AKP-arkivet

Litt om dialektisk materialisme

av Mari Fjeldstad

Innledning på konferansen Revolusjon - april 2005


Fleire artiklar om sosialisme | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

Eg skal snakka litt om marxisme, og særleg den filosofiske teorien som Marx bygde dei økonomiske teoriane sin på, den dialektiske materialismen. Og så skal eg ta ein kjapp tur gjennom historia og visa korleis den dialektiske materialismen kan brukast for å forstå kva som har skjedd og kvifor det har skjedd akkurat sånn. Eg har bygd innleiinga mi på heftet Marxistisk filosofi - en kort innføring av Jon Egil Brekke og på Fremad og aldri glemme - ei bok om norsk historie.

Målet vårt er å forandra verda. For å få det til så må me forstå mekanismane som ligg bak endringane som har skjedd og som skjer i dag. Og då er den dialektiske materialismen nyttig. Vanskeleg ord, men innhaldet er ganske enkelt.

I filosofisk samanheng, og det er den eg skal bruka no, betyr materialisme eller det å vera materialist, å ha tatt eit standpunkt når det gjeld kva som eksisterer. Ein materialist meiner at det berre er det materielle, det som me kan sjå eller kjenna eller registrera på andre måtar, som eksisterer. Dette blir kalla materien. Ein materialist meiner at det ikkje finst noko åndeleg, ein gud eller noko anna, som står utafor materien. Ein materialist reknar menneska sin bevistheit, tankane og følelsane våre, som ein del av materien. Det betyr ikkje at ein materialist meiner alt kan forståast, eller at alle ting kan forklarast. Men ein materialist meiner at når det er noko vitskapen ikkje kan forklara så er det ikkje fordi det er ein gud med i biletet, men fordi me ikkje har forstått det endå.

Dialektikken er ein teori som handlar om at konfliktar mellom to ting, i teorien kalla tese og antitese, fører til ein ny ting, syntese, som er ulik både tesa og antitesa. Til dømes vil det i ei konflikt mellom to grupper oppstå nye meiningar og synspunkt. Alle som deltar i diskusjonen vil få ei anna oppfatning av saka enn dei hadde før.

Konfliktar mellom samfunnsgrupper eller klassar vil alltid føra til ein forandring av samfunnet. Det er desse konfliktane, og det dei skaper som er nytt, som driv historia framover.

Mennesket er avhengige av materien for å overleva, me må produsera mat, kle og husly. Til den produksjonen treng me produksjonsmidlar, som mellom anna er råvarar, reiskapar, teknologi, energikjelder og transportmiddel. Produksjonsmidlane saman med menneska sine evner til å arbeida og til å organisera arbeidet, blir kalla produktivkrefter. Når produksjonen blir meir komplisert og spesialisert får ulike grupper ulike oppgåver og roller i produksjonen, og det blir etablert maktforhold mellom dei ulike gruppene. Dette blir kalla produksjonsforhold.

Altså: For å bruka effektivt produktivkrefter (råvarer, reiskapar osb + arbeids- og organisasjonsevna til menneska) som har eit litt høgare nivå enn det aller enklaste, må ein organisera arbeidet, og når alle ikkje lenger gjer alt, opnar det for at makta kan bli konsentrert hjå nokon få. Om produksjonen er større enn det som dekkar det aller mest nødvendige hjå dei som arbeidar, vil fordelinga av meirverdien skapa klasser og klassekrefter.

Produksjonsforholda, maktfordelinga i produksjonen, dannar basis. På grunnlag av basis vert det danna ei overbygning som består av dei sosiale, politiske, juridiske, moralske og kulturelle strukturane i eit samfunn. Ein materialist meiner at alle samfunnstrukturane våre har utvikla seg med grunnlag i basis. For eksempel så har kvinneundertrykkinga mellom anna grunnlag i menn sitt ønske om å vidareføra sin private eigedom til sine eigne etterkommarar, og ikkje til naboen sine ungar. For å få det til må ein mann kontrollera kona sin seksualitet, og definera hennar verdi etter evna til å føda ungar. Men denne typen undertrykking eksisterte ikkje i samfunn utan privat eigedomsrett, rett og slett fordi det då ikkje var noko eigedom å halda innafor familien. På denne måten dannar basis, produksjonsforholda, grunnlaget for overbygninga. Derfor meiner ein materialist at ein ikkje kan overskrida grensene som basis gir når ein skal tenka nye og radikale tankar, uavhengig av kor genial og smart ein er. For eksempel var det ingen som kunne forutseie at ein kunne få små, små boksar med mange tusen timar musikk på for ti år sidan, rett og slett fordi teknologien ikkje var høgt nok utvikla då.

På eit visst tidspunkt, meinte Marx, så kjem produktivkreftene i konflikt med produksjonsforholda. Det betyr at måten å produsera på er blitt så effektiv som den kan bli utan å endra forholda den blir produsert under. I ein slik situasjon må produksjonsforholda endrast, og då blir òg overbygninga endra. Eg skal snakka meir om dette og bruka Marx sine historiske epokar som eksempel, så ikkje fortvil om det framleis er litt uklart.

