter deira instruksjonar. USA har faktisk hatt ei hand med ved dei fleste grove menneskerettsbrot i vår tid. Her kjenner Hegge inga liklukt?
Dersom Hegge ønskjer å leita etter heimlege ansvarlege for folkemord, finn han dei heilt andre stader enn i AKP. Norske styresmakters framferd mot tatarane kan godt kallast folkemord. I dag finst det ei massegrav i Oslo, men overlevande pårørande får ikkje vita kven som ligg der. - Men det er kanskje ikkje meininga at andre skal målast med same målestokken som AKP?