Dokument frå AKP si historie

Program m.v
frå stiftinga i 1973

Heimesida til AKP ||| Gjeldande program

Program, vedtekter og andre dokument frå skipingslandsmøtet til AKP(m-l) vart publisert på bokmål på Forlaget Oktober i juni 1973. I desember 1974 kom denne boka ut i andre opplag, då omsett til nynorsk. Denne nettutgåva baserer seg på innskanning av nynorskutgåva. Vi tar atterhald om korrekturfeil ved innlesinga.

Forsida på programboka

Omslagstekst:
Kva vil Arbeidernes kommunistparti (m-l)

"Mykje er annleis i dag enn den gongen arbeidarrørsla for første gong såg dagslys i Noreg. Men eitt er framleis det same: Det finst klassar, og underkuinga og utbyttinga av det arbeidande folket held fram, endå formene skifter. Så lenge det finst klasseskilje trengst det og eit revolusjonært arbeidarparti i Noreg. Det første målet for partiet er sosialismen, proletardiktaturet. Det endelege målet er kommunismen, der all underkuing og utbytting av menneske og alle klasseskilje skal vera borte.

Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) oppmodar alle arbeidarar og funksjonærar, bønder og fiskarar, husmødrer, intellektuelle, ungdomar og andre som er samde i politikken vår til å ta kontakt med oss og verte med i partiarbeidet.

Vi tilbyr alle progressive som stør andre parti eller som av andre grunnar ikkje vil gå med oss om å gå inn i eit tillitsfullt samarbeid i striden for interessene til folket."

- frå skipingsfråsegn til AKP(m-l), vedteken 18. februar 1973

Her finn du alt det viktigaste frå 1. landsmøtet i AKP(m-l): Program - vedtekter - landsmøtemelding - vedtak - helsingar

2. utgåve (nynorsk tekst) ISBN 82-7094-0879
Pris kr 18,50

Kolofontekst

Arbeidernes kommunistparti (m-l): Program og vedtekter frå 1. landsmøtet februar 1973

Landsmøtet i AKP(m-l) vedtok at det skulle gjerast mange brigde i dei framlegga som var gjort for landsmøtet. 2. plenum i Sentralkomiteen i mai 1973 har kontrollert at desse brigda er gjort i samsvar med landsmøtevedtaka. Dokumenta er redigerte til utgjeving av Arbeidsutvalet i Sentralkomiteen.

Omslaget er laga av Per Kleiva.

Forlaget Oktober A/S, Oslo 1973, 1974. 1. utgåve (Bokmålstekst) juni 1973, 0-6000
2. utgåve (nynorsk tekst) desember 1974, 0-3000

Den nynorske teksten i 2. utgåva er laga på grunnlag av bokmålsteksten i 1. utgåva. Omsetjinga er gjort av Forlaget Oktober etter oppdrag frå Arbeidsutvalet i Sentralkomiteen i AKP(m-l).

Prenta i offset hos A/S Duplotrykk, Oslo 1974. ISBN 82-7094-087-9

Dei sentrale adressene for Arbeidernes Kommunistparti (m-l), desember 1974:


Innhald:

I

AKP(m-l) er skipa

Pressemelding

Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) er skipa i dag, søndag 18. februar 1973. Vedtaket vart gjort av ein konferanse samansett av valde utsendingar frå grunnorganisasjonane i den partibyggjande organisasjonen ML-gruppene (MLG). Konferansen vedtok samrøystes å konstituera skipingslandsmøtet for partiet.

Når AKP(m-l) no er skipa vil det seia at eit arbeid som har gått føre seg i mange år for å atterreisa eit verkeleg revolusjonært arbeidarparti er sluttført. Landsmøtet vedtok eit prinsipprogram som slår fast at Noreg er eit klassesamfunn der arbeidarklassen og andre lag av folket framleis er underkua og utbytta. Målet for partiet er å reisa folket til strid mot all undertrykking og gå i brodden for ein sosialistisk revolusjon. Slik gjer folket ende på det monopolkapitalistiske diktaturet og set proletardiktaturet over den gamle herskande klassen i staden. Einast på dette viset kan arbeidsfolk flest verta trygge på at dei har fullt demokrati. Berre slik kan dei få bort alle klasseskilje og nå kommunismen. Dei gamle partia på venstresida korkje vil eller kan løysa denne oppgåva.

Landsmøtet vedtok òg arbeidsprogram, vedtekter og ei landsmøtemelding om dei politiske stridane som har lagt grunnlaget for partiskipinga. Desse dokumenta vil verta prenta så snart råd er.

Det første landsmøtet i AKP(m-l) drøfta og holdninga partiet skal ta til stortingsvalet i haust. Det vart gjort eit samrøystes vedtak som slår fast at partiet er budd til å stilla til val med lister i alle fylke. Samstundes gav landsmøtet fullmakt til å tinga om valsamarbeid med andre parti, grupper og einskildpersonar. Føremålet må vera å verja det nei folket sa til EEC, og å gje progressive menneske eit klårt alternativ til DNA/LO-leiinga. Eit slikt frontsamarbeid vil vera den einskapen folket har bruk for i dag.

Landsmøtet vedtok òg ei lang rad med fråsegner og helsingar. Mellom utanlandske parti og grupper som landsmøtet vedtok å senda helsingsbrev til er Arbeidspartiet i Albania, Kinas kommunistiske parti, Arbeidarpartiet i Korea, Arbeidarpartiet i Vietnam, Sveriges kommunistiske parti, m-l-rørsla i dei andre nordiske landa, PLO/Al Fatah og det irske Sinn Fein.

Landsmøtet valde òg den første sentralkomiteen i partiet. Til liks med programvedtaket og landsmøtemeldinga var dette valet òg grundig førebudd i grunnorganisasjonane. Eit stort tal kandidatar var før landsmøtet nominerte og vurderte lokalt. Nominasjonane stilte som oppgåve å halda på dei beste i den politiske kjernen som i mange år har gått i brodden for å byggja partiet. Dessutan var målet å velja inn eit fleirtal or arbeidarklassen, auka talet på kvinner til minst 1/3 og tryggja ein brei representasjon frå distrikta. Landsmøtet greidde denne oppgåva. Mellom anna er godt over helvta av den nye Sentralkomiteen organiserte i LO.

I første sentralkomite i AKP(m-l) sit m.a. Sigurd Allern (forskingsassistent, Oslo), Tor Mostue (murar, Oslo), Pål Steigan (industriarbeidar, Oslo), Bente Løvås (industriarbeidar, Oslo), Tron Øgrim (forlagsmedarbeidar, Oslo), Kitty Strand (lækjar, Askim), Kjell Pettersen (note 1) (industriarbeidar, Sauda), Synne Holan (sjukepleiar, Tromsø), Svein Johnsen (industriarbeidar, Kristiansand).

Første og konstituerande plenum i Sentralkomiteen valde Sigurd Allern til formann i Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene).

Frå starten er partiet landsomfemnande, med fleire avdelingar i alle fylke. Det har ein stor og slagkraftig ungdomsorganisasjon, SUF(m-l) (no Raud Ungdom (Red.)). Vekeavisa Klassekampen som AKP(m-l) gjev ut, sel alt no i 12.000 eksemplar. Opplaget aukar og avisa til partiet er no den største på venstresida.

Sentralkomiteen i Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene)

[Innhald]


Skipingsfråsegn

Ein konferanse av valde delegatar frå grunnorganisasjonane i MLG vedtok søndag 18. februar 1973 å skipa Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) og konstituera seg som 1. landsmøte i partiet. Partiskipinga skjer etter mange år med førebuingar og grundige politiske diskusjonar.

Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) tek opp i seg dei beste tradisjonane frå norsk arbeidarrørsle: Thranerørsla i 1848, DNA i 1888 og NKP i 1923. Alle desse partia var opphavleg revolusjonære arbeidarparti. Partiet vårt er den fjerde freistnaden på å organisera eit slikt parti i Noreg.

Mykje er annleis i dag enn den gongen arbeidarrørsla for første gong såg dagslys i Noreg. Men eitt er framleis det same: Det finst klassar, og underkuinga og utbyttinga av det arbeidande folket held fram, endå formene skiftar. Så lenge det finst klasseskilje trengst det òg eit revolusjonært arbeidarparti i Noreg. Det første målet for partiet er sosialismen, proletardiktaturet. Det endelege målet er kommunismen der all underkuing og utbytting av menneske og alle klasseskilje skal vera borte.

AKP(m-l) er ein del av ei internasjonal rørsle mot imperialisme og klasseunderkuing. Vi er byrge av det. Stridane som folka fører i alle land stør kvarandre. Så lenge det finst underkuing og utbytting ein einaste stad på jorda, kan det ikkje finnast full fridom for nokon. Difor stør vi frigjeringsrørslene over heile verda, og folka i Vietnam, Laos og Kambodsja. Vi stør dei folka som har fridd seg ut og byggjer sosialismen slik som i Albania og Kina. Vi stør det arbeidande folket i Vest- og Aust-Europa som strir mot den kapitalistiske overklassen i sine eigne land. Vi stør den internasjonale marxist-leninistiske rørsla. Vi er glade over at partiet vårt er ein del av denne. Vi lærer av dei internasjonale røynslene denne rørsla har hatt, slik dei er oppsummert og utvikla i marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking.

Samstundes er vi eit fullt ut sjølvstendig norsk arbeidarparti. AKP(m-l) vil og må avgjera på eiga hand kva som er rett kommunistisk politikk i Noreg. Partiet vil aldri lata seg diktera frå utlandet.

Målet vårt er sosialismen. Men vi vedgår òg at det vil ta lang tid før arbeidarklassen - i samlag med andre lag av folket - vil innføra sin eigen stat, proletardiktaturet, og byggja sosialismen i Noreg. Under dei samfunnstilhøva som no er, vil difor partiet vårt stri med fredelege middel for dei interessene det arbeidande folket har no og seinare.

Det viktigaste kortsiktige målet er å hindra EEC-medlemskap. Folket har avgjort at Noreg ikkje skal inn. Likevel freistar EEC-tilhengjarane å undergrava denne avgjerda. AKP(m-l) vil stri saman med alle EEC-motstandarar og stø alt som verjar Noreg mot EEC. Vi tykkjer samstundes det er viktig å stri mot den snøgge nedgangen i levevilkår for folket. Vi må stri mot prisstiginga, skattetyngslene, mot at arbeidsplassar vert nedlagde, mot avfolking og miljø-øyding.

Det viktigaste arbeidsfeltet for AKP(m-l) er fagrørsla. Vi strir ikkje mot fagrørsla, men vil tvert om styrkja kampkrafta hennar mot monopolkapitalen. Vi vil arbeida saman med alle som vil ha ei sterk og slagkraftig fagrørsle. Kor som er, dette målet kan vi ikkje nå utan strid mot den noverande leiinga i DNA og LO. Denne leiinga fører ein politikk som i røynda stør monopola og imperialismen. Vi vil og arbeida i og stø alle gamle og nye organisasjonar som kan verja levekåra for folket. Vi stør alle aksjonar som går mot norsk monopolkapital og utanlandsk imperialisme.

Sume vil spørja: Trengst det eit nytt parti i rørsla? Vil ikkje det berre auka kløyvinga og forvirringa i ein situasjon som krev samhald mot klassefienden? Vi er samde i at kløyvinga i norsk arbeidarrørsle er ein dårleg ting. Men partiet vårt kan ikkje ta på seg skulda for at det er slik. Grunnlaget for kløyvinga vart lagt då DNA først og seinare NKP braut med det revolusjonære grunnlaget sitt. Dei som har brote med den opphavlege målsetjinga arbeidarklassen hadde må ta ansvaret for kløyvinga, ikkje dei som vil verja denne målsetjinga. AKP(m-l) trengst fordi eit norsk revolusjonært kommunistparti må til dersom sosialismen ein gong skal verta røyndom.

Samstundes er det frå byrjinga lina i partiet vårt ikkje å arbeida for auka kløyving i arbeidarklassen, men for å samla han. Vi arbeider aktivt for å styrkja einskapsfronten mot klassefienden. Vi vil samarbeida med alle som ynskjer framsteg, same kva parti dei er knytte til, og partisjåvinismen skal ikkje stå i vegen. Den einaste føresetnaden vår er at dette samarbeidet stettar to krav: Det må retta seg mot norsk monopolkapital og utanlandsk imperialisme, og det må vera røynleg i samsvar med interessene det arbeidande folket har. Difor trur vi at partiskipinga ikkje vil auka kløyvinga, men tvert om auka einskapen i striden som arbeidarklassen fører.

Med bakgrunn i dette har vi gjort framlegg om brei einskap 1. mai, bygd på parolar som verjar dagskrava for folket. Og 1. landsmøte i AKP(m-l) seier frå at partiet er viljug til å drøfta om det kan vera råd å få i stand ei sams framferd ved stortingsvalet i 1973 i lag med andre progressive personar og organisasjonar.

Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) oppmodar alle arbeidarar og funksjonærar, bønder og fiskarar, husmødrer, intellektuelle, ungdomar og andre som er samde i politikken vår til å ta kontakt med oss og verta med i partiarbeidet.

Vi tilbyr alle progressive som stør andre parti eller som av andre grunnar ikkje vil gå med oss, å gå inn i eit tillitsfullt samarbeid i striden for interessene til folket.

Vedteke på 1. landsmøtet i AKP(m-l)


Note

1. I eit intervju i Klassekampen nr. 46, 1973 gjev Kjell Pettersen melding om at han har trukke seg frå Sentralkomiteen av private grunnar. [Attende]

[Innhald]


Del 2

Program og vedtekter

Prinsipprogram

I

1. Det kommunistiske partiet

AKP(m-l) er den organiserte revolusjonære fortroppen i den norske arbeidarklassen. Medlemene i partiet høyrer til dei mest klassemedvitne og aktive representantane for arbeidarklassen. AKP(m-l) tek òg opp i seg andre arbeidande og progressive som stør politikken partiet har.

AKP(m-l) byggjer sin praksis på den vitskaplege sosialismen, marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking, slik denne i første rekkje er utforma av Marx, Engels, Lenin, Stalin og Mao Tsetung. Denne teorien oppsummerer dei internasjonale røynslene arbeidarklassen har gjort, og AKP(m-l) nyttar desse røynslene sjølvstendig, slik dei høver med situasjonen i Noreg. AKP(m-l) går inn for proletarisk internasjonalisme, solidariserer seg med arbeidarar og underkua i alle land, og stør dei sosialistiske landa. AKP(m-l) er organisert etter prinsippa i den demokratiske sentralismen.

2. Målsetjing

AKP(m-l) har som mål å leia arbeidarklassen og folket i å velta det monopolkapitalistiske klassediktaturet gjennom ein sosialistisk revolusjon, og oppretta proletardiktaturet. På dette viset vil arbeidarklassen og folket skapa sitt eige demokrati og underkua utbyttarane. Berre denne statsforma kan tryggja at sosialismen sigrar over kapitalismen og imperialismen i landet vårt. Det endelege målet vårt er det klasselause samfunnet, kommunismen.

AKP(m-l) ser det og som ei oppgåve for seg og for arbeidarklassen å stø andre folk over heile verda når dei freistar å oppnå dei same måla. Fyrst når imperialismen er slegen over heile verda, er sigeren viss for sosialismen.

II

1. Folka mot imperialismen

a) I vår tid går imperialismen mot sitt endelege nederlag og den sosialistiske revolusjonen vil sigra over heile verda. Imperialismen vil visseleg tapa på lang sikt. Likevel kan sigeren tryggjast for sosialismen berre ved at dei underkua klassane reiser seg til strid mot utbyttarane og skaper ein politikk og ein taktikk som utnyttar motseiingane i imperialismen. Difor må strategien og taktikken formast ut frå ein analyse av striden mellom klassane i verda og i vårt eige land.

b) Dei fire grunnleggjande motseiingane i verda er:

I dag går den viktigaste motseiinga i verda mellom folka i verda og imperialismen. Frigjeringsrørsler og underkua nasjonar reiser seg i stadig større mon mot imperialismen. I fyrste line i kampen står dei heltemodige indokinesiske folka med frigjeringskrigen dei fører mot USA-imperialismen. Denne krigen varslar om at imperialismen i verdsmålestokk vil verta slegen. Imperialistmaktene i verda er i dag leidde og dominerte av to supermakter: USA-imperialismen og den sovjetiske sosialimperialismen. Dei strir militært og økonomisk om herredømet i verda. På same tid samarbeider dei nært og gjer avtalar over hovudet på alle land og folk i verda for å tryggja sine eigne maktposisjonar. Overalt i verda er makta deira truga no. Underkua folk og nasjonar slår seg i hop for å verja sjølvråderett og sjølvstende.

Samstundes har dei andre grunnleggjande motseiingane kvesst seg til: - Motseiinga mellom proletariatet og borgarskapet har ført til ei rad med harde politiske og økonomiske stridar dei siste åra. Storstreikar har skaka dei fleste kapitalistiske landa. I Frankrike 1968 slo motseiinga ut i ein stor folkeleg oppreist. I Polen 1970 gjorde arbeidarar oppreist mot politikken revisjonistane førte. Både i det gamle kapitalistiske Vesten og i det nye kapitalistiske Aust-Europa har det politiske medvitet auka innanfor arbeidarklassen.

- Motseiinga imperialistane seg imellom har kvesst seg: Jamlege valutakriser i USA og Vest-Europa, strid mellom USA, Sovjet og andre imperialistmakter om herredømet i Midt-Austen, strid om marknadene alle stader. Mellomstore imperialistmakter - som EEC-landa - strevar sjølve etter å koma i posisjonane supermaktene har og difor samarbeider dei mot den politiske overmakta deira.

- Motseiingane mellom dei sosialistiske landa og imperialismen er merkte av at krisa aukar i imperialismen, medan dei sosialistiske landa går kraftig fram økonomisk og politisk. Freistnadene imperialistane gjorde på å isolera Kina er slegne heilt attende.

Lenin slo fast at "imperialismen er kapitalismen på det utviklingsteget då monopola og finanskapitalen har fått herredømet, då kapitaleksporten har fått mykje meir å seia, då dei internasjonale trustane har byrja å dela verda mellom seg, og dei største kapitalistiske landa er ferdige med å dela alle landområda i verda mellom seg." Vi seier oss samde med Lenin i analysen av imperialismen, og vil ikkje gå inn på han i detalj her. Partiet vil først og fremst målbere synet sitt når det gjeld visse galne standpunkt som kjem fram no og då.

- Folka i dei imperialistiske landa utbyttar ikkje folka i Asia, Afrika og Latin-Amerika.

Det finst retningar som hevdar det motsette. Til dette må vi seia at den kapitalen imperialistane investerer i desse landa for å plyndra folka der, den har dei fyrst soge ut or folka i sine eigne land. Den kapitalen Viking-konsernet til dømes bruker til å utnytta dei låge lønene til malayiske arbeidarar, har dei fått tak i ved å utbytta arbeidarane i Askim. Difor har ikkje arbeidarane i dei imperialistiske landa og dei undertrykte folka motsette interesser i striden. Vi står på den same fronten mot ein sams fiende.

- Imperialismen kan aldri nå eit stadium utan kriser, der han kan løysa dei indre motseiingane sine gjennom fredelege semjer.

Den gamle revisjonismen sette fram ein "teori" om ein slik "superimperialisme" og Lenin tilbakeviste denne teorien. Dei to verdskrigane synte at Lenin hadde rett. Men mellombels høgkonjunktur etter 2. verdskrigen og amerikansk overhøgd skapte på nytt grobotn for denne teorien. Likevel ser vi at imperialismen heller ikkje i dag greier å fri seg frå dei indre motseiingane han ber i seg. USA-imperialismen får stadig større vanskar, motseiingane mellom USA og Japan, USA og Vest-Europa kvesser seg, osb. AKP(m-l) avviser difor tanken at alle imperialistar kan greia å slå seg saman i ein varig allianse.

- Imperialismen er ei kjempe på leirføter.

Sume hevdar at imperialismen ikkje kan kjempast ned fordi han er for mektig. Men likevel har vi sett at eit lite land som Vietnam kan slå ein mektig imperialistisk stat som USA. Dette syner at endå om imperialismen kan sjå mektig ut, kan og vil han verta overvunnen. Frigjeringskampen vil sigra.

c) Folk og nasjonar over heile verda står andsynes dei same fiendane. Difor må dei stå saman i striden. Vi er patriotar - dvs. vi går inn for at det norske proletariatet og det norske arbeidande folket skal riva seg lause frå imperialismen. Men samstundes må det arbeidande folket stø dei stridane andre folk fører mot imperialismen.

Arbeidarar og underkua i alle land, slå dykk saman!

2. Klassane i Noreg

a) I eit kapitalistisk land går den grunnleggjande motseiinga mellom arbeid og kapital. Denne motseiinga tek ulike former i konkrete hovedmotseiingar, alt etter kva periode av kapitalismen det er tale om.

I Noreg ovrar den grunnlegjdande motseiinga seg ved at eit lite mindretal i landet kontrollerer og eig storparten av industrien, skipsfarten, vareomsetnaden og kredittinstitusjonane. Eit stort tal er lønsarbeidarar og må selja arbeidskrafta si for å leva. Denne arbeidarklassen er utbytta. Gjennom arbeidet sitt skaper han dei verdiane kapitalistklassen byggjer makta og rikdomen sin på. Kapitalistane ranar òg til seg verdiar skapte av folk som ikkje er lønsarbeidarar, særleg bønder og fiskarar.

Klassane i samfunnet er store grupper av folk som står i same stilling når det gjeld 1) produksjonsmidla, 2) stillinga i den samfunnsmessige organiseringa av arbeidet og 3) den luten dei får av rikdomen i samfunnet og måten dei får denne luten på.

b) Frikonkurransen (note 1) i den tidlege kapitalismen i Noreg har vakse over i monopolkapitalisme (note 2). Monopolborgarskapet er skilt ut som herskande klasse leidd av - eit fåtal finanskapitalistar (note 3). Det norske monopolborgarskapet er nøye knytt til det imperialistiske verdssystemet og er sjølv imperialistisk, jfr. spekulasjonane reiarane driv, Borregård i Brasil osb. Sidan 30 % av aksjane i norske industriverksemder er i utanlandsk eige, er viktige delar av norsk industri kontrollert av utanlandsk imperialisme. Monopolkapitalen har ein unasjonal karakter og er avhengig av imperialistiske stormakter.

c) Eit særdrag ved norsk kapitalisme er at det har utvikla seg grupper av byråkratkapitalistar. Dei kontrollerer kapital som er samla gjennom folkelege organisasjonar - m.a. i fagrørsla - men denne kapitalen, investerer dei på kapitalistisk vis (jfr. transaksjonane i Landsbanken). Desse gruppene av byråkratkapitalistar har mykje å seia politisk, ikkje først og fremst økonomisk.

d) I Noreg er det statsmonopolitisk kapitalisme (note 4). Det vil seia at staten har utvikla store monopol som han driv på reint kapitalistisk vis. Staten subsidierer i stor mon dei private monopola og tryggjer avsetnaden for dei. Dei private monopola er nært knytte til dei iverksetjande statsorgana. Slik kan dei vera visse på at staten administrerer samfunnet til sams bate for monopolistklassen. Det dukkar no og då opp motseiingar mellom einskilde kapitalgrupper og staten. Dette er motseiingar mellom delen og heilskapen innanfor denne klassen. Noreg er mellom dei landa i den gamle kapitalistiske verda der denne forma for kapitalisme er lengst utvikla. Ved å utnytta statsmakta går strukturrasjonalisering og kapitalkonsentrasjon lettare, og utbyttinga av arbeidarklassen og andre underkua vert meir effektiv.

Staten legg høge skattar og avgifter på det arbeidande folket, og på visse grupper små og mellomstore kapitalistar. Slik dreg staten inn kapital og stiller han til rådvelde for monopolborgarskapet på ulike måtar: Stønad til kapitaleksport, kjøp av varer og tenester frå monopolgrupper, sal av næringsverksemder som løner seg (Alcan - Årdal-Sunndal), og kjøp av slike som ikkje løner seg, utbygging av samferdsla slik monopolkapitalen vil ha ho, osb.

Militært er staten knytt til og underlagd utanlandsk monopolkapital og større imperialistmakter gjennom Nato-medlemskapen. Det norske militærapparatet er kjernen i monopolborgarskapet sin stat, det er retta mot det arbeidande folket. Monopola freistar no å utvida alliansen dei har med utanlandsk imperialisme ved å freista å knyta Noreg til EEC.

e) Rekrutteringsgrunnlaget og stridsfelagane til monopolborgarskapet er dei store ikkje-monopolistiske kapitalistane.

f) Utviklinga av den statsmonopolistiske kapitalismen har ført til kvasse motseiingar mellom monopolkapitalen og småkapitalistane. Skattar og avgifter dreg store delar av profitten deira inn i lommene til staten og monopolkapitalen. Småkapitalistane vert i dag viska bort i stort omfang. Dette laget ser eit trugsmål i staten og monopolkapitalen, men ottast samstundes revolusjonen. I den politiske striden vil dei lett vakla mellom anti-monopolisme og reaksjon.

g) Arbeidarklassen er den største og mest revolusjonære klassen. Han representerer framtida for folket. Arbeidarklassen står mest i motsetning til monopolkapitalen og har ingen ting anna å missa enn lekkjene sine. Innanfor arbeidarklassen er industriarbeidarklassen den mest konsentrerte og mest framskridne delen.

Dei sosialdemokratiske leiarane har for lenge sidan gått over på monopolkapitalen si side. Slik har dei lenge gjort arbeidarorganisasjonane veikare, og no arbeider DNA/LO-leiinga fullt ut for imperialismen. Dette har brote ned kampkrafta til arbeidarklassen og gjort klassemedvitet veikare. Det revisjonistiske sviket NKP-leiarane har gjort mot prinsippa i marxismen-leninismen, har skunda på denne tilbakegangen. Men dei nye faglege kampane i sytti-åra, den breie motstandsrørsla mot EEC og framvoksteren av den nye m-l-rørsla har atter byrja gjera den norske arbeidarklassen mogen for dei politiske oppgåvene han har.

h) Halvproletariatet (note 5) og hovudmassen av bønder og fiskarar (note 6) er dei mest trufaste allierte arbeidarklassen eig. Monopoliseringstiltaka staten har sett i gang, har lenge råka småprodusentane på landsbygda. I EEC-kampen har dei vist sterk vilje til einskap med arbeidarklassen i striden mot imperialismen. Samhaldet mellom arbeidarklassen, bøndene og fiskarane vil vera grunnpillarane for den sosialistiske revolusjonen i Noreg.

i) Største delen av den veksande funksjonærgruppa høyrer til arbeidarklassen. Tendensen til kløyving mellom arbeidarar og funksjonærar må overvinnast, elles vil ikkje sosialismen kunne sigra.

j) Småhandlarar, småindustrielle, dei intellektuelle og andre mellomlag i byane har òg i aukande mon synt vilje til samhald med arbeidarklassen. Ingen del av småborgarskapet vil i seg sjølv utvikla ein produksjon som gjer landet uavhengig av imperialismen, eller kunna stå i spissen for sosialismen. Men under leiing av proletariatet vil dei kunna spele ei viktig rolle i den norske revolusjonen. Proletariatet på si side vil ikkje kunna sigra utan å vinna desse laga over til seg.

k) Voksteren i den statsmonopolistiske kapitalismen i Noreg har ført til at den viktigaste motseiinga (hovudmotseiinga) i dag er fylgjande: På den eine sida står monopolkapitalen og staten hans, med storborgarskapet som fast alliert. På den andre sida finn vi arbeidarklassen i nært samlag med bønder og fiskarar, og ei rad med allierte. Kapitalismen undertrykkjer kvinnene særskilt. Dette fører til at store grupper kvinner ut over dei som beinveges høyrer til arbeidarklassen og dei næraste felagane hans vil vera å finna som allierte med arbeidarklassen. Det gjeld i aukande mon for ungdom under utdaning òg.

l) Utviklinga av den nye hovudmotseiinga mellom klassane i Noreg har ført til ein einskapsfront mot monopolkapitalen og staten og utanlandsk imperialisme. Borgarlege politikarar som ikkje ynskjer å stå saman med arbeidarklassen på lang sikt har og teke del i denne einskapsfronten - slik det synte seg m.a. i EEC-striden 1970-72. Men denne einskapsfronten ber og i seg kimen til ein einskapsfront mellom arbeidarklassen og dei strategisk allierte han har: Bønder og fiskarar.

