Sosialisme ved hjelp av EU?

av Magnus Bernhardsen

Til innholdslista for akp.no 2003 ||| Til AKP si heimeside


Hovudparolane for dei sterke rørslene mot EU i Skandinavia har vore å seia nei til medlemskap, og å kjempa for utmelding om ein er komen innafor.

Ein kan skjøna at folk som har levd innanfor EU lenge tykkjer det verkar urealistisk å kjempa for utmelding. At noko verkar umogleg tyder ikkje at det er ei galen line. Verre vert det når medlemskap i EU vert forklart som ein måte å innføra sosialismen på! I Europa er det mange grupper som kallar seg sosialistar, som tenkjer slik

Francois Vercammen er ein av leiarane i den største av dei mange 4. internasjonalane (for dei innvidde: internasjonale trotskistiske grupperingar), som regel kalla USFI. Det norske Forbundet Internasjonalen er med der. Han vart intervjua i bladet til det danske partiet Socialistisk Arbejderparti om EU-arbeidet i USFI, og seier mellom anna dette om ein sosialistisk EU-strategi:

"- For det første må vi afvise EU, fordi det i bund og grund er anti-socialt og anti-demokratisk. Det må være op til de europæiske folk at diskutere og afgøre de grundlæggende spørgsmål, der påvirker deres liv og fremtid. Den eneste måde, det kan ske på, er gennem almindelig stemmeret, hvor folk vælger deres repræsentanter.

- De valgte repræsentanter må samles på en europæisk kongres, hvor de beslutter, hvilke grundlæggende principper de ønsker samfundet opbygget omkring. De må tage stilling til spørgsmål som privat eller offentlig ejendomsret, demokrati og hvilken slags demokrati, forholdet mellem kvinder og mænd, hvilke samfundsmæssige prioriteringer: uddannelse, sundhed, osv., hvilke grundlæggende borger-rettigheder, og hvilken slags europæisk konføderation de ønsker."

Med andre ord: eit meir føderalt EU med meir makt til EU-parlamentet. Det er strategien for eit sosialistisk Europa! Det eg sit att og undrast på er fylgjande: Ingen stad i Europa er det fleirtal for sosialisme i dag. Korleis skulle det verta det på ein europeisk kongress? Og er det lettare å få til fleirtal i heile Europa, enn i eit land som står utanfor EU?

Du kan lesa heile intervjuet i heftet Sosialistisk Europadebatt.