Kampen mot imperialismen:
Motstanden veks

av Magnus Bernhardsen, medlem av internasjonalt utval i AKP

Til innhaldslista for akp.no nr 3, 2002 ||| Til AKP si heimeside

Aktuelle peikarar:
Internasjonalt utval i AKP ||| Nyhende frå internasjonalt utval |||
Philippine Revolution Web Central ||| Human Rights and People's War in Nepal |||
Partido Comunista Revolucionario de la Argentina |||
Internasjonalt stoff i Røde Fane


Der det er undertrykkjing finst det og motstand. Til vanleg er antiimperialistar kan henda for opptekne med å fortelja om undertrykkjinga - og underslå motstanden.

Folk over heile verda kjemper mot imperialismen, og mot dei undertrykkjande regima dei lever under. Kampane har ulik form og innhald, men dannar saman usynlege band mellom folk. Mange tenkjer på antiimperialisme som motstand mot imperialistiske krigar og intervensjonar. Det er viktig å hugsa på at kampen mot imperialismen også går føre seg heile tida, som kamp for å vinna makt over jord, land og arbeid - og til slutt over statsmakta.

Arbeidet med å byggja ei folkemeining for endring er det viktigaste for revolusjonære kloden over. Gjennom å organisera kampar mot utplyndring og utbytting, byggjer dei organisasjonar og institusjonar som kan føra til omvelting.

Nykoloniale land

I nykoloniale land i den tredje verda krev kampen for frigjering også væpna kamp mot halvføydale regime som samarbeider med imperialistmaktene, særskilt med USA. I dag står revolusjonære i land som Nepal og Filippinane i spissen for slike kampar. Målet deira er å byggja opp sterke revolusjonære rørsler som etter kvart kan tevla med dei reaksjonære regima om makta i heile landet. Ein av styrkane til dei filippinske revolusjonære rørsla er evna deira til å kombinera politisk og væpna kamp.

Dei siste par åra har me sett korleis Argentina har eksplodert i valdsamme gatekampar og demonstrasjonar, med brodden mot den imperialistiske plyndringa av ressursane - og pengane - til det argentinske folket. Dette opprøret er ikkje spontant, det kom ikkje i stand over natta. Det er mange år med tolsamt arbeid som ligg attom. Dei revolusjonære har lagt stein på stein i organisering og propaganda, og dimed kunne ein nå så langt som ein har gjort når timen var inne. Hundrevis av nedlagte fabrikkar er okkuperte av arbeidarane, som sjølve har teke kontrollen over produksjonen. Slik vert nokre frø til eit nytt samfunn sådd.

Latinamerika

I Latinamerika ser me no fleire venstreorienterte presidentar og presidentkandidatar, Chavez i Venezuela, Lula i Brasil, Gutierrez i Ecuador. Desse er borne fram av kampen mot diktata frå Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet, mot at rikdommen skal gå til overklassen og til gjeldsnedbetaling. Dette er tornar i augo til imperialistane. Kan henda får me ein ny «ondskapakse», frå Cuba via Venezuela, FARC i Colombia, Ecuador og til Brasil?

Dei største imperialistmaktene som USA, EU, Japan vil ikkje ha hinder i vegen for plyndringa si av dei undertrykte landa. Difor driv dei utpressing av land som Iran, Irak, Nord-Korea, Syria, Libya osb. Dette er statar som har trossa USA og ikkje bøygd seg for alle påboda derfrå.

Sjølv dei relativt moderate reformane til Chavez var nok til at USA støtta opp om eit kuppforsøk. Det syner oss kor lite avvik frå normen imperialistane godtek.

Antiimperialisme

Verkeleg antiimperialisme krev at dei undertrykte landa tek kontrollen over sin eigen økonomi, eksproprierer dei utanlandske eigedomane i landet og fører ein politikk for utvikling på eigne premiss. Imperialistane har gode hjelparar i regima i desse landa, som gjer kva dei kan for å hindra ei slik lausriving. Difor er kampen mot imperialismen i dei undertrykte landa også ein kamp mot kapitalistar og føydalherrar.

For antiimperialistar i det imperialistiske Noreg, er det viktigste ein kan gjere å slåst mot den norske borgarskapen, mot norsk tilknyting til blokkar som EU og Nato, mot den aggressive militærpolitikken, mot regjeringa si logring andsynes USA, og for ein aktiv og brei solidaritet med dei som slåst for frigjering.