La oss feira sigrane til folkehæren!

Knus den kontrarevolusjonære totale krigen
til Macapagal-Arroyoregimet og USAs militære intervensjon!

Ei helsing til Den nye folkehæren (New People's Army, NPA) sitt 34-årsjubileum 29. mars

Gregorio "Ka Roger" Rosal
Talsmann, Kommunistpartiet på Filippinane (Communist Party of the Philippines, CPP)

28. mars 2003


På vegne av CPP helsar eg alle raude kommandantar og soldatar i NPA i høve 34-årsjubileet. Med knytta neve helsar eg også alle martyrane i den nasjonaldemokratiske revolusjonen med.

Som eit resultat av å ha drive fram folkekrigen korrekt og med styrke i 33 år, held NPA fram med å hausta sigre i den væpna kampen , jordrevolusjonen og i byggjinga av basar i massane. Millionar av menneske får glede av framgangen til folkekrigen.

Den revolusjonære rørsla har etablert meir enn 120 geriljafrontar som i halvparten av valkrinsane, og over heile landet. Dette talet vil veksa i dei komande åra.

For augneblinken er det i desse geriljafrontane om lag 27 bataljonar raude soldatar, titusenar av milits og hundretusenar organisert i sjølvforsvarskorps. NPA og dei revolusjonære kreftene vinn over dei forakta fiendestyrkane i desse frontområda og i nærliggjande område.

I dei mest konsoliderte av desse geriljafrontane vert det sett opp geriljabasar og lokale styringsorgan av den folkedemokratiske regjeringa. Kampanjar for å vekkja, organisera og mobilisera massane vert starta under leiing av partiet og NPA i desse geriljasonane. Massekampar vert fremja for å løysa problema til folket og for å skaffa dei konkrete føremunar.

Kampanjane er hovudsakleg antiføydale kampar for å senka landleiga, fjerna utsuging og å redusera andre formar for utbytting frå dei store landeigarane, kapitalistar og byråkratar. Det vert kjempa for samarbeid, produksjon, helse, utdanning og kultur for folkets velferd. Det vert også kjempa for rettferd og mot overgrep frå dei militære, menneskerettsbrot og andre formar for utbytting og undertrykkijng av folket. I geriljafrontane og -basane lærer folket demokratisk sjølvstyre steg for steg under leiing av partiet og med hjelp frå folkehæren.

På dette viset tener geriljafrontane og -basane som bastionar i å byggja opp eit nytt revolusjonært samfunn. Det er innanfor desse frontane og basane frøa til ei ny og meir framskrittsvennleg, demokratisk, rettvis og fri samfunnsordning vert sådd. Det er denne samfunnsordninga som veks fram frå det rotnande halvkoloniale og halvføydale systemet som tener, og vert forsvart av, imperialismen og dei lokale reaksjonære klassane.

Macapagal-Arroyoregimet [Gloria Macapagal-Arroyo er president på Filippinane] ynskjer å knusa denne og alle dei andre sigrane til den revolusjonære rørsla, både i byane og på landsbygda, med den kontrarevolusjonære totale krigen.

For å nå det målet har den filippinske hæren (Armed Forces of the Philippines, AFP), det filippinske politiet (Philippines National Police, PNP) og paramilitære styrkar lenge ført ein massiv undertrykkjingskampanje, med vald og terrorisme mot folket. Dei trampar vilkårleg på dei demokratiske rettane til folket for å undertrykkja dei og den revolusjonære rørsla. På landsbygda er det open unntakstilstand.

Raude soldatar i NPA og i folkemilitsane kjempar modig og standhaftig for å møta og frustrera den totale kontrarevolusjonære krigen til USA-Arroyo-regimet. Dei sigerrike offensivane mot hæren og politiet over heile landet knuser illusjonen om at marionetteregimet og dei væpna styrkane deira kan styra effektivt på territoriet til den revolusjonære rørsla.

Trass i undertrykkjinga frå AFP har NPA og den folkelege motstanden vunne styrke og konsolidert seg. Alt dette provar at det er korrekt å halda fram med væpna kamp som den viktigaste kampformen for å fremja dei nasjonale og demokratiske interessene til det filippinske folket.

I kontrast til den høge moralen hjå dei raude soldatane er det utbreidd demoralisering i rekkjene til dei reaksjonære troppane. Ettersom det står klårt for NPA-styrkane at dei slåst for ei rettvis sak, aukar kampviljen deira stendig. Dei er og vitne til brei folkeleg støtte, og dei haustar mange sigre.

I kontrast til framgangen for den revolusjonære rørsla, held den reaksjonære staten fram med å gå i oppløying. Hatet og motstanden mot Macapagal-Arroyoregimet veks på grunn av at det er ei dokke for USA og ekstremt brualt og korrupt. Folket vert meir og meir desperate og utan håp for framtida i det rådande systemet. Den servile haldninga til regimet andsynes nyliberalistisk politikk, i tråd med diktat frå imperialistane, er øydeleggjande for produktivkreftene i landet, hovudsakleg arbeidarar og bønder. Me ser no resultata av dette, med fall i produksjonen, aukande arbeidsløyse, konkursar blant bøndene og små handelsfolk, aukande underskot på statsbudsjettet, fall i verdien av pesoen [den filippinske valutaen] og andre indikasjonar på den økonomiske nedgangen i landet.

I motsetning til den aukande mengda folk som går med i den revolusjonære rørsla, vert Arroyoregimet forkasta og fordømt av fleire og fleire. Mange samfunnskrefter, inkludert folk sjølvstendige yrke og offentlege tilsette, kjem til den revolusjonære rørsla for å tilby assistanse og støtte. Eit relativt høgt tal har vore med og spontant protestert på ulike vis.

