Det liberale demokratiet

av Olav Lødøen

Trykt i Klassekampen 28. juli 2003
Attgjeve med løyve frå forfattaren
Innlegget er noko forkorta av avisredaksjonen

Attende til hovudsida for denne debatten


"Historisk har demokratiet vore ein garanti mot tyranniet. Demokratiet har innebygde sjølvkorrigeringsmekanismar, som marxismen aldri har hatt." Så seier professor Hagtvet (Klassekampen 17. juli).

Nei. Historisk var tyranniet forutsetning for "demokratiet". England vart "demokratisk" etter at alle engelskmenn var gjort til undersåttar av Henrik den 8. - og Cromwell. Frankrike vart "demokratisk" etter at alle franskmenn var gjort til undersåttar av Ludvig den 16. - og Napoleon. Tyskland vart "demokratisk" etter at alle tyskarar var gjort til undersåttar av keisar Wilhelm - og Adolf Hitler. I Noreg fekk me lang trening i underkasting i dansketida Det fanst borgarar som trivdest med det - slik kunne dei plyndre bøndene.

Samlinga under ein tyrann var forutsetning for den borgarlege staten. Alle borgarar er symbolske undersåttar. Men berre USA-borgarane er direkte underkasta Gud - "One Nation under God". Rituell underkasting og borgarleg-liberalt demokrati høyrer saman.

No er det vel berre levande organismar som kan vere sjølvkorrigerande. Om dei får vere i fred. Ei stund. Som til dømes filosofen Karl Marx. Einkvar student veit at ho eller han - i motsetnad til professoren og andre dommarar - ikkje er "sjølvkorrigerande". Nei, etter modellen "meister og svenn" skal alle studentar i det store angelsaksiske verdsriket korrierast. Som folk flest.

"Sjølvkorrigeringa" kan svikte hos nokon kvar. Hos ein del AKParar gjorde han nok det. Men det er ikkje lett for studentar å sjå klart når politi og nynazistar skyt studentar. Det var ikkje AKP som sette igong valdsspiralen Det var heller ikkje Ulrike Meinhof. Nei, det var den "borgarleg-liberale" staten etter geriljakrigsmottoet hjå Sun-tzu - "Drep ein - sprei frykt blant titusen":

2. juni 1967 vart den 26 år gamle studenten Benno Ohnesorg (den sorglause ...) skoten gjennom hovudet på kloss hald - av ein 39-årig politimann - tidlegare Hitler-Jugend ... Ohnesorg var alt slått bevisstlaus då han vart drepen. Han var pasifist og aktivt medlem i den evangeliske stuentforeninga.

11. april 1968 vart studentleiaren Rudi Dutschke skoten gjennom hovudet - av ein "nynazist". Han overlevde, men med store hjerneskader. Dutschke var kristen sosialist.

"Nynazistar" fanst også i Noreg - og dei kasta bomber. Andre "nasjonalsosialistar" dreiv avlytting og anna personforfølging. Det liberale demokratiet held seg med slikt. At "sjølvkorrigeringa" hos unge studentar kan svikte under slike forhold er ikkje rart. AKParane bør beklage ein einaste ting: At dei ikkje fullt ut forstod dei "liberale korrigeringsmekanismane" som nokre av del vart offer for.

Spørsmålet bør også vere kva ein bruker desse "mekanismane" til ...

Det er sant at folket i "demokratiet" kan kvitte seg med leiarane. Men kva skjer når einaste valet folk har er å gjere "leiaren" til syndebukk? Jo, då går ansvarsløysa på omgang. Først spreier den eine leiaren løgner om "fienden", går til krig, bombar land sønder og saman, forgiftar jorda og menneske. Og tek frå folk i "fiendeland" all von. Når "leiaren" har plyndra nok i andre land, kvittar borgarane i "det liberale demokratiet" seg med han og "folket velger ny". Slik gjorde dei det i USA på den tida då Pål Steigan var i Kambodsja. Den opent og ærleg kriminelle Nixon måtte vekk, den "liberale" Jimmy Carter glatte over "det gale dei gamle gjorde" - og yankeeane byrja slikke eigne skrubbsår etter å ha myrda for fote i Vietnam. Den mekaniske korrigeringa gir i pose og sekk: Bombing og raning først - så ny leiar som berre vil vel. Etter ei stund byrjar den nye leiaren spreie løgner om nye "fiendeland".

Slik er "det liberale demokratiet". Den imperialistiske stafettpinnen går ringen rundt - blant herrefolket. Heime sit meir enn velfødde borgarar og "sjølvkorrigerer" seg til ny leiarskap. Folk vert leie av den mekaniske "stemminga". Då kjem fascismen. Men kanskje høyrer den og til "korrigeringa" i "demokratiet"? Etter nokre år med fascisme og folkemord er "dei liberale" klare for nye "valg". Synd, berre, at plyndring i andre delar av verda må til for å "korrigere" folka der heime.

Jovisst, "det liberale demokratiet" har sine "mekanismar". Folk der ute har byrja skjøne det. Beste beviset er Hagtvet sjølv: Ein "liberalar" som gir seg til å truge andre med at tyranniet er einaste alternativet til den verda han og "likemennene" hans styrer. Då brenn det - under føtene.