Fleire artiklar om sosialisme | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |
Gunnar Album har i nokre artiklar i Klassekampen argumentert for å reise kampen for allmenningane (engelsk "commons") som ein hovedstrategi i naturvernet. Internasjonalt blei den nye runden av denne debatten reist av verdas mest renommerte miljøtidsskrift The Ecologist i juli/august utgåva (nr. 4) 1992.
På forsida av bladet har dei ei programutsegn.
"Utvikling (development) kan aldri gagne meir enn eit mindretal: utvikling krev øydelegging av omgjevnadene og folka. Ho prøver å dominere, splitte opp og ta frå folk - med eitt ord, innhegne (enclose). Utfordringa er å forkaste utvikling og ta att allmenningane (the commons)."
Eg vil sjå litt på denne spissformuleringa. Formuleringa er svært omfattande. Ho seier faktisk at utviklinga i seg sjølv er noko som vi må forkaste fordi ho dominerar, splittar og tar frå dei fleste folka noko og at eit mindretal får fordelar av dette.
Slik eg ser det, er den utviklinga som finn stad under kapitalismen tosidig. Det er ein einskap av øydelegging og skaping. Tidligare samfunnsformer blir brutalt knust ned og/eller snikande omdanna. Nye samfunnsformer blir førebudd. Kapitalen utviklar seg samstundes til ei allment øydeleggande makt og til reiskap som menneska kan bruke til å skape gode kår og lukke for seg sjølv.
Boargarskapet vil ikkje sjå at utviklinga av kapitalen blir ei stadig meir øydeleggande makt. Delar av småborgarskapet vil ikkje sjå at det berre er utviklinga av denne øydeleggande makta som skapar alle vilkår for å oppheve kapitalen.
Grunnleggande sett tyder vel omgrepet utvikling at menneska får større krefter til å tingliggjøre seg, dvs. til å omdanne resten av naturen til ting som er til nytte for menneska. Dette tyder at menneska kan bruke mindre og mindre av tida si på å skape det materielle grunnlaget dei treng for å leve godt. Eg meiner at det er reaksjonært, altså bakstreversk å gå mot utvikling i denne tydinga.
Men denne utviklinga skjer i vår epoke i ei framandgjort form, gjennom den kapitalistiske produksjons- og fordelingsprosessen. Dei øydeleggande verknadene av denne prosessen går spesielt utover dei menneska rundt om i verda som blir drive ut av lokale førkapitalistiske tilhøve og brutalt drive inn i det kapitalistiske verdssamkvemmet eller som rett og slett går til grunne i prosessen.
Det er også denne kapitalistiske produksjonsprosessen, og andre framandgjorte produksjonsprosesser som vi finn under den første fasen av kommunismen (Sovjet er eit eksempel), som gjør det umulig for menneska å ha ei svært høg utveksling med naturen rundt seg utan å øydelegge han.
Den framherskande økologiske retninga i The Ecologist og det økologiske miljøet skiljer ikkje mellom det eg har kalla menneskelig tingligjøring og menneskelig framandgjøring. Dette har dei felles med heile den såkalla poststrukturalistiske filosofiske skulen og dei borgarlige økonomane av klassisk og keynesiansk merke.
Fordi dei ikkje drar dette skiljet blir både teorien og politikken deira reaksjonær.
For det progressive intellektuelle småborgarskapet i den høgt utvikla kapitalistiske delen av verda, som har relativt god materiell levestandard, blir dette eit moralsk dilemma. Dei vender derfor merksemda si meir og meir vekk frå den einaste krafta som kan oppheve kapitalismen, nemlig arbeidarklassen over heile verda. Dei forkastar meir og meir den marxistiske klasseanalysen. Dei vil ikkje satse så mykje på arbeidarklassen som er ei gruppe som etter kvart omfattar alle rasar, begge kjønn, alle nasjonalitetar. Ei gruppe som er objektivt sameina i den fullstendige framandgjøringa (mangel på eigdom av produksjons- og livsmiddel) og som blir subjektivt sameina i den økonomiske kampen mot borgarskapet for å sikre levekåra sine, i den teoretiske kampen mot borgarlige ideologiar og i den politiske kampen for å ta statsmakta.
Istaden går dei over til å støtte dei mest lidande gruppene, og ofte dei som representerer restane av førkapitalistiske samfunnstilhøve, dvs. stammefolk, bønder som driver sjølvbergingsjordbruk, og personer over heile verda som ikkje produserer varer for sal på den kapitalistiske marknaden. Dei viser størst merksemd til dei gruppen som ikkje på nokon måte kan fungere som ei sjølvstendig kraft for å oppheve kapitalismen.
Ut frå dette skaper dei så ein ideologi for å forsvare samfunnstilhøve der framandgjøringa er mindre, altså der den private eigedomsretten og kapitalismen ikkje er fullt utvikla.
Dette er kjerna i opplegget frå The Ecologist med å kjempe mot utviklinga og attvinne allmenningen. Derfor blir dette også eit program for kamp mot marxisme og kommunisme.
Rørsla for å attvinne allmenningen ser eg på som ein bakevje så lenge han ikkje er knytt til kampen for å oppheve kapitalen, skape proletariatet sitt politiske diktatur og etter kvart skape ein sosial kommunisme der også proletariatets diktatur er opphevd.
Dersom arbeidarklassen i dei høgt utvikla kapitalistiske landa kan opprette si eiga statsmakt og begynne å skape vilkår for å oppheve alle framandgjøring, vil kampen for allmenningane rundt om i verda kunne bli ein del av kampen for den moderne kommunismen.
Marx var sjølv inne på at slikt kan vere mulig i ei brevveksling der han diskuterte om dei russiske landsbyfellesskapa kunne bli grunnlag for kommunistisk organisering av landsbygda der. Han seier at landsbyfellesskapa kan bli det, dersom vi kan klare å "fjerne den skadelige innflytelse som på alle hold reiser seg mot bondekommunen, og på denne måten sikre den normale betingelser for naturlig utvikling."
Eg er samd med Marx her og ser det slik at dette krev oppheving av imperialismen og alle former for lokalt borgarskap som nett representerer overgang til privateigedom. Samstundes trur eg det er slik at folka over alt i verda ikkje kan oppheve framandgjøringa utan å kjempe ut frå dei politiske einingane som framveksten av kapitalismen skapar, nemlig nasjonalstatane.
Den frigjerande og internasjonalistiske nasjonalismen som er knytt til arbeidarklassen og det arbeidande folket, må sigre over den imperialistiske nasjonalismen som er knytt til borgarskapet i imperialismen si epoke.
Og eg meiner at dette krev politisk-kommunistiske revolusjonar i dei store, høgt utvikla kapitalistiske landa.
Fleire artiklar om sosialisme | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |