AKP-arkivet

Utvikling av datateknologien
og kapitalismen i fortid og framtid

av Terje Valen Oversikt over e-post-adresser

22. januar 1998

Fleire artiklar om sosialisme | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

1. Produktivkrefter

For ein viktig del av produktivkreftene og kommunikasjonskreftene har det vore sterk utvikling i heile dette århundret. Eg skal konsentrere med om noko av det som har skjedd sidan 1940 og som virkar mykje inn på det som skjer no og vil virke mykje inn på det som skjer i første halvdel av neste århundre - for ikkje å strekke meg altfor langt inn i framtida. Dette er altså den såkalla data og informasjonsteknologien. Eg har delt denne tida inn i faser etter utvikling og bruk av dei viktigaste komponentane i denne utviklinga.

Første fase 1941-1954 - radiorøyr

Fungerande datamaskinar med interne program blei utvikla på 1940-talet. Harvard Mark 1 Calculator, den første digitale datamaskina som kunne brukast til alle formål, blei demonstrert i 1944. I 1945 blei det lagra programmet utvikla - då kunne altså instruksjonane til datamaskinen ligge inne i datamaskina sjølv - dei trengde ikkje å gi dei utanfrå. Den første heil-elektroniske datamaskina, ENIAC, vart laga i 1946. I 1949 kom også EDVAC og EDSAK. Desse maskinene brukte radiorøyr som brytarar. Dei var dyre og svære og trengte kraftige kjølesystem. ENIAC kosta nær 10 millionar dollar, hadde 18.000 radiorøyr og vegde omlag 30 tonn. Ei rekke slike store datamaskiner så dagens lys fram mot 1954, då det stort sett vart slutt med dei.

Andre fase 1954-1959 - enkelttransistoren

Ei av dei viktigaste oppfinningane som no spelar stor rolle for utviklinga og framleis vil gjøre det inn i neste århundret er transistoren. Det passar å nemne han fordi det i desember i fjor var nett 50 år sidan han vart oppfunnen (1947) i det amerikanske foretaket Bell Laboratories. Dei klarte då å feste to gulltrådar på grunnstoffet germanium som låg på ei plattform av krystall. På denne tida hadde radiorøyr og relear vorte vanlige i radioar, svart-kvitt fjernsyn og dei første datamaskinene som forskarar hadde tatt ibruk. Mange var svært nøgde med dette. Innan telefonteknologien var og mange nøgd med dei moderne relea som sette om samtalar til dei rette nummera.

Men leiar for forskninga ved Bell laboratoria var uro fordi han tenkte at radiorøyra som var store og brukte mykje energi, og relea, som var treige, ikkje kunne klare å handtere behovet for den store mengda kommunikasjon som ville komme i framtida. Difor sette dei igang forskninga på såkalla halvleiarar. Og i desember 1947 hadde dei lukkast. Men det tok ei stund før dei og andre forsto kva dei hadde laga. Først var dei låst i ideen om at transistoren erstatta radiorøyret. Men etter kvart gjekk det opp for folk at transistoren både kunne erstatte radiorøyret og at han kunne gjøre ting som radiorøyret ikkje kunne. Transistoren blei tatt ibruk i Bell sine telefonsentralar og erstatte dei mekaniske brytarane der med elektronikken sin.

I 1954 vart den første transistorradioen utvikla av eit lite foretak - den gongen kalt Tokyo Tsushin Kogyo og no kalt Sony Corporation. Same året vedtok IBM at dei ville bruke transistorar i alle datamaskinene sine istadenfor radiorøyr. Og utover på 50-talet erobra transistoren alle forbrukarprodukt som før hadde bruk radiorøyr.

Tredje fase 1959-1971 - den integrerte kretsen

Eit nytt sprang tok dei då dei klarte å konstruere den integrerte kretsen i 1959. Dei kobla da saman fleire transistorar på eit brett - det samme prinsippet som er brukt i databrikka.

