Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

EU - ein militærpolitisk dverg

av Ståle Bergslykkja

Røde Fane nr 4, 2003

Ståle Bergslykkja er medlem i Noregs Kommunistiske Studentforbund, NKS


EU er ei økonomisk stormakt, men framleis ein militærpolitisk dverg. Dette faktumet har vorte sanna fleire gonger det siste tiåret.

Krigane i Gulfen, i Jugoslavia, i Afghanistan og Irak har vist at USA er totalt overlegen og kan gjennomføra alle dei militæraksjonane det sjølv vil utan støtte frå serleg mange andre.

Det er liten tvil om at EU-landa ser med misunning på USAs evne til å intervenera og gripa inn i konfliktar kringom i verda. Dei leiande EU-landa er alle gamle kolonimakter, ja, Frankrike har framleis koloniar i Sør-Amerika og i Stillehavet. Dei ynskjer å taka vare på interessene sine i både nærområde og u-land, og skal dei koma på høgd med USA i dette stykket, må dei samordna aktiviteten sin på dette området òg. EU-hæren som vart lansert i 2000, skal telja 60.000 mann (altso 15 brigadar), framimot 250.000 reservistar (styrken på rundgang), opptil 400 bombefly og 100 krigsskip. Innkallingstid er 60 dagar, og soldatane kan verta ståande i utlandet i om lag eitt år.

Frå bolverk mot Sovjet til ...

Det er ein gamal draum dei no blæs liv i. Den vest-europeiske unionen (forkorta Vestunionen) vart grunnlagd få år etter andre verdskrigen. Det var ein lekk i oppdemmingsarbeidet mot dei sosialistiske landa i sovjetblokka, jamvel om det i namnet mest heitte seg at unionen (Brusseltraktaten) retta seg mot framtidig aggresjon frå Tyskland. Etter ei revidering i 1954 kom Italia og Tyskland med, og det medførde at avmilitariseringa av Vest-Tyskland stogga. Vestunionen fekk eit amputert og løynleg liv sidan den franske nasjonalforsamlinga nekta å godkjenna han. Gaullistar og kommunistar hindra dette.

Seinare har Vestunionen eksistert på papiret og gjennom ei viss smålåten møteverksemd, men det er Nato som har hatt den militære leiartrøya i Vest-Europa. Gjennom Nato har Vest-Europa vorte tett knytt opp til USAs militærstrategi. Artikkel 5 i Nato-pakta gav kvart av medlemslanda ein garanti på hjelp frå andre land dersom ei fiendsleg makt (les: Sovjet) skulle gjera åtak. Sidan Sovjetunionen vart oppløyst i 1991, har det som innanfor leiande Nato-krinsar vart rekna for trugsmålet frå aust, minka monaleg. Det nye fiendebiletet er no islamsk fundamentalisme, terrorisme og andre krefter som trugar fridom, demokrati og frihandel, som USA seier seg verna. Nato byggjer ned territorialforsvaret og satsar på mobile intervensjonsstyrkar samansette av profesjonelle leigesoldatar. Folkerett og nasjonal suverenitet vert trengde til sides til fordel for talemåtar om menneskerettar, humanitære prinsipp og demokrati. Jungellova om den sterkastes rett skal gjelda på tvers av landegrensene no. Sume land oppkastar seg sjølve til verdspoliti og tilriv seg retten til å innsetja og avsetja styremakter i andre land. Denne utviklinga spår om utrygge tider i verda, og sume varslar at ein ny verdskrig, den fjerde om me reknar den kalde krigen som den tredje, er i emning.

Nato er altso ikkje ein rein og skir forsvarsallianse lenger, men eit nytt Nato der utanlandsoperasjonar er det sentrale. Det er sagt at Nato er omgjort til USAs verktykasse, til bruk stykkevis og delt når det trengst.

No held EU på å byggja opp ein hær som byggjer på dei same prinsippa som det nye Nato.