Notar:

3. Folket må bera børene krisa skaper

I eit par tiår har monopolkapitalen og sosialdemokratiet spreidd myten om velferdsstaten. I dag er denne myten nokså tunnsliten. Fleire og fleire ser at kapitalismen aldri kan tryggja varige betringar for folket. No når konjunkturane har snudd, freistar kapitalen å få folket til å bera børene:

Alt dette er teikn på ei veksande økonomisk og politisk krise i den norske kapitalismen. Folket har vorte meir misnøgd med det politiske systemet. Monopolkapitalen og staten løyser ikkje problema folk har, men aukar dei heller. Og nye kriser vil koma. Kapitalismen si eiga soge er det beste provet for at den sosialistiske revolusjonen er naudsynt og må koma.

[Innhald]

III: Stridar som må førast før sosialismen kan vinnast

a) Kommunistane strir for dei materielle kåra for arbeidarklassen og det arbeidande folket under kapitalismen òg. Vi ønskjer slett inga utarming slik borgarskapet påstår, men tvert om så gode levevilkår som råd er. Ein arbeidarklasse som er sunn og sterk og har eit høgt kulturelt nivå vil vera ein stor styrke for den sosialistiske revolusjonen. I dagskampen legg vi heller ikkje einsidig vekt på reint økonomiske krav, men strir òg for at arbeidarklassen og resten av folket skal ha utveg til å betra den kulturelle og helsemessige tilstanden for seg sjølv. Men det kapitalistiske systemet vil heile tida hindra strevet arbeidarklassen og vi legg ned for å nå slike betringar. I striden vert arbeidarklassen og det arbeidande folket nøydde til å utvikla sine eigne organisasjonar. Dei haustar røynsler frå striden, og vinn nytt medvit. Difor vert kampen for eit nytt samfunn, eit sosialistisk samfunn, òg førebudd i striden for dagskrava.

b) Alle klassesamfunn er diktatur, dvs. ein klasse (eventuelt fleire) dikterer sin vilje over dei andre klassane. Det kapitalistiske samfunnet er difor alltid eit borgarleg diktatur. Men det borgarlege diktaturet kan ta ulike former. Eit fascistisk diktatur og eit borgarleg demokrati har ikkje dei same verknadene for dei arbeidande massane. Når fascistisk diktatur trugar, vil kommunistane forsvara det parlamentariske demokratiet som ei mindre plage. Trass i at bankar og monopol i røynda har eit diktatur over arbeidarklassen og folket, er det parlamentariske demokratiet likevel betre enn det opne terroristiske diktaturet under fascismen. Kommunistane ser på dei rettane det arbeidande folket har kjempa seg til som gode i seg sjølve som må forsvarast.

c) Kommunistane vil forsvara retten den norske nasjonen har til å rå seg sjølv. Kommunistane går kvasst imot den tanken at det er uråd å halda oppe nasjonal sjølvråderett under kapitalismen. Nasjonalstaten er eit vern mot imperialistiske overgrep. Vi vil ikkje sitja roleg og sjå på at monopolkapitalen freistar selja denne sjølvråderetten. I denne striden vil vi aldri fjerna oss frå folka i andre land og verta sjåvinistar, men tvert om knyta oss nærare til dei, læra av dei og byta røynsler med dei. Særleg vil kommunistane leggja vekt på kontakt med dei sosialistiske landa.

IV: Vegen til sosialismen

a) Vi kommunistar meiner at det monopolkapitalistiske diktaturet ikkje fell saman av seg sjølv eller ved fredelege sosiale reformer. Berre ein sosialistisk revolusjon, der arbeidarklassen og andre breie lag av folket reiser seg for å velta diktaturet åt monopolkapitalen, kan fri folket frå utbytting og underkuing.

b) Det finst ei lang rad "alternativ" til den sosialistiske revolusjonen og proletardiktaturet. Dei har alle vist seg å føra på avvegar. Vi skal kommentera nokre av dei:

1) Den parlamentariske "ministersosialismen". Ingen stad i verda har parlamentariske val innført sosialismen. Då DNA skipa den første regjeringa si med hjelp frå Venstre i 1928, tok det den norske monopolkapitalen 14 dagar å fella henne. I Vest-Europa er det leiarane i sosialdemokratiet som har tala varmast for parlamentarisk "overgang til sosialismen". Men nett desse har utvikla seg til hjelperåder monopolkapitalen bruker til å underkua striden arbeidarklassen fører.

2) Ideen om at statseige under kapitalismen er det same som samfunnseige eller folkeeige. Revisjonistane målber det synet at di fleire omkverve som kjem under statsdrift, di "meir sosialisme" er det. Vi vil slå fast at statsdrift under kapitalismen aldri kan verta anna enn kapitalistisk drift, og at den moderne kapitalismen bruker statsdrifta.

3) Populistiske idear lærer at ein kan gjera ende på det monopolkapitalistiske diktaturet ved å oppretta "sosialistiske øyar" under kapitalismen. Dette er å røma frå sosialismen på småborgarvis - ikkje ein veg til sosialismen. Populisme av alle slag nektar for at arbeidarklassen må ha ei leiiande rolle, undervurderer klassekampen eller nektar for at han spelar noka rolle. Ulike former for samyrke, som mange populistar strir for, kan vera eit nyttig kampmiddel for å verja folket mot åtak frå monopolkapitalen. Likevel er ikkje samyrketanken brukeleg som strategisk line for å nå sosialismen.

4) Ideen at Noreg kan gjerast sosialistisk ved invasjon. Ikkje noko land - og særleg ikkje dei nye kapitalistiske diktatura i Aust-Europa - kan innføra sosialismen i noko anna land. Den sosialistiske revolusjonen må vera det norske folket sitt eige verk.

5) Terrorismen. Når monopolborgarskapet er væpna med alle moderne krigsgreier, finst det i det heile ingen fullstendig fredeleg overgang til sosialismen. Men terrorismen - smågrupper som fører væpna strid "på vegner av arbeidarklassen" - er ingen veg å fara. Terrorismen set geværet framfor politikken, og gjer massane til passive tilskodarar rundt eit fåtal "heltar". Militært er dette sjølvmord, politisk får reaksjonen påskot til fascistiske overgrep.

c) Den norske sosialistiske revolusjonen treng "tre våpen" for å vinna siger over monopolkapitalen og knusa diktaturet hans:

- Ein einskapsfront av alle revolusjonære klassar, lag og grupper. Den norske revolusjonen må massane setja i verk. Klassegrunnlaget for revolusjonen er alliansen mellom den mest konsekvente revolusjonære klassen, arbeidarklassen, og andre underkua og utbytta lag av folket. Denne einskapsfronten vil ta ulike former og byggja på masseorganisasjonane til arbeidarar, bønder og fiskarar, på ulike aksjonseinskapar og tverrpolitiske rørsler.

- Ein arbeidarklasse som er budd til å verja revolusjonen og sosialismen med våpen i hand. Nato, militærapparatet og politiet er i dag organiserte og førebudde til å halda oppe det monopolkapitalistiske diktaturet med vald. Einast ein her organisert av arbeidarklassen vil kunna hindra at reaksjonen druknar revolusjonen i blod. Arbeidarklassen og folket har interesse av å løysa den historiske oppgåva si på fredeleg vis. Men dersom ein ikkje er budd til og viljug til å slå ned kontrarevolusjon og fascisme gjennom væpna kamp, vil revolusjonen ikkje kunna sigra. I dag er det ikkje væpning som er den fyrste oppgåva, men tolmodig arbeid for desse synspunkta i arbeidarklassen.

- Eit revolusjonært kommunistisk parti som kan leia kampen, trengst for å kunna løysa desse historiske oppgåvene. På alle felt av politikken må det stå fram som den organiserte fortroppen i massane. Oppgåva er ikkje å setja verksemda til ein "avantgarde" "i staden for" kampen arbeidarklassen fører, men å utvikla ei eins sentralisert leiing som arbeidarklassen sluttar opp om som si eiga. Difor må partiet ha djupe røter i arbeidarklassen, det må ha vunne tiltru gjennom den politiske praksisen det driv, og må vera viljug til å stå fram som "spydodden" i kampen mot ein mektig og sentralisert fiende. Målet for AKP er å veksa til ei slik revolusjonær kampleiing. For at striden ikkje skal koma på avvegar, men føra frametter til sosialismen, er det viktig at folket skil mellom rette og galne liner, at dei viser frå seg sosialdemokratisme, revisjonisme, sekterisme og eventyrpolitikk av alle slag. Striden mot slike syn må difor førast både innanfor og utanfor AKP(m-l).

[Innhald]

V: Prinsipp for proletardiktaturet

a) Den fyrste oppgåva for den norske revolusjonen er at arbeidarklassen må vinna statsmakta. Arbeidarklassen kan ikkje overta staten til monopolborgarskapet. Kjernen i den norske staten er militærapparatet med eit stort offiserskorps nært knytt til amerikanske og tyske militærkrefter. Sjølve stats- og kommuneadministrasjonen er eit veldig apparat leidd av eit embetsverk som gjennom ulike band er knytt til den herskande klassen i Noreg. Sosialismen kan berre konsoliderast og utbyggjast dersom den borgarlege heren vert oppløyst, og det byråkratiske, borgarlege statsapparatet bytt ut med ein demokratisk stat som tener folket og kuar den gamle herskarklassen. Arbeidarklassen kan berre få verkeleg politisk makt ved å oppretta ein stat av ny type: Det demokratiske proletardiktaturet. Kjernen i dette diktaturet - som i alle klassesamfunn - er våpenmakta. Under sosialismen må denne makta byggja på ein væpna arbeidarklasse og eit væpna folk.

Reaksjonen framstiller sosialismen som om han skulle føra med seg at det arbeidande folket fekk mindre av demokratiske fridomar - diktatur over arbeidsfolk. Til støtte for dette nyttar dei utviklinga i dei kapitalistiske statane i Aust-Europa. Dei lyg i hop at den fascistiske statsforma deira er "sosialisme". Dei gjev òg ei fullstendig forvrengd framstilling av situasjonen i dei landa som er røynleg sosialistiske. Særleg gjeld dette tilhøva i Sovjetunionen den gongen landet var sosialistisk, då Lenin og Stalin var i leiinga. Attåt dette utnyttar dei einskilde feil som vart gjort i Sovjetunionen på den tida. Under proletardiktaturet vert røyndomen ein helt annan. Det viser tilhøva i verkeleg sosialistiske land som Kina og Albania, der folket aldri før har hatt så store demokratiske rettar og fridomar som no.

I eit sosialistisk Noreg vil proletardiktaturet òg gje folket større demokratiske fridomar enn det som er tilfellet i dag. Politisk fridom på arbeidsplassane, verkelege høve til å nytta ytringsfridomen i radio og presse, kontroll og styre frå folket over statsadministrasjonen osb, vil vera ei kraftig utviding av demokrati for arbeidarklassen og folket. For kommunistane er auka rettstrygd og andre demokratiske fridomar eit mål i seg sjølv. Samstundes vil ei slik utviding av demokratiet vera den beste måten å tryggja diktaturet over utbyttarane. Å mobilisera massane til kritikk og politisk strid vil vera hovudmetoden når kontrarevolusjonære skal undertrykkjast, framfor administrative tiltak og fysisk vald.

b) Den sosialistiske økonomien vil skilja seg grunnleggjande frå den kapitalistiske. Grunnlaget for økonomien under kapitalismen er det målet monopolkapitalen set seg: Maksimal profitt. Dei verdiane det arbeidande folket skaper, freistar monopolkapitalen å rana til seg så langt han kan. Ein del av denne utbyttinga skjer gjennom monopolkapitalen sin eigen stat. (Døme: Skattepengar frå det arbeidande folket subsidierer monopolkapitalen.)

For den sosialistiske økonomien vil den grunnlegdande målsetjinga vera å stetta dei stadig aukande materielle og kulturelle behova i heile samfunnet. Dette skjer på det grunnlaget at det arbeidande folket saman eig produksjonsmidla, dels gjennom statseigedom, dels gjennom gruppeeigedom (samyrkelag, kollektiv).

I staden for kapitalistisk anarki i produksjonen kjem sentral planlegging bunde saman med lokalt demokrati og initiativ; skaparkrafta massane eig vert frigjort.

Under sosialismen òg må staten få dekt utgiftene sine (endå om utgiftene til uproduktivt byråkrati vil verta monaleg mindre enn no). Det trengst fond for å byggja produksjonen vidare ut, til å dekkja stadig fleire felles behov, osb. Det vil ikkje lenger vera utbytting, etter di samfunnet ikkje lenger vert drive etter marknadsøkonomiske prinsipp, og etter di produksjonsmidla, staten og fellesgoda i samfunnet heile tida ligg under kontroll frå folket og ikkje lenger er leidde av ein framand klasse.

Sidan monopolkapitalen har utvikla eit sterkt statsapparat vil revolusjonen i eit land som Noreg vera vanskelegare å få i gang enn i land i Asia, Afrika og Latin-Amerika. Men når arbeidarklassen har vunne statsmakta, vil det vera lettare å halda fram i revolusjonen her enn i eit land der produktivkreftene er mindre utvikla. Den norske arbeidarklassen har eit høgt kulturelt nivå med store tekniske kvalifikasjonar og lang røynsle frå moderne storindustri. Når produktivkreftene først er frigjorte frå det kapitalistiske anarkiet, vil dette grunnlaget vera eit tryggare utgangspunkt for den mest framgangsrike og lovande tidbolken i norsk soge. Sosialismen vil bringa liv og bløming til delar av landet vårt som stagnerer og vert øydelagde i dag.

c) Under sosialismen vil det framleis finnast klassar og klassestrid. Dels fordi sosialismen i seg sjølv er ein lang overgangsbolk der dei sosialistiske produksjonstilhøva vert bygde opp, og former for kapitalistisk småproduksjon og tileigning kan vera til i lang tid. Dels fordi det lenge vil finnast restar hjå folk av ideologien, vanane og innstillingane til dei gamle utbyttarklassane. Klassestriden vil ta nye former, men fåren for å venda attende til kapitalismen vil framleis vera til stades. Dei negative røynslene frå Sovjetunionen, der eit nytt borgarskap har rana til seg makta, er det klåraste dømet på dette. Den beste måten å hindra ein slik snunad på, er at massane sjølve ved eiga handling strir mot alle utslag av produksjonsmåten og ideologien åt utbyttarklassen.

VI: Oppgåvene for den sosialistiske revolusjonen

1. Eit sosialistisk Noreg må vera sjølvstendig og sjølvberga

Den norske sosialismen må byggja på nasjonal sjølvråderett og på full utnytting av ressursane i Noreg til beste for folket i landet vårt. AKP går mot tanken om at Noreg er så "avhengig" av imperialismen at arbeidarklassen ikkje kan byggja sosialismen dersom det ikkje samstundes eller før vert gjennomført sosialistiske revolusjonar i dei fleste vestlege land. Noreg er eit land som er rikt på ressursar. Det er utplyndring frå imperialismen og internasjonal "arbeidsdeling" som har tynt norsk sjølvberging. Ved å lita på eigne krefter, utnytte rikdomane i landet til bate for folket og knyta nært samband med dei sosialistiske landa, den internasjonale arbeidarklassen og dei stridande folka i verda, vil det vera råd å gjennomføra ein sosialisme grunna på sjølvstende og sjølvberging. For å få dette til, må alle pakter med imperialismen brytast og det må ikkje vere tillate med framande troppar eller basar av noko slag på norsk jord. All utanlandsk imperialistisk eigedom i Noreg må kverrsetjast (takast utan vederlag) og bør gjerast til sosialistisk statseigedom. Tilsvarande må all norsk imperialistisk eigedom i utlandet gjevast opp.

Det må byggjast opp eit væpna forsvar som er i stand til å stå imot imperialistisk aggresjon.

Noreg må gå inn for å ordna sine tilhøve til andre statar på grunnlag av prinsippa for fredeleg samlivnad (note 1).

Eit sosialistisk Noreg må dessutan søkja nært samarbeid med dei andre sosialistiske landa ut frå prinsippa om at partane skal hjelpa og stø kvarandre. Det må stø kampen proletariatet i andre land fører for revolusjon og sosialisme, og striden underkua folk og nasjonar fører mot imperialismen.

2. Ein revolusjonær og demokratisk stat

Statsmakta under sosialismen må ha til føremål å tena folket - ikkje som no, tena monopolkapitalen og imperialismen. Statsmakta må vera under kontroll av folket og verka til å kua utanlandske og innanlandske krefter som vil utbytta og underkua folket. Difor må denne statsmakta, proletardiktaturet, vera bygd opp etter særlege retningsliner:

- Hæren må byggja på folkevæpning, medan monopolkapitalen og lakeiane hans må avvæpnast.

- Dei valde representative organa må byggjast opp slik at ein knyter den iverksetjande og lovgjevande makta saman. Dermed kan dei verta handlekraftige organ - i motsetnad til det parlamentet er i dag. Proletardiktaturet vil ikkje avskaffa vala. Det vil tvert om gjera røysteretten verkeleg avgjerande for politikken, fordi dei valde organa har reell makt, og veljarane når som helst kan dra representantane attende. Arbeidarklassen og det arbeidande folket må få materielt grunnlag for å vera med i politiske avgjerder.

- Statsapparatet: Byråkratisme i statsadministrasjonen må bort. Ein må ta sikte på at statsfunksjonærane er med i produktivt arbeid ein viss del av året. Kyrkja må skiljast frå staten og skulen, og det må innførast republikk.

- Dei demokratiske rettane må tryggjast og styrkjast. Dette vil seia full organisasjonsfridom for alle som ikkje aktivt strir mot revolusjonen og ter seg som agentar for imperialismen. Fridom i tru og livssyn. Demokratiet i produksjonen må sikrast gjennom arbeidarkontroll i alle verksemder. Kriminelle og prostituerte må få utdaning slik at dei kan gå inn i produksjonen og dei politiske avgjerdene. Sosialistisk rettstrygd må gjelda for alle.

3. Ein sosialistisk økonomi

Det grunnleggjande målet for økonomien under sosialismen vil vera å stetta dei materielle og kulturelle behova i heile samfunnet så godt som råd er - ikkje slik som i dag, der målet er størst mogleg profitt for ein privilegert herskarklasse.

Berre ein sosialistisk økonomi kan planleggja ut frå dei langsiktige interessene folket har. Berre ein slik økonomi kan hindra at ressursar som ikkje kan erstattast vert tømde, syta for at alle produkt - avfallsstoffa òg - vert utnytta, og hindra at arbeidsmiljø og natur vert forgifta.

Eigedomen åt monopol- og storborgarskapet, medrekna gods og liknande jord- og skogeigedomar, må kverrsetjast (takast utan vederlag) og gjerast til sosialistisk statseigedom. Eigedom som har noko å seia militært må og kverrsetjast eller oreignast (eksproprierast). Annan kapitalistisk eigedom kan verta statseigedom etter prinsippet om tingingar, overtaling og vederlag, eller der det dreiar seg om småeigedom - gå over til samyrkelag. Den sosialistiske staten må ta kontroll over utanrikshandelen, finansane, transport, kommunikasjon og vareomsetnad.

Jordbruk, skogbruk og fiske må byggjast ut som næringar og bønder, fiskarar og andre småprodusentar må få økonomisk stønad til alt friviljug samyrke.

4. Kvinnefrigjering

Berre sosialismen kan gjera ende på kvinneunderkuinga. Den fyrste oppgåva vil vera å syta for reelt like vilkår for alle norske kvinner både økonomisk og sosialt. Men den fulle frigjeringa for kvinnene og frigjering av mennene frå undertrykkingsideologien åt borgarskapet kan berre skje etter lang tid med politisk strid. Den striden må retta seg mot alle særrettar, alle borgarlege familieroller, all påverknad frå det rotne kvinnesynet som imperialismen fremjar.

Retten for kvinnene til produktivt, samfunnsmessig arbeid må tryggjast. For at kvinnene fullt ut skal kunna delta i produksjonen, kulturen, politikken og det sosiale livet, må dessutan ei rad materielle vilkår leggjast til rettes: Lik løn for likt arbeid må gjennomførast. - Tiltak må setjast i verk for å tilby kvinnene arbeidsplassar der dei sjølve bur. - Kvinner som ikkje har fått samfunnsmessig arbeid må sikrast annan stønad, slik at dei kan vera økonomisk sjølvstendige. - Barnehagar og dagheimar må byggjast ut for å gje plass til alle born i byar, bygder og andre tettstader. - Kvinnene bør få særskilt økonomisk og sosial stønad for å høgja utdanningsnivået. - Det må kjempast mot all reaksjonær ideologi som framstiller kvinna som "mindreverdig", som salsvare osb. Underkuing innanfor familien må rydjast ut med opplysning.

5. Ungdomen under sosialismen

Kapitalismen stengjer vegane for ungdomen og gjer framtida utrygg. Sosialismen vil derimot opna for det naturlege tiltaket og skaparkrafta ungdomen eig. Det sosialistiske samfunnet vil gje ungdomen rom til å spela rolla si fullt ut i samfunnslivet, politikken og produksjonen. Sosialismen vil gje ungdomen fri tilgang til utdaning, sikker utveg til arbeid og gode vilkår for leik, idrett og kvild. Han vil garantera ungdomen demokratiske rettar på skular og i arbeidslivet og tryggja dei rettane born og ungdom har i høve til foreldra. Prinsippet om lik løn for likt arbeid vil gje dei unge arbeidarane ein økonomisk tryggleik dei ikkje har under kapitalismen. Skiljet mellom teoretisk og praktisk utdaning må brytast ned.

Sosialismen set samhald og kameratskap i staden for oppsplittinga borgarskapet pressar fram.

6. Ein nasjonal og folkeleg kultur

AKP(m-l) meiner det er ei viktig oppgåve å verna om og odla ein kultur som tener folket. Partiet vender seg kvast mot den reaksjonære kulturen som freistar å spreia roten monopolkapitalistisk ideologi for å undertrykkja andre klassar. Etter den sosialistiske revolusjonen vil klassestriden halda fram på det kulturelle og ideologiske omkvervet. Målet for denne striden må vera å skapa eit nytt menneske der innstillinga å tena folket kjem i staden for sjølvhevding og arbeid for å fremja eigen karriere.

Kulturen må halda norske tradisjonar og norsk lynne i hevd utan å storkna i trongsynt nasjonalisme. Særleg må arbeidarkulturen - som alltid har vore underkua - få ein leiiande plass i kulturlivet.

Medan kapitalismen riv grunnen under bygdekulturen ved at han øydelegg det økonomiske grunnlaget for bygdene, vil sosialismen gje denne kulturen nytt liv. Det same gjeld kulturen som tilhøyrer samane og andre etniske minoritetar. Tronge økonomiske kår skal ikkje lenger stengja for kunstnarane. Alle må få høve til kunstnarleg verksemd.

7. Sjølvråderett for det samiske folket

Den sosialistiske revolusjonen må setja seg føre å gjera ende på den hundreårlange underkuinga av samane i landet vårt. Norske styresmakter og kapitalistisk politikk har arma ut dei samiske områda. Den sosialistiske staten må visa full vyrdnad for samisk sjølvråderett. (Dette spørsmålet er teke grundigare opp i sameprogrammet til AKP(m-l), og vi viser til det.)

8. Betre levevilkår for folket

Proletardiktaturet vil opna for snøgg betring av levevilkåra for folket. Fordi økonomien skal tena arbeidarklassen og folket, vil både inntekts-, pris- og trygdepolitikken kunna brigdast slik at han tener interessene deira.

Dei inntektene staten får frå produksjonen, vil på lang sikt skapa vilkår for å ta bort alle personlege skattar og gjera prisane stabile.

Grunnprinsippet under sosialismen vil vera frå kvar og ein etter evne, til kvar og ein etter arbeid. Fyrst under kommunismen vil det vera til kvar og ein etter trong. For arbeidsuføre, sjuke og eldre må det siste prinsippet likevel gjennomførast snøgt. Men det sosialistiske samfunnet må òg ha som mål å tryggja ein plass både for uføre og eldre i samfunns- og arbeidslivet, og å gjera ende på den reaksjonære isoleringspolitikken monopolkapitalen fører.

Ut frå dei tilhøva som rår i landet vårt etter at revolusjonen er gjennomført, vil AKP(m-l) m.a. gå inn for:

Notar:

1. Dei fem prinsippa for fredeleg samlivnad, utforma på Bandungkonferansen i 1955:

[Innhald]


Arbeidsprogram

Innleiing

AKP(m-l) har ei langsiktig målsetjing som er uttrykt i prinsipprogrammet vårt. Dette målet er det klasselause samfunnet, og vegen dit går gjennom sosialismen. For å nå fram til sosialismen må det arbeidande folket med arbeidarklassen i leiinga gjera revolusjon mot monopolkapitalen og oppretta sin eigen stat - proletardiktaturet. Under denne statsforma vert det økonomiske og sosiale grunnlaget for kommunismen bygt.

---

Det monopolkapitalistiske diktaturet har ulike former i ulike land og til ulike tider. I Noreg har det ei borgarleg-demokratisk form. Gjennom strid har folket oppnådd ein del fridomar (ytringsfridom, organisasjonsfridom osv.), men det står ved lag at kapitalen utbyttar arbeidsfolk. Fordi herredømet enno ligg fast i handa på monopola, står folket i den stillinga at det må verja seg mot åtak på levevilkåra og rettane. Vi er enno ikkje i stand til å tvinga kapitalen i kne og sjølve diktera vilkåra for kampen. Vi lyt ta striden der åtaket kjem.

---

Vi kommunistar deltar i og vil gå i brodden for striden for å verja rettar og levevilkår, og for å oppnå betre tilhøve under kapitalismen. Slike betringar er ein god ting i seg sjølv, samstundes som striden styrkjer det sosialistiske medvitet i arbeidarklassen og i heile folket. Såleis gjer denne striden sitt til å leggja grunnlaget for å ta bort den djupaste årsaka til vanskane: Den kapitalistiske utbyttinga.

---

I arbeidsprogrammet har AKP(m-l) gjort eit samandrag av den lina partiet har på dei ymse folkelege kampområda, og stilt parolar for denne striden. Parolane er ein del av heile målsetjinga vår: å sameina dei ulike gruppene av, det arbeidande folket i eitt stridssamlag, og ikkje stilla dei ulike underkua gruppene opp mot kvarandre slik sosialdemokratiet gjer.

Vi kommunistar hevdar at det berre er aktiv handling frå massane sjølve som kan gje siger i striden for dagskrava og i striden for sosialismen. Difor er det avgjerande viktig å styrkja dei ulike folkelege organisasjonane for å kunna føra denne kampen. Særskilt er det viktig å styrkja slagkrafta i fagrørsla som klasseorganisasjon.

Striden for betre kår under kapitalismen kan ikkje vinnast i dei parlamentariske organa. Difor kan ikkje kampen kommunistar og andre progressive målsmenn kan føra i kommunestyre og storting verta anna enn eit tillegg og eit støe til striden folket sjølv fører gjennom masseorganisasjonane sine.

---

Arbeidsprogrammet er utforma ut frå ein klasseanalyse av Noreg i fyrste halvdelen av 70-åra. Det er difor eit dokument som vil endra seg, og som bør endrast, ettersom striden utviklar seg, nye omstende kjem i sentrum og styrketilhøva skiftar.

1. Full stønad til folka som strir for frigjering

AKP(m-l) solidariserer seg med alle krefter som strir mot imperialismen og sosialimperialismen og med sosialistiske land som Kina, Albania, Nord-Korea og Nord-Vietnam (DRV), med folka som fører frigjeringskrig mot utbyttarane, og med dei småe og mellomstore landa som strir for nasjonal sjølvråderett og sjølvstende.

AKP(m-l) vil arbeida for at Noreg skal finna sin plass mellom dei landa i verda som går mot supermaktene og imperialismen.

Vi vil arbeida for at den norske anti-imperialistiske opinionen vert brei og kraftig og at han aukar stønaden til frigjeringsstridane dei indokinesiske folka, det palestinske folket og andre folk fører.

Vi krev at den norske regjeringa:

2. Vi må verja den nasjonale sjølvråderetten vår

AKP(m-l) strir for å halda oppe den nasjonale sjølvråderetten. Noreg må halda fram som suveren stat trass i at den norske herskarklassen ynskjer å selja landet.

