Soldatane ut av Irak!

Magnus Bernhardsen

Til innhaldslista for akp.no 2003 ||| Til AKP si heimeside


"- Jeg skulle ha sagt: Dette er en krig, og vi sender norske soldater i krig. Jeg valgte nok ord som ikke var de beste, sa Bondevik." (NTB-melding 2. september 2003.)

Dette er ikkje statsministeren vår som snakkar om dei norske soldatane i Irak. Nei, Kjell Magne Bondevik har no kome fram til at krigen mot Jugoslavia for fire år sidan faktisk var ein krig. Fire år tok det å vedgå dette.

Samstundes er Noreg no med i to andre krigar, i Afghanistan og Irak. Ingen av desse krigane vil Bondevik kalla med sitt rette namn. Nei, dei er humanitære intervensjonar og stabiliseringsaksjonar.

Skal det gå fire år før ein norsk statsminister kan innrømma at Noreg er med på okkupasjonen av Irak?

Den 25. oktober er det verdsfemnande markeringar mot okkupasjonen av Irak under mottoet "Hent soldatane heim".

www.ingenkrig.no/hentsoldatenehjem