Fjerde fase 1971-1980 - den enkle databrikka

Databrikka vart utvikla av Intel i 1971 , som vi kan seie er det teknologiske fødeåret til den moderne datateknologien. Denne teknologien utviklar seg med evna til å forminske transistorane og det som koblar dei saman. Sidan 1971 og fram til idag har talet på transistorar på ei brikke blitt fordobla kvar 18 månad. I 1971 fekk dei 2.300 inn på ei brikke og i 1997 kunne dei få 7,5 millionar inn. I byrjinga kosta ein transistor 45$. Idag kostar rundt 100.000 av dei 7,5 mill. transistorar som du finn på ei moderne databrikke tilsaman mindre enn ein ti-øre. I 1975 klarte dei å bygge ein komplett datamaskin med databrikke som kjerne.

Innen denne fasen skjedde noko viktig i 1976 då dei tok til med produksjon av moderne datamaskiner for sal. Det praktiske fødeåret for den nye datateknologien.

I 1976 lanserte Intel på marknaden ein 8 bits datamaskin med 20.000 transistorar på ei einaste silikonbrikke. Med det var den moderne dataalderen igang for folk flest. (Eg kjøpte den første datamaskina mi, som var av denne typen - ein 2 K Commodore Vic 20 - i 1981. Seinare blei det Commodore 64 og Commodore PC 20 II og Compaq Presario som eg har enno.)

Femte fase 1980-1997

Idag veit "alle" at databrikker er det som gjør moderne datamaskiner mogeleg. Men det er også transistoren og databrikka som gjør det mogeleg å sende store mengder informasjon mellom forskjellige stader i verda. Ei av dei viktige oppfinningane her er dei såkalla digitale signalomformarar. Desse brikkene set om analoge signal til digitale og omvendt. Det set til dømes om video og tale til digitale pulsar og omvendt. Det er dei digitale signala som blir sendt mellom mottakarane. Desse digitale signalomformarane vart oppfunne i 1980, og dei er eit nødvendig vilkår for utviklinga av internett til dømes. Den nyast omformaren heiter Lucent (1997) og tillet ei kraftig krymping av storleiken på basisstasjonane i eit informasjonsnettverk samstundes som kraftbruken går ned slik at ein ikkje treng store vifteanlegg. Stasjonane vil krympe frå storleiken på eit kjøleskap til ein røykvarslar. Dette gjør det etter kvart mogeleg med ein basestasjon i kvar heim - og eit enkelt personleg telefonnummer som kan brukast over alt i verda. Mange ekspertar reknar med at det innan fem år vil finnast slik omformarbrikker i mest kvart rom i kvart hus i USA - så her kan vi snakke om ein vekstindustri.

Eg skal også nemne nokre andre oppfinningar ved desse laboratoria som har vore viktig for å kunne utvikle internett og mobiltelefonar. I 1949 blei den såkalla celle-teknologien utvikla, dvs. at dei braut ned store geografiske telefonområde til små einingar kalt celler. Det gjorde det mulig å sende telefonsamtalar raskare frå plass til plass også utan å gå gjennom kablar. I 1958 fann dei opp laseren som er grunnlag for ein heilt ny teknologi for å sende informasjon. Men før dei kunne bruke laserstrålar som informasjonsberarar over lange distanser måtte dei finne eit røyr som kunne leie desse lysa, og i 1973 lage dei tynne glassfiberrøyr som kunne fungere slik. Den enormt aukte trongen til å sende informasjon mellom stadig fleire punkt på jorda gjør at det blir stadig viktigare å sende meir informasjon kvart sekund gjennom ein kommunikasjonskanal, til dømes ei telefonline.