I motsetning til sjølvberginga til den revolusjonære rørsla må det reaksjonære Macapagal-Arroyoregimet stendig be USA-imperialismen om militær, økonomisk og politisk hjelp. Den USA-imperialistiske væpna intervensjonen på Filippinane vert større og verre, noko som tyder på at det rådande halvkoloniale og halvføydale systemet har vorte meir korrupt kriseramma. Det er også eit teikn på den vonde planen til USA og marionetteregimet om å knyta den kontrarevolusjonære krigen på Filippinane til aggresjonskrigen til USA mot Irak og andre land som står i mot USA. Som ei fylgje av at marionetteregimet har sett at dei ikkje maktar å stå i mot dei revolusjonære kreftene, litar det no hovudsakleg på direkte USA-aggresjon for å nedkjempa revolusjonen på Filippinane.

Arroyoregimet insisterer på å nytta "krigen mot terrorisme" som eit påskot for å setja inn militære styrkar frå USA i landet. Nett slik NPA vart skulda for bombene i Metro Manila [Manila med områda rundt] og andre stader i september og oktober 2002, får MILF [Moro Islamic liberation front, Morofolkets islamske frigjeringsfront, les meir her] direkte og NPA indirekte skulda for dei blodige bombene i Davao og andre stader på Mindanao i byrjinga av mars. Desse bombeåtaka var del av den psykologiske krigføringa til CIA og Pentagon, som konspirerte med lakeien sin, forsvarsminister General Angelo Reyes.

Arroyo og hæren ser desperat etter måtar å grunngje korleis dei kan omgå forbodet i grunnlova mot utplassering av framande militære styrkar på Filippinane. Arroyo står klar til å omgå eller bryta si eiga grunnlov og trakka på suvereniteten til Filippinane, noko som syner kor desperat ho er etter å få USAnske troppar med i den kontrarevolusjonære krigen. Kampane mot Abu Sayyaf er berre ei opning for USAnsk militær aggresjon, som før eller seinare vil flytta seg over til å slåst mot dei revolusjonære kreftene. Medan folket og den politiske opposisjonen er sterkt i mot den direkte innblandinga av USAnske troppar i kampane mot Abu Sayyaf på Sulu, proklamerte USA og marionetteregjeringa at troppane ville verta sette inn mot dei revolusjonære kreftene, både NPA og BIAF/MILF, i Mindoro, Quezon, Composteladalen, Nordcotabato og andre stader.

USA har pressa Macapagal-Arooyoregimet til å trampa på fredstingingane med både NDF [National Democratic Front, den nasjonaldemokratiske fronten der CPP og NPA er med] og MILF. Rammeverka for tingingar som regimet la på bordet var berre eit tilbod om å overgje seg. Samstundes vart dei revolusjonære sette på lister over "terroristar", og hæren gjekk til harde åtak på dei, for slik å tvinga dei revolusjonære til å gå med på eit slikt rammeverk.

Dei revolusjonære kreftene vik ikkje unna for trugsmåla frå Arroyoregimet om ein total krig med støtte frå USA-hæren. Hæren har faktisk ikkje halde tilbake på lenge, sjølv medan fredstingingane pågjekk. NPA og MILF har stått i mot og skapt problem for alle desse felttoga.

NPA er ikkje redde for trugsmåla om at USAnske troppar skal koma inn i geriljafrontane og områda til den revolusjonære rørsla. Faktisk er det slik at det er USA og marionetteregimet som har grunn til å verta uroa, for framande styrkar vil gjera den noverande borgarkrigen til ein nasjonal krig mot USA. Dette vil tenna gneisten for ein svært brei patriotisk opposisjon som kan kasta det noverande marionetteregimet og eitkvart etterfylgjande regime som arbeider for framand væpna aggresjon.

På det noverande stadiet i folkekrigen vil NPA hovudsakleg halda seg til ein forsvarsposisjon. Likevel, einkvar militær styrke frå USA som kjem inn i områda til den revolusjonære rørsla, eller som vert sett inn i nærliggjande område, vil vera eit mål for åtak frå NPA eller folket. Partiet, NPA og heile den revolusjonære rørsla vil halda fram med gjera alt dei kan for å hindra aggresjonen og kasta ut framande troppar frå Filippinane.

Ved dette høvet, feiringa av 34-årsjubileumet til grunnleggjinga av NPA, vil partiet gjenta oppmodinga si til NPA om å gå fram heilhjarta og styrkja folkekrigen i heile landet. Dette året og komande år ventar me oss fleire, meir utbreidde og oftare væpna taktiske offensivar mot dei fiendslege væpna styrkane. Jordrevolusjonen og byggjinga av revolusjonære basar vil sameleis verta fremja.

Dagane til Macapagal-Arroyo-regimet er talde. Sjølv om det ikkje vert kasta før valet i 2004, så vil ikkje dei ville manøvrane deira for å halda på makta koma til noko.

Kommunistpartiet og den nye folkehæren er budde både på undertrykkjing og forhandlingar med eit kvart regime som fylgjer etter Arroyo. Dei er bestemte og klare til å gå på og gjera framskritt på alle sider i år og i komande år. Dei vil gje alt i kampen til den endelege sigeren er vunnen.

Lenge leve NPA!
Lenge leve CPP!
Lenge leve det filippinske folket og den filippinske revolusjonen!

Nettstaden til Kommunistpartiet på Filippinane
Denne teksten på engelsk

Heimesida til AKP ||| Internasjonalt utval i AKP