Partiet vårt er mot at det vert avgjeve nasjonal sjølvråderett til imperialistmaktene. Vi set oss difor òg i mot ein politikk som tek sikte på å undergrava sjølvbergingsevna for landet vårt og bind oss militært og økonomisk til imperialistmaktene.

Difor arbeider vi fyrst og fremst for å hindra at Noreg vert teke opp i EEC eller andre pakter der vi misser den nasjonale sjølvråderetten. Samstundes er det òg viktig å hindra at handelsavtalar vert nytta som middel til å undergrava sjølvråderetten. Handelsavtalane landet gjer, må alltid fylgja prinsippet om likeverd og føremun for begge partar.

Den nasjonale sjølvråderetten må nyttast til å hevda norsk sjølvråderett på det militære omkvervet. Nato-medlemskapen må seiast opp og utstyr og personell som høyrer Nato til må ut av landet. Det må ikkje gjevast løyve til å plassera nokon framande troppar, militære rådgjevarar eller framande basar på norsk jord. Åtak mot landet må møtast med militær forsvarskamp - og på den andre sida må Noreg korkje delta i eller stø åtakskrig mot andre land.

Sjølvråderetten kan berre tryggjast ved å byggja ut norsk økonomi etter prinsippet om å lita på eigne krefter slik at landet materielt sett kan verta så lite bunde som råd er av imperialistmaktene. Dette kan ein berre oppnå ved å leggja norske naturrikdomar og råvarer trygt under norsk kontroll. Særleg må retten til å utnytta olje- og energiressursane haldast på norske hender. Fisket må tryggjast ved å utvida fiskerigrensa til minst 50 mil.

Vi har som mål å hindra utanlandske imperialistiske etableringar i Noreg.

På den andre sida vil vi stri mot norsk imperialisme. Det vil seia at vi stør land som kjempar mot utplyndringa norske reiarar driv gjennom fraktratane. Land som reiser strid mot andre sider ved norsk imperialisme vil vi òg stø. Vi krev stogg i den norske kapitaleksporten, som trugar arbeidsplassar her i landet og spekulerer i låge løner i andre land. Og vi går inn for at norske etableringar i utlandet vert oppgjevne.

Som ein lekk i utviklinga av norsk sjølvstende må vi gjera det norske pengesystemet fritt frå den kontrollen USA og Storbritannia har over det i dag.

AKP(m-l) reiser og stør desse krava:

3. Forsvar dei demokratiske rettane

Noreg er eit borgarleg demokrati, der folket formelt har allmenn røysterett og andre demokratiske fridomar. Men i røynda styrer monopola landet, og avgjer politikken. AKP(m-l) ser likevel denne borgarleg-demokratiske styreforma som eit betre alternativ for folket enn eit ope fascistisk monopoldiktatur. Den striden folket fører for interessene sine, vert letta av at ytringsfridom, streikerett, organisasjonsfridom osb. er juridisk godkjende. Dei demokratiske rettane folket har stridd seg fram til, må ikkje utholast, dei må verjast, og utvidast om råd er.

I dag vert dei demokratiske rettane truga av framstøytar med klåre fascistiske drag. Nye lover vil setja trongare grenser for rettane til folket. Militærapparatet og politiapparatet vert styrkt. Det er tilfelle av ulovleg politipraksis og militærøvingar der "fienden" er arbeidarar og progressive. Den reaksjonære pressa set i gang lygnkampanjar mot dei progressive og freistar med det å skapa politisk støe for å knipa inn på dei demokratiske rettane.

AKP(m-l) vil mobilisera folket til vern om alle demokratiske rettar, og ser striden for demokratiet som ein svært viktig del av klassekampen. AKP(m-l) vil vera med å verja Noreg mot utanlandske åtak. Men det norske militærstellet som er i dag er bygt opp rundt ein kjerne av reaksjonære borgarlege offiserar. I tillegg står det under kommando av vestlege imperialistmakter. Eit slikt militærapparat er ikkje noko "nasjonalt forsvar" som kan verja folket mot framandt overfall. Dei maktene som er truande til å underkua oss, har då endå kommandoen over det!

Derimot kan store delar av offiserskorpset nyttast til å underkua det norske folket med vald. Militærøvingane mot arbeidarar og progressive syner at dette kan verta alvor. Oppstillinga av ein ståande brigade i Sør-Noreg, som ikkje kan retta seg mot nokon ytre fiende, er eit anna døme på dette. Meir våpen i hendene på det reaksjonære norske offiserskorpset ser vi difor ikkje som noka trygd for livet og fridomen åt folket, men tvert om som eit trugsmål både mot demokratiet og den nasjonale sjølvråderetten. Som ein lekk i striden for demokratiet fremjar vi difor i situasjonen i dag parolen Lenin stilte: Ingen løyvingar til det borgarlege militærapparatet!

Så lenge det borgarlege militærapparatet finst, vil AKP(m-l) samstundes arbeida for rettane til soldatane og det verva personellet innanfor militærstellet. Det gjeld òg auka løyvingar til velferdsformål. Dette må skje utan at det går ut over skattebetalarane, ved ei omprioritering av militærbudsjettet.

AKP(m-l) vil stø og vera aktivt med i einskapsfrontar for å verja dei demokratiske rettane folket har stridd seg til under kapitalismen. Alle framstøytar i retning av fascisme og hardare underkuing av arbeidsfolk og progressive må slåast fast attende.

AKP(m-l) krev:

[Innhald]

4. For interessene til arbeidarklassen - mot monopolprofitt

AKP(m-l) meiner at den striden arbeidarklassen fører for dei daglege interessene er svært viktig. For det første stør vi kvar einaste kamp som kan betra kåra for massane eller hindra at dei vert verre, ut frå prinsippet vårt om å tena folket. For det andre er denne kampen viktig fordi han sveisar arbeidarklassen saman. Kampen gjev klassen røynsler og samhald. Det må til om han skal verta i stand til å gjera ende på heile utbyttarsystemet.

Den daglege striden kan gje siger eller tap, men kor som er vil han ikkje fjerna utbyttinga. Det er berre sosialismen som kan gje varige resultat for arbeidarklassen.

I dagskampen er det svært mykje om å gjera at arbeidarklassen er på vakt mot sosialdemokratane når dei vil verna om profitten. Dei freistar setja høgtløna arbeidarar opp mot lågtløna, arbeidarar mot studentar, trygda mot arbeidarar osb. Ein må òg vera på vakt mot myten om at staten er ein nøytral meklar. All røynsle syner at staten tener profittinteressene. Med ei slik grunninnstilling reiser vi desse parolane:

5. Styrk kampkrafta i fagrørsla

Fagforeiningane i Noreg er den viktigaste og mest vidtfemnande masseorganiseringa i landet. Folket i Noreg kan ikkje forsvara seg effektivt mot monopola og imperialismen utan at fagforeiningane er aktivt med i striden. Utan dette kan folket heller ikkje ha nokon røynleg framgang.

Dette vil seia at dei fagorganiserte må stri for å kvitta seg med det kjøvande grepet høgresosialdemokratane har om fagrørsla.

AKP(m-l) går kvast imot alle synspunkt som går ut på at ein kan fara over arbeidet i fagrørsla med harelabb, eller bryta ut. Ei slik line vil berre tena klassefienden og føra til at dei progressive vert isolerte. På den andre sida må vi ikkje lata att augo for at arbeidarklassen treng andre organisasjonar attåt fagforeiningane, mellom desse det kommunistiske partiet sitt.

I fagrørsla vil AKP(m-l) stri for m.a. desse krava:

Fagrørsla kan ikkje greia seg utan eit visst tal løna ombodsmenn. Men slik tilhøva i Landsorganisasjonen har utvikla seg har det vorte reine privileg ut av det for sume tillitsmenn. Slikt har skapt trå og karrierejag som berre tener til å maktstela fagrørsla. Dei fremste leiarane i LO har i dag ein levestandard som ligg langt over den medlemene har. I dei fagorganiserte si interesse må vi stri mot denne ulivnaden. Løna ombodsmen bør ha eit lønsnivå som tilsvarar det dei har dei som dei er ombodsmenn for.

6. Strid mot raseringa av landsbygda

Kapitalismen utarmar landsbygda. Dette fører til at produksjonsmidla vert snøydde bort og store område vert avfolka. Det er i samsvar med dei interessene arbeidarklassen og folket har å stri mot denne utviklinga. Fråsett dei tiltaka som råkar bønder, fiskarar og andre som er knytte til småproduksjonen beinveges, har staten ein politikk for å avfolka store distrikt fullstendig. Ved å sentralisera offentlege tenester og ytingar, og ved strukturrasjonalisering, sparer staten pengar, medan monopolkapitalen aukar profitten.

Dei klåraste uttrykka for denne folkefiendslege politikken finn ein i landsdelsplanane, dessutan i Norsk Vegplan og nedbygginga i NSB. Problema denne politikken skaper for folket, syner att i storparten av arbeidsprogrammet. AKP(m-l) vil delta i aksjonar og stridar som vender seg mot denne politikken. Men særskilt ynskjer vi å ta opp striden ved å stø krava bøndene og fiskarane strir for.

[Innhald]

7. Stø striden bøndene fører

AKP(m-l) går mot den politikken staten og monopolkapitalen fører for å gjera det av med småproduksjonen på landsbygda og pressa folk til å ta arbeid i yrke som gjev større profitt for kapitaleigarane. Dette aukar utbyttinga av arbeidsfolk. AKP(m-l) stør striden bøndene fører for høgare prisar til produsent.

Samstundes driv monopolkapitalen og staten ei rovdrift på naturrikdomar som berre tener deira eigne stuttsynte profittinteresser. Jordbruksareala må ikkje øydeleggjast slik at Noreg vert avhengig av å importera livsviktige landsbruksvarer. Dette er i strid med sjølvbergingslina.

AKP(m-l) stiller difor desse krava til staten, og vil arbeida for å få så brei støtte som råd er for dei i folket:

8. Vern livsgrunnlaget for kystfolket - styrk fiskarorganisasjonane

Naturrikdomane i havet er ein avgjerande viktig del av livsgrunnlaget for folket langs kysten, særleg i Nord-Noreg. Kva fisket har å seia går klårt fram av verknaden eit godt eller dårleg fiske får. Resultatet verkar kraftig inn på både industri og handel.

Når reine profittinteresser styrer fisket, vert det rovdrift. I dag er naturgrunnlaget truga av trål- og ringnotkapitalistane i Noreg og i utlandet. For det arbeidande folket i kystområda er fiskerikdomane sjølve livsgrunnlaget. For dei store kapitaleigarane, derimot, er det berre ein sektor for kapitalplassering. Kapitaleigarane kan rett og slett dra seg ut or denne sektoren når naturrikdomane er tappa ut, og plassera kapitalen i anna verksemd. Fiskeressursane, livsgrunnlaget for det arbeidande folket langs kysten, må verjast òg, slik at vi kan tryggja utvegen til sjølvberging i framtida.

Det alvorlegaste åtaket på fiskarane og kystfolket i seinare tid er EEC-framstøyten frå staten og monopolkapitalen. Ein annan framstøyt er t.d. landsdelsplanen for Nord-Noreg. Han opnar for sentralisering, og for at kapitalen skal trengja vidare inn i fiskeria.

For fiskarene har likevel striden mot kapitalen som trengjer seg inn i fisket stått øvst på saklista i tiår.

AKP(m-l) går mot politikken til monopolkapitalen og staten. Han går mellom anna ut på å gjera til inkjes småproduksjon i fiske, tilverking og foredling. Hovudføremålet i politikken med å pressa dei sjølvstendige småprodusentane ut or fisket, er å få større og større delar av fiskeria inn i kapitalistiske produksjonsformer, og under kontroll av kapitalistane.

Dette fører med seg at folk vert pressa frå ein situasjon der dei er etter måten sjølvberga og sjølvstendige og over i lønsarbeid. Her gjev arbeidet deira større profitt for kapitalistane, og dei må etter kvart kjøpa alt dei treng til livsopphald frå kapitalistane. Slik proletarisering "frigjer" arbeidskrafta, samstundes som marknadene aukar.

Mellomlekkane i fiskeomsetnaden gjer at medan fiskarane får elendige prisar for den fisken dei leverer, må forbrukarane i byane betala det mangedoble. Slikt øydelegg for fiskerinæringa, og legg nye bører på det arbeidande folket. Både fiskarar og forbrukarar vil vinna på ein strid for å minka profitten i mellomlekkane.

AKP(m-l) stiller difor desse krava til staten, og vil arbeida for å få så brei støtte som råd er for dei i folket:

I) Stogg rovdrifta! Ta vare på rikdomane i havet!

Difor krev vi:

II) Stri mot utanlandsk og innanlandsk spekulasjonskapital i dei norske fiskeria.

Difor krev vi at:

III) Trygging og utvikling av den busetjinga som finst i kyststroka.

Difor krev vi:

IV) Stø utbygging av småe og mellomstore båtar.

Difor krev vi:

V) Høgare inntekter og fleire velferdstiltak for fiskarane.

Difor krev vi:

VI) Styrk fiskarorganisasjonane.

Dette er ein føresetnad for å få kjempa gjennom krava ovanfor. AKP(m-l) vil difor gjera sitt til at dette skal skje. Særskilt viktig i første omgang er at:

9. For kvinnefrigjering

AKP(m-l) stør striden dei norske kvinnene fører for fulle politiske, økonomiske og sosiale rettar. Striden må rettast mot monopolkapitalen og staten hans, hovudfienden for kvinnene. Kampen må byggja på solidaritet mellom kvinner og menn i det arbeidande folket.

Kapitalismen vil alltid halda store grupper av kvinner utanfor den samfunnsmessige produksjonen. Samstundes byggjer kapitalismen på at desse kvinnene ikkje skal vera ei "bør" for samfunnet, men at dei skal vera økonomisk avhengige av mennene sine. Vederlagsfritt skal dei gjera ein del av arbeidet samfunnet treng. Det viktigaste er å oppseda og stella born. Denne tilstanden kan halda fram ved hjelp av ein reaksjonær ideologi der kvinnene vert sedde som mindreverdige jamført med menn.

Kvinnefrigjering er uråd utan at kvinnene kjem bort frå den påtvinga private produksjonen i heimen, og vert økonomisk sjølvstendige. I arbeid utanfor heimen vert kvinnene utnytta som omframt billeg arbeidskraft, og dei får oftast dobbelt arbeidsbør. Men sidan det å delta i produksjonen utanfor heimen må til for å frigjera kvinnene, må dei reisa strid for rett og høve til arbeid, og for hjelpetiltak som dagheimar og fritidssentra for borna.

Formelt har kvinnene same retten til utdaning som menn. Men denne retten er undergraven av ei lang rad faktiske hindringar som står i vegen for kvinnene. Det finst inga røynleg jamstelling på dette omkvervet før tilhøva vert lagt til rettes for kvinnene.

Å gå ut i arbeid skal vera eit val kvinnene gjer, og dei må kunna gjera det friviljug. Difor må striden reisast for at ei arbeidsløn skal kunna forsyta ein huslyd.

Men kamp for at kvinnene skal ha rett til arbeid og skikkelege arbeidsvilkår er ikkje nok. Under kapitalismen vil aldri alle kvinner ha høve til arbeid. Dette vil seia at kvinnene må slåst for dei sosiale og økonomiske rettane til heimeverande kvinner.

Kvinnene må sjølve gå i brodden for si eiga frigjering. AKP(m-l) vil stri for at kvinnene skal vera med fullt ut i fagforeiningar og politisk arbeid. AKP(m-l) stør den organiserte kvinnerørsla og vil oppmoda dei kvinnelege medlemene sine til å vera med der.

AKP(m-l) meiner at mellom anna fylgjande krav må reisast mot monopolkapitalen og staten:

Vanskelege kår, liten kunnskap om prevensjon og dårleg høve til å nytta prevensjon fører til mange uynskte svangerskap. Abortlova i dag diskriminerer kvinnene etter klasse og etter kvar dei bur. På denne bakgrunnen krev vi:

Samstundes skal ikkje staten få høve til å trøysta seg til abort og ikkje gje skikkeleg prevensjonsrettleiing og skikkelege økonomiske vilkår for foreldra.

Difor krev vi:

[Innhald]

10. Born og ungdom

Born og ungdom vert hardt underkua under kapitalismen. Monopolkapitalen og staten hans tek ikkje omsyn til det dei unge verkeleg treng. Dei er interesserte i å utdana den arbeidskrafta som trengst for å auka profitten, og å oppseda dei som veks opp til lydnad mot utbyttarane og samfunnet deira. Difor vert ungdomen driven bort frå distrikta, difor vert borna fyllte med tankar om å tevla med hine. Difor vert trongen om barnehagar, ungdomslokale og idrettslag oversett.

Arbeidarklassen og det store fleirtalet av folket har interesse av at ungdomen er sunn og vaken. Difor går vi aktivt i mot den barne- og ungdomsfiendslege politikken. Vi må krevja at det vert satsa meir på det borna og ungdomen treng, og at oppseding og utdaning vert demokratisk. I burettslag, bygder osb. må vi sjølve gjera ein innsats for ungdomsinteressene. Vi må tryggja leikeplassar, stø idrettslag osb.

Den kampen dei unge sjølve fører for krava sine er ikkje minst viktig, og det er vår plikt å stø han. Vi må ansa på den spirande rørsla for eit barnevenleg miljø, arbeidet for ein demokratisk og progressiv barnelitteratur osb.

Dei seinste åra har ungdomen synt stor vilje til å slåst for krava sine. Striden mot rasjonalisering i skuleverket, for "ein stad å vera", har alt gjeve ein del resultat. Denne rørsla må styrkjast om ungdomen skal få betre kår, og rørsla må knytast saman med striden arbeidarklassen fører. AKP(m-l) vil arbeida for ein sterk solidaritet mellom ungdom og vaksne. Dette skal skje gjennom propaganda og arbeidsinnsats i ungdomsrørsla, og ved å arbeida for at fagforeiningar, burettslag osb. skal stø striden ungdomen fører.

Raud Ungdom, ungdomsorganisasjonen til AKP(m-l), er ein viktig reiskap i striden ungdomen fører både for daglege interesser og for sosialismen.

AKP(m-l) stør og hjelper Raud Ungdom i arbeidet med å utvikla ein slagkraftig masseorganisasjon. Gjennom samarbeidet med Raud Ungdom arbeider AKP(m-l) for å utvikla medlemene der til kommunistar. Partiet stiller m.a. foredragshaldarar og studieleiarar til rådvelde.

AKP(m-l) er samstundes klår over at store delar av ungdomen står utanfor både Raud Ungdom og dei andre politiske ungdomsorganisasjonane. Difor må all progressiv og kampviljug ungdom stå saman. Dei progressive ungdomsorganisasjonane må overvinna kløyvinga og organisasjonsegoismen. Dei må stå saman i striden mot monopolkapitalen, staten og imperialismen. Særleg er det viktig å utvikla interesseorganisasjonane ungdomen har, til dømes Lærlingenes og yrkesskoleelevenes interesseorganisasjon og Norsk Gymnasiastsamband.

AKP(m-l) reiser og stør striden for desse krava:

Den praktiske yrkesutdaninga produserer verdfull arbeidskraft som industrien ikkje kan greia seg utan. Det trengst pengar for å betra utdaningstilbodet og tilhøva for yrkesskuleelevar og lærlingar. Desse pengane må difor takast i frå dei store profittane industrien gjer.

Ungdom som har avslutta eller måtta avbryta utdaninga for å gå ut i arbeidslivet vert særleg grovt utbytta. I alle bransjar må løna for unge arbeidarar aukast kraftig.

Ungdomen treng mykje om idrett, kultur og andre fritidsaktivitetar. Tilboda som finst rekk ikkje til og verkar ofte passiviserande. Dette er òg ein av grunnane til at eit aukande alkohol- og narkotikamisbruk trugar ungdomen.

Den "krisa" som har råka store delar av skule- og undervisningssystemet kjem av at dei krava monopolkapitalen stiller til undervisninga, står i beinveges strid med interessene elevane og folket har. Monopolkapitalen ynskjer så mykje utdana arbeidskraft dei kan få til så låge kostnader som råd er. Dersom krava frå lærarane og elevane ikkje vert stetta, vil denne "krisa" berre verta verre.

Økonomien er særleg vanskeleg for ungdom frå arbeidarklassen og dei som kjem frå utkantane. All ungdom må få likt høve til utdaning. AKP(m-l) oppmodar alle unge jenter til å stri for å få seg ei utdaning.

Rasjonaliseringa av universiteta fører til lukking og ein stor skort på stillingar.

AKP(m-l) stør striden soldatane fører for økonomiske betringar og demokratiske rettar.

Øydeleggjinga av det økonomiske grunnlaget for utkantstroka gjer stillinga særskilt utoleleg for ungdomen frå utkantane.

11. Fulle nasjonale rettar for det samiske folket

AKP(m-l) stør alle nasjonale minoritetsgrupper når dei stiller krav om fulle politiske, sosiale, økonomiske og kulturelle rettar. Samane må få nasjonal jamstelling med nordmenn, og vi kan ikkje godta noka "tvangsfornorsking" av samane. Partiet vil motarbeida alle sjåvinistiske kjensler nordmenn har mot samane. Vi vil arbeida for at sambandet mellom samar og nordmenn i staden må byggja på vyrdnad for kvarandre og på solidaritet, og for at ein fast del av oppgåvene for det norske proletariatet skal vera å stø samane.

AKP(m-l) har på denne bakgrunnen samla krava som gjeld samane i eit eige sameprogram.

12. Rimelege bustader til alle

Bustadproblemet er mest akutt i byane. Alle - særleg unge huslydar og ungdom - slit for i det heile å få ein stad å bu. Bustadpolitikken monopolkapitalen fører, syner at han ikkje på noko vis er i stand til å gje det folket treng mest. Samstundes bur overklassen sjølv i luksusvillaer ved storbyane.

AKP(m-l) vil reisa krav som tryggjer bustader for alle.

I drabantbyane er presset av høge husleiger og auke i avdrag og renter stort. Fleire og fleire kjem ut i fattigdom og redsle for utkasting og panting. AKP(m-l) vil arbeida i burettslaga for å styrkja dei i den striden dei må føra mot den grenselause bustaddyrtida. Øydelegging og sanering pressar ibuarane ut or gamle bydelar. Gode bustader går over til slum, medan dei heller burde gjerast betre. AKP(m-l) vil arbeida i leigebuarlag for å forsvara desse områda mot øydelegging og forsvara dei etter måten låge husleigene.

Alle bustadspekulantar må pressast bort.

AKP(m-l) vil særleg understreka desse krava:

13. Stogg sentraliseringa av helsestellet

Det norske helsestellet er i dag inne i ei krise. På fleire felt går tilbodet om medisinsk stell for vanlege folk attende, standarden går ned. Bakgrunnen for dette er at monopolkapitalen aukar presset på det arbeidande folket. Folk vert sjukare i "velferdsstaten" - ikkje friskare. Pendling og bortearbeid, arbeidarfiendsleg rasjonalisering, helsefårlege arbeidsmiljø og ukontrollert trafikkutvikling fører til at stadig fleire vert sjuke og døyr. Ingen demagogi frå NAF og LO-leiinga om at lønsarbeidarane "utnyttar" sjuketrygdordninga til skoft kan løyna det faktum at helseproblema aukar på arbeidsstadene.

Staten svarar på denne utviklinga med "å setja grenser for utgiftsauken". Staten går derimot ikkje til åtak på årsakene til helseproblema, med betre medisinsk tilbod til dei sjuke. Midlet staten nyttar er å rasjonalisera helsestellet. Småsjukehus og sjukestover i distrikta vert nedlagde, eller vert nekte utbygging. Offisielt heiter det at det skal byggjast ut sentrale sjukehus med variert tilbod, - slik at folk må milevis frå heimen når dei treng opphald på sjukehus. Skorten på kvalifiserte sjukepleiarar freistar dei å møta på same viset. I staden for å auka lønene og få fleire folk freistar dei å knipa inn på talet på sjukepleiarar per pasient. Slik aukar presset på dei tilsette medan tilhøva vert ringare for pasientane.

AKP(m-l) meiner at desse problema berre kan løysast gjennom eit sterkt folkeleg press på staten for å tvinga gjennom ein ny helsepolitikk. Aksjonen Florø-folket sette i gang og sjukepleiarstreiken for betre tilhøve syner på kvart sitt vis den vegen vi må gå i framtida.

I dei komande åra vil vi særleg arbeida for fylgjande krav og oppgåver:

[Innhald]

14. Strid for rettane til uføre og andre trygda

Folk som arbeider skal ikkje få skore ned levestandarden sin til sveltegrensa om dei vert alderspensjonistar, eller vert uføre eller på annan måte ikkje kan delta i produktivt arbeid. Grunnpensjonen i folketrygda må gå tilsvarande opp, og ikkje reduserast for ektefolk.

I dag ser vi at uføre ikkje får rett til arbeid fordi dei ikkje gjev same profitt som menneske med full førleik. Kapitaleigarane brukar òg trygdesystemet til å kvitta seg med uynskt og ulønsam arbeidskraft. Samstundes gjer staten lite for at dei trygda skal få same høve til sosial og kulturell vokster som resten av folket.

Det vert ikkje gjort stort for å gje dei uføre og eldre høve til å koma ut av isolerte miljø.

Det er i første rekkje arbeidsfolk som treng om økonomisk tryggleik når dei vert gamle og uføre. Staten utnyttar dette til ei storstila og usosial skatteplyndring. Dei aukande avgiftene er tyngst for dei lågast løna og dei kapitalveike verksemdene. Milliardoverskotet (folketrygdfondet) går ut som billege lån til dei store monopola. Slik vert dei i stand til å styrkja stillinga si, medan arbeidsfolk og småverksemder må betala.

AKP(m-l) ser retten til arbeid og retten til trygd i samanheng, og vil konsekvent arbeida for at livsvilkåra vert betre for folk som ikkje lenger kan yta full innsats i produksjonen.

Vi krev difor:

15. Natur og miljøvern

Eit av dei mest alvorlege trugsmåla mot levevilkåra for folket er at naturgrunnlaget vert øydelagt og livsmiljøet utskjemt i aukande fart. Dagleg vert det drive rovdrift på naturrikdomane; lufta, vatnet og plantelivet vert ureina, og dyrkande jord vert øydelagd.

Tilhøva på arbeidsstadene vert stadig verre. Den ureininga arbeidarane møter i industrien er langt verre enn nokon annan stad i samfunnet. Bysamfunna utviklar seg slik at dei riv dei sentrale områda for å få rom til forretnings- og administrasjonskompleks. Samstundes vert det skapt reine arbeidarghettoar i mange drabantbyar. Desse bustadområda er fattige på tilbod til kulturell, sosial og fysisk aktivitet, og kostnadene med reiser og bustad utarmar dei som bur der.

I samferdsla ligg hovudvekta på biltrafikken. Det er ei form som både er dyr, plasskrevjande og ureinar mykje. Bustader, friluftsområde og dyrka mark vert ofte offer for denne utviklinga.

AKP(m-l) meiner at den grunnleggjande årsaka er dei stuttsynte profittomsyna monopolkapitalen tek. Vi går mot all politikk som går ut på å lata folket betala for det kapitalen øydelegg av natur og livsmiljø. Striden må vendast beint mot monopolkapitalen, og berre mot han.

AKP(m-l) ser det som si oppgåve å reisa og stø all strid på dette grunnlaget:

16. Forsvar den folkelege kulturen

AKP(m-l) strir i dag for å forsvara den nasjonale og folkelege kulturen, og retten for folket til å utvikla kulturen. Staten og monopolkapitalen fører i dag ein politikk som trugar denne retten. Freistnadene på å få Noreg inn i EEC trugar grunnlaget for ein sjølvstendig norsk kultur. Det same gjeld den internasjonale "arbeidsdelinga" og det at landet ligg under for USA-imperialismen.

Dei sosiale og økonomiske tilhøva som monopolkapitalen skaper for folk i bygd og by tek meir og meir frå folk høve og utveg til å ha sitt eige kulturliv. Denne politikken trugar òg med å bryta sund kulturtradisjonar folket har skapt gjennom generasjonar.

Løyvingane til kulturføremål går ned. I staden for å oppmuntra til sjølvstendige kulturelle tiltak, freistar staten å få kontrollen med større og større luter av kulturlivet.