Den tradisjonelle analoge kopparlina som dei fleste brukar til telefonsamtalar i heimen kan overføre fleire tusen informasjonsbitar kvart sekund og det skjer stadig utvikling også på dette området. Men bruk av animasjon (rørsle), lyd og video på internett krev enno større kapasitet og denne kapasiteten gir glassfiberrøyra og laserlyset. Laserlyset sjølv er laga av små halvleiarkrystall - som fungerer nett som transistorar og som blir laga med samme teknikken. Og overføringa av laserpulsane krev fleire andre typar transistorar også. Når behovet for overføring av informasjonsbitar auker, så må komponentane i kvar ende av glasfiberrøyra betrast. Ein vanleg laser kan idag pumpe 10 millionar databitar gjennom eit røyr kvart sekund - det tilsvarer 400.000 telefonsamtalar samstundes. Men sjølv dette er altfor lite. Fotonikk-teknologien som dette blir kalt er i svært rask utvikling. Kapasiteten på overføringar doblast kvart einaste år. Eit firma utviklar no (1997) det dei kallar dense wave division multiplexing som kan auke kapasiteten i kvart glasfiberrøyr 32 gonger. Dette gjør dei ved å sende lys med mange forskjellige fargar gjennom røyret samstundes. Mange reknar med at det vil bli mogeleg å sende ein billion databitar i sekundet gjennom røyra allereie innan år 2000. Telefonselskapa har lenge skjønt at glasfiberrøyr er framtida, men no kjem også kabelfjernsynsselskap og datanettverka etter - og det vil sannsynligvis ikkje vare så svært lenge før glasfiberrøyr har erstatta koppar i kvar heim og i kvart kontor. Det er eit nødvendig vilkår for at heile dataindustrien skal fortsette å utvikle seg.

Men i tillegg har vi utviklinga av trådlaus kommunikasjon. Ei viktig brikke i utviklinga av den moderne trådlause teknologien er kommunikasjonssatelittane. Den førsta av desse, Telstar I, blei sendt opp i 1962. I 1988 blei den digitale celleteknologien demonstrert for første gong og så var snart dei mobile celletelefonane på marknaden. Telefonselskapa reknar med at halvparten av telefonane i verda vil vere trådlause innen år 2010 og talet på abonnentar vil stige frå 125 millionar på slutten av 1996 til omlag 1,45 milliardar i 2010. Celletelefonar vil også ta ein stadig større del av det enorme volumet e-post som er berekna til 2,9 billionar sendingar i 1997 aleine. Viss du skulle ha laga ein moderne celletelefon med radiorøyr så ville storleikene ha blitt som Washington-monomentet.

På grunnlag av desse teknologiane utvikla internett seg i første halvdel av 1990-talet.

Sjette fase - systembrikka - DAK/DAP - 1997 - ????

Vi er no på grensa til den fjerde fasen i utviklinga av datamaskina og den tredje fasen i utviklinga av transistoren. For femti år sidan erstatta transistoren ein sak; radiorøyret. Tolv år seinare blei hundrevis av transistorar plassert på ei einaste brikke, ein integrert krins som erstatta heilskapelige funksjonar, slik som minne. Idag står vi på kanten til å ta ibruk superbrikker som vil innehalde heile system, slik som alle funksjonane i ein mobiltelefon, eller ein heil harddisk på ein datamaskin. Dette vil redusere storleiken på systema og redusere kostnadene dramatisk. I 1997 blei det utvikla ein metode for å lage slike brikker som tillater brikkemakarar å blande og samkjøre digitallogikk, analoge presisjonsfunksjonar, tre typar minnekrinsar og meir. Det blei også utvikla ein laser som berre er 60 nanometer brei - mindre enn ein tusendedel av vidda på eit menneskehår. Denne laseren kan lage databrikker som er mykje mindre og hurtigare enn dagens - og som bruker ein tidel så mykje kraft. Det er viktig, særleg for alt som går på batteri. Slike superbrikker vil erstatte alle dei omlag 6 brikkene du no finn i ein mobiltelefon. Han vil kunne bli mindre og billigare og bruke mindre straum, slik at du kan la det gå fleire veker mellom kvar gong du ladar batteria.

Sjuende fase 2002 - ????