Norske bidrag til EU-hæren

Noreg har lova EU-hæren 3.500 mann, F-16 fly og marinefarty. Strider det med den norske Grunnlova å senda norske styrkar til den komande EU-hæren? Stortingsrepresentant Hallgeir Langeland reiste spørsmålet hausten 2000 og viste til § 25 i Grunnlova, der det står: "Kongen (dvs. regjeringa) har høieste Befaling over Rigets Land- og Sømagt. Den maa ikke overlades i fremmede Magters Tjeneste." Når Noreg ikkje er EU-medlem, skulle det difor ikkje vera lov å senda norske soldatar. Javier Solana, EUs utanriks- og tryggingspolitiske koordinator, har streka under at berre EU skal styra EUs militære operasjonar. Noreg er viljug til å gå lenger enn grannelanda våre. Sverige krev SN-mandat for å delta i ein EU-aksjon, medan Finland seier det vil prioritera innsats på eiga jord. Danmark har so langt reservert seg på det militærpolitiske området i EU. Norsk diplomati heng i frakkeskøytane til Tyskland når det gjeld å bidra til EUs utanriks-og tryggjingspolitikk. Eit seminar i den norske Berlinambassaden oktober 2002 viste at den norske regjeringa meir enn gjerne vil gå i tospann med EU og helst med den tyske førarhunden. Kim Traavik, statssekretær i det norske utanriksdepartementet, lova å senda norsk kontingent til EUs fyrste politioperasjon i Bosnia, der EU gjennom sin spesielle høgkommissær Paddy Ashdawn har vel so mykje kontroll som det skøyre bosniske statsapparatet. Traavik sa vidare at både Tyskland og dei nordiske EU-landa var viktige aktørar i unionen når det galdt å utforma retningsliner på dette området. Den norske representanten gløymde vel ei stund i rusen over å kunna eta kirsebær med dei store, at Noreg ikkje er eit nordisk EU-land, men Efta-land utan medlemskap i EU. Det vart litt vel husvarmt og hyggjeleg når det frå tysk militæranalytisk hald vart sagt at: Tyskland treng Noregs og Nordens røynsler i krisehandtering.

Frontkjemparane Tyskland og Frankrike

Det er vekselvis Frankrike og Tyskland som har vore pådrivarane for militariseringa av EU. Frankrike prøvde i samband med Nice-toppmøtet i desember 2000 å få slege fast at EU-styrken skulle vera uavhengig av Nato både i planleggjing og utføring av operasjonar. Då måtte den franske presidenten Jacques Chirac bøya seg for press frå USA og Storbritannia. Hittil skulle EU-styrken berre brukast når Nato og USA ikkje ville gripa inn. Nato skulle framleis ha fyrsteretten. Men målet om å taka over Natos oppgåver i EUs nærområde, vart ståande ved lag. Likevel fekk ikkje europeiske Nato-land utanfor EU nokon innverknad på EUs militærpolitikk. Tyrkia sette seg hardt imot å gjeva EU tilgjenge til Natos styringseining i Europa, Shape - Supreme Headquarters Allied Powers Europe. Tyrkia er redd for at EU-styrkar skal kunna brukast i Egeerhavet og på Kypros, der landet har lege i strid med Hellas. Både Noreg og Tyrkia hadde vore medlemer av Vestunionen til han vart bytt ut med Det europeiske tryggings- og forsvarsprogrammet ESDP. Men under EU-toppmøtet i København i desember 2002 vart Tyrkia overtala til å godta at EU-land kan disponera over Nato-materiell. Tyrkia har fått ei meir EU-venleg regjering, og nedkjempinga av den kurdiske geriljaen har no kome so langt at dei kan slå bremsane på og syngja nokre vers på menneskerettssongen som EU likar å høyra.

Kva med dei andre skandinaviske landa?

Den danske rolla i det militærpolitiske samarbeidet står i ei serstode. Offisielt er dette området eit av dei danske atterhalda i EU, men i røynda vert reservasjonen undergraven av den danske regjeringa. Den danske forsvarsministeren er med på drøftingane til liks med dei andre medlemslanda. Ingen danske soldatar vert melde inn til EU-styrken, men danskane er med i alle militærkomiteane. Dette er ei grov krenkjing av folkeviljen som manifesterte seg då danskane røysta ja til Edinburgh-forliket (ei justering av Maastricht-traktaten) i 1993.