Kunstnarar og kulturarbeidarar har inga visse for skikkelege levevilkår. Dei har få eller ingen utvegar til utdaning slik andre kan få for sine yrke. Det vert lagt hindringar i vegen for at dei skal læra å kjenna det livet folket lever og lata folket få bruka det dei skapar. Statlege og private monopol har hand om produksjon og distribusjon av kultur. Dei kontrollerer kva som kjem ut til folket, og utbyttar kunstnarar og kulturarbeidarar.

Norsk og utanlandsk monopolkapital spekulerer i den trongen folket og ungdomen har til kultur. Dei spreier masseproduserte bøker, blad, teikneseriar, filmar og fjernsynsprogram med reaksjonær og imperialistisk propaganda.

Mot desse trugsmåla står det store fleirtalet av kulturarbeidarar, kunstnarar og dei som elles driv kulturell verksemd. AKP(m-l) vil slå seg saman med alle som vender seg mot undergravinga av den nasjonale kulturen, og mot utarminga av det folkelege kulturlivet. Dette gjeld både i striden mot alle åtak, og i arbeidet for å styrkja kulturarbeidet i folket. Partiet vil krevja:

AKP(m-l) stør og er aktivt med i frontar og organisasjonar som arbeider for å verja og utvikla den norske folkelege kulturen.

[Innhald]

17. Parlamentariske organ

Det parlamentariske systemet som finst i Noreg i dag, er i hovudsak bygt opp på ein slik måte at det hindrar det arbeidande folket i å vera med og å ha noko å seia der.

I den noverande situasjonen er kommunistane likevel med i val til storting og kommunestyre. Dels gjer vi dette for å nytta dei småe og fåe høva som finst der til å stø den folkelege striden. Dels vil vi visa at dei parlamentariske organa - særleg Stortinget - ikkje kan tena til anna enn å strø sand på dei avgjerdene statsapparatet åt monopolkapitalen alt har gjort.

I dag set monopolkapitalen inn ei rad med åtak for å hola ut og knipa inn på dei rettane kommunestyra og Stortinget har, og stengja endå fleire av dei utvegane som finst for demokratisk kontroll. Kommunistane vil forsvara demokratiet konsekvent, og vender seg kvasst mot dette. Når vi arbeider i dei ulike parlamentariske organa vil vi difor stilla desse krava:

18. Einskapsfront mot monopola og imperialismen

Partiet vårt ynskjer ikkje monopol på dei krava vi meiner det er rett å stilla. Tvert om: Vi veit at kreftene våre åleine ikkje er sterke nok til å føra striden fram til siger. Vi vil arbeida for ein brei einskapsfront for interessene åt det arbeidande folket. Vi vil stø alt samarbeid som tener det arbeidande folket og vender seg mot klassefienden.

Ein norsk einskapsfront mot monopola og imperialismen kan berre oppnå røynleg breidd og stor slagkraft om fagforeiningane går inn i han. Andre folkelege organisasjonar kan òg spela ei viktig rolle, til dømes småbrukarlag, fiskarlag og bondelag, kvinneorganisasjonane, ungdoms- og studentorganisasjonane. Nye frontar som samlar grupper som ikkje har vore organiserte før eller tek opp einskildsaker, vil styrkja einskapsfronten.

For å nå fram til einskap i folket må ein stri mot den noverande leiinga i DNA/LO: Denne leiinga arbeider for interessene åt monopolkapitalen og imperialismen, og freistar å hindra at folket samlar seg til strid for sine eigne interesser.

Ikkje noko einskilt parti kan stå i staden for einskapsfronten. Parti som tek rette standpunkt i saker som gjeld folkelege interesser bør samarbeida om slike saker. Partiet vårt er usamd med dei andre partia i mange spørsmål, men vi vil ikkje lata dette hindra samarbeid i saker der vi er samde. Mange utanfor parti-rekkjene vil helsa eit slikt samarbeid velkome. Det vil styrkja arbeidet for ein einskapsfront mot klassefienden. Eit sterkt og varig samhald mot monopola og imperialismen vil i praksis berre kunna koma til mellom parti som ikkje let seg dirigera av utanlandsk imperialisme eller av norske monopolgrupperingar.

[Innhald]


Sameprogram

AKP(m-l) ser det slik at den underkuinga den norske staten driv og lenge har drive mot det samiske folket er eit skamleg brotsverk norsk kolonialisme har gjort.

AKP(m-l) ser det som ei av dei viktigaste oppgåvene sine å delta i striden det samiske folket fører, for å utvikla og stø han. Ei av dei viktigaste oppgåvene for den sosialistiske revolusjonen i Noreg er å gje det samiske folket dei rettane dei har krav på som folk.

Dei krava og kampoppgåvene vi har stilt her er ikkje fullstendige på noko vis. Vi trur den politikken vi strekar opp for striden det samiske folket fører er rett. Men vi vil så sterkt vi kan streka under at det er berrsynt at han har lyte, - ja, kan henda store lyte. Vi ser det difor som ein av dei viktigaste oppgåvene for AKP(m-l) i åra som kjem å utvikla denne politikken mykje lenger og grundigare. Dette vil vi gjera etter beste evne ved å vera med i og stø opp om striden samane fører. AKP(m-l) har enno mykje å læra av det samiske folket.

I denne bolken har vi sett opp dei parolane vi meiner samane må stilla som folk. Like viktig er det å reisa striden mot at den samiske arbeidaren er underkua som arbeidar, at den samiske kvinna er underkua som kvinne, osb. Denne luten av striden vil i stor mon vera den same for det samiske folket som den klassekampen det norske folket fører. Dei som vil gjera seg kjende med politikken AKP(m-l) har i alle dei spørsmåla som opptek det samiske folket til dagleg, bør difor lesa programma samla.

Dei første oppgåvene for den sosialistiske revolusjonen: sjølvråderett for det samiske folket

I mange hundre år har den norske staten og embetsverket hans underkua samane i Noreg. Det er den same staten som underkuar det norske folket. Med vald har norske og utanlandske kapitalistar rana til seg naturrikdomane frå samefolket, og resultatet av deira slit og arbeid.

Oppgåva for den sosialistiske revolusjonen er å gjera slutt på denne skamlege underkuinga og utbyttinga av samefolket.

Vi er no inne i ein tidbolk då monopolkapitalen og den norske staten går til det endelege åtaket på det samiske folket for å viska det bort fullstendig, økonomisk, kulturelt, språkleg og politisk. Dette er ei ulukke både for det samiske og det norske folket.

Dei to folka er underkua av den same monopolkapitalen, imperialismen og staten. Det er difor naudsynt at dei to folka våre sameiner kreftene sine til strid mot fienden vi har saman.

AKP(m-l) vil difor stø alle tiltak som

AKP(m-l) vil like trottig

AKP(m-l) meiner det fyrst er gjennom ein sosialistisk revolusjon at det samiske folket kan oppnå full økonomisk og politisk fridom. Men ikkje under noko vilkår vil vi gå inn for å tvinga det demokratiske proletardiktaturet på det samiske folket med makt.

AKP(m-l) er i mot å kløyva opp ein sosialistisk stat i fleire og mindre statar. Vi meiner det er til bate for det samiske folket å verta verande innanfor den norske nasjonalstaten. Vi trur fullt og fast at motseiingar mellom dei to folka kan løysast innanfor den norske sosialistiske staten.

Men like fast vil AKP(m-l) halda på at det samiske folket har rett til sjølv å avgjera si eiga framtid. Om det samiske folket ynskjer nasjonal sjølvråderett (dvs. å skipa sin eigen samiske stat), skal ikkje den norske sosialistiske staten stilla seg i vegen for dette rettkomne kravet med makt. Dette gjeld enten denne staten skulle liggja på landområdet til den norske staten, eller om det skulle skje ved ei ny sameining med dei andre tre delane av det samiske folket. Tvert om vil AKP(m-l) respektera dette, gå inn for full fridom til agitasjon og propaganda for det, og oppmoda det samiske folket til å avgjera dette spørsmålet på demokratisk vis.

Dersom det samiske folket ynskjer å verta verande innanfor den norske nasjonalstaten etter den sosialistiske revolusjonen, vil politikken frå AKP(m-l) vera merkt av at samar skal vera jamstelte med nordmenn i alle samfunnsmessige, ideologiske og moralske spørsmål. Vidare vil politikken vår vera merkt av at samane som folk har krav på ei rad med særrettar. Og det samiske folket skal ha sjølvråderett i dei samfunnsspørsmåla dei måtte ynskja.

Tilhøvet mellom nordmenn og samar skal utviklast på grunnlag av likeverd og vyrdnad for kvarandre.

Arbeidsprogrammet: Fulle nasjonale rettar for det samiske folket

Den norske staten og monopolkapitalen fører i dag ein politikk som har til mål å få bort det samiske folket. Vi er no inne i ein tidbolk som vil avgjera liv eller daude for samane som folk.

AKP(m-l) vil difor, så sterkt det kan, stø krava samane reiser om fulle politiske, sosiale, økonomiske og kulturelle rettar. Nasjonal jamstelling med nordmenn må tryggjast. Dette kan berre verta innfridd ved å godkjenna dei særrettane samane har krav på som folk. Vi kan ikkje på noko vis godta noka form for assimileringspolitikk som er i strid med interessene åt det samiske folket sjølv.

AKP(m-l) vil motarbeida alle sjåvinistiske straumdrag frå nordmenn andsynes samar. Sambandet mellom det samiske og norske folket må byggjast på solidaritet og vyrdnad for kvarandre.

AKP(m-l) vil arbeida for at støe til det samiske folket vert ein uskiljeleg del av oppgåvene for det norske proletariatet. AKP(m-l) vil stø krava det samiske folket stiller, og sjølv stilla fylgjande krav:

1. Stogg raseringa av dei samiske områda.

2. Sjølvråderett over hevdvunne og urgamle samiske område.

Dette vil seia:

3.Snøgg utbygging av allsidig produksjon i samsvar med ynskja frå det samiske folket.

4. Samane må sikrast same levestandard som andre innbyggjarar i landet.

5. Snøgg utvikling av samferdsla i dei samiske områda på dei premissane samane sjølve har.

6. Full støe til all verksemd som kan styrkja det nasjonale medvitet og einskapen i det samiske folket.

7. Samane har rett til å forma ut si eiga utdaning sjølve. Samisk mål må jamstellast med norsk i skulen.

8. Gjer dei samiske organisasjonane til kamporganisasjonar.

9. Stønad til alle tiltak som styrkjer samhaldet mellom samane mot norsk og utanlandsk monopolkapital.

10. Administrasjonsmålet i dei samiske områda må vera samisk.

[Innhald]


Vedtekter

for Arbeidernes kommunistparti (marxist-leninistene)

Vedtekne på skipingslandsmøtet 18. februar 1973

Fyrste kapittel: Medlemskap

l. Kvar arbeidar, lågare funksjonær, småbrukar eller arbeidande bonde, fiskar, husmor, intellektuell eller kvart anna revolusjonært menneske i Noreg kan verta medlem i AKP(m-l), om dei godtek vedtektene til AKP(m-l) og den allmenne lina, arbeider etter evne i ein grunnorganisasjon, utfører vedtak AKP(m-l) har gjort, rettar seg etter partidisiplinen og betaler kontingenten. Medlem bør helst ha fylt 18 år.

(Når ein vert oppteken som medlem i AKP(m-l) inneber det at ein friviljug pliktar seg til å fylgja vedtektene og er vis med at dei er juridisk bindande i tvistar som gjeld partieigedom.)

2. Søknader om medlemskap skal koma ein for ein. Søknader må rettast til styret i ein grunnorganisasjon (partiavdeling eller stadlag). Styret tek stilling til søknaden og legg fram tilrådinga si for medlemsmøtet, som avgjer om søkjaren kan takast opp som kandidatmedlem.

Kandidatmedlemskapen er ei prøvetid i partiet, som skal syna om søkjaren verkeleg bør verta medlem. I prøvetida har kandidatmedlemen rett til å få oppgåver av grunnorganisasjonen som kan gje kandidatmedlemen høve til å veksa politisk og syna om han eller ho verkeleg er verdig til å verta partimedlem. Kandidatmedlemen har dei same rettane og pliktene som andre partimedlemer, fråsett røysterett. Kandidatmedlemer bør ikkje veljast til ombod i partiet.

Etter ei tid avgjer medlemsmøtet på grunnlag av ei ny tilråding frå styret om kandidatmedlemen kan takast opp som vanleg medlem i AKP(m-l).

Når det er tvil, skal høgare organ godkjenna medlemsopptak. Dette gjeld m.a. personar som har vore aktive fiendar av den kommunistiske rørsla, som er ekskluderte av kommunistiske organisasjonar o.l.

3. Medlemer av AKP(m-l) bør:

Medlemene i AKP(m-l) har ulik røynsle og ulikt politisk nivå. Difor vil dei greia å fylgja desse retningslinene i ulik mon, og mange medlemer vil visseleg koma til å gjera feil og bryta dei. Partiet krev ikkje at medlemene skal vera lytefrie eller aldri gjera feil. Det partiet krev, er at alle medlemer så godt dei evnar, freistar å fylgja desse retningslinene og hjelpa andre partimedlemer og heile AKP(m-l) til å fylgja dei. Partiet har òg plikt til å hjelpa kvar einskild medlem med dette.

4. Når partimedlemer bryt partidisiplinen, fer ukameratsleg åt og fører fram anti-kommunistiske standpunkt utetter i strid med partilina, krenkjer interessene massane har eller skader partiet på anna vis, skal partiorgana ta turvande disiplinære tiltak. Dette skal skje etter vedtektene og på grunnlag av ei sjølvstendig vurdering i kvart einskilt høve. Tiltaka som kan nyttast er åtvaring, tilbaketrekking frå ombod, suspensjon og eksklusjon frå partiet.

Tilbaketrekking frå ombod kan vedtakast av høgare organ på alle plan. Medlemsmøte i grunnorganisasjonen kan vedta å dra ein medlem attende frå ombod i grunnorganisasjonen (partiavdelingsmøte frå partiavdelingsstyre og stadlagsstyre, stadlagsmøte frå stadlagsstyre). Suspensjon og eksklusjon frå partiet kan vedtakast av sentralkomiteen eller av medlemsmøte i grunnorganisasjon (partiavdeling), etter at den medlemen saka gjeld har fått høve til å forsvara seg. Eit valt distriktsutval har høve til å suspendera medlemer. Når det vert gjort disiplinære tiltak skal den det gjeld, alltid gjerast vis med retten til å klaga.

Ein medlem som er suspendert frå partiet, misser alle medlemsrettane. Suspensjon skal ikkje vara meir enn 6 månader.

Eksklusjon skal alltid meldast til sentralkomiteen. Når eksklusjon eller andre disiplinære tiltak vert anka, skal sentralkomiteen ta den endelege avgjerda. Landsmøtet skal ha melding om alle eksklusjonar i perioden.

Partimedlemer som vert politisk sløve og passive og ikkje lenger syner interesse for å arbeida for AKP(m-l), jamvel om partiet har freista å hjelpa dei til det, bør overtalast til å gå ut or partiet og eventuelt halda fram med å stø partiet som sympatisørar. Medlemer skal reknast som utmelde dersom dei seier frå at dei ikkje vil vera med i AKP(m-l) eller ikkje betaler kontingenten trass i oppmoding.

Medlemer som syner seg å vera agentar eller gjer skade, skal reinskast ut or partiet og ikkje sleppast inn att i rekkjene.

Om det er turvande skal det gjerast kjent for massane utanfor partiet at ein viss person ikkje lenger er medlem av AKP(m-l).

Andre kapittel: Organisasjonsprinsippa i partiet

5. Det grunnleggjande organisasjonsprinsippet i partiet er den demokratiske sentralismen. Dei leiande organa på alle plan vert valde etter demokratisk rådlegging. Heile partiet må strengt underordna seg ein gjennomført og sams disiplin: den einskilde er underordna organisasjonen, mindretalet er underordna fleirtalet, lågare organ er underordna høgare, og heile partiet er underordna sentralkomiteen.

Leiande partiorgan på alle plan skal regelfast leggja fram meldingar om arbeidet sitt på landsmøte, distriktsmøte, konferansar og medlemsmøte i grunnorganisasjonane, og på andre vis òg gjera medlemene kjende med viktige vedtak, direktiv og anna nytt som er viktig for arbeidet deira. Dei pliktar å hjelpa til med å fostra partimedlemene til røynde, dugande og sjølvstendige klassekjemparar som kan ta leiande oppgåver både i og utanfor partiet. Leiande organ skal heile tida merka seg kva massane i og utanfor partiet meiner, og oppmoda medlemene til å overvaka arbeidet dei leiande organa gjer. Alle medlemer har rett til å kritisera partiorgana og leiande medlemer på alle plan, og leggja framlegg fram for dei. Alle leiande partiorgan har plikt til å svara når medlemer, grunnorganisasjonar og andre organ i partiet vender seg dit. Ein medlem som er usamd i lokale vedtak kan ta atterhald om si meining og leggja saka fram beinveges for sentralkomiteen. Det er viktig å skapa ein politisk situasjon der det er både sentralisme og demokrati, både disiplin og fridom, både eins vilje og personleg frimot og tiltaksvilje.

Fraksjonisme står i strid med eit slikt sunt, demokratisk liv i partiet. Fraksjonisme er:

At det finst fraksjonar, let seg ikkje sameina med medlemsdemokratiet, fordi medlemene i ein fraksjon set gruppedisiplinen i fraksjonen høgare enn den disiplinen som byggjer på demokratiske medlemsvedtak. Når det vert ført fram fleire syn utetter trass i vedtak, tek ein frå medlemene den retten dei har til å fastsetja den offisielle partilina. Usemje og ordskifte innetter er ein bra ting, og må til om partiet skal leva. Men å lata vera å ta opp slik usemje er å sabotera ordskiftet og striden for einskap, og difor er det sabotasje mot medlemsdemokratiet. Fraksjonisme verkar oppløysande på einskapen, disiplinen og organisasjonen i partiet, og let seg difor ikkje sameina med eit kommunistisk parti. Følgjene av fraksjonisme vert alltid før eller seinare at det vert skapt organisasjonar som strir mot kvarandre innan partiet, og dermed legg ein grunnlag for at eit parti vert kløyvt i fleire. Fraksjonisme kan difor ikkje tillatast, og fraksjonsverksemd vil verta rydda ut med fast hand.

Alle medlemer og grupper av partimedlemer som arbeider på dei ulike frontane i klassekampen må utan vilkår godta leiarskapen AKP(m-l) har i alle spørsmål.

6. Det høgste organet i partiet er landsmøtet, og når det ikkje sit samla, sentralkomiteen som landsmøtet har valt. Dei leiande partiorgana der det finst distriktsorganisasjonar er distriktsmøtet og det distriktsstyret det vel. Det leiande organet i grunnorganisasjonen (partiavdelinga) er medlemsmøtet og det styret (partiavdelingsstyret) det vel.

Det er høve til å velja både styremedlemer og varamedlemer til styret. Varamedlemer har ikkje rettar i styret. Når styremedlemer fell frå, kan styret vedta å ta opp varamedlem som full styremedlem, til styret har like mange medlemer som då vart valt.

Dersom illegalitet og forfylgjingar der det turvande, kan sentralkomiteen supplera seg sjølv, og supplera styre på lågare plan eller gje dei rett til å supplera seg sjølve.

Landsmøte, distriktsmøte og medlemsmøte vert innkalla av dei leiande partiorgana på desse plana eller på høgare plan. Til landsmøtet og distriktsmøte vel grunnorganisasjonane (partiavdelingane) utsendingar med røysterett i samhøve med talet på medlemer med fulle rettar som det er betalt medlemspengar for til partiet.

Sentralkomiteen skal innkallast når minst 1/3 av medlemene i sentralkomiteen krev det. Landsmøte eller distriktmøte skal innkallast av det leiande organet på tilsvarande nivå når fleirtalsvedtak i grunnorganisasjonar (partiavdelingar) som svarar til minst 1/3 av medlemene krev det. Medlemsmøte i grunnorganisasjonen skal innkallast av styret når minst 1/3 av medlemene krev det. Innkalling av distriktsmøtet skal godkjennast av sentralkomiteen.

7. Styra i partiet på alle plan og dei utvala dei peikar ut, skal organisera seg i samsvar med prinsippa for eins leiing, nært samband med massane og einfeld og effektiv oppbygging. Alle styre skal ha minst formann, skrivar og kasserar.

Alle styre og utval skal studera marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking i arbeidet sitt og i samsvar med dei spesielle retningslinene partiet gjev for slike studium.

[Innhald]

Tredje kapittel: Dei sentrale partiorgana

8. Landsmøtet vert innkalla kvart 3. år. I særskilde høve kan sentralkomiteen kalla inn landsmøtet tidlegare eller utsetja det.

9. Sentralkomiteen med medlemer og varamedlemer skal veljast mellom dei politisk lengstkomne, mest pålitelege og røynde medlemene i partiet. For å tryggja at medlemene i sentralkomiteen held mål, bør dei vurderast grundig i partiorganisasjonane før dei vert valde. Sentralkomiteen har til oppgåve å setja i verk partilina på ein måte som er så verksam og kraftfull som råd, og som ligg innan den ramma program, vedtekter og landsmøtevedtak set.

Sentralkomiteen konstituerer seg sjølv, vel formann og andre ombodsmenn som trengst, og politisk utval.

Politisk utval kallar inn sentralkomiteen til plenumsmøte minst to gonger i året. I særlege høve kan innkallinga utsetjast. Når sentralkomiteen ikkje er samla, har politisk utval dei funksjonane og den mynda sentralkomiteen har, og leier arbeidet i partiet i samsvar med dei retningslinene som sentralkomiteen gjev.

Sentralkomiteen og politisk utval skipar dei organa og utvala som trengst for å ta seg av det daglege arbeidet i partiet på ulike område, i samsvar med prinsippa for sentralisert leiing og einfeld, verksam og smidig oppbygging. Desse organa står til ansvars for sentralkomiteen, som atter står til ansvars for landsmøtet.

Fjerde kapittel: Distriktsorganisasjonar

10. Der sentralkomiteen finn at det er grunnlag for det, vert det skipa distriktsorganisasjonar av AKP(m-l). Distriktsmøtet vert innkalla kvart år. I særskilde høve kan distriktsstyret innkalla distriktsmøte tidlegare eller utsetja det.

Distriktsstyret har til oppgåve å leia og samordna arbeidet i distriktet på grunnlag av partilina, landsmøtevedtak, direktiv frå sentralkomiteen og vedtak frå distriktsårsmøte.

Arbeidsutvalet i distriktsstyret skal ha formann, skrivar og kasserar, og må vera samansett av medlemer som har høve til å samarbeida dagleg om å leia distriktet.

Der distriktsorganisasjonar ikkje kan skipast, vert grunnorganisasjonane (partiavdelingane) leidde beinveges av dei organa sentralkomiteen peikar ut til det.

Femte kapittel: Grunnorganisasjonane i partiet

11. Til vanleg vert det skipa partilag i fabrikkar og på andre arbeidsstader, i bustaddistrikt og på landsbygda. Det kan òg skipast partilag der det finst eit stort tal medlemer, eller der den revolusjonære striden krev det.

Partilag (partiavdeling) må godkjennast av sentralkomiteen. Sentralkomiteen kan dra godkjenninga attende og krevja at partilag (partiavdelingar) skal gå saman. Om det trengst, kan sentralkomiteen konstituera heilt nye partilag (partiavdelingar) der alle medlemene er kandidatmedlemer den første tida. Partilag der eit fleirtal utviklar seg i partifiendsleg lei, kan sentralkomiteen ekskludera frå AKP(m-l).

Partilag (partiavdeling) som skal kunna godkjennast som grunnorganisasjon i partiet, må vera politisk og organisatorisk sterkt nok til å velja eit styre som stettar krava i vedtektene. Dei må kunna setja partilina ut i livet og gjennomføra direktiva frå sentralkomiteen. Etter kvart må det kunna spela ei leiande rolle i klassekampen og i livet til massane på det området der laget er organisert.

Det er berre partilag (partiavdelingar) som stettar desse krava, som er grunnorganisasjonar i partiet med rett til å velja delegatar til landsmøte og distriktsmøte og til å ta opp og ekskludera medlemer.

Partilag (partiavdeling) skal velja styre på medlemsmøte ein gong i året. I særlege høve kan styret utsetje årsmøtet eller kalla det inn tidlegare.

12. Partilag (partiavdeling) skal tena arbeidarklassen og folket sine interesser. Dei må setja den proletariske politikken - marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking - i leiinga på alle omkverve, ha sterke røter i massane, stri mot klassefienden og stå imot underkuinga hans, og retta eigne feil ved kritikk og sjølvkritikk. Skal dei greia dette, må dei freista så godt dei kan å fylgja desse retningslinene:

13. Større partilag (partiavdelingar) skal arbeida for, så snart råd er, å organisera medlemene innan laget i mindre partilag (stadlag), slik at partiavdelinga kan oppfylla dei krava partiet og massane stiller til det så godt det er råd. Stadlag vert skipa til liks med partiavdelingar på arbeidsstader, i bustaddistrikt eller andre stader der klassekampen krev det, og helst der minst tre medlemer er samla.

Stadlaget og leiinga der er alltid underordna partiavdelinga og partiavdelingsstyret. Direktiv frå stadlaget kan overprøvast av partiavdelinga og styret der. Stadlag kan berre opprettast når partiavdelinga eller høgare organ godkjenner det, og dei kan òg dra godkjenninga attende, slå stadlag saman osb.

Partiavdelinga kan og bør gje stadlaget rett til å ta opp medlemer i partiet. Partiavdelinga kan ta bort denne retten att.

Stadlaget skil seg frå partiavdelinga ved at det ikkje er ein grunnorganisasjon i partiet med fulle rettar. Mellom anna kan stadlaget ikkje velja delegatar til landsmøtet og ikkje ekskludera medlemer.

Stadlaget er den eininga der dei fleste partimedlemene har sitt daglege politiske arbeid. Det arbeider for å setja partipolitikken ut i livet under leiing av partiavdelinga, som måtar til den allmenne lina for sitt eige omkverve. Men stadlaget kan ikkje gjera fullnøyande arbeid dersom det vert minka til ein passiv reiskap for partiavdelinga. Innanfor partiavdelinga må stadlaget difor ha sitt eige politiske liv. Det må freista verta ein god leiar for striden massane fører mot klassefienden på sitt omkverve, det må setja direktiv og oppdrag ut i livet på truge vis, og samrå om korleis direktiva kan gjennomførast på beste måte. Det må få i stand studium i samsvar med dei retningslinene partiet gjev, det må ha eit levande medlemsdemokrati, leggja alle motseiingar ope fram for å vinna einskap, få fram kritikk og sjølvkritikk og eit varmt kameratskap mellom medlemene.

Stadlaget skal velja ei leiing på medlemsmøte ein gong i året etter reglane som gjeld for partiavdeling. Styret i partiavdelinga skal godkjenna innkalling til årsmøtet, og kan sjølv innkalla årsmøte i stadlaget.

Leiinga i stadlaget skal i det minste vera ein formann, og eit fullstendig styre om råd er.

14. Partilaga og høgare organ i partiet har plikt til å ta vare på partisympatisørane og gje dei høve til å stø AKP(m-l).

Partiet må få i stand organiserte band til sympatisørane som svarar til kor aktive dei er, og kva dei kan gjera og det partiet har bruk for. Samstundes må ikkje dette viska bort skiljet mellom partimedlemskap og ulike former for tilknyting som sympatisør.

Der partilaga eller høgare organ finn det tenleg kan dei skipa eigne sympatisørorganisasjonar.

Slike sympatisørorganisasjonar har til oppgåve å stø arbeidet AKP(m-l) gjer, styrkja striden massane fører og fostra sympatisørane til kommunistar og framtidige partimedlemer gjennom levande studium og bruk av marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking.

Sympatisørgrupper bør organiserast ut frå prinsippet om at dei skal stå under beinveges leiing frå partiet, og med ei smidig form som svarar til dei aktuelle omstenda.

Sympatisørgrupper er masseorganisasjonar som er til hjelp for partiet, og ikkje grunnorganisasjonar i partiet i vanleg meining.