Eit problem no er at den teknologien som har vore brukt til å lage krinsane på databrikken, den såkalle fotolitografiprosessen, som bruker ultrafiolett lys til å utvikle eit mønster på ei overflate av silikon, når grensa si innan fem år. Då blir bølgelengda på dette lyset for stor fordi transistorane blir mindre enn bølgelengda. Difor jobbar dei no febrilsk for å utvikle ein ny teiknereiskap. Ein plass har dei allereie utvikla ein elektronstråle til å teikne sirkelmønster på silikon så små som tre milliontedelar av ein tomme.

Språkrevolusjonen - 2020 - ????

Kva kan vi vente oss med denne teknologiske utviklinga. For fem år sidan kunne 20-30 brikker kjenne att eit vokabular på omlag 100 snakka ord og omdanne dei til skriven tekst. Idag kan ei brikke gjøre dette. Med dei nye oppfinningane reknar dei med at vi innan år 2015 kan ha databrikker som kan kjenne att all tale uavhengig av person og med eit uavgrensa vokabular. Når det først er gjort, så kan vi ta steget til å omsette forskjellige språk til kvarandre. Innan 20 år bør vi ha brikker (til dømes i telefonar) som kan klare simultanomsetting. Det vil i tilfelle bli ein enorm kommunikasjonsrevolusjon. Forskarar arbeider også mykje for å forstå korleis menneska si evne til å kjenne att mønster fungerer, for å kunne overføre denne evna til databrikker. Dette er svært viktig for å kunne utvikle robotar som kan røre seg fritt i forskjellige rom til dømes.

Kvantefysikken er grunnlaget for den nye digitalteknologien

No er dette bare noen få felt av den teknologiske revolusjonen som er på gang og som eigentlig spring ut av kvantefysikken - dvs. forståinga for virkemåten til svært små partiklar og kvantar. Det er dette som gjøre menneska istand til å virke inn på naturen ned på nivå som vi aldri har kunne nå før. Dette viser seg også innen område som materialteknologi. Idag skulle kvantefysikken, som er omlag 75 år gammel no, vore allmennkunnskap for alle - for det er den heile verdsbiletet til moderne fysisk vitskap kviler på.

Liknande saker som skjer på dette fysiske nivået, skjer også på det biologiske og det psykiske nivået. Det viser seg innen til dømes innan mikrobiologien og den svært viktige enzymforskninga, som mellom anna går ut på å få prosessar til å gå ved mykje lågare temperaturar enn vi har klart til no. Det gjeld også forskning på korleis informasjonsflyten i menneska si hjerne vert lagra og korleis han rører seg. Her er vi vel heller ikkje så oppdaterte.

Ein første konklusjon er altså at det skjer ei enorm utvikling av produktivkreftene på visse område. Den andre konklusjonen er at vi veit for lite om dette til å kunne seie så mykje presist om vilkåra for den vidare historiske utviklinga i første delen av neste århundre som det er verd å feste lit til. Då blir den tredje konklusjonen at dette er noko vi må studere meir seriøst i tida frametter.

 2. Produksjonsforholda som drivkraft

Så vil et komme med ein påstand som ser ut til å gå på tvers av den materialistiske historieoppfatninga. Produksjonsforholda er idag drivkrafta i utviklinga av teknologien og produktivkreftene. Meir presist sagt så er det krisa i kapitalismen som driv fram den forserte teknologiske revolusjonen. Dette var ikkje tilfelle då kapitalismen oppstod. Då var det behova for forbruksvarer i den verdsmarknaden som hadde oppstått sidan 1500-talet som dreiv fram utviklinga av produktivkreftene.

Den organiske samansetninga av kapitalen, dvs. forholdet mellom konstant og variabel kapital har auka i heile perioden frå 2. verdskrigen for frametter. Dette har ført til eit stort press på profittraten i systemet. Dvs. at den årlige avkastninga på heile kapitalen i høve til heile den forbrukte kapitalen har minka ein god del. Eit teikn på dette finn vi forholdet mellom forteneste i forhold til investert kapital. Det engelske handelsdepartementet regna ut utviklinga av dette forholdet i 1985. Då fann dei ut at frå 1955 til 1982 hadde fortenesta i høve til investert kapital gått ned frå omlag 30% til under 10% i OECD-landa sett under eitt. Kapitalen var altså inn i ei profittkrise, og ei svært alvorlig slik. Om tendensen skulle forsette, så ville forteneste i høve til investert kapital tendere mot 0% rundt 1990. Det var i denne situasjonen kapitalen sine representantar, meir eller mindre medvete, tok ibruk alle dei midla som kapitalen har for å motverke fallet i profittraten.

