Dette er ein del av julehelsinga 2004 på www.akp.no.
Les gjerne innleiinga her.

Sanninga - del 7

Hitlers soldatar marsjerte raskt inn i Russland ... og mange russarar helste dei faktisk med opne armar!

- Velommen til Ukraina! - No vert vi fri att! - Lukk opp kyrkjene og gi oss mat! - Hurra! Landet vert vårt att!

I Kreml i Moskva ...

- Sant nok har femårsplanane styrka hæren, men ikkje nok til å slå tyskarane.

- Korkje folket eller soldatane forsvarer Russland som dei skulle.

- Vi må få hjelp frå USA og Storbritannia, og vi må få folk til å stå saman bak oss - same kva som må til.

Enda ein gong terroriserte det raude hemmelege politiet det russiske folket.

- Men de har ikkje prov.

- Vi treng ikkje prov. Det vert sagt at du ikkje bryr deg om at tyskarane slår oss. Du vert sendt i slavearbeidsleir.

Den russiske hæren vart kontrollert nøye.

- Kvifor skal vi kjempe for Stalin? Han er like ille som Hitler.

- Ivan! Du veit at alle einingar i hæren har ein medlem frå det hemmelege politiet. Pass på kva du seier.

For å få litt gunst frå folk, letta Stalin på dei religiøse restriksjonane.

- I framtida vil den ortodokse kyrkja ha litt fridom, men ho må sjølvsagt samarbeide med kommunistpartiet.

Han appellerte no også sterkt til den russiske patriotismen.

- Målet er klart og ærefullt. Vi vil ha eit fritt Russland. Vi vil frigjere brørne våre frå tyske lenkjer. Patriotar, forsvar fedrelandet!

Den kontinuerlege propagandaen fekk gehør hos folket.

- I radioen sa dei i går kveld at det ikkje gjeld å forsvare kommunismen, men om å forsvare Russland - heimen vår. Eg vil forsvare heimen til døden!

- Lenge leve Russland, det store heimlandet vårt!

Men Stalin forstod at han også trong hjelp frå andre folk.

- USA og Storbritannia veit at vi ønskjer å spreie kommunismen til heile verda. Difor er dei skeptiske til oss.

- Men vi treng krigsmateriell, særleg frå USA. Vårt eige er øydelagt og kan ikkje erstattast.

- Amerikanarane kjenner til Komintern, som har til oppgåve å spreie kommunismen i dei frie landa. Lat oss fortelja heile verda at vi oppløyser Komintern. Då vert skepsisen borte.

(Sjølvsagt vart ikkje Komintern oppløyst. Arbeidet heldt fram i det skjulte.)

På grunn av trugsmålet frå Hitler og løgnene til Stalin, tok USA til å sende forsyningar til Russland. Fram til krigen slutta, sendte USA krigsutstyr for meir enn 11 milliardar dollar til russarane.

I mellomtida gikk USA til krig mot Tyskland og Japan, og Russland vart dermed alliert med oss!

- I går, 7. desember 1941 - ein skammens dag - vart Sambandsstatane angripne plutseleg og med overlegg.

Etter ei rekkje nederlag kunne den russiske hæren - med dei nye forsyningane - forsvare heimlandet med ny kraft. Tyskland angreip Russland i 1942.

Hitlers hær lei alvorlege tap. Tyskland trekte seg attende i 1943.

USA og Storbritannia sigra over ein stor tysk hær i Afrika, inntok Italia og tok til å få overmakt i kampen mot Japan.

- Det er tid for ein amerikansk invasjon.

- Det vert for mykje for Hitler med den russiske hæren på den eine sida og vår på den andre.

6. juni 1944 gikk troppar i land i Frankrike frå historias største armada. General Dwight Eisenhower hadde kommandoen. Troppane hans kjempa seg gjennom Frankrike og inn i Tyskland frå vest. Russiske styrker gikk inn frå aust. 7. mai 1945 overgav Tyskland seg.

Russland hadde enno ikkje avgjort om dei ville hjelpe USA og Storbritannia i krigen mot Japan.

- Eg ser at russarane hevdar at dei vann krigen mot Tyskland.

- Dei burde slutte med jubelen og heller hjelpe oss mot japsen, slik vi hjelpte dei mot tyskarane.

Så, ei veke før Japan overgav seg ...

- Dei sa akkurat på radioen at Russland har lyst krig mot Japan.

- Det er inga overrasking. No kan Stalin seie at han har slåst mot japanarane og kreve at dei avstår noko land.

2. september 1945 overgav japanarane seg til general Douglas MacArthur om bord på Missouri. Den største krigen i verdshistoria var over. Den frie verda så fram til evig fred.

Dei fleste i den frie verda hadde gløymt kjerna i kommunismen.

- Målet med kommunismen er verdsherredøme - med alle middel.

Under krigen hadde det vore eit særskilt møte mellom leiarane i USA, Storbritannia og Russland.

- Så vi har din lovnad at dei landa vi frigjer, skal verte oppmuntra til å danne demokratiske regjeringar.

- Det lovar eg ...

... men berre om Russland får vetorett i den nye organisasjonen, Dei sameinte nasjonane.

- Det skal de få!

(Vetorett = høve til å avvise eitkvart forslag ved berre å seie "Nei".)

Stalin braut lovnaden sin straks, slik ein "god" kommunist alltid gjer.

- No som dei har frigjort landet vårt, kvifor går ikkje dei raude heim?

- Frigjort - ha! Dei blir, slik at dei kan tvinge på oss ei raud regjering - ei som godtar alt som kjem frå Moskva.

Og etter at FN var danna, brukte dei raude naturleg nok vetoretten sin til fulle.

- Nei! Nei!

Ved slutten av 1947 var Aust-Tyskland (med ein del av byen Berlin), Jugoslavia, Bulgaria, Romania, Ungarn, Sakhalin og Kurilane, Polen, Nord-Korea, Tsjekkoslovakia og Albania under full kommunistisk kontroll.

Ein borgar som motsette seg det raude styret, fekk den vanlege handsaminga.

- Nokre år på tvangsarbeid i Sibir skal nok få deg på rette tankar.

Kyrkjeleiarar vart setne i fengsel.

- Regjeringa har i dag vedtatt at primasen i Ungarn, kardinal Mindszenty, skal vere i fengsel resten av livet.

Heime vart Stalin mindre og mindre likt av dei rundt han.

- Berre ein mistanke om utruskap fører til avretting.

- Di høgare ein kjem i partiet, di meir truleg er det at du vil bli skoten, ser det ut som.

Plutseleg, 5. mars 1953 ... "Stalin død". Berre dei som stod nærast veit om han døydde på naturleg vis eller om han vart myrda.

Liket av Stalin vart lagt ved sia av Lenin i mausoleet på Raudeplassen i Moskva. No kunne folkemassen som stod i kø, få sjå to kommunistiske "heltar".


I åttande del kjem historia om Nikita Khrusjtsjov.