[Innhald]

Sjette kapittel: Partieigedomen

15. Det partiet eig, skal disponerast i samsvar med prinsippa for den demokratiske sentralismen.

Sentrale partiorgan, distriktsorganisasjonar eller grunnorganisasjonar i AKP(m-l) kan ikkje skilja seg av med eigedom som tilhøyrer dei, i strid med viljen til dei leiande partiorgana. Slik eigedom er m.a. pengar i kassa, bankinnskot og andre pengemidlar, fast eigedom, maskinar, kontorrekvisita og anna lausøyre, leigerettar, aviser partiet gjev ut, namn på slike, tingarlister og andre eigneluter osb. Når det kan vera grunn til å tru at leiande partiorgan kan vera usamde i måten slik eigedom vert nytta på, skal ein alltid be om godkjenning frå dei, og det må ikkje gjerast disposisjonar som strir mot deira vedtak.

Sentralkomiteen i AKP(m-l) kan avgjera at eigedom skal førast over frå eit partiorgan eller ein grunnorganisasjon til sentralkomiteen sjølv eller til andre organ i partiet.

16. Dersom ei gruppe går ut av ein grunnorganisasjon, går heile eigedomen i grunnorganisasjonen til den delen av grunnorganisasjonen som held fram å arbeida i AKP(m-l), like fullt om denne delen var eit mindretal i grunnorganisasjonen før kløyvinga. Om ein grunnorganisasjon vert nedlagd, ekskludert eller på anna vis held opp med å arbeida for AKP(m-l), går all eigedomen han har til AKP(m-l), enten ved distriktsorganisasjonen eller sentralkomiteen. Same reglar gjeld for distriktsorganisasjonar og alle andre partiorgan.

Om medlemer går ut or sentralkomiteen i AKP(m-l), skal partieigedomen tilhøyra eit samla fleirtal i sentralkomiteen, dersom dette fleirtalet òg har gått fram slik det er fastsett i punkt 6 i vedtektene, og har innkalla sentralkomitemøte eller landsmøte dersom det har vore reist krav om det etter vedtektene. Om distriktsorganisasjonar, grunnorganisasjonar og andre partiorganisasjonar fylgjer mindretalet, går all eigedomen deira til fleirtalet i sentralkomiteen på vanleg måte.

Sjuande kapittel: Partiet og andre organisasjonar

17. Medlemene i AKP(m-l) har plikt til å delta i masseorganisasjonar for å stri truge for dei langsiktige og kortsiktige interessene folket har. Det er naudsynt å gå saman med alle progressive der og vinna det store fleirtalet i masseorganisasjonane for ein politikk som verjar medlemsinteressene. Partimedlemer deltar òg i andre organisasjonar enn masseorganisasjonane dersom dette kan tena interessene til folket.

Medlemsskap i organisasjonar utanfor partiet skal alltid kunna godkjennast eller avvisast av partilagsstyre (partiavdelingsstyre) eller høgare organ. Det same gjeld om nokon skal vera med i eit eller anna slag utval eller nemnd som er nedsett av staten eller andre, eller veljast til ombod o.l. Fraksjonar av AKP(m-l) i parlamentariske organ er alltid og i alle saker underordna sentralkomiteen og partiorgan på sitt plan.

18. Partimedlemer som arbeider i andre organisasjonar er underordna den demokratiske sentralismen i partiet. Der fleire partimedlemer er med saman, skal dei samordna arbeidet sitt og te seg eins og samla utetter. Minst ein medlem skal vera sett til å vera formann for det samla arbeidet. Formannen skal vera vald av partimedlemene eller utpeika av eit leiande organ.

Partimedlemene skal arbeida etter desse retningslinene:

[Innhald]


III

Landsmøtemelding
og organisatoriske vedtak

Politisk melding

Vedteken av 1. landsmøte i Arbeidernes Kommunistparti (m-l)

Frå Thrane-rørsla til AKP(m-l)

Den revolusjonære rørsla har djupe røter i norsk soge. Men sogeskrivarane i borgarskapet og hjelpesmennene deira i arbeidarrørsla teier oftast om dette. Før den nye marxist-leninistiske rørsla vart skapt i slutten av 1960-åra, har det funnest tre rørsler som alle på sin måte var revolusjonære. Dette gjeld arbeidarforeningane Thrane leidde midt i førre hundreåret, DNA i ein periode og NKP i eit par tiår etter skipinga i 1923. Desse rørslene gjekk ikkje til grunne som revolusjonære retningar fordi revolusjon og sosialisme var noko framandt for den norske arbeidarklassen. Dei gjekk under eller gjekk frå den revolusjonære vegen fyrst og fremst på grunn av sine eigne, indre veikskapar.

Så lenge det finst klassar og klasseunderkuing vil det òg vera bruk for verkeleg revolusjonære arbeidarorganisasjonar, for kommunistiske parti. Endå mykje har endra seg og levekåra er betra sidan den første Arbeiderforeningen vart skipa i 1848, har ikkje klassesamfunnet vorte borte. Framleis rår utbyttarane, framleis vert arbeidarklassen utsett for dyrtid, arbeidsløyse og vørdslause overgrep. Aldri har så få som monopolkapitalistane i notida rådd over så mange og underkua så mange som dei gjer i dag. Så lenge samfunnet er slik, kan nok den eine eller andre revolusjonære rørsla gå til grunne. Men grunnlaget for ein sosialistisk revolusjon vil framleis vera til stades, og vil alltid på nytt skapa krefter som kan gå fremst i striden.

Borgarskapet freistar i dag å framstilla marxist-leninistane som ein framandlekam i Noreg fordi vi seier greitt frå at vi byggjer på marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking. Dei seier at dette er "utanlandske" tankar. Men den kommunistiske ideologien tilhøyrer ingen særskilt nasjon, han er internasjonal. Den konkrete bruken og utdjupinga av han må vera ulik for kommunistar i ulike land. Når AKP(m-l) og byggjer på teoriane i den vitskaplege sosialismen, fører vi berre vidare dei ærefulle tradisjonane den norske revolusjonære rørsla står for.

Marcus Thrane henta den sosialistiske ideologien sin frå dei utopiske sosialistane, som høyrde til dei lengstkomne sosialistane den gongen. Han makta i stor mon å få sosialismen til å slå rot i norsk jord. Med grunnlag i den utopiske sosialismen greidde han òg å utvikla ei arbeidarrørsle med revolusjonære mål, og det gjer han òg til ein føregangsmann i europeisk arbeidarrørsle.

DNA hadde frå byrjinga alt for veik tilknyting til den lengstkomne revolusjonære teorien i samtida, marxismen. Det fanst likevel dei i partiet som hadde lært mykje av Marx. Dei kom i ein viss mon til å setja merke på politikken til DNA, og det var ofte nett desse som dreiv partiet frametter. Det var òg marxistane i partiet som heldt oppe kontakten med den revolusjonære arbeidarrørsla på den tida. Seinare, og særleg etter oktoberrevolusjonen i 1917, skulle dette få mykje å seia.

NKP innsåg at partiet måtte eigna åt seg marxismen slik han var vidareutvikla av Lenin.

Når vi kommunistar i dag byggjer på marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking, er det for di dette er det mest framskridne uttrykket for den vitskaplege sosialismen i vår tid.

Dei tidlegare revolusjonære rørslene hadde viktige veikskapar. Sume greidde dei å kjempa ned, men ein del lyte og feil vart grunnlaget for at dei gjekk under som revolusjonære arbeidarorganisasjonar. Som i alle revolusjonære rørsler var det strid mellom folk som verja den revolusjonære plattforma og dei som ville bøya av for trugsmål og lovnader borgarskapet kom med, og sto for opportunistiske liner.

I Thrane-rørsla gjekk leiaren for høgrefløya, Abildgaard, inn for ein politikk som i praksis ville seia underkasting for borgarskapet. Dette var med og kløyvde rørsla og veikte ho så avgjerande at staten fekk lett spel til å gje dødsstøyten gjennom arrestasjonar og fengsling.

I DNA vann dei revolusjonære og venstreorienterte landsmøtet i 1918, med Kyrre Grepp som leiar. Partiet gjekk inn i den 3. Internasjonalen, Komintern, men vart aldri gjort til eit parti av verkeleg kommunistisk type. Då Kyrre Grepp var død, arbeidde folk som Martin Tranmæl systematisk for å kløyva arbeidarrørsla og gjera DNA til eit reformistisk samarbeidsparti. Denne retninga møtte stor motstand i arbeidarklassen, som ikkje ville gje opp dei revolusjonære måla sine. Men ved å framstilla seg sjølv og sine som revolusjonære, som dei "verkelege" kommunistane, greidde Tranmæl & co steg for steg å vinna fleirtalet av dei fagorganiserte for klassesamarbeidspolitikken.

Då NKP vart skipa i 1923 var det eit stort framsteg for den revolusjonære arbeidarrørsla. Men partiet hadde alt frå starten viktige drag av veikskap. I ein rad leiiande stillingar sat politikarar som ikkje hadde brote med ideologien i sosialdemokratiet, med opportunismen. Mange rømde over til DNA i 20-åra, nokre vart trotskistar og enda under krigen som samarbeidsfolk med NS! Partiet greidde å reinska ut høgre-opportunistane. Men NKP greidde likevel ikkje å forma ut ei politisk line som kunne stemma opp veksten i høgresosialdemokratiet i DNA. DNA gjekk fram, medan NKP veikna og gjekk attende. NKP utvikla og viktige sekteriske feil i dei første ti åra, og greidde ikkje å fylgja det rådet Stalin gav i 1925 om at "Hovudoppgåva for kommunistpartia i vesten er å knyta partiet til fagforeiningane. Det er å utvikla vidare kampanjen for einskap i fagrørsla og føra han til endes." Gjennom å ta opp dagskrava vart det DNA som vann framgang for reformismen, ved hjelp av dugande opportunisme, medan NKP miste dei faglege posisjonane det hadde og vart isolert.

NKP retta dette delvis i trettiåra, og vart leiande i å skapa ei sterk solidaritetsrørsle for det spanske folket. Partiet tok òg viktige tiltak mot den gryande fascismen i Noreg. Likevel synte partiet ein viktig veikskap i 1940, då det ikkje makta å gjera ein gjennomgripande analyse av stoda etter okkupa~jonen og førebu motstandsstriden. Seinare under krigen vart NKP-medlemene drivkrafta i den aktive motstandsrørsla. Men den nye partileiinga, med Peder Furubotn i brodden, tok samstundes bort det kommunistiske innhaldet i politikken til NKP. I 1945 synte det første resultatet seg: striden i arbeidarklassen vart skuva til sides for ein plass i den borgarlege samarbeidsregjeringa. Medlemene i partiet gjekk motviljuge med på denne borgarlege utglidinga, og Furubotn vart avslørt i 1949 og kasta ut or partiet. Men heller ikkje dette hindra at den nye leiinga og vart ein banebrytar for den moderne revisjonismen. Alt i programfråsegna frå 1953 er proletardiktaturet teke bort som eit naudsynt overgangsstadium til det klasselause samfunnet. Samstundes valde partiet å fylgja og stø opp om den byråkratkapitalistiske utviklinga i Sovjet etter at Stalin døydde. NKP var ikkje lenger eit parti med ein kommunistisk klassekamppolitikk. Dette skapte laglege vilkår for at mccarthyismen i 50-åra kunne knekkja mykje av den innverknaden partiet hadde i arbeidarrørsla.

Den viktigaste lærdomen vi kan ta av dette er at endåtil den beste revolusjonære rørsla kan tærast sund av borgarleg ideologi. Eit kommunistisk arbeidarparti kan berre halda seg revolusjonært gjennom strid mot ideologisk og politisk opportunisme i alle former.

M-l-rørsla veks fram

Kor ille NKP utarta vert understreka av at den marxist-leninistiske politikken ikkje vart teken opp og atterreist innanfor partirekkjene. Tvert om vart det ungdom innan SUF, den halvpasifistiske ungdomsorganisasjonen til SF, som gjekk i brodden for å ta opp den revolusjonære tradisjonen i norsk arbeidarrørsle. Dette har gjeve den nye kommunistiske rørsla i Noreg eit særdrag jamført med dei mange marxist-leninistiske organisasjonane som er skipa etter at sovjet-revisjonistiske parti har kløyvt seg. M-l-opposisjonen i NKP vart først organisert etter at SUF(m-l) og MLG var bygde opp som kommunistiske organisasjonar. Difor laut oppgjeret med den venstresosialdemokratiske SF-ideologien og "det tredje standpunkt" få svært mykje å seia den første tida.

Marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking tok til å vinna tilslutnad i SUF i 1967. Året etter stilte landsmøtet i ungdomsorganisasjonen til SF det som oppgåve å studera denne teorien og måta til den demokratiske sentralismen i det indre livet i organisasjonen. Hausten 1969 stilte SUF seg samla på ei kommunistisk plattform, og tok namnet SUF(m-l). I mellomtida, vinteren 1969, braut ei avskremd høgrefløy i SF med SUF og "den kommunistiske faren" i partiet. Om lag 1/3 av dei aktive medlemene forlet partiet.

Ei lita gruppe kring Ole Kopreitan, Svein Johansen og Kjell Bygstad skipa straks "Marxistiske arbeidsgrupper" (MAG). Dei ynskte å skipa eit nytt "marxistisk", dvs venstresosialistisk parti, raskt, og braut med lina marxist-leninistane sto for: Partiet skal skipast gjennom studium og kamp, det skal verta av kommunistisk type. Det store fleirtalet av medlemene som gjekk ut or SF knytte seg til Sosialistiske arbeids- og studiegrupper (SASG). Gjennom studium og sams praksis med SUF(m-l) stilte desse kameratane seg på ei marxist-leninistisk plattform. Våren 1970 vart MLG skipa. Fram til landsmøtet sumaren 1971 utvikla MLG seg steg for steg til å verta den leiande, partibyggjande organisasjonen i m-l-rørsla. Neste vår slutta og kameratane i MLF (Marxist-Leninistisk Front - ein venstreopposisjon som braut med NKP i 1971) seg til rekkjane i MLG. SUF(m-l) vart ungdomsorganisasjon for MLG frå hausten 1971, og vedtok å gjennomføra ei omdaning frå å vera eit "kommunistisk ungdomsparti" til å verta ein masseorganisasjon for kommunistisk ungdom.

Dei politiske og ideologiske stridane i m-l-rørsla har vore store heilt fram til i dag. Men fordi dei alltid har vore førte gjennom demokratisk massediskusjon og teoretiske studium, har kløyvingane i rørsla vore få og ikkje fått noko å seia organisatorisk. I den første tida - straks etter brotet med Sosialistisk Folkeparti - måtte striden først og fremst stå mot restane av venstresosialdemokratisk ideologi; mot liberalisme i arbeidsstilen og høgreopportunisme i politikken. Heilt fram til årsskiftet 1969/70 var oppgjeret med restane av SF-ideologien avgjerande, og grunnlaget for å kunna atterreisa den kommunistiske rørsla i Noreg.

Men sidan den tida har m-l-rørsla kome opp på eit nytt nivå. Steget er teke frå ungdomsorganisasjon til parti. Medan studium og sal av Klassekampen var hovudoppgåva i den første tida, er det i dag aktiv innsats i striden mot monopolkapital og utanlandsk imperialisme. Frå å vera ei rein ungdomsrørsle - med liten tilslutnad frå arbeidarklassen - har m-l-rørsla greidd å skapa eit parti der over helvta av medlemsstokken er arbeidarar og lågare funksjonærar.

Som landsmøtemeldinga vil dokumentera har AKP(m-l) vore bygt i strid. I dei fleste spørsmåla har m-l-rørsla stått for ein politikk og ei organisering som i stor mon har hjelpt fram den folkelege striden og tent han. Men vi har gjort feil òg - og har måtta stri fram ein marxist-leninistisk politikk mot borgarlege standpunkt på ulike felt.

Det 1. landsmøtet i AKP(m-l) har analysert og oppsummert denne tida, og har gjennom det drege fylgjande konklusjon:

Heilt sidan MLG og SUF(m-l) for alvor tok til å veksa fram som verkelege kamporganisasjonar i 1970, har dei viktigaste politiske stridane i rørsla vore vende mot sekteriske feil, mot "venstre"-opportunismen.

Dette vil på ingen måte seia at det ikkje har funnest utslag av rovediltarpolitikk, redsle for å gå ut i aktiv strid mot klassefienden, og annan høgreopportunisme. Til sine tider har slike feil rådd grunnen i einskilde lag og i særskilde stridar. Men sekterismen har vore hovudfaren, og etter at landsmøtet i 1971 gjorde MLG til den leiande krafta i m-l-rørsla.

I 1972 nådde vi store resultat når det galdt å retta opp og korrigera slike feil. Både gjennom EEC-striden, i fagrørsla, studentpolitikken og den gryande striden mot kvinneunderkuing har marxist-leninistane vakse fram til ei aktiv kraft i einskapsfrontarbeidet. Men framleis står ein del att - ikkje minst evna til å gå i brodden alle stader for å sameina krefter frå ulike politiske parti og grupper.

AKP(m-l) ynskjer å læra av stridane i fortida for å gjera partiet til ei så god kraft som råd er i kampen den norske arbeidarklassen fører. Difor tek vi ope opp kritikken av feil vi meiner marxist-leninistane har gjort. Sume grupper og anti-kommunistar har alt freista å utnytta dette til å gjera feila større enn dei er, svartmåla soga vår og måla sin eigen innsats i gilde fargar. Vi ynskjer å praktisera ein annan stil. Open kritikk og sjølvkritikk er ein naudsynt del av livet til eit verkeleg kommunistisk parti - og eit uttrykk for den politiske styrken i partiet.

[Innhald]

Bakgrunn for sekterismen

"Venstre"-opportunisme og sekterisme er velkjende politiske straumdrag både i og ved sida av norsk og internasjonal arbeidarrørsle.

Anarkismen står for eitt "venstre"-straumdrag. Han er revolusjonær i ord - og er t.d. full av vanvyrdnad for det arbeidet som må gjerast i borgarlege val og parlament i ikkje-revolusjonære periodar. Anarkistane seier nei til disiplin, dei vantar den urikkande og faste haldninga som arbeidarklassen eig. Dei ynskjer å få bort klassesamfunnet, men går mot at proletardiktaturet må til som eit sosialistisk steg før kommunismen kan innførast og staten døy ut! Sosialt er anarkismen - som dei fleste "venstre"-straumdrag - eit småborgarleg, individualistisk straumdrag.

I kvasse konfliktar kjem "venstre"-opportunismen ofte til uttrykk i individuell terrorisme, slikt Svart September står for i våre dagar. I staden for det tolmodige arbeidet som må til for å reisa dei palestinske massane til strid att, gjer ein dei til tilskodarar for eit fåtal "heltar".

Ein annan "venstre"-opportunistisk retning står trotskismen for, som m.a. saboterer alliansar mellom arbeidarklassen og småborgarskapet mot monopolkapitalen. Historisk sett fekk dette si mest reindyrka form i at trotskistane undergrov den anti-fascistiske folkefronten før 2. verdskrigen.

Slike retningar er sekteriske - dei skil seg frå folket og striden det fører. Dersom slike standpunkt får rå i progressive organisasjonar, fører det til isolasjon og til kløyving frå arbeidarklassen. Standpunkta verkar ofte lokkande på revolusjonære frå småborgarlege lag, på ungdom som er onnige og vil ha snøgge resultat i politikken. Sume progressive får òg slik støkk av høgreopportunismen i arbeidarrørsla at dei går så langt "til venstre" som dei maktar. I staden for klassesamarbeidet i DNA set dei strid mot alle som ikkje står for deira eiga vesle retning. Fylgjene vert at den progressive rørsla kløyver seg og veiknar. Objektivt tener dette monopolkapitalen like mykje som rovediltarpolitikk og høgreopportunisme der det.

Den norske m-l-rørsla har ikkje nokon gong stått for ein slik "venstre"-opportunistisk politikk. Frå første stund har marxist-leninistane stridd mot standpunkta i anarkismen og trotskismen, og verja politikken åt den kommunistiske arbeidarrørsla. Men som vi skal syna, har "venstre"-idear og sekterisk praksis samstundes funnest innanfor rørsla. Slike feil har vore ei viktig understilt side ved arbeidet vårt. Vi har gjort sekteriske feil og stridd mot sekteriske feil. Dette er ein del av den ideologiske og politiske klassekampen som alltid vil gå føre seg innanfor ein kommunistisk organisasjon i eit klassesamfunn. For å skjøna betre bakgrunnen for dei sekteriske feila i m-l-rørsla og røtene dei har, må vi peika på tre viktige omstende:

Den norske m-l-rørsla enda ikkje i den eventyrpolitikken som etter kvart kom til å merkja sume av dei progressive ungdomsrørslene i utlandet. Det var fleire grunnar til det. For det fyrste var det opphavlege SUF ikkje fyrst og fremst ei student-rørsle; hovudtyngda var skuleelevar i tradisjonelle arbeidardistrikt i byane. For det andre slutta revolusjonære arbeidarar seg til m-l-organisasjonane i stadig større mon, slik at røtene i proletariatet etter kvart vart faste. Vidare: Rørsla vår var frå byrjinga kommunistisk, og vende seg politisk og ideologisk klårt mot anarkisme og trotskisme. Men det viktigaste av alt var at SUF(m-l) og MLG makta å sjå faren for "venstre"-opportunisme, og evna å ta striden opp mot sekteriske feil.

Mot all trotskistisk politikk

Noka trotskistisk rørsle som er å tala om, har det aldri vore i Noreg; endå Trotski før krigen hadde sine apostlar både i DNA og AUF. Trotskisten Håkon Meyer, som samarbeidde med Quisling under krigen, var òg med å gjera norsk arbeidarrørsle meir motstandsfør mot standpunkta i trotskismen. Men endå den organiserte trotskistrørsla alltid har vore veik, har ikkje trotskist-inspirerte standpunkt vore utan innverknad. I og nær den nye m-l-rørsla har dei stort sett vore samla i to smågrupper. Den eine var klikken rundt Kjell Hovden i gruppa som braut ut av NKP i 1971 (Marxist-leninistisk front). Denne gruppa vart utestengd frå m-l-rørsla av fleirtalet i MLF då dei gjekk til streikebrytar-åtak på Austad-arbeidarane som var i strid i Tromsø hausten 1971. I 1972 dukka ei ny lita gruppering opp i og på sida til studentlaget av SUF(m-l) i Bergen (note 1). Gruppa merkte seg ut gjennom trotskist-inspirert kritikk av Sovjet under Stalin, åtak frå "venstre" på frontpolitikken m-l-rørsla hadde, og polemikk mot synet vi har på småborgarskapet som ein alliert med arbeidarklassen i striden for sosialismen.

Difor skal vi gå gjennom nokre viktige teoretiske og politiske omkverve der marxist-leninistane har stridd for kommunistiske standpunkt mot trotskisme og annan "venstre"-opportunisme.

Forsvar norsk sjølvråderett

Frå første stund har m-l-rørsla stått fast på at den nasjonale striden i Noreg historisk sett har vore progressiv. I dag òg er det herskarklassen som vil gje opp norsk sjølvråderett, og leggja landet heilt ope for imperialistisk utplyndring. Ut frå interessene arbeidarklassen og andre lag av folket har, stiller kommunistane parolen om å verja norsk sjølvråderett. Som ein konsekvens av dette standpunktet gjekk marxist-leninistane mellom studentane i brodden for å atterreisa 17. mai som ein kampdag mot imperialismen, alt i 1970.

Men det har òg vore strid om standpunktet partiet har i dette spørsmålet. Klassekampen nr 10, 1970, som har vore sitert så ofte, slo fast på leiarplass at vern om norsk suverenitet er politikken marxist-leninistane står på. Men i same nummeret av avisa var det òg ein artikkel som gjekk til åtak på lina vi har i det nasjonale spørsmålet. Dette var ikkje "på slump", årsaka var rett og slett at det enno var uklårt for einskilde kameratar i rørsla kva det har å seia å verja sjølvråderetten. Samstundes var det sume som i praksis delte synet trotskistane hadde: at nasjonal forsvarskamp mot EEC-imperialismen var "borgarleg" - ja til og med "reaksjonært". I Røde Fane, som då var bladet til Hovden-gruppa, kom dette etter kvart klårt fram (note 2). Både landsmøtet i Marxist-leninistisk front og M-l-gruppene dekk mot denne politikken sumaren 1971. Gjennom store diskusjonar på seinsumaren og hausten vart heile m-l-rørsla sveisa saman på ei rett line.

Denne politiske konsolideringa hadde òg ein positiv innverknad på arbeidet marxist-leninistane dreiv i EEC-striden. Her makta vi etter kvart å gå i brodden for å streka under det sjølvråderetten har å seia. Som einaste partiorganisasjon reiste MLG parolen som merkte ein god del av EEC-striden i sluttfasen: Nei til sal av Noreg!

Småborgarskapet - ein strategisk alliert

Frå den nye m-l-rørsla tok til og fram til AKP(m-l) har standpunktet vårt til småborgarskapet og "mellomlaga" vore klårt: Vanlege bønder og småbrukarar, fiskarar og småhandlarar, sjølvstendige intellektuelle og andre delar av småborgarskapet er ein del av folket. Dei vert råka av åtaka frå monopolkapitalen i dag, og kan berre løysa problema sine på varande vis gjennom ein sosialistisk revolusjon.

Striden småborgarskapet fører i dag mot avfolking, nedlegging og monopolisering er turvande og framstegsvenleg. Det er imperialismen og monopolkapitalen som øydelegg ressursar og produktivkrefter. Difor har det mykje å seia å vinna dei småborgarlege laga over som allierte med arbeidarklassen både i dagsstriden og i striden for sosialismen.

Hovden-gruppa gjekk mot dette, og ville til og med undergrava samhaldet mellom til dømes arbeidarar og bønder i striden mot EEC-medlemskap. I ordskifta om utkastet til prinsipprogram for partiet berrla talsmenn for den omtala "opposisjonsgruppa" av studentar i Bergen ei tilsvarande haldning: Dei gjekk mot garantiar om stønad til småprodusentane på landsbygda etter revolusjonen, og mot parolen om friviljug kooperativisering.

Det saka dreiar seg om, er kor som er heilt grunnlaggjande for politikken til AKP(m-l): Striden arbeidarklassen fører, må sameinast med striden hjå mellomlaga. Berre då kan ein byggja ein klasseallianse som, med arbeidarklassen som leiiande kraft, er sterk og brei nok til å tryggja siger for sosialismen i landet vårt.

Kva dagskampen har å seia

Gjennom mange år har norske marxist-leninistar lagt stor vekt på arbeidet mot forverringa av levevilkåra for arbeidarklassen og andre lag av folket. I 1969 deltok SUF(m-l) aktivt i å hjelpa fram proteststreikar og demonstrasjonar mot momsen. I alle år har marxist-leninistane fremja politisk og økonomisk støearbeid til streikar på arbeidsplassane. På universitet og skular har m-l-rørsla stått i fremste rekkje for å organisera aksjonar mot dyrtidsframstøytar, rasjonalisering av undervisninga o.a.

"Venstre"-opportunistiske grupper har kritisert og gjort åtak på denne politikken på ymse vis. Den svenske Baude-klikken kløyvde seg ut or m-l-rørsla i grannelandet i 1970 og gjekk m.a. laus på KFML (no SKP) for at dei hadde reist parolen "Bort med moms på matvarer". Slikt skulle vera opportunisme og brødpolitikk! Her i Noreg har liknande "venstre"-kritikarar på universiteta freista å stilla den ideologiske og teoretiske striden i kvass motsetnad til "den perspektivlause" striden mot økonomisk og fagleg versning. I sin visdom har den trotskist-inspirerte "Bergensopposisjonen" funne ut ein ting til: Marxist-leninistane har til særskilt oppgåve i den daglege interessekampen å "tilføre den sosialistiske perspektiver".