- Første middel er auke i utbyttingsgraden av arbetet. Det skjer oftast ved at arbetsdagen blir lengre (auke av den absolutte meirverdien) og ved at arbetet blir intensivert (auke av den relative meirverdien). Når det gjeld endringer av produktivkreftene er det behovet for å intensivere arbeidet som er viktigast. Det er dette som forklarer at tekniske oppfinningar og vitskapelege oppdagingar blir tatt ibruk raskare enn før i produksjonen. Men Marx visar i Kapitalen at dei midla som blir brukt for å produsere ein aukande mengde relativ meirverdi går ut på følgande: på den eine sida å omdanne så mykje som mogeleg av ei gjeven arbeidsmengd til meirverdi, på den andre sida å bruke minst mulig arbeidsmengd i høve til den investerte kapitalen. Og dette er jo nett sjølv løyndommen i profittraten sin fallende tendens.

Lenge før den industrielle revolusjonen fans den teknologiske kunnskapen som skulle til for å lage dei maskinene som kom seinare. Det var først då behovet for dei blei stort at dei blei laga.

No pressar krisa i kapitalismen fram den teknologiske utviklinga innan visse felt som det er mogeleg å tene mykje pengar på, fordi trongen etter ekstraprofitt er så viktig for å overleve i konkurransen på den kapitalistiske marknaden.

Marx viser også til at metodeforbetringar utan å endre storleiken på den investerte kapitalen fører til høgare profittrate. Dette ser vi i all rasjonalisering, omlegging, omorganisering osb. som skjer heile tida, og i aukande tempo no.

Eit anna moment som Marx nemner er at profittraten sitt fall blir hemma dersom kapitalen blir fridd frå alt som hindrar rørsla hans - anten dette no er tilfeldige vedtak og innskrenkningar hindringar som etter kvart har blitt noko som stører den frie utfaldinga til kapitalen.

Det er interessant å merke seg at han også set lys på det fenomenet at det innan visse greinar av kapitalen kan skje oppfinningar osv. som for ei stund hevar meirverdien over det allmenne nivået for dei som nyttar desse nye sakene. Og Marx seier at dette også gjør at profittraten sitt fall blir hemma.

Elles er det også viktig å nemne at nedpressing av verdien på arbeidarklassen sine forbruksmiddel er viktig for å bremse profittratefallet. Dersom arbeidarklassen gjøre meir arbeid i samband med forbruket av varen, så kan varen seljast billigare (mindre foredla/omdanna), og dette får samme verknad som om prisen på vareren går ned.

-Men utpressinga av meirverdi som skal kompensere for nedgangen i profittraten kan også skje ved at historiske arbetsløner blir pressa ned til og delvis under arbeidskrafta sin verdi - og ved at billigare arbetskraft enn tidligare blir tatt ibruk - kvinnearbeid - barnearbeid. Dette kan virke mot at ny teknologi blir tatt ibruk. Denne nedpressinga skjer også ved at dei delene av arbeidslønna som bli brukt av fellesskapen til å ta seg av arbeidarar som ikkje jobbar (løyvingar til utdanning, trygder, støtte til helsetiltak, alle offentlige overføringar frå den arbeidande til den ikkjearbeidande delen av arbeidarklassen) blir pressa ned eller tatt heilt vekk. Då krympar eller forsvinn den såkalla velferdsstaten og også det vi kallar sosialstaten.

Marx seier at dette er ei av dei viktigste tilltaka som motveger tendensen til fallande profittrate.