Når ein skal framstilla historia tar ein, bevisst eller ubevisst, stilling til mange ting. Ein tar stilling til kva klasse og kva kjønn si historie ein vil fortella, og ein tar stilling korleis ein vil forklara det som har skjedd. Den vanlege måten å framstilla historia på i skulen legg vekt på enkeltpersonar sine personlegheiter, tankar i tida og enkelthendingar. Den har dessutan størst vekt på dei herskande klassane og det herskande kjønnet.

Ein dialektisk-materialistisk måte å sjå på historia på vil fokusera på kva interesser kva grupper har hatt, kva konfliktar det har ført til og korleis dei har blitt løyst. Materialistisk historieskrivning legg òg vekt på produktivkreftene og korleis dei har utvikla seg, og på kva endringar i basis har gjort med overbygninga.

Marx opererer med tre typar historiske klassesamfunn; slavehaldarsamfunnet, føydalsamfunnet og kapitalismen, etter som kva produktivkrefter, produksjonsfohold og klassar som har dominert. I tillegg så rekna han den tidlegaste samfunnstypen som eit klasselaust samfunn, og kalla det urkommunisme.

Før menneska lærte seg å dyrka jorda og halda husdyr gjekk mesteparten av kvar enkelt si tid med til å skaffa seg mat. Produktivkreftene var lite utvikla, og arbeidsdeling var ikkje nødvendig. Etterkvart som menneska lærte seg å utnytta naturen meir effektivt kunne ein person skaffa meir mat enn berre akkurat nok til seg sjølv. Det opna for slavesamfunnet. Tidlegare hadde det luraste vore å drepa krigsfangar, eller å ta dei inn i samfunnet som fullverdige medlemmar. Men når produksjonen vart meir effektiv, kunne slavane laga nok mat til å fø seg sjølv, og i tillegg produsera eit overskot som slaveeigaren kunne ta.

Med meir teoretiske ord: Når produktivkreftane utvikla seg, endra produksjonsforholda seg, og ein ny samfunnstype oppstod. Basis endra seg då det vart effektivt å ta slavar, og dermed så endra overbygninga seg slik av det vart moralsk forsvarleg å gjera det.

Med eit produksjonsoverskot kunne befolkninga veksa, og ein kunne ta i bruk endå større grad av arbeidsdeling. Produksjonsoverskotet la grunnlaget for privateigedom og byttehandel, som igjen svekka storslekta i forhold til mindre familiar der rikdommen kunne gå i arv til færre, og dermed lettare hopa seg opp. Denne endringa i basis krevde endringar i overbygninga. Tidlegare hadde slekta fordelt rikdommen blant alle sine medlemmar, og den eigde jord i felleskap. For å verna om privateigedommen vart staten oppfunnen. Den skillte ikkje mellom folk på grunnlag av slektskap, men på grunnlag av rikdom, og sikra dei med mest pengar flest rettar.

Når jorda vart privat eigedom som kunne gå i arv, vart det mogleg for dei som på ulike måtar hadde fått tak i best og mest jord å få andre til å dyrka den mot at dei betalte ei form for leige. Dette hadde ikkje vore mogleg då jorda var felleseige, og heller ikkje før produktivkreftene vart så høgt utvikla at mange mennesker kunne leva på mindre jord, og endå ha overskot til å betala ein godseigar. Derfor kunne føydalsamfunnet voksa fram.

Men produktivkreftene utvikla seg stadig meir. Dampmaskina og seinare elektrisiteten gjorde det nødvendig - for å produsera mest mogleg effektivt - å samla produksjonen, og dermed folk, i byane. Produksjonsforholda endra seg, og det vaks fram klassar. Dei meir effektive maskinene gjorde at fabrikkeigarane kunne ta ut ein større del av meirverdien. Denne kunne dei investera i nye produksjonsmidlar, og få meir utbytte.

Denne samfunnstypen kalla Marx kapitalismen, og den har me endå. Han skisserte òg den neste samfunnsforma, kommunismen. Mange har tolka Marx sånn at den vil oppstå uannsett. Eg meiner det er feil, og at den heller vil bli mogleg når produktivkreftene har utvikla seg så langt at produksjonsforholda må endrast for å utnytta dei maksimalt. Men kommunismen må skapast av eit folkefleirtal. For at folk skal vera i stand til å skapa eit betre samfunn må dei ha tankar om kva samfunn dei vil ha og kva mekanismar som kan føra dei dit. Det har eg prøvd å bidra litt til i dag.


Forslag til diskusjonsspørsmål:

Om basis og overbygning:
Internett og mobiltelefonar er endringar i basis som har skjedd dei siste tiåra. Kva har det gjort med overbygninga?

Om materialisme:
Stemmer det at alt er materie, og ingenting ånd? Er det mogleg å vera religiøs på eit personleg plan og likevel politisk materialist? Går det an å vera revolusjonær sjølv om ein ikkje er arbeidar, eller strir det med materialismen?

Om historisk dialektikk:
Er den inndelinga i samfunnstyper som blei referert i innleiinga (urkommunisme, slavesamfunn, føydalsamfunn, kapitalisme, kommunisme) rektig? Kan du komma på samfunn i verda eller historisk som kompliserer bildet? Må eit samfunn ha utvikla kapitalisme for at det kan komma ein sosialistisk revolusjon der? Skal me stø auka omfang av kapitalisme i eit land fordi det er nødvendig for å komma til sosialismen?


Fleire artiklar om sosialisme | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

Til AKP si heimeside