Sveriges hundreårlange nøytralitet vert uthola av EU-medlemskapen. Göran Persson har orda frampå om å stryka nøytraliteten av den svenske grunnlova. Han har òg sytt for å få dette prinsippet ut or det sosialdemokratiske programmet. Ein rapport frå EU-parlamentet, La Lumiere-rapporten, går inn for at einskildland i EU ikkje kan stansa militæraksjonar frå EU si side. I Nice sette Storbritannia, Irland og Sverige foten ned for å lata ei mindre gruppe EU-land gå lenger i militærpolitikken. Alle, so nær som Danmark, må slutta opp dersom EU skal gå til aksjon, dvs. krig. Felles samordning av innkjøp av materiell er derimot i orden. Det heitte seg at EU skal avgrensa seg til fredsbevarande og humanitære aksjonar. Det svenske bidraget til EU-hæren ser ut til å verta 1.300 mann (av dei 900 infanterisoldatar), 4 Viggen-fly, 5 Hercules transportfly og to minesveiparar. Taktikken for å få det svenske folket til å godtaka brotet med nøytralitetspolitikken er å gjeva han ei meir tiltalande innpakning i form av mineryddingspersonell og 5.000 politifolk. Sverige er dessutan eit av seks land som står bak samarbeidsprosjektet European Aerospace and Defence Company EADC.

Gjennom EADC er Sverige bunde opp til EUs militær-industrielle kompleks. Her finn me elles dei fem største EU-landa; Tyskland, Frankrike, Storbritannia, Italia og Spania. Målet er å oppretta ein indre marknad for våpenproduksjon ved hjelp av fusjonering av selskap og samkøyring med felles standardar. Våpeneksporten skal òg samordnast, og EU-kommisjonen under Jacques Santer byrja arbeidet med eit felles våpenagentur. Den tidlegare franske statsministeren Edith Cresson og den tyske industrimannen Martin Bangemann var førande i dette arbeidet. EADC brøyter veg for Saab på nye marknader. Saab-fabrikken utviklar no ein ny rakett verd 600 millionar kroner, Meteor, som skal vera ferdig innan 2008. Meteor-raketten skal kunna plasserast på Jas 39 Gripen og det felleseuropeiske jagerflyget Eurofighter. I 1999 auka svensk våpeneksport med 4 %. Eurofighter vart ferdig utvikla i 2002, men er tinga i 620 eksemplar av Tyskland, Italia, Spania og Storbritannia. Hellas har tinga 60 fly.

Meir om militærindustrien i EU

Medan Frankrike har vore mest oppteken av å gjera ein klår grenseoppgang mot USA og tryggja ei sjølvstendig militærrolle for EU, har Tyskland teke initiativ når det gjeld å byggja opp EU militært. I brodden for åtte land (sju EU-land og Tyrkia) fekk den tyske forsvarsministeren Rudolf Scharping i hamn ei avtale om å kjøpa 225 transportfly av typen Airbus A400M. Flya skal leverast frå 2008 av. Det er ein gullkanta kontrakt me talar om: Flya kostar 134 milliardar kroner! Airbus er ein europeisk konkurrent til amerikanske Lockheed Martin og Boeing. 80 % av Airbus er i eiga til European Aeronautic Defence and Space Company (EADC), 20 % av britiske BAE Systemets. Airbus-flya kan med rette kallast ein hjørnestein i EU-militæret. Med dei kan unionen flytta store mengder troppar kringom i verda. Dei kan setjast inn mot styresmakter i andre land som ikkje bøyer seg for EUs diktat, frigjeringsrørsler som andre land bed om hjelp til å nedkjempa, trygging av oljeinstallasjonar, slik som norske Forsvarets Spesialkommando er trena til, med meir. Kontrakten mellom Airbus og dei åtte landa er det fyrste resultatet av arbeidet til EUs felles våpenagentur, Occar, som òg underskreiv kontrakten på vegner av regjeringane. Avtala innebar m.a. at Nederland betalar 750 millionar kroner, som svarar til kostnaden for eitt fly, utan å gjera krav på råderett over flyet. Det er Tyskland som skal disponera det. Denne modellen vert kalla for grenseoverskridande forsvarssubsidiar. Fleire EU-land har òg mål om å skaffa seg helikopterhangarskip. Men militærbudsjetta har enno ikkje auka slik ein føreset for å få til felles slagkraft: Berre Luxembourg og Finland har plussa på budsjetta.