- Å gjøre det som den konstante kapitalen er samansett av billigare, er også eit moment som bremsar profittratefallet. Alt som pressar opp profittraten ved konstant meirverdirate høyrer med her. Det er dem aukande produktivkrafta til arbeidet som gjøre at verdien av den konstante kapitalen, både råvarer, hjelpestoff og maskinar, ikkje veks like mykje som mengda av desse kapitaldelane. Dvs. at samme mengd arbeid set i rørsle mykje større volum av konstant kapital enn tidligare, men at denne kapitalen sin verdi ikkje veks i samme forhold. Av til kan til og med volumet av dei forskjellige delane av den auke, mens verdien ikkje endrar seg eller til og med minskar. Men i lengda fører dette til at den fallande tendensen vinn fram att.

- Utvikling av ei relativ overfolking skjer samstundes med utviklinga av arbeidet si produktivkraft og trer fram meir tydelig ettersom den kapitalistiske produksjonsmåten utviklar seg i eit land. Derfor vil arbeidet i mange produksjonsgreinar bli underordna kapitalen i eit seinare tempo enn vi skulle vente og meir ufullstendig. Folk held lengre på handverksarbeidet enn ein skulle trudd. På den andre siden blir det opna nye produksjonsgreinar, særlig innan produksjon for luksusforbruk som startar med svært mange arbeidarar, men som etter kvart går gjennom samme utviklinga som dei gamle greinane har gjort. I begge desse tilfella vil den varible kapitalen til å begynne med vere høgare enn gjennomsnittet. Både meirverdimengde og meirverdirate vil vere uvanlig høg i desse produksjonsgreinene. Derfor vil det dra opp profittraten her og gjennom utlikninga mellom alle profittratane i marknaden vil den samme orsaka som får profittraten til å synke og motvirke at han synker. Derfor blir det ein tendens til å synke istadenfor eit bestemt fall.

- Utanrikshandelen kan virke til å heve profittraten i eit land dersom han gjør den konstante kapitalen sine element og dei nødvendige forbruksmiddel billigare fordi det får meirverdikvoten til å stige og minkar verdien av den konstante kapitalen. Dessutan muliggjør utanrikshandelen produksjon i utvida skala og dette virkar på samme måten. Akkumulasjonen blir påskunda, men på den andre sida pressar det også verdien av den variable kapitalen ned i forhold til den konstante og dermed skjer det samme med profittraten. Utanrikshandelen var først grunnlaget for den kapitalistiske produksjonsmåten. Men etter kvart har utanrikshandelen blitt eit resultat av den kapitalistiske produksjonsmåten fordi han har eit indre behov for ein utanriksmarknad som utvidar seg heile tida. Dess meir kriseramma kapitalismen er som følge av synkande profittrate, desto større blir trongen etter nye marknader. Dette er ei av forklåringane på framveksten av og gjennombruddet for nyliberalismen i verda dei siste tiåra.

- Kapital investert i utenrikshandel kan avkaste høgare profittrate enn i dei rike landa. For det første fordi de kapitalen då konkurrerer med varer som er produsert med lågare produktivkraft. Derfor kan det mer framskridne landet selge varene sine over verdien sin, men billigare enn konkurrentane i det fattigare landa. Overfor dei fattige landa realiserer produsentar i dei rike landa ein ekstraprofitt nett som alle meir produktive kapitaler gjør ovafor dei mindre produktive kapitalane. Det samme skjer i varehandelen mellom slike land. Mindre arbeid i ei mengd varer blir bytta mot meir arbeid i samme mengd varer. Men i lengda bryt marknaden ned dei skilnadene som gjør dette mogeleg.

- Det er også slik at land med høgt utvikla produktivkrefter investerar direkte i produksjonen i land der utviklinga av produktivkreftene er lågare. I desse siste landa er forholdet mellom konstant og variabel kapital slik at profittraten her blir høgare enn i metropollanda. Arbeidskrafta blir også ofte hardare utbytta i dei fattige landa gjennom at lønene er svært låge og sosiale ytingar ikkje eksisterer. Det er klårt at den høgare profittraten som visse kapitaler avkastar i fattige land og som blir tilført heimstaden, inngår i utjevningan av profittraten i verdensmålestokk, dersom ikkje noko monopol står i vegen. Jo friare konkurransen er, desto raskare skjer dette.