AKP(m-l) og den marxist-leninistiske ungdomsrørsla har gjeve, og vil halde fram med å gje, fylgjande svar til slike krinsar: For kommunistane, og ikkje minst for rørsla mellom dei intellektuelle, har det svært mykje å seia å fremja marxismen-leninismen som vitskap. Ein del av denne oppgåva er det teoretiske og politiske oppgjeret med dei uvitskaplege teoriane til borgarskapet. Men å lata denne oppgåva koma "i staden for" masserørsla for dagskrava mellom t.d. den studerande ungdomen, det vil vera grovkorna sekterisme. I ei tid då monopolkapitalen og staten gjennomfører harde åtak på skular og universitet har det særs mykje å seia å sameina alle som let seg sameina mot denne politikken. Det må skje på tvers av vitskaplege og ideologiske skilje. Å hjelpa fram denne einskapsrørsla og gjera sitt til å reisa striden, det er viktig på lang sikt og. For berre ved å vinna eiga stridsrøynsle kan folk flest få tiltru til eigne krefter, til at folket verkeleg kan ha von om å byggja sosialismen og har evner til det. Her som elles høyrer det til oppgåvene for kommunistane å spreia ideen om den sosialistiske revolusjonen, fremja og spreia kjennskapen til den vitskaplege sosialismen. Men til den "spesielle oppgåva" vår høyrer det og å gå i brodden for å reisa den dagskampen dei filosofiske pratmakarane svivyrder, å stå for ein konsekvent einskapsfrontpolitikk og vinna tiltru til kommunistane i folket.

[Innhald]

Stalin-spørsmålet, Kina og AKP(m-l)

AKP(m-l) er eit norsk parti, og tilmåtar den vitskapelege sosialismen på vilkåra for klassestriden i vårt eige land på sjølvstendig vis. Men dette går saman med ein konsekvent proletarisk internasjonalisme. Utan internasjonal solidaritet, utan at folk i strid over heile verda stør kvarandre i kampen, vil imperialismen ikkje verta knust.

Med den internasjonalistiske haldninga si har kommunistane stått mot både høgre-opportunisme og fraseradikalisme i fleire sentrale saker dei seinste åra. Ei av dei viktigaste har vore innstillinga til det sosialistiske Sovjet under leiing av SUKP(b) og Stalin.

Den nye m-l-rørsla er byrg av at ho alltid har stått fast på det kommunistiske standpunktet: Sovjet var den første sosialistiske staten. Proletardiktaturet som velta den herskande klassen og gav makta til arbeidarane og fattigbøndene, måtte gjerast til røyndom under særs vanskelege vilkår. Likevel greidde SUKP(b) å gå i brodden for å byggja sosialismen, industrialisera landet, opplysa folket og sosialisera produksjonsmidla. I heile denne tidbolken hadde støtta frå arbeidarane verda over mykje å seia for at den unge Sovjetstaten kunne stå imot aggresjon og intervensjonskrig frå imperialismen. Under 2. verdskrigen vart Sovjet eit bolverk i striden mot fascismen nett under leiing av Stalin. Under frideringsdagane i 1945 hang biletet av Stalin langs Karl Johan i Oslo. Det norske folket synte på dette viset si takksemd til det landet som meir enn noko anna verka til at Hitler-Tyskland og fascismen tapte.

Dette vil ikkje seia at Sovjet-staten ikkje hadde store lyte, eller at politikken SUKP(b) og Stalin førte ikkje hadde alvorlege feil. Det måtte verta mange feil når landet var det første som skulle byggja opp eit heilt nytt samfunnssystem, sosialismen. Etter vårt syn vart det gjort feil m.a. i den striden som måtte til mot borgarleg byråkrati og fascistisk femte-kolonne i 30-åra. I striden mot dette vart massane mobiliserte i for liten mon, og administrative metodar fekk for stort råderom. Dette førte til at uskuldige vart råka og ein del borgarlege byråkratar, som t.d. Nikita Krustsjov, gjekk fri. Den kinesiske kulturrevolusjonen har seinare gjeve eit historisk føredøme på at demokratisk massemobilisering må vera hovudmetoden når ein skal stri mot og kua borgarlege tilvik under sosialismen.

Men ein slik kritikk byggjer likevel på at vi stør det sosialistiske hovudinnhaldet i politikken som vart ført i Sovjet slik det var då. Denne kritikken skil seg kvast frå den "anti-stalinismen" som trotskistar og andre "venstre"opportunistiske grupper fektar for i dag. I praksis tek dei stilling mot proletardiktaturet, mot sosialismen, og ikkje som dei sjølve seier berre mot lyte og utvekstar i dei sosialistiske landa.

I ei meir aktuell sak òg har skiljet mellom ein sann internasjonalisme og småborgarleg kritisisme kome klårt fram. AKP(m-l) stør alle land som verkeleg byggjer sosialismen. Det vil seia at vi har gjeve aktivt uttrykk for solidariteten vi kjenner med land som Kina, Albania og DRV i striden dei fører. Men vi vrengjer ikkje denne støtta om til å gjelda byråkratkapitalistiske klassediktatur som i Sovjet slik det er no.

I denne samanhengen har sume sosialistar kritisert oss for "å vera bundne av Peking". Sjølv skal dei stå for eit slags 3. standpunkt, med kritiske augnekast i alle retningar! For oss er det ein ynkeleg internasjonalisme som må sidestilla sosialistiske og imperialistiske statar i verdspolitikken for å fekta for "sjølvstendet" sitt!

Er det kan henda "sjølvstende" trotskistane syner når dei målar atterreisinga av kapitalismen Krustsjov gjennomførte i Sovjet i gilde fargar under namnet "liberalisering" og når dei rosar "arbeidarråda" i Jugoslavia og fagnar India for å ha "frigjort" Aust-Bengalen? Dette har ingen ting med verkeleg sjølvstende å gjera. Det syner tvert om korleis ultra"venstre"-politikken når det kjem til stykke slår over i høgre i praksis - slik at han høver med interessene monopola og imperialistane har.

Synet til AKP(m-l) er einfelt: Ut frå vår eigen analyse ser vi på den internasjonale framgangen Kina har som ein progressiv framvokster i verdspolitikken. Og som kommunistar er vi samde i at ein lyt arbeida for å kløyva imperialistmaktene frå einannan, og samla så mange nasjonar som råd er mot overherredømmet til USA- og Sovjet-imperialismen, òg dei med føydale og reaksjonære statssystem.

Sosialistiske land vil òg gjera feil. Proletarisk internasjonalisme vil seia at vi ikkje plaprar etter slike feil. Det vil seia at vi aldri gjev frå oss retten til å døma om ting sjølvstendig, og set fram kameratsleg kritikk når det trengst. Men verkelege kommunistar vil likevel aldri stussa med å gje uttrykk for solidarisk støe til alle land som byggjer sosialismen i kamp mot utanlandsk imperialisme og reaksjon.

Styrk kampkrafta i fagrørsla

Hovudfeltet for massearbeidet til AKP(m-l) vil vera fagrørsla. For i landet vårt er hovudmassen av vanlege lønsarbeidarar organiserte nett der.

Men gjennom lang tid har kampkrafta i fagrørsla vorte mykje veikt. Toppen av LO-byråkratiet - i nært samarbeid med leiinga i DNA - har gjennomført eit storveges klassesamarbeid med monopolkapitalen og den borgarlege staten. Følgjene av denne politikken har ein sett i dei tallause overgrepa som slike "arbeidar"-leiarar har godteke, ja, sett ut i livet mot arbeidarane: Tvungen skilsdom (valdgift), forbod og klassedomar mot rettvis lønskamp, "samordna" (dvs. sentraldikterte) lønsoppgjer. Forfallet har kome så langt at dette toppskiktet sjølv har vorte byråkratkapitalistar: Landsbank-skandalane har berrlagt at toppampane og "arbeidar"-direktørane i fagrørsla nyttar pengane frå dei fagorganiserte til profitt-spekulasjon.

Målet for AKP(m-l) er å stå saman med andre progressive og styrkja fagforeiningane som kamporganisasjonar for arbeidarklassen - for å atterreisa kampkrafta i LO.

Vi marxist-leninistar er byrge over å ha stått i fremste rekkje i striden for å reisa dei krava og parolane som no vinn større og større tilslutnad kringom på arbeidsstadene.

I eit av dei fyrste landsomfemnande flogskrifta sine tok det gamle SUF og SUF(m-l) opp at det er naudsynt med strid mot rasjonalisering og tidsstudiar. Trass i at m-l-rørsla vanta styrke på arbeidsstadene i 1968-69 vart desse ideane viktige for den gryande opposisjonen i fagrørsla. M-l-rørsla var aktivt med i momsaksjonane i 1969 og gjorde ein leiande innsats i og for dei "ulovlege" streikane i 1970. Slik stadfeste ho at ho hadde eit rom i den norske arbeidarklassen og at ho var opptaket til ein fortropp i klassen. Namn som Sauda, Odda, Norgas og Oslo Sporveier varsla om ei ny kamptid hjå dei fagorganiserte.

Men arbeidet i fagrørsla er ikkje berre viktig for den daglege politiske og økonomiske striden. Det er òg svært viktig for å kunna nå det langsiktige revolusjonære målet om eit sosialistisk Noreg. For utan å mobilisera dei samlande klasseorganisasjonane arbeidarklassen har, er det uråd å vinna fleirtalet for sosialismen. Difor er det ei heilt avgjerande oppgåve å veikja innverknaden det borgarlege høgre-sosialdemokratiet har i fagforeiningane. Fagrørsla er det viktigaste støepunktet for høgresosialdemokratiet, og grunnlaget for den politiske og ideologiske makta dei har i den norske arbeidarklassen. Så lenge høgre-sosialdemokratane har så stor makt der, vil dei kunna leggja alvorlege hinder i vegen både for striden for dagskrava og for striden for sosialismen.

Striden dei seinste åra har meir enn tydeleg synt at dette berre kan lukkast gjennom konsekvent einskapsarbeid i klubbar, foreiningar og forbund. Det er viktige ideologiske og politiske skilje mellom partia og gruppene på venstresida i arbeidarrørsla. Men like fullt finst det eit godt grunnlag for sams handling i de fleste klassekampspørsmåla i dag. I EEC-kampen var det nett den sterke stillinga motstandsrørsla hadde på grunnplanet i fagrørsla som gjorde at det var råd å mobilisera store delar av arbeidarklassen mot monopolkapitalen, staten og leiarskiktet i sosialdemokratiet. I mange val til styre i klubbar og foreiningar har det òg synt seg at samhald mellom dei progressive og venstreorienterte har vore lykelen til siger over tillitsmennene for LO-toppen. I viktige foreiningar har dette ført til kollektiv utmelding av DNA. For oss i AKP(m-l) vil desse lærdomane leggja grunnlaget for arbeidet vårt i fagrørsla dei komande åra.

Den norske m-l-rørsla har aldri falle i fallgruvene åt sekterismen, slik t.d. den trotskistiske Baude-gruppa i Sverige gjer med standpunktet sitt om at "kommunistiske celler" skal koma i staden for fagorganisasjonane. Men sekteriske feil har likevel vore med og veikt den faglege politikken vår.

I den fyrste tida då MLG tok til med verkeleg organisert verksemd på arbeidsstadene, var det mange kameratar som ynskte store resultat alt for snøgt. I staden for tolmodig massearbeid og evne til å høyra på arbeidskameratane for å læra av dei, stod dei fram med parolar og agitasjon som no og då berre vart deklamatoriske avdukingar av den "allmenne rotenskapen" i sosialdemokratiet. Sume meinte at ein måtte stå fram dobbelt så radikal som formannen òg i saker der han tok rett standpunkt - t.d. om han var mot EEC. Slike faglege barnesjukdomar vart snøgt kritiserte og kurerte. Men for ei stund gav dei anti-kommunistar i fagrørsla høve til framstøytar for å isolera revolusjonære arbeidarar.

Landsmøtet vil understreka at problemet i dag heller ligg i at partilaga ikkje arbeider konsekvent nok ut i frå at fagrørsla er den viktigaste masseorganisasjonen. Å vera med i små og etter måten tronge aksjonseinskapar vert for ofte prioritert høgare enn innsatsen medlemene gjer i fagforeininga eller klubben dei sjølve er i. Skal partiet kunna tena arbeidarklassen betre - og styrkja røtene sine der - må vi òg i praksis sjå på fagrørsla som det viktigaste kampfeltet for arbeidet vårt.

Medlemer av AKP(m-l) bør stilla til val alle stader til styre i klubbar, foreiningar, avdelingar og forbund dersom arbeidskameratane har tiltru til dei. Partimedlemer må aldri krevja at arbeidskameratane skal vera samde med dei i eitt og alt for å stilla opp.

Som valde ombodsmenn må partimedlemene òg stri mot alle tilvik til byråkrati og pampestell. Det hjelper arbeidarane lite litt inn i framtida at det vert valt "raude" ombodsmenn, dersom ikkje kampevna i fagorganisasjonen vert styrkt. For alle kommunistar og progressive må det vera eit mål å styrkja demokratiet på grunnplanet med avdelings-, foreinings- og klubbmøte som verkeleg diskuterer problema medlemene har. Medlemsaviser og studiesirklar kan vera nyttige reiskapar til å sveisa arbeidarane saman om å stri i lag for interessene sine i ein verkeleg fagleg klasseorganisasjon. Som Marx og Engels slo fast i Det kommunistiske manifestet: Kommunistane "har ingen interesser som er skilde frå interessene heile proletariatet har."

Lærdomane frå EEC-striden

Det viktigaste politiske spørsmålet i åra før partiskipinga var striden om norsk medlemskap i EEC. På fleire omkverve vart EEC-saka ei prøve på korleis m-l-rørsla voks og mogna, på evna ho hadde til å gå i brodden for den folkelege striden. Som vi har nemnt tidlegare førte arbeidet i motstandsrørsla til avklaring og høgre nivå i viktige politiske spørsmål, m.a. om kva den nasjonale sjølvråderetten har å seia og kor viktig det er å styrkja alliansen mellom arbeidarklassen og småborgarskapet. Men fyrst og fremst vart EEC-striden ein skule i praktisk einskapsfrontarbeid. Sigeren i folkerøystinga kom nett fordi det vart skapt ei brei masserørsle, der titusen på titusen av aktive motstandarar organiserte ein brei folkeopinion mot framstøyten frå EEC-imperialismen.

Denne einskapsfronten vart bygt opp gjennom to års strid, både mot pressa og kapitalen til tilhengjarane, og gjennom indre diskusjonar og strid. Marxist-leninistane laut ta imot ei rad med åtak frå krefter innanfor fronten både før og etter folkerøystinga. Ein del av kritikken har vore rett - og vart òg teken opp av m-l-rørsla sjølv. Men ein del anti-kommunistiske krefter har gått lengre, og har nære på omtala hovudinnhaldet i motstandsarbeidet vårt som "sekterisme". Landsmøtet går fast imot slike freistnader på å snu soga om EEC-striden på hovudet.

Då EEC-saka vart brennaktuell på nytt våren 1970 fanst det inga organisert motstandsrørsle. Rett før hausten tok til, skipa ei rad kjende kvinner og menn på venstresida Folkerørsla. På seinhausten byrja ho å veksa fram som ein medlemsorganisasjon med eit meir og meir vektig massegrunnlag. I oktober vart Arbeidarkomiteen mot EEC og dyrtid skipa, på eit møte innkalla av styret i Oslo Sporveisbetjenings Forening og bedriftsklubben på Norgas. Det politiske initiativet til dette var det marxist-leninistane som tok.

Landsmøtet har vurdert utviklinga i EEC-striden, og har kome til den konklusjonen at det var rett og turvande å oppretta og byggja opp Arbeidarkomiteen ved sida av Folkerørsla. Arbeidarkomiteen var frå første stund ei organisering av venstrefløya i einskapsfronten mot EEC. Han fekk særleg mange med seg og mykje å seia i ungdomsmassane, på helsearbeidsstader og industriarbeidsstader med raude kamptradisjonar. Frå våren 1971 voks Arbeidarkomiteen kraftig - og medlemstalet gjekk før folkerøystinga over 20.000. I sak etter sak var Arbeidarkomiteen - med marxist-leninistane som den leiande krafta - med og dreiv motstandsrørsla frametter politisk. I alle saker som kom opp, sto Arbeidarkomiteen fast mot all kapitulasjonspolitikk for den reaksjonære hetspropagandaen frå EEC-tilhengjarane. Døma er mange: Arbeidarkomiteen tok initiativet til dei første aksjonsvekene og demonstrasjonane mot EEC. Hausten 1971, då Folkerørsla dreiv svært lite verksemd utetter, vart det gjennomført landsomfemnande massekonferansar mot "EEC og gjort opptak til den vellukka rørsla for prøveavrøystingar om EEC i bedrifter, bustadstrok, på skular og universitet. Då Bratteli underskreiv trulovingspakta i Brussel, makta Arbeidarkomiteen å svara att snøgt med massedemonstrasjon i Oslo. Medlemer i komiteen sto òg i brodden for dei fleste politiske streikane mot EEC som vart organiserte.

I heile kamptida gjekk Arbeidarkomiteen konsekvent inn for aksjonseinskap med Folkerørsla. Utan "særkrav" og trass i hets og åtak - mobiliserte Arbeidarkomiteen til alle folketoga og aksjonane som den andre motstandsorganisasjonen sto bak. Ein slik sjølvstendig organisasjon ved sida av Folkerørsla kunne gjera djerve opptak til å mobilisera ein konsekvent innsats i striden. Dette styrkte heile motstandsrørsla. Ingen ting tyder på at dette kunne hendt innan rammene av Folkerørsla åleine.

Toppleiinga i Folkerørsla sa nei både til konkrete aksjonar som dei som er nemnde, og til viktige delar av det kulturelle motstandsarbeidet som gjekk gjennom Arbeidarkomiteen. Då Arbeidarkomiteen tok opp kampen for å understreka at sjølvråderetten var hovudsaka, og førte fram slagordet Nei til sal av Noreg, kom det beinveges åtak på dette frå høgrefløya i einskapsfronten. Marxist-leninistane kunne ikkje ha greidd å løysa dei oppgåvene Arbeidarkomiteen tok seg av åleine heller. For det var nett dei tusen på tusen av "partilause" aktivistar som drog tyngste lasset.

Dette vert ikkje sagt for å minka ned på den avgjerande innsatsen Folkerørsla mobiliserte i EEC-striden. Vi dreg det så pass mykje fram, fordi det Arbeidarkomiteen har gjort gong på gong er vurdert for lågt - ja dels rangsnutt - av sume leiande EEC-motstandarar. Folkerørsla organiserte over 100.000 medlemer og sto som arrangør av dei største politiske demonstrasjonane i etterkrigstida. Det vidfemnande opplysingsarbeidet hadde særleg mykje å seia - med "motmelding", hefte, aviser og flygeblad. Saman med Arbeidarkomiteen skapte dette "grasrotarbeidet" ein sterkare og sterkare opinion mot EEC i det arbeidande folket. Med den politiske breidda Folkerørsla hadde i alle landslutar, by som bygd, vart ho den samlande politiske krafta.

Etter folkerøystinga har sume freista å framstilla det EEC-arbeidet som vart drive utanfor Folkerørsla, i eit nesten halv-kriminelt lys. Men slike "oppsummeringar" fell ved nærare ettersyn flatt til jorda. For å mobilisera og vinna fram med EEC-motstanden i DNA, måtte det skipast ein eigen informasjonskomite (AIK), med eigne kontaktar og sjølvstendig opplysningsarbeid. Kvinneaksjonen mot EEC og samarbeidet mellom ungdomsorganisasjonane er tilsvarande døme. Folkerørsla skipa sjølv eit eige Fagleg utval som gjorde eit viktig arbeid på arbeidsstadene. Talrike interesseorganisasjonar dreiv nyttig opplysningsarbeid på kvart sitt felt.

Målestokken på om anti-EEC-arbeidet gagna motstandskampen, kan ikkje vera om det formelt gjekk føre seg innanfor rammene til ein organisasjon. Einskapsfronten mot EEC fekk mange former - organisatorisk òg. Det avgjerande er sjølvsagt om alle desse kreftene - Folkerørsla, AIK, Arbeidarkomiteen osb - drog i same leia, og strei for same målet i staden for å slåst seg imellom. Nettopp fordi dette lukkast i hovudsak vart folkemeininga så brei og slagkraftig. Heile det siste året i EEC-striden hadde leiinga i MLG god kontakt med Fagleg utval i Folkerørsla, og det gjorde at ei slik utvikling gjekk lettare.

Landsmøtet vil samstundes påtala og kritisera nokre viktige feil som den marxist-leninistiske røsla gjorde i EEC-striden. Slik vi har peikt på før, hadde dei fleste feila ein klårt "venstre"-opportunistisk karakter. Klassekampen nr 10, 1970 skreiv om den nyoppretta Folkerørsla at det var ein borgarleg dominert papirfront det var liten grunn til å slutta opp om. Standpunktet var grovt sekterisk. Det var heller ikkje førehatt i noko representativt organ i SUF(m-l) eller MLG, og vart snøgt kritisert av både Klassekampen og marxist-leninistane elles. Røtene til eit slikt sekterisk avvik har fått ein allmenn omtale tidlegare. Attåt kom røynslene frå streikekampane våren 1970, der t.d. sume av dei nye Folkerørsle-leiarane, som Kalheim, spela ei arbeidarfiendsleg rolle. Folkerørsla var òg den fyrste tida i røynda eit "råd" utan grunnplan, og det var eit anna omstende som nok tente til å styrkja ei sekterisk innstilling.

Mange stader arbeidde og marxist-leninistane i Folkerørsla frå første stund. Men det skjedde for stader og for lite konsekvent. Sume stader vart det oppretta lokalkomitear for Arbeidarkomiteen utan omsyn til om til dømes fagforeininga eller klubben var ein meir samlande og slagkraftig reiskap mot EEC. I ein del bustaddistrikt har det òg vore peika på at lokalavdelingane til Folkerørsla høvde til å samla alle EEC-aktivistar. Slike stader burde marxist-leninistane i langt større mon ha samla kreftene der. Allment vil landsmøtet slå fast at marxist-leninistane kom for seint i gang med arbeidet i og for Folkerørsla, og at dette arbeidet vart lågare prioritert enn det som ville ha vore ynskjeleg.

I Arbeidarkomiteen òg gjorde marxist-leninistane feil som bør vera nyttige lærdomar for praksisen vår frametter. I den fyrste tida vart masse-organisering av medlemer skuva heilt til sides for ein forkava "aktivisme". Det vart tilmåta arbeidsmåtar og møteformer som i sume høve var lite laglege for folk som var mobiliserte til politisk arbeid nett føreåt. Det vart lagt for lita vekt på å styrkja det demokratiske livet innetter i organisasjonen, på å hjelpe fram studium, debattblad, meiningsbryting i det heile. Dette vart retta opp ein del i det siste kampåret før folkerøystinga. Men i alt for liten mon fostra fronten aktivistane til nye politiske og organisatoriske leiarar.

Ein del av dei problema og dei feila marxist-leninistane gjorde hadde tvillaust si årsak i indre motseiingar og problem. Hovden-gruppa i Marxist-leninistisk front som den gongen var, køyrde fram ein politisk sekterisme i teori og praksis som braut med prinsippa i marxismen-leninismen på viktige omkverve. Gruppa vende seg med fiendskap mot alle alliansar med Folkerørsla, med småborgarlege EEC-motstandarar osb, og dette måtte vi stri mot gjennom langvarige indre diskusjonar. Dette utvikla tvillaust einskapspolitikken i SUF(m-l) og MLG til eit høgare nivå, men det var òg med og seinka utviklinga i det praktiske einskapsarbeidet. Desse indre problema og ein del av feila i startfasen ville truleg ha minka om medlemsorganisasjonane sumaren og hausten 1970 hadde fått høve til grundige studium av det politiske grunnlaget for EEC-motstanden og prinsippa for einskapsarbeid. Landsmøtet vil difor kritisera at leiingane i SUF(m-l) og MLG for seint gjorde opptak til ei slik demokratisk fostring av grunnorganisasjonane og medlemsmassen.

Under EEC-striden gjorde m-l-rørsla viktige feil. Dei vart kritiserte og retta opp. Visse krinsar freista å utnytta kvart mistak til å spreia lygn og hets om motiva og arbeidet vårt. For dei vart anti-kommunismen viktigare enn samhald i motstandsarbeidet. I avslutninga av EEC-striden vart "SUF" rekna saman med Aftenposten i EEC-nytt frå Folkerørsla. Arbeidarkomiteen fekk åtak mot seg gong på gong utan minste tilføre. Fleire stader var det freistnader på å ekskludera og stengja ute marxist-leninistar frå lokallag i Folkerørsla. Motstandsfolk gjekk endå til åtak på politiske streikar på arbeidsstadene. SUF(m-l) vart utestengt frå Ungdomsaksjonen mot EEC.

Det tener m-l-rørsla til ære at ho svært sjeldan let seg leia vill av slike provokasjonar. Og det tener sume EEC-motstandarar til lita ære at dei gjennomførte ein slik politikk eller godtok han passivt.

AKP(m-l) har oppsummert og freista å dra lærdom av både feil og positive røynsler i EEC-striden. Landsmøtet vonar at andre parti på venstresida vil gjera ein tilsvarande analyse av sin politikk, i staden for å gje vrengjebilete av innsatsen marxist-leninistane gjorde. Når alle kan læra av feila i fortida, vil einskapsarbeidet mot imperialismen i framtida òg verta styrkt.

[Innhald]

Einskap mot høgre

Einskapsarbeidet mot imperialismen og monopolkapitalen er reist i ei rad saker dei seinste åra; det har vakse fram i mange former. Landsmøtet er glad over å kunna slå fast at m-l-rørsla særleg det siste året har hatt stor framgang på fleire omkverve i einskapsarbeidet. Sidan omkverva er så pass mangfelte vil vi berre ta fram dei som har hatt særleg mykje å seia her.

- Solidaritet med folka i Indokina. Gjennom mange år har marxist-leninistane arbeidd i Solidaritetskomiteen for Vietnam. Trass i feil og lyte har dei lokale FNL-gruppene stått for det einaste regelfaste grunnplansarbeidet i Noreg for folka i Indokina. Samstundes har Vietnambevegelsen i Noreg og gjort nyttig arbeid, gjennom kontaktane sine i fagrørsla. Marxist-leninistane har arbeidd aktivt i lag med SF-arar og andre samarbeidspartar for å få til sams tilskipingar mellom dei to Vietnam-organisasjonane. Særleg vart einskapsopplegget under Vietnam-veka 1972 og aksjonane mot terrorbombinga Nixon sette i gang kring nyttår eit viktig steg framover.

- Mot kvinneundertrykking. Kvinnene treng ei eiga kamporganisering. Kapitalismen underkuar og utbyttar arbeidarkvinnene særskilt hardt. Men kvinnene er òg underkua som kjønn utanom arbeidarklassen og dei næraste felagane han har. Kvinnene er over helvta av folkemengda, men dei er enno lite stridsbudde. Gjennom Røde Fane fekk MLG i 1972 fram ein rad verdfulle framlegg til politiske liner for kvinnekampen.

Eit av dei viktigaste stega har vore arbeidet med å gjera den nyskipa Kvinnefronten til ein brei masseorganisasjon, der alle kvinner som vil stri mot underkuinga av sitt eige kjønn kan vera med. Her har dei marxist-leninistiske kvinnene i fleire høve gått i brodden for å visa bort "venstre"-idear om å avgrensa fronten til dei som vil "sosialistisk revolusjon" eller er "medvitne anti-kapitalistar". Skal hovudmassen av kvinner verta vunne for revolusjonen, og det er det strategiske målet AKP(m-l) har, då må ein nettopp gå ut frå det politiske nivået og det røynslegrunnlaget som vanlege norske kvinner frå det arbeidande folket har i dag.

- Fram for samhald 1. mai! På den tradisjonelle kampdagen for arbeidarklassen har marxist-leninistane i fleire år stått i brodden for å få fram eit alternativ til klassesamarbeidspolitikken høgresosialdemokratiet står for. Demonstrasjonane og møta i 1972 var ein framgang i høve til året før både i tal og i kvalitet. Dei fleste stadene var toga og tilstellingane frå Raud arbeidarfront større enn dei DNA hadde hand om. Liksom før mobiliserte desse toga ei rad tverrpolitiske grupper kring lokale krav og parolar; det var stort RAF-tog i fiskeværet Henningsvær i Lofoten, uteliggjarar var med med eigne krav og eiga avdeling i Oslo-toget. For oss kommunistar er nett denne massemobiliseringa hovudinnhaldet i 1. mai-arbeidet, og grunnlaget for alliansar og samarbeid.