EU med musketereid - ein for alle, alle for ein

Då Romano Prodi gjesta Latvia i februar 2000, slo han til lyd for at EU skulle ta i bruk det same kollektive forsvaret som Nato i artikkel 5: Eit åtak på eitt medlemsland er å oppfatta som åtak på alle, og alle Nato-land er forplikta til å koma det overfalne medlemslandet til unnsetning. Prodi fekk mange skyljebytter for dette utspelet den gongen, men berre lanseringa av ideen har nok gjort sitt til at fleire og fleire har vant seg til med eit slikt opplegg. Det kollektive forsvaret har mogna som ide, og i konventet som arbeider ut ny EU-grunnlov, er felles forsvar med som eit av mange framlegg. Tyskland og Frankrike er nok viljuge til å setja mykje inn på å få oppretta ein Europeisk forsvars- og tryggjingsunion, utgjord av i minsto eit utval av EU-land, som den fyrste spede byrjinga på eit meir altomfattande militærsamarbeid. Modellen med å lata ei gruppe EU-land samarbeida tettare utan å ha med alle har vore prøvd og er i bruk i dag, jfr. Schengen-systemet, som fyrst starta uavhengig av EU og sidan vart innlema, og Økonomisk monetær union (ØMU) der tre land står utanfor. Aprilmøtet (2003) mellom Belgia, Luxembourg, Tyskland og Frankrike er utan tvil opptakta til ein felles militærunion. Desse fire EU-landa, fleirtalet av landa som skipa EU, vil ha eit mini-Pentagon utanfor Brussel, felles øvingar, felles overkommando m.m.

St. Malo-møtet

Militærsamarbeidet har utvikla seg stegvis, men eit viktig sprang skjedde i St. Malo i Frankrike i desember 1998 då franske og britiske styresmakter møttest og oppbyggjing av ein felles utrykkjingsstyrke på 60.000 mann fyrste gongen vart lagd fram offentleg. Motivasjonen til Frankrike og Storbritannia var derimot ulik. Medan Frankrike vil riva laus EU frå USAs militære overherredøme gjennom Nato, ynskjer Storbritannia å halda fast på dei sterke banda på tvers av Atlanterhavet. Dei franske og tyske utanriksministrane, som båe er medlemer av grunnlovskonventet, har lagt ein kløktig plan for å sukra den bitre pilla for britane som eit felles territorielt forsvar er. Draghjelp får dei frå det nye trugselbiletet, med småe terrorgrupper som kvar som helst kan dukka opp og truga "rikets sikkerhet". Frå konventet heiter det at EU-landa skal hjelpa kvarandre militært innanfor territoriet til eit land andsynes trugsmål frå ikkje-statlege einingar, dvs. terroristar. Denne formuleringa skal gjera det lettare for britane å svelgja utviding av den felles utanriks- og tryggjingspolitikken til EU. Det var i Laeken i Belgia i desember 2001 at det vart kunngjort at EU-hæren var gjord til røyndom - i alle høve på papiret. I fyrste omgang var EU ikkje i stand til å mønstra personell anna enn til reine politioppgåver.

Den fransk-tyske aksen

Det fornya, tette samarbeidet mellom Frankrike og Tyskland er eit uttrykk for at striden kring den felles landbrukspolitikken vart førebels løyst i oktober. Tyskland gjekk med på å bera mykje av byrdene for agroindustrien til Frankrike fram til 2006, då neste landbruksavtale skal avgjerast. Frankrike er utanom Storbritannia det einaste EU-landet med eigne atomvåpen. Tyskland har lenge hatt stasjonert atomvåpen på tysk jord, men desse våpna tilhøyrer USA. Ålvoret i det franske ynskjet om å realisera ein uavhengig europeisk militærallianse vert illustrert av at Frankrike tilbyd seg å stella atomvåpna sine til rådvelde for EU-styrken. Tysk og fransk formannskap i EU var òg avgjerande ved viktige milepålar i EUs militære frammarsj. Köln-toppmøtet i juni 1999 tok den endelege avgjerda om å oppretta EU-militære, og Nice-toppmøtet skreiv EUs militærpolitiske line inn i traktatgrunnlaget. I tillegg var Tyskland og Frankrike pionerar med å skipa felles hærstyrkar i Eurokorps so tidleg som i 1991, lansert av kanslar Helmut Kohl og president Francois Mitterand to månader før Maastrict-traktaten vart inngått. Alt då gjorde dei det kjent som "kjernen i den komande EU-hæren". Eurokorps har fått tilslutnad frå Belgia (12.000 mann, svært mange etter det belgiske folketalet) og Spania.