- Dessutan er det slik at ein del kapital er låst i store anlegg, som jernbanar, der avkastninga i form av renter er lågare enn gjennomsnittsprofitten. Desse kapitalane er avsondra frå konkurransen og skal ikkje reknast inn når den almenne profittraten blir rekna ut. Men reint teknisk kan vi gjøre det og då fell profittraten fordi den konstante kapitalen i desse anlegga er spesielt stor i høve til den variable.

- Monopolisering skjer som ein følge av konsentrasjon og sentralisering av kapital gjør det mogeleg for store kapitalar å tileigne seg ikkje berre meirverdien av sine eigne arbeidarar, men også delar av den meirverdi som arbeidarane til mindre foretak skaper. Krisa skaper stort behov for også å tileigne seg monopolprofitt og driv derfor på monopoliseringa. Dette er ei anna drivkraft bak nyliberalismen. Dei største monopola vil ha fritt armslag til å bruke makta si til å konkurrere ut og erobre marknadsdelar frå dei mindre kapitalane. Difor er den nye liberalismen ei mektig drivkraft for monopolisering. For dei største og mektigaste kapitalane er mange nasjonar og statar for små i høve til det armslaget dei treng. Og dei gamle statsmonopola er for småe til å ta opp konkurransen i marknaden, difor er dei dømd til å tape når reguleringar osv. blir oppgjevne.

- Den kapitalistiske marknaden erobrar stadig større delar av all verksemd i verda. Lover og reglar som kviler på politiske vedtak som avgrensar monopolkapitalen sitt herrevelde blir meir og meir fjerna. Produksjon av ting og tenester i dei høgt utvikla kapitalistiske landa går stendig meir over frå stat og kommune til monopolkapitalen. Dette kjem av kommersialisering og privatisering av tidligare statlige foretak. Dette har skjedd særlig fra 1980 av. Monopol- og statsmonopolkapital tar kommandoen innan produksjon av ting og tenester i dei tidligare ikkje-kapitalistiske statane. Dette har skjedd særlig fra 1989 av. Av denne typen statar er både Kina og det tidligare Sovjet svært viktige på grunn av ressursar, folkesetnad, geografisk storleik.

I store, svært folkerike statar i Asia som ikkje har hatt så mykje kapitalistisk verksemd tidligare er kapitalen no i eksplosiv vekst. På grunn av ressursar, folkesetnad og geografisk storleik er India særleg viktig. Men også store viktige land i Latin-Amerika driv ei utstrakt kommersialisering og privatisering.

Tendensen til konsentrasjon og sentralisering av kapital, dvs. monopolisering, er svært sterk. Monopolkapitalen styrkar seg mykje i høve til andre typar kapital. Dei rikaste delane av borgarskapet blir rikare i høve til dei andre delane.

Andre klassar enn arbeidarklassen minskar.

Innen arbeidarklassen i dei høgt utvikla kapitalistisk landa minskar den delen som står i direkte utveksling med naturen i produksjonen av ting. Den delen av klassen som driv tenesteproduksjon auker. Av dei som er i arbeid auker den produktive delen av klassen, dvs. den delen som direkte skapar meirverdi og profitt for kapitalen. I dei mindre utvikla kapitalistiske landa auker alle delar av arbeidarklassen.

