Appell i Oslo mot feiringa
av Israels nasjonaldag 22. april 2002

Boikott festmiddag med Israel!

ved Ingrid Baltzersen

Til Palestina-sida | Til AKP si heimeside

Idag feirar norske politikarar og kjendisar 54-årsdagen til staten Israel. Dei feirar massakrane på sivile under krigen rundt opprettinga av staten Israel, dei feirar ein rasistisk stat som har apartheid i grunnlova, dei feirar ein aggressiv okkupantstat. Sausen på tallerkane deira blandar seg med blodet frå historia, luktene frå middagen blandar seg med likstanken frå Jenin viss dei har eit snev av anstendigheit igjen. Dei som har anstendigheit nok, har takka nei.

Laurdag 20. april vart folk bussa til Oslo for å delta i ein støttedemonstrasjon for staten Israel. Det var for det meste kristne organisasjonar som stod bak, organisasjonar som vanlegvis pratar om nestekjærleik. Staten Israel sin måte å visa nestekjærleik såg me i Deir Yassin i 1948, i Sabra og Shatilla i 1982 og i Jenin no.

USA har i det siste støtta staten Israel like mykje som før, til tross for brot på menneskerettar og krigskonvensjonar som sjokkerer dei fleste. Powell ber Arafat om å ta seg saman. Sharon si herjing ser han derimot ikkje på som eit problem.

I denne situasjonen er det viktig å ha fokus på den rettferdige palestinske frigjeringskampen, ikkje berre på å få fred. Palestinarane har ofra masse i over 50 år, og opplever ein forferdeleg okkupasjon no. Parola "Inga fred utan fridom for palestinarane" er viktig i denne situasjonen. Palestinarane treng ikkje ein ny Oslo-prosess eller ei fredsavtale som gjer at Sharon får fred til å bygga eit gjerde rundt grensene til Israel, eller til å utvida busetjingane og militariseringa på Vestbreidda og Gaza. Palestinarane treng fridom, fridom til å bygga ein stat. Mange palestinarar har godteke at den staten kan vera på berre Vestbreidda og Gaza, omtrent 22 % av historisk Palestina, der okkupasjonen av dei andre 78 % vart feira måndag. Det å gå med på dette er eit stort og omtrent umogleg offer, men Israel og USA pressar på for at dei skal ofra meir.

Palestinarane har ofra nok, så difor må me fortsetja å sei: "Inga fred utan fridom for palestinarane".