Det nye sameinte Tyskland

Tysklands motstand mot USAs og Storbritannias krigføring i Irak har sine klåre avgrensingar. Han grunnar seg slett ikkje mot ein prinsippfast motvilje mot å godkjenna krigar som vert førde utan mandat frå SN. Tyskland støtta til dømes bombekrigen mot Jugoslavia i 1999, der overfallsmaktene med USA i brodden mangla SN-mandat. Tyskland slutta seg òg til det sokalla krosstoget mot terrorisme, som mellom anna førde til bombetokt mot afghanske fjellandsbyar. Saman med Tyskland har Noreg i dag politioppgåver i Kabul. Under Irak-krigen denne våren fekk USA bruka både militærbasane sine i og luftromet over Tyskland. Vest-Tyskland, den mektigaste halvdelen av dagens Tyskland, vart bygt opp av USA etter krigen, tyske industriherrar vart rehabiliterte og fekk svært mild medfart i krigsoppgjeret. Det gjekk ikkje lange tida etter fredsslutninga før kommunistar og fagforeiningar framstod som fårlegare fiendar enn nazistane. Trass i krise og stigande arbeidsløyse er tysk industri utan samanlikning den sterkaste i Europa, og etter at Sovjet kollapsa, DDR vart annektert til Forbundsrepublikken og USA har krympa basane sine, har Tyskland byrja få nye ambisjonar, på tvers av storebror i Washington. Tysklands strategi har vore langsiktig langsam oppbyggjing til verdsmakt innanfor EU-systemet, å gjera seg sjølve små og EU stort. Joschka Fischer, den tyske utanriksministeren, gjekk i mars i 2003 ut med innspel om å væpna opp EU: "Me europearar må styrkja den militære krafta vår for å verta tekne på ålvor i verdspolitikken." Han kravde òg ny disiplin og solidaritet i ljos av Irak-krisa, der visse land gav stønad til USA og andre var imot krigen.Rivaliseringa om hegemoniet i søkjarlanda og Jugoslavia viser at USA på eine sida og eit tyskdominert EU er på kollisjonskurs rett som det er. På same vis som USA med Monroe-doktrinen på 1800-talet gjorde krav på einerett som stormakt til inngrep i Latin-Amerika, vil EU vera eineveldig i Aust-Europa og delar av Afrika. I Iran og fram til nyleg Irak låg EU føre USA i løypa med å sikra seg kontraktar. Tyskland er òg nøgjen med å halda på ein god partnarskap med Russland, medan USA har skaffa seg basar i dei sentralasiatiske republikkane, som Usbekistan og Kirgisistan. Hittil har Tyskland og EU valt ei meir fredeleg imperiebyggjing som framgangsmåte gjennom kapitaleksport og kjøpt seg godvilje hjå eliten i gamle koloniland. Slik har dei slege kloa i rike fiskebankar utanfor fattige afrikanske land. I desse farvatna sopar EU-trålarane hava tome og røvar livsgrunnlaget frå dei lokale kystfiskarane. Etter kvart som interessesfærane buttar imot kvarandre og tomromet etter Sovjets samanbrot er fylt, vil det trengast hardare verkemiddel for å handheva krava til EU. Ein direkte krig mellom USA og EU er ikkje ventande på ei stund. Under den kalde krigen kunne det vera tilsynelatande gode samband på toppleiarnivå mellom USA og Sovjet - dei hadde òg for ein stor del kome fram til ei minneleg oppdeling av område der kvar av dei hadde fyrsteretten. Stundom kom det til varme krigar, ofte sokalla stadfortredarkrigar, som Angola, Eritrea, eller krigar der berre den eine supermakta var innblanda i kamp mot ein mindre stat som ofte fekk støtte frå den andre supermakta, som Vietnam og Afghanistan. Ein byrjande konflikt mellom EU og USA treng ikkje resultera i væpna konflikt direkte mellom dei to på ei stund, til det har dei enno for mange samanfallande interesser mot tredjeverda-landa, som tingingane i WTO viser godt.

Ei lita gruppe EU-land kan gå lenger enn resten

Avgrensa forsterka samarbeid for utvalde EU-land og prinsippet om konstruktiv avståing, eit medlemsland røystar korkje for eller imot, men avstår frå å røysta og steller seg soleis ikkje i vegen for andre EU-land som vil gå lenger i integrasjon. Nice-traktaten krev at minst ti land må slutta seg til det forsterka samarbeidet for at det skal vera gyldig. Tyskland og Frankrike vil jenka på dette kravet og regulera det ned. For å gå i gang med dette militære samarbeidet skal det etter dei same landa ikkje vera naudsynt med samrøystes vedtak - kvalifisert fleirtal skal vera tilstrekkjeleg.