Grunnleggende tendenser i økonomien no som vi kan samanlikne med det Marx skreiv

Vi kan ihvertfall se syv grunnleggende tendenser i økonomien:

  1. Økt utbytting av arbeidskraften som helhet (teknologisk og kommunikasjonmessig revolusjon, høyere arbeidsløshet, lavere lønner, fleksibilisering, nedbygging av velferdsordninger, økt fattigdom og elendighet sammen med oppsamling av enorme rikdommer) og skaping av et nytt velutdannet arbeideraristokrati. I kampen om arbeidet splittes arbeiderklassen stadig mer i både grupper som kjønn, raser og folkeslag, religioner og helt ned på indiviplanet. Samtidig skapes nye vilkår for å forene arbeiderklassen på nye måter i kampen mot den felles fienden.
  2. Erobring av nye markeder innenlands i a) "i-landene" (privatisering og kommersialisering) og i b) noen "u-land" særlig i Asia (økt arbeidsdeling og industrialisering), men særlig utenlands (erobring av områder som tidligere var utenfor det kapitalistiske markedet og investeringer i andre land med gode fortjenestemuligheter - av borgerskapet kalt globalisering, av oss kalt gallopperende imperialistisk erobring og rivalisering).
  3. Utstøting og utarming av noen "u-land", særlig i Afrika.
  4. På tross av den gallopperende teknologiske utvikling innen visse områder, støter kapitalen alment sett mot sine egne grenser av for liten kjøpekraft og tendensen til stagnasjon blir stadig mer påtrengende.
  5. Økt konsentrasjon og sentralisering (monopolisering) av kapital (jordens fellesskapte rikdom) med oppretting av økonomiske og politiske "fellesskap" under makten til de største kapitalene.
  6. En enorm vekst i finanskapitalens mengde og betydning. Spekulasjon i valuta og verdipapirer er, ved siden av ren kriminalitet, blitt den viktigste umiddelbare profittkilde. Pensjonskasser og andre finansinstitusjoner har erstattet bankene som de viktigste sentra i finanskapitalen.
  7. Mafiosering av stadig større deler av økonomien (stoffer, porno, menneskehandel, mange andre typer illegale foretak, og stadig mer og tettere sammenvevinga av illegal og legal økonomi).

Politikk og statar

I forholdet mellom statene ser vi også flere tendenser.

  1. Det er bare en supermakt. USA er blitt den eneste supermakten som virker fullstendig overlegen både økonomisk, militært, politisk, ideologisk og kulturelt sammenlignet med andre stater.
  2. Likevel er USA-økonomien på vaklende føtter og vi ser muligheten for fremvekst av en ny supermakt i Kina som i løpet av 25 år kan få verdens største økonomi, målt i brutto nasjonalprodukt.
  3. Samtidig øker rivaliseringen mellom USA og de sentrale EU-maktene og Japan.
  4. Det gamle Sovjet er oppløst i en rekke mer eller mindre selvstendige nasjonalstater og Russland er i høy grad underlagt vestlig finanskapital og vestlige staters politikk.
  5. Forskjellen mellom de rikeste og fattigste statene i verden øker.
  6. De største statene legger andre stater under seg i forskjellig former for økonomiske "fellesskap" som driver i retning politiske unioner underlagt de største statene. Det skjer en regionalisering. Dette gir de største statene vilkår for bryte ned den nasjonale sjølråderetten til de mindre statene sammen med alle typer demokratiske, faglige, regionale og sosiale retter som er knyttet til disse nasjonalstatene og for å legge under seg alle ressurser i store områder for å stå sterkest mulig i kampen mot de andre stormaktene og deres sammenslutninger.

Alle disse forholdene som ser ut til å styrke kapitalismen, undergraver den i virkeligheten stadig mer og skaper stadig flere vilkår for en moderne og demokratisk kommunisme.

3. Oppgaver for kommunister

A. Bygge kommunistparti!

  1. Teoretisk fornying. Teoretisk grunnlag og mål: marxisme - kommunisme. Nytt prinsipprogram som bygger på empiriske studier av virkeligheten nå i tillegg til grundig forstått marxistisk teori.
  2. Biologisk fornying. Bygge RU - få ungdommer inn i partiet.

 B. Bygge fronten mot kapitalismen/imperialismen!

  1. Motideologi (vi-bryr-oss-tenkningen, bølletenkningen, sinteplattformen), folkeopplysning og kunst.
  2. Motorganisering: på-tvers-bevegelsen, kunstprosjektet, folkeopplysning, avis og media.

Fleire artiklar om sosialisme | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

Til AKP si heimeside