|
"Demokratiske land går ikkje til krig mot andre demokratiske land." Ein påstand som med jamne mellomrom dukkar opp i media, er at demokratiar aldri har gått til angrep på andre demokratiar. Påstanden er seigliva, men blir ikkje rettare av den grunn. Den som undersøkjer, vil oppdaga at påstanden er feil. No spørst det sjølvsagt kva ein legg i begrepet "demokrati". La oss ta den fyrste verdskrigen som eksempel. Då erklærte Tyskland krig mot blant andre Storbritannia og Frankrike. Alle desse tre landa hevda at dei sjølv var det mest demokratiske: England, fordi dei hadde eit gamalt, parlamentarisk system, Frankrike, fordi dei var republikk, Tyskland, fordi dei hadde riksdag vald med allmenn røysterett. Så kan ein innvenda at dei tyske regjeringane var oppnemnde av keisaren, ikkje av riksdagen, men krigserklæringa blei mottatt med jubel i den tyske riksdagen. Tilmed sosialdemokratane stemte for krigsløyvingane, bare Rosa Luxemburg og Karl Liebknecht var imot. Og sånn var det også i det engelske parlamentet og den franske nasjonalforsamlinga: alle desse tre folkevalde forsamlingane stemte med overveldande fleirtal FOR krigen. At alle desse forsamlingane var demokratisk valde, hindra dei altså IKKJE i å gå til krig mot kvarandre. Dei fleste reknar USA for å vera eit demokrati. Men USA har ved eit utal tilfelle gått til krig mot, eller styrta, demokratisk valde regime. Nokre døme: CIA styrta den demokratisk valde Mossadegh i Iran (1953) og den demokratisk valde Arbenz i Guatemala (1954). USA invaderte den Dominikanske republikken i 1965 for å hindra at Juan Bosch, landets fyrste demokratisk valde president (1962), blei gjeninnsett som president. Landet hadde vore ein halvkoloni under USA, styrt av USA sin handplukka diktator Trujillo (1930-1961). Når Trujillo-familien måtte gi opp makta, blei det innført ei demokratisk forfatning og arrangert val, men då dette valet i 1962 blei vunne av radikale nasjonalistar, gjorde Trujillo-tilhengjarane, godt støtta av USA, året etter militærkupp og avskaffa forfatninga. Eit motkupp for å gjeninnsetta Bosch i embetet han faktisk var vald til, blei deretter møtt med full USA-invasjon "for å hindra at amerikanske liv kom i fare"(!!!). USA (Kissinger, CIA) stod bak kuppet mot den demokratisk valde Allende i Chile (1973). USA førte i fleire år krig mot sandinistregjeringa i Nicaragua, også etter at desse i 1984 hadde vunne det fyrste demokratiske valet i landet. USA blei dømd av folkerettsdomstolen i Haag fordi dei dreiv folkerettsstridig krig mot eit anna land - så vidt eg veit er USA det einaste landet som har blitt dømt på dette viset - men dei har aldri brydd seg om domen, og har sjølvsagt aldri retta seg etter denne. Desse eksempla synest eg viser godt nok at eit styre som byggjer på alminnelege val, og derfor blir oppfatta som demokratisk, slett ikkje er noko garanti mot krig. Det garanterer heller ikkje mot at eit slikt "demokratisk" land går til krig mot eit anna "demokratisk" land. Eg set demokratisk i hermeteikn, for eg synest begrepet er uklart. Er eit land demokratisk dersom det blir arrangert regelmessige val til ei nasjonalforsamling, der fleire parti kan delta i vala? I så fall er USA demokratisk, og då var tilmed sjahens Iran demokratisk (sjølv om han bare tillot to parti å stilla til val, og la ned forbod mot alle andre). Då har også dei fleste austblokklanda vore demokratiske! For dei arrangerte jo val med jamne mellomrom, stort sett sånn at fleire parti fekk stilla (sjølv om makta låg i kommunistpartiet). Eller må "demokrati" innebera reelt folkestyre? I så fall blir vel heller ikkje Norge demokratisk, for korleis skal vi forklara EØS-medlemskap ogEU-tilpassing etter at folket to gonger har sagt nei til EU? Denne politikken er i alle fall ikkje i tråd med uttala folkevilje. I praksis blir ordet "demokrati" her i Vesten brukt omtrent synonymt med "USA-vennleg styre". Det reelle innhaldet i påstanden om at "demokratiske land" ikkje går til angrep på kvarandre, er at eitt USA-vennleg styre sjeldan går til angrep på eit anna. I alle fall ikkje om regjeringane i slike land ter seg som dei norske, som må spørja USA om lov før dei tør meina eller gjera noko som helst. Men hovudpoenget mitt er at vi ikkje må sluka propagandaen om at demokratiske land ikkje går til krig mot andre demokratiske land. Påstanden er propaganda, og ikkje i samsvar med den historiske virkeligheten. |