Rapid Reaction Force

EUs utrykkingsstyrke vert på fagspråket kalla Rapid Reaction Force, rask reaksjonsstyrke. Dei skal ta hand om dei sokalla Petersberg-oppgåvene, fredsbevaring, humanitær hjelp, sokalla krisestyring, som i praksis handlar om militære inngrep. Fredsoppretting er ei vakker omskriving av krig. Dei fleste krigane etter andre verdskrigen fell lett innanfor definisjonen av Petersberg-oppgåvene. Dei raske innsatsstyrkane skal kunna setjast inn snøgt, konsentrert med overlegen slagkraft og soleis utan fåre for nemneverdige tap for dei vestlege elitesoldatane si side, ofte arbeidarklassesøner verva på kontrakt. Amerikanske Seals- og britiske SAS-soldatar har hatt liknande framgangsmåte i stridar mot geriljarørsler i Latin-Amerika og Afrika. Det er verdt å merka seg at det norske forsvaret, som me heretter likso greidt kan kalla militærvesenet, vert lagt om drastisk til fordel for utanlandskrig og internasjonale oppdrag som i Kosovo. Det norske invasjonsforsvaret vert kraftig nedbygt. Store rikdomar ligg i utlandet og ventar på å koma under norske vernande hender. Då olje- og energiminister Jens Stoltenberg gjesta oljebyen Baku ved Kaspihavet i 1996, stod han og peika utover boretårna i innlandshavet og sa: "Her skal me henta innkomene som i framtida skal dekkja helsestellet og pensjonane våre." Det var eit minneverdig Dagsrevy-innslag. Nordmenn er ikkje berre uskuldige lam som er verdsmeistrar i u-hjelp. Den norske regjeringa vil vera juniorpartnar med både USA og EU, samfunnseliten er kløyvd i dette spørsmålet. I 1940 var òg eliten kløyvd; nokre sympatiserte med britane, andre med tyskarane. Nordmenn flest var reiuge til å kjempa for sjølvstendet og strøymde til mobiliseringssentralane, men mange stader var våpna dei fann, ubrukelege. Børsene var ufårleggjorde av otte for indre opprør i landet. Soga tek seg ikkje opp att, men me bør læra av fordums naivitet.

Den greske formannskapen våren 2003 vart spesielt pålagd å setja opp dampen når det galdt å utforma ein felles militærpolitikk for EU. Heilt sidan Jugoslavia-krigen då USAs overlegne flyvåpen sette EU på sidelina, har EU prioritert opp styrkjing av militærsamarbeidet. I november 2002 vedtok EU òg å dra inn National Armaments Directors, altso direktørane for dei nasjonale rustingsindustriane, meir aktivt i arbeidet. Javier Solana, utanriks- og tryggingsrepresentanten til EU, har lagt vekt på at EUs Rapid Reaction Force og USAs Respone Force ikkje skal stå i motstrid til kvarandre, men utfylla kvarandre. Det har òg vore diskutert ei andsvarsdeling mellom styrkane, der Nato (men i gagnet USA) går inn i ein væpna konflikt og avgjer utfallet, medan EUs RRF-styrke står for den sokalla "oppryddinga". Under den spanske formannskapen målbar den spanske krigsministeren tydeleg det mange EU-leiarar i dag tenkjer: "Me europearar har ei plikt til å gjera alt som me kan for ikkje å sakka akterut i høve til USA." Gapet mellom den amerikanske og den europeiske militære slagkrafta må tettast, jamvel om det er ein tid- og ressurskrevjande prosess. Stabilitetspakta står likevel i vegen for å auka opp løyvingane på militærbudsjetta i medlemslanda. Spania kravde alt våren 2002, og seinare har fleire slutta seg til, at militærløyvingar skal få unnatak for reglementet i ØMU. Då Frankrike vinteren 2003 gjorde framlegg om det same når det galdt investeringar til nye våpensystem, gjekk EU-kommisjonen imot, men i konventet som no utarbeider grunnlov for EU, har det kome opp framlegg om ei slags stabilitetspakt for militærutgifter. Det handlar då ikkje om eit tak, men eit golv for kostnader for kvart EU-land.

