
– sjå valkampstrategi
Organisasjonsbygging
Det er viktig å få i gang organisasjonsbygging med ein gong etter stiftingslandsmøtet. Det må byggast lokallag og lokale leiingar over heile landet. DNP sine vedtekter blir retningslinene for organiseringa. Det skal settast i gang arbeid med å laga ei organisasjonshandbok.
RU
Det nye partiet skal jobba for å ha eit godt samarbeid med RU lokalt og sentralt. Ein bør invitera observatør frå RU på alle møte på alle nivå og utval i organisasjonen. Lokale lag av DNP bør kontakta RU-lag på same staden for å undersøka om dei ynskjer hjelp og samarbeid. RU må i størst mogleg grad inkluderast i kampanjer og møte lokalt og sentralt.
Utgjevingar/publisering
Interndebatt: DNP sitt internblad er Opprør. Det er organ for informasjon frå leiing til medlemmane og for interndebatt. AU må undersøka om det er mogleg og formålsteneleg å oppretta eit debattforum på nett. Fram til det har ein ei e-post-liste for interndebatt. Partiet sitt teoretiske tidsskrift er Rødt!
Reiskap for å henvenda seg til folk utanfor DNP: Partiet vidarefører akp.no som ekstern avis for partiet med nytt namn. Avisa kjem med ti utgåver i året. Avisa blir bruka til å byggja nettverk, organisera kontaktar, øva innflyting på tillitsvalde i fagrørsla, miljørørsla, kvinnerørsla og blant ungdom. Medlemmane vil også ha nytte av denne reiskapen. RU bør ha minst ein redaksjonsmedlem. Avisa bør ha same namn som partiet for å fremja logobygginga. Viss det skal vera ei sentral valavis, bør ho ha same namn (dvs vera eit ekstranummer) og produksjonen må i alle fall samkjørast med valkamparbeidet.
Heimesida: Heimesida skal vera designa på ein måte som gjer ho nyttig for både medlemmar og folk som lurer på politikken vår.
Det er viktig å bygga kvinnekollektiv internt, og å utvikla kvinnepolitikk. Tiltak: e-postliste, bøllekurs, kvinnemøter lokalt, studier i kvinnepolitiske spørsmål, kvinnestudier i andre politiske spørsmål. Me må også skulera nye bølleleiarar.
Stiftinga og valkampen
Etter valet: I valkampen får ein mange nye kontaktar. Det må bli laga ei intern kampanje for å bruka kontaktar frå valkampen, og folk som har blitt interesserte i det nye partiet generelt, og få folk organiserte i Det nye partiet.
Rekruttering av innvandrarar: Det bør lagast eit spesielt opplegg retta mot å rekruttera fleire innvandrarar og folk med innvandrarbakgrunn. Dette må lagast av folk som har erfaring frå slikt arbeid.
Kontakt med folkelege organisasjonar: Representantar frå DNP skal ta kontakt med organisasjonar og miljø me ynskjer samarbeida med, mellom anna fagrørsla, miljørørsla, kvinneorganisasjonar, solidaritetsorganisasjonar for å få innspel til politikken og prioriteringane til partiet.
Det er viktig å få så mange av medlemmane som mogleg på fast kontingenttrekk a la Rødreven.
Landsstyret skal vurdera å oppretta følgjande utval: faglegpolitisk, kvinnepolitisk, internasjonalt, antirasistisk, folkevald-, studie-, organisasjons-, miljøpolitisk, helsepolitisk-, eventuelt fleire. RU må inviterast til å delta i utvala.
Ein komite bør settast ned i oktober 2007 for å starta arbeidet. Valkampen vil vera ei erfaring som gjer oppdaterte problemstillingar og nye spørsmål. Sidan arbeidsprogrammet til DNP er det same som arbeidsprogrammet til RV, som blei vedteke på landsmøtet i 2005 (og oppdatert litt i 2006), trengst det ei oppdatering på landsmøtet i 2008.
Saker: Revisjon av arbeidsprogram, val av leiing, handlingsplan.
Kampanje: Det blir laga ei kampanje i oktober-november. Temaet er frå ein av dei politiske prioriteringane, fortrinnsvis miljø.