Denne serien har synt korleis dei russiske leiarane har følgt læra til Marx og Lenin, og bak dei har det lege eit blodig spor.

Metodane deira kan skifte. Framfor dei som lyttar til prat om fred, pratar dei om fred. Framfor dei som vil vakle når dei høyrer trugsmål om krig, vil dei truge med krig. Men bakanfor alt dette er eitt mål: verdsherredøme med kva middel som helst.
I kjølvatnet av kommunismen ligg eit spor av mord, løgnar og elende av ein storleik vi ikkje har sett før i historia. Det må verkeleg vere djevelens verk.

Kva så med folk i Russland? Kva slags folk er dei?
Kaukasarar, ukrainarar, georgiarar, tungusar, moskovittar, kirgisarar, armenarar, usbekar, kasakar.
Først og fremst er dei Guds skapningar med kroppar og utomjordslege sjeler, enda om leiarane deira seier noko anna.

Berre 8 millionar av dei 215 millionar innbyggjarane er med i kommunistpartiet. Det er eit patriotisk folk.
- Vi russarar elskar det vakre landet vårt. Sjølvsagt vil vi ikkje at nokon skal ta det frå oss. Informasjonskjeldene våre seier at det er nett det de vil gjere.

Mange ekspertar er samde om at det russiske folket hatar kommunismen.
- Dei som har lukkast å rømme frå det russiske fengselet, seier at dei gjorde det av di dei hatar kommunismen. Og dei seier at venene deira gjer det same. Men dette fengsla folket får berre høyre løgner om den frie verda. Dei er redde - og det kan vi ikkje seie noko på.
- Kommunistleiarane har lovt dei eit betre liv heilt sidan kommunismen kom til makta i 1917. I staden har dei stort sett måtta halde fram med eit liv i frykt og elende.

Leiarane seier at kommunismen fører til eit klasselaust samfunn. Dette er knappast sant i Russland.
- Der er ein av vitskapsfolka på veg heim. Ifølgje styresmaktene er eg i same klasse som han - men det verkar no ikkje slik.
- Mannen hennar er med i kommunistpartiet. Ikkje rart ho kan kjøpe så mykje, i staden for å leve på sveltediett.

Folk får ikkje reise rundt i deira eige land.
- Men eg skal berre vitje foreldra mine i Kiev.
- Du burde vite betre enn å gjøre slikt utan spesialløyve. Du er under arrest.
Dei får heller ikkje skifte arbeidsplass.
- Men den andre fabrikken er nærare der eg bur. Det ville vere mykje betre for meg, og eg er viss på at eg kunne gjere ein betre jobb.
- Dessverre, Igor. Regjeringas kontrollorgan seier du skal vere her - så her blir du.

Dei som går i ei av dei få kyrkjene som framleis er opne, vert nøye overvaka av det hemmelege politiet - og dei får berre dårlege jobbar av styresmaktene. Vi må hugse at russarane er kristenbrørne våre. Vi lyt hate kommunismen - men ikkje det russiske folket som er offer for han.

Vi lyt hate kommunismen av di han freistar utrydde religionen ...
- Kyrkjegjengarar er fiendar av folket og må handsamast etter det.
... av di han på alle vis avviser at Gud finst ...
- Det er ikkje nokon plass i kommunismen for dette tøvet de kallar gud, og når kommunismen kontrollerer verda, vil folk ikkje lenger få lov til å tru på gud på nokon måte.

... av di han bruker alle moglege middel - for å fremje det kommunistane seier vil bli himmerike på jorda ...

... av di dei meiner ein kan overvinne mennesket sin trong til fridom - og gjere det om til noko som liknar ei mekanisk dukke.

Gud har skapt oss med kropp og sjel, og bestemt at vi skal vere lykkeleg med han etter døden. Dette nektar kommunismen heilt for. At kommunismen er djevelens verk, kan vi best finne ut ved å sjå kva kommunismen har gjort med folk som har kome under styringa hans.

Historia om den russiske kommunismen, som denne serien har handla om, talar for seg sjølv. Ho er sjølvfordømmande.
- Men kva kan vi gjere med det? Korleis kan vi stoppe dei?
- Det er fleire ting som barn kan og bør gjere.

For det første lyt vi be. Det er det viktigaste åndelege våpenet vi har. Det er verdt å merke seg at det var i 1917, det året kommunismen tok til i Russland, at den heilage jomfrua synte seg i Fatima og ba om bøner for Russlands omvending.

I det daglege livet som elevar lyt det freiste å vere som Kristus. Det er utruleg kor smittsamt ein slik livsstil er. Han kan spreie seg i lokalmiljøet, i landet og i verda. Så lyt de halde dykk mentalt ovanpå ...

... og også fysisk ... for det kan godt vere at det vert opp til dykk om sanninga skal sigre for godt.

Den dagen kan godt kome da dei mogne kreftene i kropp og sinn vil verte kalla på.
- No er det dykkar plikt å bu dykk på den striden som kan hende ligg framfor dykk. Be hardt, arbeid hardt. For det kan vere opp til dykk om vi skal sigre i slaget.
Og snipp snapp snute - så var den historia ute. Godt nytt år 2005!
Fleire historier - litt annleis - finn du på nettstaden www.akp.no.