Stalin var død. Akkurat som etter Lenin, braut det no ut ein strid i kommunistpartiet om kven som skulle verte den nye tyrannen: Det var mange moglege vinnarar av den kampen.


Enda om dei alle ønska å verte den nye diktatoren, var ingen av dei sterk nok til å ta makta aleine.
- Situasjonen i Russland er kritisk. Nokre av ekspertane våre trur at det russiske folket kan gjere opprør mot kommunistane.
- Ja, kommunismen kjem i vanskar utan ei tøff leiar.

Men det kom inga verkelig omvelting i Russland. Kort tid etter skulle Nikita Khrusjtsjov ta kommandoen.
- Når den russisk-leia kommunismen sigrar over heile verda, vil regjeringane visne bort - slik Marx og Lenin sa. Det vil ikkje lenger vere nokon gud i hovuda til folk, og det vil verte himmerike på jorda.
Khrusjtsjov var fødd for 68 år sidan i Kalinovka, nær Ukraina.
- Ein sønn! Ein dag vil han dyrke jorda saman med meg.

Men i staden begynte Khrusjtsjov å arbeide på fabrikk etter ei kort tid på skole. I 1918, like etter at Lenin hadde kome til makta ...
- Nikita Sergejevitsj Khrusjtsjov, her er medlemskortet ditt i kommunistpartiet. Du er no ein sann kamerat.
I 1925 tok han eksamen frå folkeskolen, som kommunistpartiet hadde sendt han til.
- Eg er svært stolt av vitnemålet mitt. Eg har trass alt arbeidd samstundes.
- Nikita, kan hende partimedlemskapen din kan hjelpe deg opp og fram.

Faktisk var det slik at partimedlemskapen og utdanninga førte til at han forlet arbeidarklassen.
- Den store og strålande arbeidarklassen skal ein dag herske over verda.
- Det er den nye tilsette i kommunistpartiet. Han seier fine ting, men eg høyrer at han er ein vond mann.
Ein dag møtte Khrusjtsjov Lasar Kaganovitsj, ein av leiarane frå den raude revolusjonen og også ven av Lenin og Stalin.
- Du gjer godt partiarbeid, kamerat. Eg trur eg kan hjelpe deg til høgare verv.
- Det vil vere ei ære, kamerat.

Khrusjtsjov si stjerne tok til å stige. Han fekk meir utdanning og viktige verv. I 1954 var han, med hjelp frå Kaganovitsj, blitt leiar av kommunistpartiet i Moskva-provinsen.

I denne perioden blei han ein av Stalins sjefsmordarar. Han sendte tusenvis i døden.
- Det eg har gjort, har vore for kommunistpartiet. Så det er godt.
I ein tale hadde Khrusjtsjov dette å si om myrderia ...
- Dei løfta handa si mot kamerat Stalin. Da løfta dei ho også mot det beste menneska eig. For Stalin er håpet vårt - Stalin er leiestjerna vår. Stalin er viljen vår.

Khrusjtsjov vart sendt til Ukraina, nær hjemstaden sin, for å tukte folket der.
- Khrusjtsjov har vore i Ukraina i to år no, og han har fått avretta 400.000 folk. Det er bra jobba. Sei at han skal kome attende til Moskva.
Mot slutten av den andre verdskrigen vendte Khrusjtsjov attende til Ukraina og fekk enno fleire hundre tusen drepne for å ha ønska tyskarane velkommen til Russland.
- Der er mordaren Khrusjtsjov.
- Dei kallar han "Bøddelen i Ukraina".

På grunn av verksemda hans vart Khrusjtsjov ein av dei mest fortrudde medarbeidarane til Stalin.
- Stalin er ein forræderisk mann. Men eg har ikkje noko å frykte. Han lit på meg.
- Khrusjtsjov er nok den einaste her eg kan lite på.
Etter Stalins død vart Russland ei tid styrt av ei gruppe av Stalins viktigaste medarbeidarar.
- Russarane har ei gruppeleiing no: Malenkov, Berija, Molotov, Kaganovitsj, Bulganin og ein fyr som heiter Khrusjtsjov.
- Det går nok ikkje lenge før det berre er ein av dei att.

Mens dei striddest seg imellom, betra dei kåra for folk - for dei var redde for at det elles skulle verte opprør.
- Der kjem enno ein frå slavearbeidsleirane. Det er mange som vert setne fri no til dags.
- Og har du sett kor mykje fint dei sel i statsbutikkane no?
Berija var den dei andre var mest redd for, så dei slo seg saman mot han. I desember 1953:
- I dag vart Lavrentij Berija, som det er prova var ein forrædar, avretta. Han er ikkje lenger ein fare for folket. Lenge leve kommunismen!

Med Berija av vegen auka Khrusjtsjov innsatsen i kampen om makta.
- Som partisekretær kan eg utnemne folk i staden for handlangarane til Beria. Dei vil stø meg. Eg skal halde meg inne med Sjukov, så får eg støtte frå hæren.
Ikkje lenge etter forsvann enda ein av leiarane.
- Har du høyrt nyhenda? Statsministeren i Russland, Malenkov, har måtta gå av, og Bulganin tar over etter han.
- Ja, det verker som denne Khrusjtsjov står bak alt saman.

Og ikkje lenge etter var det berre ein kandidat att.
- Ja, no er det offisielt. Denne Khrusjtsjov er den nye diktatoren i Russland.
- Kan hende han ikkje er så ille som Stalin.
Til og med Kaganovitsj, som hjelpte han til makta, vart seten på sidelinja.
- Det er Kaganovitsj, den store kommunistleiaren. Kva gjer han her på ein sementfabrikk i Uralfjella?
- Ryktet seier at Khrusjtsjov sendte han hit - for å bli kvitt han.

Og Sjukov, hærleiaren ...
- Sendt i tvangspensjon av mannen eg hjelpte til makta. Det var takka eg fekk!
- No må eg få kontroll over hovuda til folk. Dei hata Stalin, og dei trur eg var med på det han dreiv med. Det er sant. Men dei treng jo ikkje tru det ...

Khrusjtsjov angreip no i ein fire timar lang tale Stalin for alle typar forræderi (som om han, Khrusjtsjov, ikkje hadde hatt noko med det å gjere).
- ... det er openbart at Stalin ved ei rekkje høve synte intoleranse, brutalitet og maktmisbruk ...

Like etter ...
- Nok ei Stalin-statue knust.
- Kanskje kjem det snart ei ny statue der, av Khrusjtsjov.
Og med tida vart kroppen til Stalin flytta frå æresplassen.
For å få støtte frå folk, synte Khrusjtsjov seg ofte offentleg.

Han hadde von om at folk verda over skulle gløyme dei tidlegare brotsverka hans.
- Sjå kor eg smiler. Sjå kor grei eg er. Alle verdas folk, eg er ein helt vanleg fyr. No når Stalin er borte, vil ting endre seg.
Det han gjorde, fekk mange til gløyme seg bort.
- Eg ser at Khrusjtsjov seier han vil leve i fred med verda.
- Ja, er det ikkje kjekt? Han kallar det fredeleg sameksistens.

Desse folka hadde gløymt kommunistane sitt mål: verdsherredøme. Så, i oktober 1956 ...
- Kamerat Khrusjtsjov, det kjem rapportar om at ungararane reiser seg mot oss. Dei seier dei vil ha fridom.
- Dei har fridom! Kommunistisk fridom. Og dei skal få fred - kommunistisk fred.
- Dei må knusast. Send inn stridsvognar og fly til dei er knust.
Del 9 kan du lese her.