Landsmøtet vil likevel kritisera at det var for alvorlege freistnader på å få større politisk breidd bak tilstellingane. Våren 1972 freista sentralkomiteen i MLG å få dette til i Oslo. Gjennom kontakt med sentrale faglege ombodsmenn i Folkerørsla vart det nådd semje om det politiske grunnlaget for ei breiare einskapstilstelling enn Raud arbeidarfront kunne verta. Meir høgreorienterte leiarar i Folkerørsla gjekk mot dette, og det førte til at det ikkje let seg gjera. Landsmøtet sluttar seg heilt til den politikken som vart vald i denne stoda: at ein skipa til Raud Arbeidarfront-tog og gav full støe til tilstellingane Fagleg utval i Folkerørsla fekk i stand.

I åra som kjem bør 1. mai-arbeidet ha til uttala mål å samla så store delar av venstresida som råd er i sams tilstellingar.

Som sagt kan vi nemna fleire døme på einskapsarbeidet marxist-leninistane har stått for: I arbeidet for ei brei, progressiv samling i studentsamfunna har marxist-leninistane vore dei som gjorde opptaket. Medlemer av AKP(m-l) og ungdomsforbundet til partiet arbeider aktivt i målrørsla, i miljøaksjonar og i Kulturfronten. Den borgarlege pressa framstiller dette støtt og stadig som om vi ynskjer "underbruk" for vårt eige parti. Tvert om: Målet vårt er at slike frontorganisasjonar skal samla folk både frå ulike parti og frå dei partilause. Difor må det òg vera sjølvstende og demokrati som merkjer alle organisasjonar som skal samla så mange som råd er i strid for interessene det arbeidande folket har i sak etter sak.

AKP(m-l) må stri langt betre enn marxist-leninistane har greidd til no for å vinna einskap med andre parti på omkverve der klassekampen krev det. Landsmøtet vil difor kritisera vedtaket på landsmøtet i SUF(m-l) i 1969 som peika ut parti som SF og NKP som "den taktiske hovudfienden" for marxist-leninistane. Røyndomen har meir enn klårt nok synt at vi har sams interesser i klassekampspørsmåla i dag og må stå saman med desse partia mot reaksjon og høgresosialdemokrati. Vedtaket frå 1969 skadde vårt eige arbeid for einskap ei tid, og attåt har det gjort det lettare for partisjåvinistane i andre parti å seia nei til naudsynte alliansar og samarbeid.

Landsmøtet meiner at det som først og fremst står i vegen for eit vidfemnande samarbeid med SF i dag, er partisjåvinismen som har merkt den politiske leiinga i SF i ei lang rad med saker. I einskapspolitikken har vi kommunistar eit avgjort inntrykk av at SF i viktige situasjonar kastar over bord prinsippet om å sameina alle som kan sameinast for å stri for ei viss oppgåve. I staden vurderer ein snevert kva alliansar som tener utbygginga av sitt eige parti. Sentrale politikarar i SF har nære på utropt m-l-rørsla til "taktisk hovudfiende" for partiet. Vi har klåre røynsler for at anti-kommunisme korkje vil gagna samarbeidet på venstresida eller for den del tena SF som parti. Når det gjeld NKP ligg det viktigaste hinderet for eit breitt samarbeid i den truskapen sume NKP-leiarar har mot den sovjetiske sosialimperialismen. Same kva synet er på andre ting bør dette kunne overvinnast og ikkje hindra samhald i den daglege klassekampen. Men kvar gong Sovjet gjer nye åtak på striden folket fører, slik som overfallet på Tsjekkoslovakia i 1968, vil NKP-leiinga måtte velja kva som tel mest: omsynet til den norske arbeidarklassen eller truskap mot leiarane i Kreml. I 1968 valde NKP å gå mot invasjonen, endå om protesten var halvhjarta. Det var eit rett standpunkt, som har gjort samhald i andre saker lettare. Men noko verkeleg sterkt og varig samarbeid trur vi ikkje vil koma før NKP bryt banda til dei nye tsarane i Kreml.

Denne konklusjonen vil på ingen måte seia at AKP(m-l) må "setja til sides" den ideologiske og teoretiske striden som trengst mot strategien og politikken SF og NKP vil nytta for eit sosialistisk Noreg i framtida. Tvert om, føresetnaden for eit verkeleg breitt samarbeid i dag er nettopp at vi stiller marxismen-leninismen opp mot alt revisjonistisk tankegods. Men striden innanfor venstre-sida må førast innan visse grenser. Arbeidarklassen har eit objektivt behov for samhald mot overgrepa og politikken monopolkapitalen står for, og det set grensene i dag. Kven som er ven og kven som er fiende i striden, det må vi difor avgjera ut frå kva stilling personar og grupper tek til politikken den herskande klassen fører. Det er vår plikt som kommunistar å sameina den ideologiske kampen mot revisjonisme og sosialdemokrati med vilje til samhald på klassekampgrunn i dag. Berre på den måten kan vi styrkja dagskampen, berre på den måten kan kommunistane vinna fleire og fleire allierte i det langsiktige arbeidet for den sosialistiske revolusjonen.

Korleis m-l-rørsla stiller seg til parlamentariske val

AKP(m-l) vil vera med i stortingsvalet i haust (1973), og ser det som eit mål å skapa frontlister som kan samla venstresida i arbeidarrørsla (note 3). Ved førre stortingsvalet oppmoda SUF(m-l) tvert om til boikott av valet. Slik stilte MLG, SUF(m-l) og MLF seg til kommunevalet i 1971 òg.

Landsmøtet meiner desse valboikottane var rette, og at dei måtte til. Ingen av gongane grunngav m-l-rørsla boikotten med noko prinsipielt nei til parlamentarisk arbeid, eller til å vera med i val. Hovudårsaka var at m-l-rørsla enno ikkje hadde utvikla styrke nok til å stilla sjølv. Og kommunistane kunne ikkje gå med SF eller NKP med dei programma og den praksisen dei hadde. Begge partia spreidde - og spreier - illusjonar om at det er råd å nå sosialismen etter den parlamentariske vegen.

I 1969 og 1971 fanst det ingen organisasjon som kunne stilla opp med ein kommunistisk klassekamppolitikk i valstriden. Oppgåva for SUF(m-l) og MLG var å byggja dette kommunistiske partiet. Dette måtte skje i strid mot reformistisk og revisjonistisk ideologi, som det i hovudsak var SF og NKP som sto for. Leiingane i SF og NKP møtte striden vår for å byggja opp den nye kommunistiske rørsla med harde og hetsliknande åtak. I den daglege striden var avstanden mellom oss og SF/NKP større og i 1969 og 1971 enn han er i 1973 - ikkje minst fordi desse partia no går inn for mange parolar som vi var åleine om i byrjinga (t.d. kamp mot den arbeidarfiendslege rasjonaliseringa). Klassekampen hadde heller ikkje kome opp på eit slikt nivå at dei fleste progressive meinte det var råd å få til eit verkeleg truverdig frontsamarbeid, eller at det trongst.

Når vi likevel ikkje kunne stilla, slik stoda var, var det ikkje rett å oversjå valet, men å boikotta det aktivt. Korkje aktivt eller passivt kunne vi gje SF og NKP noko slag støe ved vala. Då ville folk tru vi stødde partileiarar som sto for eit gale syn på overgangen til sosialismen, som gjekk inn for galne saker i dagsstriden, og på toppen førte ein rasande strid mot rørsla vår. Å seia nei til den galne politikken desse partia sto for vart viktigare enn dei rette einskildstandpunkta dei hadde. Under desse omstenda ville valstøe til SF/NKP vera å setja striden for det kommunistiske partiet attende.

Det var viktig å gjera kjent det strategiske synet kommunistane hadde. Difor fekk opplysing om rolla parlamentet spelar under det monopolkapitalistiske diktaturet, og det at væpna revolusjon må til o.a. ein sentral plass i valboikotten vår. Slik stoda var meiner landsmøtet dette var rett. Men det vart òg gjort klåre "venstre"-overslag i propagandaen vår. Desse feila var særleg av to slag:

Grobotnen for desse "venstre"-frasane er sjølvsagt feil av same slaget som dei vi alt har tala om. Særleg stor skade gjorde tilvika til å sjå på alle partia "som ei blokk", utan ein dialektisk og materialistisk analyse av klassegrunnlaget deira, hovudinnhaldet i politikken osb. Endå om vi må stri mot det synet SF og NKP har på vegen til sosialismen og det sosialistiske samfunnet, burde marxist-leninistane under valboikotten òg slått fast viljen til samarbeid i vanlege klassekampspørsmål.

Når m-l-rørsla i dag har skifta standpunkt til å delta i valet, kjem det i første rekkje av at det er skapt eit kommunistisk parti som er politisk og organisatorisk sterkt nok til å kunna prioritera arbeid på dette feltet òg.

Marxist-leninistane har aldri fylgt anarkistane som programfestar at dei skal seia nei til parlamentarisk arbeid. (Synet partiet har på parlamentarismen er det greidd nærare ut om i prinsipprogrammet.) I den politiske stoda i dag er det rett å utnytta fullt ut dei utvegane det borgarlege valdemokratiet gjev til opplysingsarbeid og organisering, endå om dei er avgrensa. I dag trengst det dessutan kommunistiske målsmenn på Stortinget, dersom ein skal kunna avsløra mytane om det borgarlege demokratiet effektivt nok, og utnytta talarstolen i Stortinget til å stø den folkelege striden på gjennomført vis. Men å delta i val vil alltid vera ei underordna side i det politiske arbeidet partiet gjer.

Når AKP(m-l) i dag ynskjer å delta i eit frontsamarbeid med slike parti som SF og NKP, kjem det av voksteren i masserørsla og einskapsfrontarbeidet. For første gong etter krigen er det skapt tverrpolitiske aksjonar, kampanjar og organisasjonar på ei rad viktige omkverve. Dette har auka evna arbeidsfolk har til å slåst for eigne interesser. Når AKP(m-l) talar om einskapslister framfor dette stortingsvalet, meiner vi ikkje ein smal parti-koalisjon. Målet vårt er røynlege frontlister, der partia vert knytte til og bundne til den progressive rørsla på grasrota.

Fordi klassekampen har kome opp på eit nytt og høgare nivå, og fordi partibygginga er fullført, har landsmøtet vedteke ei anna haldning til stortingsvalet i år enn m-l-rørsla tok til vala i 1969 og 1971.

[Innhald]

Vi treng ein kommunistisk masseorganisasjon for ungdom

I tida før landsmøtet i AKP(m-l) har det særleg vore "venstre"-standpunkt som har hindra vidare framgang i diskusjonane om framtida for SUF(m-l) òg. Landsmøtet ungdomsforbundet heldt i 1971 slo fast at det skulle verta ungdomsforbundet for det nye partiet. Men det skal ikkje sjølv vera eit slags "ungdomsparti", det skal vera ope for alle ungdomar som har medhug med revolusjonen og marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking.

Alt på Komintern-kongressen i 1935 var Dimitrov vis med problemet:

"I ei rad kapitalistiske land er dei kommunistiske ungdomsforbunda våre enno sekteriske organisasjonar som er skilde frå massane. Den største veikskapen dei har er at dei enno freistar å ta etter dei kommunistiske partia og arbeidsformene dei har. Dei gløymer at det kommunistiske ungdomsforbundet ikkje er eit kommunistisk parti for ungdomen. Dei tek ikkje nok omsyn til at det kommunistiske ungdomsforbundet er ein organisasjon som har sine eigne oppgåver. Arbeidsmetodane og arbeidsformene deira må vera måta til etter det konkrete nivået ungdomen står på og det ungdomen har bruk for."

I SUF(m-l) har det vore mange kameratar det siste året som ikkje har skjøna godt nok at når det nye partiet vert skipa, får ungdomsforbundet heilt andre oppgåver enn det gamle SUF(m-l) måtte ta på seg. Sume har vore redde for at forbundet skulle verta utvatna om store flokkar av t.d. ungdomsskuleelevar vert med utan å vera grunnfesta kommunistar. Men i ein verkeleg masseorganisasjon vil sjølvsagt ingen ting vera "heilt reint". Berre gjennom kamp for ungdomen sine interesser, gjennom djerv rekruttering og oppbygging av raude miljø for ungdomen, kan ein leggje grunnen for at tusen på tusen vert fostra til partimedlemer og verkelege kommunistar.

Ingen bør undervurdera dei objektive vanskane det er med å byggja ein slik organisasjon. På mange vis er det noko nytt i vårt land å skapa ein verkeleg masseorganisasjon for raud ungdom. Det skortar på røynsler, det nye slaget organisasjon lyt "prøva seg fram" på mange måtar.

Omdaningsrørsla som går føre seg i ungdomsforbundet tek nett sikte på å løysa desse problema. Ein viktig del av denne må vera å rydja ut alle former for kommanderingsmetodar, overdrivne krav om innsats og liknande i det indre livet i ungdomsforbundet. I mykje større mon enn før må innsatsen leggjast opp etter det dei ulike delane av ungdomen har bruk for, og ein må ta omsyn til det politiske nivået i dei ulike aldersgruppene. Landsmøtet vil streka under at ein må drøfta framlegget om å skipa eit eige studentforbund nøye (note 4).

AKP(m-l) vil ta opp som medlemer dei mange kommunistane som alt er i ungdomsforbundet og som etterkvart vert alne opp der. Sume partimedlemer vil òg ha til hovudoppgåve å arbeida i og for ungdomsforbundet. Landsmøtet vil streka under at det er eit ansvar for partilaga å få eit nært og kameratsleg tilhøve til ungdomsforbundet lokalt, gjera opptak til å drøfta sams problem og gje hjelp når det trengst. Ein må unngå alle former for kommandering av ungdomsforbundet frå partiet si side (note 5).

Fram for eit parti for vanlege folk

Vi marxist-leninistar har gong på gong peika på at det kommunistiske partiet må verta "eit parti av leiarar". Det skal vera den medvitne kommunistiske fortroppen i arbeidarklassen, slik Stalin sa det. Men ein ting har det ofte vore lagt for lita vekt på: Det kommunistiske partiet skal samstundes vera ein del av klassen, kort sagt eit parti for vanlege arbeidarar som alt i dag er viljuge til å vera med i striden for ein kommunistisk politikk.

Lenge hadde vi ein slags "utsilingsteori" i m-l-rørsla. Då dei Sosialistiske arbeids- og studiegruppene vart til MLG fall "dei dårlegaste" av lasset, og når det nye partiet vert skipa minkar vi inn på same viset enno ein gong. Attende står så "kremen" dei "mørkeraude" kommunistane. Sjølvsagt er det rett og naudsynt at dei som trøytnar, som vert passive eller kjem politisk til nedfalls, går ut. Men samstundes: Vi skal ta opp eit stort tal arbeidarar som frå fyrst av ikkje har særskilt stor kunnskap om marxistisk teori.

Det lever fleire "venstre"-idear enno. Den viktigaste er den at berre "skulerte" kommunistar kan sleppa inn. Kva med dei som ikkje har fått noka skulering, har lite utvikla lesevanar eller hardt arbeidspress og difor ikkje har hatt så mange sjansar? Tel ikkje dei politiske standpunkta dei har og røtene dei har i arbeidarklassen mykje meir? Om vi held oppe slike krav vil vi òg vera med å underkua kvinnene. På grunn av borgarleg indoktrinering og underkuing har dei ofte vanskeleg for å "hevda seg" i meir "teoretiske diskusjonar".

Vi må læra oss å sjå at i partiet òg vil stort sett mannlege diskusjonsvane studentar og intellektuelle vinna på at vi pukkar på teoretiske studium i rekrutteringspolitikken. Nei, partiet bør rekruttera kvar klassemedviten proletar og kvinne som er viljug til å stri for kommunismen, og gje tilbod om skulering i partiet.

Her er den nye grunnsirkelen eit viktig tiltak mot sekterisme i studiearbeidet. Vi kan då ikkje venta at alle vi ynskjer skal organisera seg, kan makta å gå "rett laus på" politiske, økonomiske og filosofiske skrifter frå klassikarane. Det kan vera krevjande nok for studentar! Den nye sirkelen byggjer på norske røynsler og gjennomfører eit einfelt språk, og slik kan nye tusen få høve til å studera den vitskaplege sosialismen.

I alt indre organisasjonsliv må vi rydja grunnen for at vanlege medlemer får høve til å arbeida aktivt, og sjølve få veksa gjennom partiarbeidet. Skriv og direktiv må vera på eit einfelt og folkeleg mål. Kameratar som har dårleg råd, store familiebører eller andre vanskar som står i vegen for partiarbeidet deira bør få hjelp av partilaget.

Det at AKP(m-l) skal vera eit parti for vanlege folk, må og få fylgjer for leiinga i partiet på alle nivå. Her òg må arbeidsstil og møteverksemd måtast til slik at folk som har fullt arbeid og familie kan overkoma det. Det er eit mål for AKP(m-l) å ala fram arbeidarar og kvinner til leiande stillingar. Men berre når vi ser på dette som ei verkeleg kampoppgåve kan det koma noko ut av dette.

Skal ikkje medlemer vi tek opp vera "framskridne"? Jau, - men det må først og fremst gjelda når me jamfører med deira eige miljø på jobben, i burettslaget, i friviljuge organisasjonar. I partiet er det rom for medlemer på ulike nivå. Difor må kravet om "super-aktivisme" bort! Ei einsleg tobarnsmor skal kunna ha verkeleg von om å kunna vera med. Det same gjeld ein småbrukar som har hardt sesongarbeid eller ein skiftarbeidar med vanskeleg arbeidstid og plikter i huslyden. Dette krev at vi innstiller oss annleis til folk - vi må brigda vilkåra for rekruttering. Men som venteleg er krev, det sitt i organiseringa av det indre partilivet òg.

Mot all sekterisme i det indre partilivet

Som vi har vist har MLG hatt "venstre"-opportunistiske feil i teorien og ideologien, i politikken og i taktikken, og MLG har stridd mot feila sine. Men gjeld dette i organisatoriske spørsmål òg? I høgste grad! Sekterisme i organisasjonen kan ha mange utslag. Vi vil seia at MLG særleg har hatt størst skade av "krigskommunisme", dvs. visse tilvik til ein politikk med å kommandera folk for å nå resultat snøgt.

Eit døme kan vi finna i 1. mai-førebuingane våren 1972. I den første tida var det etter måten lite verkeleg diskusjon om politikken i 1. mai-arbeidet. Det var lite av demokratisk liv. Dårleg arbeid fram til påske var det som kom ut av dette. Slik stoda var meinte sentralkomiteen det trongst ei omprioritering av alt arbeid og strame direktiv for arbeidet dei siste vekene. På stutt sikt har slike inngrep mykje å seia. Men vi bør stri for å koma frå at slikt skal vera "turvande". For på lang sikt el dette fram ein stil der folk får melding etter melding og alt er "krise-kjør". Kva skal det tena til å få resultata snøgt dersom kadrane går trøytte?

Heilt fram til sumaren fekk denne stilen mange utslag i MLG. Sentralkomiteen oppsummerte at arbeidsutvalet måtte lastast for denne utviklinga framfor andre, og la opp ein kampanje for å retta opp desse feilane. Fylgjene av "krigskommunismen" vart skildra slik:

Vi går utanom eller øydelegg all langsiktig planlegging i organisasjonen. Møte og kampanjar som kjem brått på, tek over i staden. Ein slik stil der grunnorganisasjonane og kadrane usjølvstendige. Det vert vanskeleg å laga lokale planar. På lang sikt driv vi rovdrift på innsatsen og offerviljen hjå medlemene. Slik vert endå til dei mest einfelde oppgåvene ei plage som krev omframttiltak for å verta gjennomførte.

Det ideologiske grunnlaget for "krigskommunismen" er at det skortar på evna til å tenkja og arbeida med omsyn til kadrane, dei som skal setja politikken ut i livet. På den måten vil vi lett koma til å sjå på dei vanlege medlemene som reiskapar, og på leiarane som "supermenneske". Lykelen i striden mot denne ideologien kan stutt oppsummerast i to ting: Planlegging og styrkt demokrati. Då vi oppsummerte desse feila og gjorde tiltak etter slike retningsliner, gav hausten 1972 positive resultat:

Dette vil ikkje seia at alt er lyst, at krigskommunismen er borte. Men det vil seia at vi er komne eit stykke på veg med å få bort ein slik borgarleg og sekterisk stil i det indre livet vårt. Det er ei viktig oppgåve for det nye kommunistiske partiet å halda fram med denne striden.

Ein annan viktig "venstre"-tendens i det indre livet i m-l-rørsla er visse tilfelle av illegal stil i organisasjonsarbeidet. Nokre døme: I sume storlag har styret supplert seg sjølv, utan noka form for val eller førehaving mellom medlemene. Sume stader i landet har storlag vorte skipa utan at Sentralkomiteen har fått melding eller har godkjent det. Svært mange stader har det vakse fram ein stil der ein ikkje er så nøye med å gjennomføra vedtak på demokratisk vis som bind både styret og medlemene. Og til slutt: Då kameratar frå SUF(m-l) skulle takast opp som medlemer hausten 1972 gjekk sume av storlagsleiarane i MLG og "plukka ut" folk dei "ville ha med", utan at SUF(m-l)-laget fekk høve til å seia meininga si. Til overmål vart det og slurva med opptaka, slik at det sume stader skjedde utan verkeleg førehaving og votering.

Det er innlysande at både demokratiet og sentralismen i MLG veikna av dette. Å slurva og slumpa med slikt legg dessutan vegen open for organisert fraksjonsverksemd. Eit styre laget ikkje har hatt høve til å vurdera og velja samla, vil ikkje kunna gjera krav på tiltru og mynd på lang sikt. Det er gjennom demokratisk massemobilisering vi kan oppnå den einskapen i rørsla som gjer oss slagkraftige i striden mot klassefienden. Lat oss dra nytte av slike røynsler, seia nei til all revisjonisme i det indre partilivet og ha vyrdnad for vedtektene til det komande partiet!

[Innhald]

Studium, tryggingsarbeid, økonomi

I det indre partilivet byggjer AKP(m-l) på den bolsjevikiske tradisjonen. Det indre livet i partiet vårt rettar seg etter kva analysen vår av samfunnet seier om korleis partiet skal sjå ut. Eit parti som vil leia revolusjonen kan ikkje vera vasse og utflytande utan eins framferd. Det kan ikkje lita på nokre få som rår med den revolusjonære teorien, det kan ikkje leggja nettet sitt ope for fienden. Det kan ikkje vera økonomisk avhengig av staten åt monopola.

Den demokratiske sentralismen i partiet har landsmøtemeldinga alt kome inn på. Vi skal no peika på det studia våre har å seia, saman med tryggingspolitikken vår og den økonomiske politikken. Dette er omkverve der vi har henta kveik frå den internasjonale kommunistiske rørsla, men formene har vi funne gjennom røynsler i vår eiga rørsle, så politikken vår her er rotfest i rørsla.

Studium

Utgangspunktet er at alle partimedlemene må få visse for at dei kan studera den vitskaplege sosialismen. Steg for steg må den vanlege medlemen læra å rå med marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking, og læra å bruka dette i politikken. Berre slik er vi skikkeleg trygge mot revisjonistisk utgliding. Slik kan partiet få stor slagkraft, fordi kvar medlem kjenner måla vi strir for og maktar å verja dei. Difor må vi alltid halda oppe den marxistiske skuleringa i partiet.

Samstundes må vi makta å gjera skuleringa konkret og handlingsretta. Ho må vera knytt til norsk røyndom og ikkje verta høgttravande og venda seg innetter. På dette omkvervet kan studia våre betrast mykje. Vi har teke til med det, og vi vil halda fram.

Studia må og vera slik at dei gjev eit allsidig skuleringstilbod til dei kameratane som har dei mest grunnleggjande studia bakom seg. Her har vi ikkje kome langt enno. Men når vi går ut frå dei røynslene vi har, bør det vera råd å koma eit langt steg vidare alt tidleg i den første landsmøtebolken i partiet. Ein eigen partiskule må vera målet for AKP(m-l).

Trygginga

Eit revolusjonært parti som ikkje tryggjer seg mot infiltrasjon og overvaking frå klassefienden, er i beste fall eit svært truskuldig revolusjonært parti. Røynsler syner at klassefienden kan likvidera slike parti når han tykkjer det trengst. Eit revolusjonært parti som tryggjer seg ved å halda seg borte frå massestriden og vert hysterisk, er ikkje lenger noko revolusjonært parti. Vi vender oss frå begge desse avvika. Vi meiner at massearbeidet er det beste tryggingsarbeidet. Det set oss i stand til å "ferdast i massane som fisken i vatnet", samstundes som medlemslister, leiing og organisasjonsnett vert haldne borte frå SIPO-kartoteka.

Økonomi

Vi kan berre byggja økonomien vår på friviljuge tilskot frå vanlege arbeidsfolk. Difor har kvar einaste tiøring sitt å seia for oss, og han kan ikkja sløsast bort. Det er stort sett vanlege arbeidsfolk som gjev dei midlane vi får til rørsla, og dei må vi bruka på eit vis som gjer at dei tener striden folket fører så godt råd er.

Men eit pengestell som byggjer på sparsemd, kan ikkje tola rot. Rot vil seia at ein sløser, orden i pengesaker vil seia at ein får oversyn, at ein får høve til å leggje planar, og dermed til å spara.

Dette er to hovudprinsipp.

Endå om vi utnyttar dei lovfeste måtane til å ta imot statsstønad, vil vi aldri binda oss til slik stønad. Dei partia som har vorte bundne på denne måten har falle som lette offer for borgarskapet når situasjonen kvesser seg til.

AKP(m-l) er skipa!

Den nye norske marxist-leninistiske rørsla byrja som ein ungdomsopposisjon i eit venstre-sosialdemokratisk parti. Den revolusjonære arven frå Thrane-rørsla, det tidlegare DNA og NKP, vart vidareført på nytt. Rørsla tok opp striden mot sosialdemokratisk og revisjonistisk teori og ideologi, og ho stilte seg konsekvent på standpunktet til arbeidarklassen i sak etter sak. Gjennom dette vart det skapt ein kommunistisk kjerne.

Landsmøtet i MLG i 1971 stadfesta at eit nytt nivå var nådd i det partibyggjande arbeidet som då hadde byrja. For første gong fekk vi ein partiorganisasjon og eit kommunistisk ungdomsforbund. Etter at Hovden-gruppa måtte gå ut or Marxist-Leninistisk Front, og dei fleste av kameratane der søkte om opptak i MLG våren 1972, fekk vi organisatorisk einskap i m-l-rørsla. Utviklinga desse åra er ei soge om klassekamp, og oppgjeret med .opportunistisk teori og praksis i eigne rekkjer måtte til som ein del av denne striden. Alt vinteren 1970 tok SUF(m-l) og det nyskipa MLG steget frå studieringar og sal av Klassekampen til full deltaking i stridane arbeidarklassen og folket førte. Som ei ny og ung rørsle måtte marxist-leninistane gjera feil, og den største fåren av alle var den sekteriske frasepolitikken. Dei åra som har gått fortel og om sekteriske feil. Men dei fortel meir om strid mot "venstre"-opportunismen, og om ærleg vilje til å retta feila og få rørsla til å veksa.

Dei som er mot kommunismen og revolusjonen, vil freista dekkja over dette siste. Dei vil som alltid fråssa i feila våre, gjera dei større og vrengja på dei. Dersom slike "historikarar" fekk arbeida i fred, ville det verta lite ære att for både den norske og den internasjonale kommunistiske rørsla! I dag har det særskilt mykje å seia at vi analyserer innsatsen vår i dei siste åra. For nett denne syner at m-l-rørsla har vakse gjennom strid, vakse frå "sekt" til parti!

Fleire ting syner at MLG var mogen for å løysa den partibyggjande oppgåva:

Vi kunne skipa eit nytt kommunistisk parti! Og ei sak til var like viktig: Vi burde gjera det snøgt. For striden arbeidarklassen og folket fører, veks i dag på alle omkverve. Alle stader er det difor meir og meir bruk for samordning og leiing. Ingen av dei partia som finst, har synt at dei er i stand til å fylla denne rolla. MLG har delvis kunna ta på seg dei leiande oppgåvene eit parti får, men berre delvis. Når vi skipar eit nytt kommunistisk parti vil standpunkta våre få større mynd og auka slagkraft. Proklamasjonar kan ikkje gje partiet noko leiande rolle, det må det stri seg til, skapa gjennom eigen praksis. Men like visst er det at striden arbeidarklassen og folket fører no, treng den politiske leiinga som berre eit kommunistisk parti kan utvikla.

