Tilbake til tariffsida | Til AKP si heimeside

Fra Leiv Olsen (15. juni)

Læraravtalen held ikkje det folk trur

Lesarinnlegg til Stavanger Aftenblad

Eg skreiv i Aftenbladet 5. juni at lærarane bør stemma nei i årets tariffavtale. Elsa Bakken og Karl Gjedrem, leiarane for Rogaland Lærarlag, er ikkje einige, dei skriv positivt om avtalen i lesarbrev 13. juni. Takk for kommentaren, men har de grunnlag for det de skriv?

La meg fyrst seia at eg trur Bakken og Gjedrem er minst like opptatt som meg av at lærarane skal få ein god avtale. Men eg trur dei les avtalen langt meir positivt enn det er grunnlag for i teksten. Dei skriv t.d.: «Selve tariffoppgjøret vil gi lærerne en lønnsøkning i snitt på cirka 27.000 kroner over to år.» Det er det ingen som veit. Det vi veit, er at det er avtala kronetillegg og lønstrinn som til saman vil gi HALVPARTEN av dette, 13-14.000, over to år. Mot at vi gir avkall på dei fire ekstra feriedagane som andre får. Dessutan er det sett av pottar som det skal forhandlast om. Som eg skreiv, er det mange som vil vera med på å fordela desse pottane. Tautrekkinga vil bli beinhard, og under dei forhandlingane har vi ingen streikerett. Det som talar til fordel for lærarane (og nokre andre yrkesgrupper), er at det er avtala såkalla føringar for den største potten, den dei skal forhandla om no i sommar. 2,2 % skal fordelast slik at stillingar som slit med rekruttering, høgtutdanna grupper og kvinnedominerte yrke skal få mest. EG skreiv at dette kan gi «eit par lønstrinn til alle lærarar og litt meir til enkelte». Det hadde vi blitt fortalt då eg skreiv innlegget mitt. No viser det seg at eg var for optimistisk, for i orienteringa som følgjer stemmeseddelen står det om den same potten: «I SNITT er det rom for 2 lønnstrinn pr lærer...» (mi utheving). I snitt betyr at nokre får meir og andre får mindre. Med andre ord: I sommar kan alle lærarar få EITT lønstrinn på toppen av dei 5.000 som alt er klare.

Reknestykket mitt blir då slik: 5.000 kroner pluss eitt ekstra lønstrinn blir til saman ca 10.000 i år. Neste år får vi eitt lønstrinn i staden for fleire feriedagar, vi får 3.200 kontant, og vi får krangla om nokre mindre pottar, som KANSKJE kan gi eitt lønstrinn til alle og meir til enkelte. Det betyr 8.500-13.500 til alle neste år. Eg stressar kva alle får, for gjennomsnittet er uinteressant dersom forskjellane
aukar. Og arbeidsgivarane har sagt klart frå at dei ønskjer at forskjellane skal auka.

Resten skal skolepakka gi oss. Intensjonserklæringa seier klart at det er vi lærarar som skal finansiera skolepakka, at vi kan få ut meir i løn dersom vi kan redusera utgiftene for arbeidsgivaren vår. Så dette kan vi strengt tatt ikkje rekna som tillegg.

Bakken og Gjedrem deler ikkje min mistillit til arbeidsgivars og eigne organisasjonars motiv. Kan dei gi oss ein einaste grunn til å stola på arbeidsgivaren vår? Flotte ord kan dei alltids gi oss, husk at arbeidsgivaren vår er dei politikarane som har lang erfaring i å lova og lyga. I 1993 forlenga dei dessutan arbeidsåret vårt med tre dagar, utan å legga ei einaste ekstra krone i lønsbudsjettet som kompensasjon. Desse folka er fortsatt arbeidsgivaren vår. Korfor skal vi stola på dei?

Vi burde kunne stola på våre eigne organisasjonar. Men eg merker meg skodespelet dei har ført rundt dette oppgjeret: Natt til fredag 26. mai sa dei at staten ikkje hadde kome med noko tilbod, og då gjekk meklingsfristen ut ved midnatt. Om morgonen fredag 26. mai sa dei at arbeidsgivaren hadde kome med ei pakke på overtid, klokka 4 om morgonen. Så viser det seg at denne pakka blei underskrive EI VEKE TIDLEGARE, fredag 19. mai, av både departementet, Lærarforbundet, Lærarlaget, Skolenes landsforbund, Akademikarane, LO og YS. Det står svart på kvitt i intensjonserklæringa, som dei fyrst ikkje ville senda ut til lokale tillitsvalde og medlemmene. Korfor bløffa dei oss med å påstå at dette ikkje kom på bordet før fristen hadde gått ut? Var det medlemmene dei skulle bløffa?

Jo meir eg studerer forslaget til ny tariffavtale, di meir skeptisk blir eg. No er det sikkert for seint å snu jubelstemninga, men det er uansvarleg å anbefala ein avtale som ikkje held det folk trur. Derfor: Stem nei.

Leiv Olsen