Dette er ein del av julehelsinga 2004 på www.akp.no.
Les gjerne innleiinga her.

Sanninga - del 9

Khrusjtsjov var nådelaus og mangla respekt for folks liv og gudegitte rettar. Dette blei klart i all sin vondskap i november 1956.

Da knuste raude stridsvogner og våpen det ungarske folket som kjempa for fridom frå Russland.

Raudehæren drap rundt 30.000 ungararar, medan han slo ned opprøret. Liknande opprør vart slått ned i Aust-Tyskland og Polen.

Samstundes, i Moskva ...

- Kameratar, tankane til Marx og Lenin styrer no meir enn treparten av verda og førti prosent av folka

- At Kina har vorten kommunistisk, har styrka makta vår.

- Men vi må halde fram å spreie kommunismen til han kontrollerer heile verda. Det må alltid vere målet vårt.

- USA er hovudfienden vår. Dei har atomvåpen, slik som vi. Vi kan ikkje kjempe ein total atomkrig mot dei, utan at vi er trygge på å vinne. Kanskje kjem den dagen ein gong. I mellomtida må vi freiste å vinne hovuda til folk med andre middel. Om vi kan ta over andre land med "små" krigar og vanlege våpen, så gjer vi det ...

- ... men den viktigaste kampen er den om hovuda til folk. Vi må overtyde verda om at kommunismen er frelsaren. Kan vi få det til, så vinn vi verda utan å løysne et einaste skot.

Dette vart slagmarka for "den kalde krigen", ein krig som skulle kjempast om hovuda til folk - særleg i dei landa som enno ikkje hadde valt side. "Små" krigar - som kunne utvikle seg til atomkrigar - skulle kjempast med russisk hjelp. På stader som Hellas, ...

... Korea og Tibet.

Men hovutpoenget var å overtyde verda om at kommunisme er betre enn fridom.

"Vi leier kappløpet i verdsrommet. Det tyder at kommunismen er best." "Gardsbruka våre er dei beste i verda." "Folk elskar livet under kommunismen." "Vi er dei sanne fredselskarane."

"Ingen andre tar så godt vare på barna sine som vi." "Snart produserer fabrikkane våre meir enn dei amerikanske." "Vi sender varer til framande land av di vi elskar dei." "Vi godtar sjølvsagt at folk utøver religionen sin." "Folk verdset regjeringa ved å røyste for ho."

Sanninga er sjølvsagt heilt annleis!

At dei raude leier i verdsrommet, tyder berre at dei kom tidleg i gang. Dei statseigde gardsbruka deira produserer mykje mindre enn våre privateigde. Dei som "elskar" kommunismen, må gjerdast inne for å hindre at dei flyktar frå landet. Dei raude elskar freden - men berre om dei får det på sitt urettferdige vis. Barna vert undervist i all vranglæra til Marx og Lenin. Enda om dei amerikanske fabrikkane stod stille, ville det ta år før dei raude nådde oss igjen. Raude varer vert gitt til andre land, berre så dei skal stå i gjeld til kommunismen. Berre litt religion, under leiing av dei raude, er lovleg i Russland. Folk må røyste - og dei har ikkje noko val når det gjeld kven dei skal røyste på.

Dei raude har enno eit kraftfullt våpen. I mest alle land i verda er det eit kommunistparti som mottar ordrar frå Moskva. Den minste eininga i partiet er ei "celle". Cellene har jamnlege møte.

- Det nyaste direktivet frå leiarane våre er å stjele alle antikommunistiske bøker frå kommunebiblioteka i USA.

Cellemedlemene kjem frå alle samfunnsgrupper.

- Eg er bibliotekar, så det skal eg fikse lett.

- Eg underviser på universitetet. Eg kan lett ta meg av biblioteket der.

- Eg skal ordne med biblioteket til fagforeininga mi.

Dei må ly leiarane sine blindt.

- Eg har fått ordre om at du må forlate kona og familien for å arbeide i California.

- Om partiet vil det, så lyr eg.

Og leiaren må i sin tur ly sin overordna.

- Din overordna, herr X, har sendt meg for å si at du må organisere ei ny celle på universitetet. Ho skal leie protestar mot styresmaktene, som vi har planar om til neste år.

FBI held eit godt auge med slike aktivitetar.

Det er rundt 20.000 medlemer i kommunistpartiet i USA i dag.

- Men vi i FBI veit at det er mange fleire som hjelper kommunistane - gir dei pengar eller skjul eller anna slik assistanse.

Mange av desse "hjelparane" stør dei raude utan å innsjå det.

- Eg gav ein større pengesum til den spanske flyktninghjelpa. I dag fann eg ut at det berre var eit pent namn på eit kommunistgjeng. Neste gang skal eg vere meir varsam, det er sikkert.

Andre "hjelparar" veit godt kva dei gjer.

- Herr Smith, vi kommunistar har funne ut at du har ein dom for ran. Du må hjelpe oss, elles fortel vi alle venene dine om fortida di.

- Eg skal hjelpe med kva som helst. Men ver god og ikkje seie noko.

Mange partimedlemer har same problemet.

- Det verste eg gjorde, var å falle for dette kommunistiske våset. Men eg kan ikkje gå ut no. Da vil dei presse meg - eller kanskje drepe meg.

Partiaktivitetane i framande land er styrte frå Moskva.

- Dette falske passet skulle få deg trygt inn i Canada, dersom du reiser om Spania. Du skal gje desse ordrane vidare til ein mann du møter i ein park i Montreal ...

På denne måten vert fridomen angripen av kommunistane både innanfrå og utanfrå dei fri landa i verda. Di meir vi veit om dette, di meir vi bed mot det, di tryggare kan vi vere på at åtaka vil mislukkast.


Siste del kan du lese her.