Feminismefestival!

Til innhaldslista for akp.no 2003 ||| Til AKP si heimeside


17.til 19.oktober vert det feminismefestival i Oslo. akp.no prata med Jenny Maria Lundgaard, jentepolitisk ansvarleg i Raud Ungdom, for å høyra meir om kva det er for noko.

- Kva skal skje på festivalen, Jenny?

- Me vil freista å gjera feminismefestivalen endå meir som ein festival denne gongen. Det vert politiske verkstader - bøllekurs, feminismekurs fot gutar, verkstader om abort, seksuell trakassering, feministisk teori, prostitusjon og so bortetter. Me skal ha konsertar, og det vert kreative verkstader. På dei kreative verkstadene vil me freista å bryta med kjønnsrollene; breakeverkstad for jenter, ballettverkstad for gutar.

- Kven kjem på konferansen?

- Alle feministar bør koma - det vert nok 250 deltakarar frå heile landet. Det er svært gledeleg at av dei som har meldt seg på til no er det stort sett berre jenter som ikkje har vore i kontakt med Raud Ungdom før. Medlemene og dei gamle travarane melder seg på i siste lita ... Programmet er lagt opp slik at det er noko til glede for nye deltakarar, og noko for dei som har vore med før. Spørsmåla me tek opp er lette å forhalda seg til, dei handlar om kvardagen til folk.

Tid: 17.-19. oktober
Stad: Engebråten skule i Oslo
Pris: 250 med overnatting og mat
Les meir: www.sosialisme.no