Difor var det og ei politisk plikt for landsmøtet å skipa partiet no!

Bygg ut partiet!

Då folket sa nei, leid politikken åt monopolkapitalen det største tapet han har fått i etterkrigstida. Men etter at herskarklassen først måtte ta to steg attende, har han òg synt seg i stand til å ta eitt fram. Snøgt tok maktapparatet og propagandaapparatet hans til med oppgåva å venda folkemeininga på nytt.

Det har kome åtak på det arbeidande folket på andre omkverve òg. Dyrtid og skatteplyndring har skapt pengevanskar for alle arbeidarhuslydar. Avfolking og miljøproblem aukar heller enn minkar. Dette stiller store krav til arbeidet kommunistane skal gjera i tida frametter. I denne meldinga vil ikkje landsmøtet gje nokon fullnøyande analyse av dette, men vil likevel peika på nokre viktige lærdomar for framtida.

For det fyrste syner denne gjennomgangen av politikken og utviklinga vår at vi framleis må stri for å verta kvitt alle restar av "venstre"-opportunisme. Særskilt viktig er det at vi strir konsekvent for samhald med andre parti og grupper på omkverve der klassekampen krev det, og der at det er råd å skapa alliansar.

Landsmøtet har vurdert om det kan tenkjast at "pendelen svingar", at dei viktigaste feila kan verta feil som har høgre-opportunistisk innhald. Etter landsmøtet si meining finst det ikkje nokon slik klår høgrefare i partiet i dag. Men som vi nemner i innleiinga i denne meldinga, finst det viktige høgre-tilvik hjå sume kameratar og i einskilde lag.

I arbeidet for å gjera opp med sekterismen i alliansepolitikken har t.d. sume marxist-leninistar gjort samarbeid med andre parti til eit vera eller ikkje vera for alt frontarbeid. Så snart det lokale SF-laget stiller seg på bakbeina og nektar samarbeid, gjev dei opp. Men det ville vera rein rovediltarpolitikk å binda til dømes eit 1. mai-opplegg, eller for den del ein valfront, til at visse parti går med. Det avgjerande for oss kommunistar må vera å mobilisera partilause og uavhengige progressive. Når vi allierer oss med andre parti, kan dette gå lettare, men det at partibreidda vantar, må aldri få stogga massearbeidet for kommunistane.

Det viktigaste for partiet no må vera å vedgå at dei objektive politiske omstenda frametter innbyr til at høgreopportunistiske standpunkt og kan vinna fram. Vi er inne i eit oppsving i klassekampen, og det står m.a. på programmet å delta i parlamentariske val og å styrkja ein brei nasjonal einskapsfront. Dersom AKP(m-l) ikkje no er på vakt mot høgre-tilvik, som t.d. å leggja alt for mykje vekt på parlamentariske val og valresultat, eller å underkasta seg for småborgarlege straumdrag i einskapsfronten osb, då vil det i framtida verta ein slik fare i partiet.

Landsmøtet vil atter streka under at arbeidet i fagrørsla må få høgste prioritet. Etter stortingsvalet hausten 1973 vil førebuingane til tariffoppgjeret neste år ta til. Alt i oktober vil statsbudsjettet koma med nye åtak på arbeidarklassen og andre lag av folket. Utan at den organiserte arbeidarklassen vert mobilisert, kan slike åtak ikkje stoggast. Ikkje ein gong dei mest talrike elev- og studentaksjonar kan vinna fram åleine. I året som kjem vil alliansane med andre progressive grupper og få mykje å seia. Dei fagorganiserte medlemene i AKP(m-l) bør leggja stor vekt på å få fram eit breitt einskapsarbeid framfor alle val til styre i grupper, klubbar og foreiningar. Einast ei samla venstreside kan ha noka von om å minska innverknaden og kontrollen høgresosialdemokratiet har.

AKP(m-l) er eit arbeidarparti. Det skal konsekvent tena interessene til arbeidarklassen og det arbeidande folket. Partiet vil verta nøydd til å gjera kompromiss og ha ein ledug taktikk for å vinna framgang. Men same kva partiet kan vinna på det isolert sett, kan det aldri gjera kompromiss som inneber at AKP(m-l) svik grunnlaget sitt: Å stri for interessene til arbeidarklassen.

AKP(m-l) er eit revolusjonært parti òg. Politikken vår må difor vera slik at han gjer stoda så lagleg som råd er for arbeidarklassen i den stunda situasjonen er vorten revolusjonær. I dag står ikkje den sosialistiske revolusjonen på dagsetelen. Då er det ikkje oppgåva for partiet vårt å driva og førebu ein væpna oppreist, men å stri med fredelege middel for dei interessene arbeidarklassen har i dag. Men lina vår kan ikkje i dette arbeidet heller vera slik at ho kjem i strid med det langsiktige målet: At arbeidarklassen, i samlag med andre klassar og grupper i folket, skal verta herre i eige land.

Når vi skipar AKP(m-l) har m-l-rørsla nådd eit strategisk mål vi sette på saklista for meir enn fire år sidan. Men korkje skipingsfråsegn eller ynska våre kan føra til at partiet maktar å leia arbeidarklassen i strid. Berre år etter år med seigt og tolmodig arbeid i teneste for folket kan skapa den tiltrua og dei røtene som verkeleg kan gjera partiet til politisk fortropp for den norske arbeidarklassen.

Frå første stund må vi difor leggja stor vekt på å byggja ut og styrkja partiet, dra retteleg mange folk med i politisk praksis og studiearbeid. Vi må vera djerve når vi rekrutterer, og arbeida aktivt for å spreia vekeavisa Klassekampen. Det må organiserast kommunistisk arbeid i fleire og fleire byar og bygder, i fabrikkar og bustadområde.

Leve Arbeidernes kommunistparti (marxist-leninistene)!

Notar:

Notane er skrivne til den første offentlege utgåva av landsmøtemeldinga i juni 1973.

[Innhald]


Reis kampfond for partiet!

AKP(m-l) har teke på seg den store oppgåva å leia striden dei norske massane vil føra for betre kår, for revolusjon og sosialisme.

Det politiske arbeidet er hovudoppgåva for partiet i dag. Men då trengst det eit mødesamt arbeid i pengevegen. Den økonomiske styrken i partiet vil få mykje å seia for slagkrafta og breidda i det politiske arbeidet.

Oppgåvene er mangfaldige og store. Partiet skal tena folket.

Å tryggja partiet med ein sunn og veksande økonomi tener striden i dag, det tener revolusjonen og sosialismen. Kameratar, ver med og reis Kampfondet for partiet!


IV

Politiske fråsegner

EEC

AKP(m-l) vil uttala om utfallet av folkerøystinga:

Folkerøystinga var ein stor siger for den folkelege motstandsstriden mot EEC. Men i tida som har gått sidan har det vist seg at dei kreftene som arbeidde for å få Noreg inn i EEC, ikkje vil ha full vyrdnad for folkeviljen i avrøystinga.

AKP(m-l) åtvarar mot ein handelsavtale som gjev opp sjølvråderett eller fører til snikinnmelding. AKP(m-l) vil særleg åtvara mot framlegget om ein utviklingsklausul i avtalen. AKP(m-l) krev at spørsmålet om fiskerigrensa skal haldast utanfor avtalen.

AKP(m-l) vil oppmoda andre politiske organisasjonar som fagforeiningar, bonde- og fiskarorganisasjonar, parti og andre til å halda ved lag motstanden mot EEC. Arbeidarkomiteen mot EEC og dyrtid og Folkerørsla bør samordna motstandsarbeidet sitt og byggja ut einskapen mellom alle EEC-motstandarar.

Det er heilt klårt at striden mot EEC vil halda fram!

Forsvar det nei folket sa til EEC!

LO-kongressen 1973

Situasjonen for den norske arbeidarklassen er i dag merkt av at økonomien versnar og arbeidsplassane er utrygge. Dei store monopola aukar profitten, det arbeidande folket må betala. Arbeidarklassen treng ei sterk, stridsdugeleg og demokratisk fagrørsle for å verja interessene sine mot storkapitalen.

Omframt-kongressen i LO stødde norsk medlemskap i EEC i fjor (1972). Dette berrla for kvar og ein at dei fagorganiserte ikkje har nokon demokratisk kontroll over det høgste organet i fagrørsla. På bakgrunn av udemokratiske valordningar er makta i dei leiande organa i fagrørsla samla i hendene på ein liten flokk samarbeidsmenn i LO-leiinga.

Eit rettvist krav frå dei fagorganiserte er at LO-kongressen i mai i år (1973) legg grunnlaget for ein ny politikk som kan setja klassekamp i staden for klassesamarbeid. Einast ein slik politikk vil kunna ta vare på interessene dei fagorganiserte har.

Dersom eit slikt krav vert oversett, vil det føra med seg at dei vanlege medlemene i større mon enn før vil måtta ta saka i eigne hender.

Landsmøtet i AKP(m-l) oppmodar dei fagorganiserte på grunnplanet til å krevja at LO-kongressen oppfyller fylgjande krav:

LO-kongressen må:

Stortingsvalet

På landsmøtet sitt har AKP(m-l) vedteke å delta i stortingsvalet i haust (1973). Slik det går fram av prinsipp-programmet, trur vi ikkje sosialismen kan gjennomførast gjennom Stortinget. Likevel meiner vi det er rett under dei noverande tilhøva å delta i stortingsval og utnytta deltakinga til å fremja folkelege interesser.

Partiet er budd på å stille lister i alle fylke. Samstundes veit vi at i breie lag av folket rår det eit ynske om progressiv einskap ved valet. Difor vil vi gjera vårt for å klårleggja om det er von om og grunnlag for eit frontsamarbeid ved valet i haust.

Av dei politiske sakene partiet vil føra fram i valstriden i haust vil vi mellom anna leggja vekt på fylgjande:

Arbeidsprogrammet landsmøtet har vedteke, syner kva politikk partiet har på desse omkverva og andre. Vi vil aldri spreia myten om at Stortinget kan ordna opp i desse sakene. Det er berre den striden folk fører sjølve som kan gje resultat. Folket treng kommunistiske tingrepresentantar for å syna korleis styresmaktene freistar gå rundt krava, og krevja dei ansvarlege til rekneskap for den folkefiendslege politikken staten fører. Alt dette skal skje fullt offentleg.

Arbeidarane, bøndene, fiskarane og andre lag av det arbeidande folket får ikkje tryggja interessene sine under kapitalismen, men berre under sosialismen. Som parti vil vi syna dette i valstriden, og eventuelt frå talarstolen i Stortinget. Vi vil òg visa at parlamentarismen ikkje er eit system som gjev folket det avgjerande ordet når politikken skal formast ut.

Landsmøtet gjev Sentralkomiteen fullmakt til å tinga om valsamarbeid med andre parti, grupper og einskildpersonar. Føremålet må vera å verja det nei folket har sagt til EEC, og å gje dei progressive eit klårt alternativ til DNA/LO-leiinga. Dersom det let seg dera, vil det svara til den sterke trongen til einskap som finst ute i folket no.

Vi er viljuge til å gå inn i ein slik front dersom han i røynda høver til å mobilisera mykje folk mot monopola og imperialismen. Elles må føresetnadene vera:

[Innhald]


V

AKP(m-l) og Raud ungdom

Dei to fråsegnene som fylgjer skildrar tilhøvet mellom AKP(m-l) og ungdomsorganisasjonen Raud ungdom.

Landsmøtet i AKP(m-l) vedtok å helsa den kommunistiske ungdomsorganisasjonen i Noreg, SUF(m-l).

På landsmøtet i mars 1973 gjorde SUF(m-l) følgjande vedtak: "SUF(m-l) vedtek å skifta namn til Rød ungdom. På nynorsk skal organisasjonen heita Raud ungdom."

Landsmøtet vedtok òg ei fråsegn om AKP(m-l) som slår fast at Raud ungdom er ungdomsorganisasjonen til partiet. Samstundes skal ungdomsorganisasjonen ha politisk sjølvstende som før.

Til Sosialistisk ungdomsforbund
(marxist-leninistene)

Kameratar!

Den 18. februar vart partiet røyndom, Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) vart skipa.

Fire år med tolmodig arbeid har gjeve resultat, og dei markerer ein ny og viktig fase for den norske revolusjonære rørsla.

Skipingslandsmøtet i AKP(m-l) vedtok å helsa den norske kommunistiske ungdomsrørsla, og helsa SUF(m-l).

Ved skipinga har AKP(m-l) m.a. den viktige styrken at den største og mest aktive ungdomsorganisasjonen på den norske venstresida stør partiet.

Kameratar i ungdomsforbundet!

De har ansvar for det store arbeidet å gjera kommunistisk arbeid mellom dei breie laga av den norske ungdomen. Mykje er alt gjort, men framleis har de ei stor og vanskeleg oppgåve framfor dykk: Å verta ein masseorganisasjon som kan organisera nye tusen av vanlege norske ungdomar.

Vi ynskjer dykk all framgang i den store rørsla for å laga SUF(m-l) om til ein slik masseorganisasjon.

Vi ynskjer dykk framgang i striden for å utvikla leiinga for ungdomsstriden på fleire og fleire omkverve, og i arbeidet med å ala fram tusental nye kommunistar frå ungdomsrekkjene.

Våre beste revolusjonære helsingar,
1. landsmøte i AKP(m-l)

Leve Arbeidernes kommunistparti (m-l)

I februar i år (1973) vart Arbeidernes Kommunistparti (m-l) skipa. Raud Ungdom meiner at AKP(m-l) er det einaste partiet i Noreg i dag som er røynleg revolusjonært. AKP(m-l) veit at politikk ikkje først og fremst er arbeid på Stortinget og i alle slag nemnder. Dei arbeider for at massane skal ta saka i eigne hender.

AKP(m-l) legg stor vekt på å stø ungdomsopprøret. Landsmøtet i Raud ungdom vedtok at vi skal vera ungdomsorganisasjonen for AKP(m-l). Det vil seia at vi stør deira arbeid og dei stør vårt. Men du treng ikkje vera samd i alt partiet står for, for å verta med i Raud Ungdom. Vi avgjer sjølve kva politikk vi skal ha.

(Skrive på grunnlag av vedtak frå landsmøtet i Raud ungdom februar 1973.)

[Innhald]


VI

Proletarisk internasjonalisme
Helsingar

Til Kommunistisk Forbund Marxister-Leninister, Danmark

Kameratar!

Den 18. februar i år vart Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) skipa, og heldt det fyrste landsmøtet sitt i Oslo.

Skipinga av AKP(m-l) er eit resultat av det arbeidet MLG og SUF(m-l) har gjort dei siste fire åra for å byggja eit kommunistisk parti i Noreg.

Marxist-leninistane i dei to landa våre har lenge hatt eit godt og kameratsleg hopehav.

Skipingslandsmøtet for AKP(m-l) helsar Kommunistisk Forbund (Marxister-Leninister) med ynsket om at striden vi er saman om vil verta styrkt i dei åra som kjem.

Våre beste revolusjonære helsingar
1. landsmøte i AKP(m-l)

Til dei marxist-leninistiske gruppene i Finland

Kameratar!

Den 18. februar vart Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) skipa på det fyrste landsmøtet i Oslo. Partiskipinga er eit resultat av det arbeidet og den striden som ML-gruppene og SUF(m-l) i Noreg har gjort dei fire siste åra.

Den marxist-leninistiske rørsla i dei to landa våre har lenge hatt varme og kameratslege samband. Vi helsar difor den marxist-leninistiske rørsla i Finland, og ynskjer at banda mellom dei to organisasjonane vert endå sterkare i framtida.

Våre beste revolusjonære helsingar
1. landsmøte i AKP(m-l)

Til Oyggjaframi (m-l), Færøyane

Kameratar!

Den 18. februar i år vart Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) skipa, og heldt det fyrste landsmøtet i Oslo.

Når AKP(m-l) no er skipa, er det eit resultat av det arbeidet MLG og SUF(m-l) har gjort dei siste fire åra med det for auga å byggja eit kommunistisk parti i Noreg.

Det er kameratsleg samband mellom dei marxist-leninistiske rørslene i dei to landa våre.

Skipingsmøtet for AKP(m-l) helsar Oyggjaframi (m-l) med ynsket om at det kameratslege hopehavet vårt og striden vi er saman om vil verta styrkt i åra som kjem.

Våre beste revolusjonære helsingar
l. landsmøte i AKP(m-l)

Til Det Sosialistiske Kampforbundet, Island

Kameratar!

Den 18. februar vart Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) skipa, og heldt det fyrste landsmøtet i Oslo.

Når AKP(m-l) no kan skipast, er det eit resultat av det arbeidet MLG og SUF(m-l) har gjort dei siste fire åra med det for auga at dei skulle byggja eit kommunistisk parti i Noreg.

Den revolusjonære rørsla i dei to landa våre har kameratsleg samband.

Skipingslandsmøtet for AKP(m-l) helsar Det Sosialistiske Kampforbundet med ynsket om at det kameratslege hopehavet og den striden vi er saman om vil verta styrkt i åra som kjem.

Våre beste revolusjonære helsingar
1. landsmøte i AKP(m-l)

Til Sveriges Kommunistiske Parti

Kameratar!

Den 18. februar i år vart Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) skipa på det fyrste landsmøtet i Oslo. Partiskipinga er eit resultat av den kampen MLG og SUF(m-l) har ført i fire år for å byggja eit kommunistisk parti i Noreg.

Den marxist-leninistiske rørsla i dei to landa våre har alltid hatt eit nært og kameratsleg samarbeid. Skipingslandsmøtet for AKP(m-l) vil gjerne få helsa Sveriges Kommunistiske Parti med ynsket at striden vi er saman om, vil verta styrkt endå meir i åra som kjem.

Våre beste revolusjonære helsingar
1. landsmøte i AKP(m-l)

[Innhald]

Til Arbeidspartiet i Albania

Kjære kameratar!

Den 18. februar vart Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) skipa i Oslo.

Partiskipinga er eit resultat av det arbeidet og den striden MLG og SUF(m-l) har ført i fire år for å byggja det kommunistiske partiet i Noreg.

Når vi har arbeidd for å utvikla røtene partiet har i proletariatet, og når vi har stilt oss i brodden for massekampen i Noreg, har marxismen-leninismen spela ei grunnleggjande rolle. Like eins når vi har utvikla taktikk og politikk for det revolusjonære arbeidet i Noreg.

Den norske marxist-leninistiske rørsla har alltid hatt eit varmt og nært tilhøve til Arbeidspartiet.

Den konsekvente striden APA har ført, leidd av kamerat Enver Hoxha, mot kapitalisme, imperialisme, moderne revisjonisme og all reaksjon, har vore til stor kveik for oss i striden.

Landsmøtet vil difor helsa APA og ynskja at banda mellom dei to partia våre vil veksa seg sterkare og sterkare.

Våre beste revolusjonære helsingar
1. landsmøte i AKP(m-l)

Til Kinas kommunistiske parti

Kjære kameratar!

Den 18. februar vart Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) skipa i Oslo.

Partiskipinga er eit resultat av det arbeidet og den striden MLG og SUF(m-l) har ført i fire år for å byggja det kommunistiske partiet i Noreg.

Når vi har arbeidd for å utvikla røtene partiet skal ha i proletariatet, og når vi har stilt oss i brodden for massekampen i Noreg, har marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking spela ei grunnleggjande rolle. Like eins når vi har utvikla politikken og taktikken for det revolusjonære arbeidet i Noreg.

Den norske m-l-rørsla har alltid hatt eit varmt tilhøve til KKP og det kinesiske folket. Landsmøtet vil difor helsa KKP og den store leiaren formann Mao Tsetung, og ynskja at banda mellom dei to partia våre vil styrkjast i tida frametter.

Våre beste revolusjonære helsingar
1. landsmøtet i AKP(m-l)

Til Det koreanske arbeidarpartiet, Den demokratiske republikken Korea

Kameratar!

Den 18. februar 1973 vart Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) skipa på det fyrste landsmøtet i Oslo. Partiskipinga er eit resultat av det arbeidet MLG og SUF(m-l) i Noreg har gjort dei siste fire åra.

Når vi har arbeidd for å utvikla røtene partiet har i arbeidarklassen, utvikla ei leiing for massekampen på fleire og fleire omkverve og utvikla ein politikk og taktikk for det revolusjonære arbeidet i Noreg, har marxismen-leninismen spela ei grunnleggjande rolle.

Arbeidet Det koreanske arbeiderpartiet har gjort, leidd av kamerat Kim Il Sung, med å byggja sosialismen og stri mot imperialismen, er ein god kveik for den internasjonale kommunistiske rørsla.

Landsmøtet i AKP(m-l) helsar difor Det koreanske arbeidarpartiet, og vonar at kontakten mellom partia våre vil veksa seg sterkare i tida som kjem.

Våre beste helsingar
1. landsmøte i AKP(m-l)

Til Det vietnamesiske arbeidarpartiet, Den demokratiske republikken Vietnam

Kameratar!

Det fyrste landsmøtet i Arbeidernes Kommunistparti (m-l) helsar den store sigeren det vietnamesiske folket har vunne over USA-imperialismen.

Trass i at USA i mange år har freista å kua motstandsstriden, har dei lidd eit stort tap.

Terrorbombinga like før nyåret vart snudd til eit våpen mot USA sjølv. Djerv motstandsstrid og kraftige reaksjonar frå folkemeininga i verda førte til at Nixon laut skriva under fredsavtalen.

Denne avtalen byggjer heilt på prinsippa i sju-punktsframlegget for fred PRR la fram. Han er såleis identisk med avtaleframlegget som USA saboterte i fjor haust (1972). Avtalen stadfester at Vietnam skal ha sjølvråderett og vera ein heilskap når det gjeld landområde. Dette er dei prinsippa USA-imperialismen har krenkt så grovt i alle år.

Når avtalen no er underskriven er det ein stor siger for folket i Vietnam og eit knusande tap for USA-imperialismen.

Folket i Vietnam, med Arbeidarpartiet i DRV og PRR i brodden, har no teke det største og viktigaste steget fram mot ei endeleg lausriving frå imperialismen. Vi er trygge for at neste stykke på vegen, å kasta ut quislingen Thieu, vil verta gjennomført med like stor framgang.

Arbeidernes Kommunistparti (m-l) vil arbeida for å styrkja solidaritetsarbeidet for Vietnam her i Noreg i tida frametter. Vi vil aktivt gå inn for å reisa eit folkekrav om at PRR skal godkjennast, og at Noreg skal bryta med Saigon-juntaen.

Leve venskapen mellom våre to folk! USA-imperialismen vil verta knust!

Våre beste revolusjonære helsingar
1. landsmøte i AKP(m-l)

[Innhald]

Til dei marxist-leninistiske partia og organisasjonane i verda

Kameratar!

Den 18. februar vart Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) skipa på det fyrste landsmøtet i Oslo.

Partiskipinga er eit resultat av den striden M-l-gruppene og SUF(m-l) har ført gjennom dei siste fire åra.

Striden mot EEC har styrkt røtene partiet har i massane. I striden for å skipa eit marxist-leninistisk, kommunistisk parti i landet vårt har marxismen-leninismen-Mao Tsetungs tenking spela ei grunnleggjande rolle.

Striden den internasjonale kommunistiske rørsla er saman om mot imperialisme, moderne revisjonisme og all reaksjon vil visseleg vinna vidare framgang.

I samband med at vi skipar partiet, vil vi senda revolusjonære helsingar frå oss til alle marxist-leninistiske parti og organisasjonar.

Lenge leve den proletariske internasjonalismen!

Våre beste revolusjonære helsingar
l. landsmøte i AKP(m-l)

Til Den provisoriske revolusjonære regjeringa i Republikken Sør-Vietnam (PRR) og Den nasjonale frigjøringsfronten i Sør-Vietnam (FNL)

Kjære vener!

Det fyrste landsmøtet i Arbeidernes Kommunistparti (m-l) helsar den store sigeren folket i Vietnam har vunne over USA-imperialismen.

Endå USA i mange år har freista kua motstandsstriden har dei lidd eit tap som svir. Terrorbombinga nett før nyår (i 1972) vart snudd til eit våpen mot USA sjølv. Djerv militær vernestrid og kraftig reaksjon frå folkemeininga i verda førte til at Nixon laut skriva under fredsavtalen.

Denne avtalen byggjer heilt på prinsippa i sju-punktsframlegget for fred PRR la fram. Han er såleis identisk med avtaleframlegget USA saboterte i fjor haust (1972). Avtalen stadfester at Vietnam skal ha sjølvråderett og vera eitt land. Dette er dei prinsippa USA-imperialismen har krenkt så grovt i alle år.

Når avtalen no er underskriven, er det ein stor siger for folket i Vietnam og eit knusande tap for USA-imperialismen.

Folket i Vietnam, med Arbeidarpartiet i DRV og PRR i brodden, har no teke det største og viktigaste steget fram mot ei endeleg lausriving frå imperialismen. Vi er trygge for at neste stykke på vegen, å få kasta ut quislingen Thieu, vil verta gjennomført med like stor framgang.

Arbeidernes Kommunistparti (m-l) vil i tida framover arbeida for å styrkja solidaritetsarbeidet for Vietnam her i Noreg. Vil vi gå aktivt inn for å reisa eit folkekrav om at PRR skal godkjennast, og at Noreg skal bryta med Saigon-juntaen.

Leve venskapen mellom dei to folka våre. USA-imperialismen vil verta knust!

Våre beste revolusjonære helsingar
1. landsmøte i AKP(m-l)

Til Den patriotiske fronten i Laos (Neo Lao Haksat)

Kjære vener!

Den 18. februar vart Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) skipa på det fyrste landsmøtet i Oslo. Partiskipinga er eit resultat av det arbeidet M-l-gruppene i Noreg og SUF(m-l) har gjort i dei siste fire åra.

Det laotiske folket strir ein djerv og framgangsrik strid mot imperialistiske åtak og heimleg reaksjon. Denne striden er ein stor kveik for partiet vårt. Vi vil difor helsa Den patriotiske fronten i Laos.

Våre beste revolusjonære helsingar
1. landsmøte i AKP(m-l)

Til Den nasjonale einskapsfronten i Kambodsja (FUNK)

Kjære vener!

Den 18. februar i år vart Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistane) skipa på det fyrste landsmøtet i Oslo. Partiet er eit resultat av det arbeidet M-l-gruppene og SUF(m-l) har gjort i dei siste fire åra.

Det kambodsjanske folket fører ein djerv og framgangsrik strid mot amerikanske åtak og quisling-regimet under Lon Nol. Striden det kambodsjanske folket fører under leiing av FUNK er ein sterk kveik for partiet vårt. Vi vil difor helsa organisasjonen dykkar, og vi vil halda fram med å samla så mange som råd er, for å stø striden det kambodsjanske folket fører.

Våre beste revolusjonære helsingar
l. landsmøte i AKP(m-l)

Til Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO), til Al Fatah

Kjære vener!

Den 18. februar vart Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) skipa på det fyrste landsmøtet i Oslo.

Striden det palestinske folket har ført mot sionismen og USA-imperialismen har alltid vore til stor kveik for oss.

Difor vil vi helsa den palestinske frigjeringsrørsla. Vi er overtydde om at det palestinske folket vil vinna siger i den rettvise striden mot dei israelske åtaksmennene.

I vårt land vil vi halda fram å arbeida for å samla alle som kan samlast til å stø det palestinske folket si sak.

Våre beste revolusjonære helsingar
l. landsmøte i AKP(m-l)

Til Sinn Fein, Irland

Kameratar!

Den 18. februar vart Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) skipa på det fyrste landsmøtet i Oslo.

Partiet er eit resultat av den striden og det arbeidet MLG og SUF(m-l) har stått for dei siste fire åra.

Striden det irske folket fører mot britisk imperialisme og for eit samla Irland har vore til stor kveik for oss. Dei to folka våre strir den same striden mot medlemskap i EEC.

Det er kameratslege band mellom dei to organisasjonane. Leiarar for den irske frigjeringsrørsla har vitja landet vårt og informert det norske folket om situasjonen i Irland.

Vi vil helsa partiet dykkar, og vonar at sambandet mellom oss må verta endå betre i tida som kjem.

Våre beste revolusjonære helsingar
1. landsmøte i AKP(m-1)


Til innhaldslista ||| Gjeldande program ||| AKP si heimeside