Den tyske militærdoktrinen

Det er interessant å merka seg omleggjinga av den tyske militærdoktrinen. Medan Bundeswehr under den kalde krigen hadde 36 ståande brigadar til territorielt forsvar i tilfelle invasjon frå aust, skal den tyske heren krympast til to brigadar. Oppgåva er det som tøyeleg vert kalla for krisehandtering. Slik skal Bundeswehr vera meir førebudd på å operera utanfor landegrensene enn tidlegare. Styrkane skal vera samansette av yrkessoldatar som har verva seg for eit visst tidsrom. I konvensjonelle styrkar skal Tyskland vera fullt på høgd med Storbritannia og Frankrike, faktisk litt fleire, 70.000 fleire soldatar enn Storbritannia og 30.000 fleire enn Frankrike. Førebels ligg militærutgiftene til Tyskland på eit relativt lågt nivå.

Ambisjonane til det nye sterke og sameinte Tyskland er ikkje små. Alt i 1979 la det tyske utanriksministeriet planar for okkupasjon av Serbia. Det var òg Tyskland som ved å trumfa gjennom godkjenning av dei slovenske og kroatiske statane frå EU, la grunnlaget for den opprivande jugoslaviske borgarkrigen. Då Kosovo vart Nato-protektorat etter bombekrigen, Natos fyrste out of area-operasjon, var det tyske mark som kom i omlaup, og tyske kanalar kom på fjernsynet. Til no har me sett ei viss arbeidsdeling mellom amerikansk militær aggresjon i fremste rekkje, etterfylgd av tysk kapital som "ryddar opp" og legg til rettes for atterreising etter vestleg modell. Tyske interesser gjer seg på nytt gjeldande i Sudetenland, det området av Tsjekkia som vart Nazi-Tysklands påskot til å invadera og knusa det einaste borgarlege demokratiet i Aust-Europa i mellomkrigstida. Ein som ope har lufta ei meir aggressiv militærline frå EU er sjefen for Tysklands utanriks- og forsvarspolitisk insitutt, Michael Stürmer. 28. februar 1995 skreiv han i Financial Times om to viktige strategiske oppgåver for EU: Den eine var å fylla vakuumet i aust som hadde oppstått etter at Sovjet hadde ramla saman. I sør måtte politisk oppløysing, rakettfaren frå Libya og "den breide konflikten mellom nordlege og sørlege kulturar" taklast. Han er prisverdig klår og utvitydig i språkbruken sin: "Desse ulike utfordringane steller Europa andsynes oppgåver med å på lang sikt taka på seg andsvaret for ei forvandling av politiske og økonomiske strukturar både i aust og sør." EUs utanriks- og tryggingspolitikk skal leidast av ei fast hand, meiner Stürmer. "Europa må finna ei global politisk rolle som svarar til den økonomiske styrken sin." Det føreset at unionen "skaffar seg militære maktmiddel for innsats utanfor eigne grenser". Tyskland har for lengst stroke den gamle passusen i den vesttyske grunnlova om å ikkje nytta militærstyrkar utanlands. Oppbyggjinga av ein spesialstyrke starta i 1992 som etter det general Klaus Dieter Naumann sa i Der Spiegel, skulle kunna brukast i "kriseområde mellom Marokko og Pakistan". Den tyske ekspansjonismen får godt fylgje av Frankrikes president Jacques Chirac som 7. desember 2000 uttala til Financial Times at "dersom Europa skulle finna ut at det er ynskjeleg å intervenera i tilfelle der USA ikkje ynskjer dette, må dei naudsynte midla for å gjera dette vera tilgjengelege". Som Johan Galtung har sagt det: Om Tyskland og Frankrike ikkje lenger tenkjer på å kriga mot kvarandre, er det fullt mogeleg at dei saman vil gå til krig der interessene deira er truga.

Det er mektige krefter som pressar på for militarisering av unionen. Over 100 milliardar kroner skal setjast av til å utvikla eigne satellittsystem so EU kan driva overvaking frå verdsromet uavhengig av USA. Om dette samarbeider Tyskland og Frankrike tett. European Roundtable of Industrialists, den topptunge direktørklubben som ikkje berre påverkar i korridorane, men like ofte er med inn bak dei attlatne dørene, har gjort det kjent at det ikkje vil finna seg i at EU vert forvist til marginane i den internasjonale politikken. Avgjerdsprosessen er enno for mellomstatleg i EU, og dei militære arsenala er for små. Tyskland og Frankrike, den fransk-tyske aksen, er radarparet som fører det Mikael Nyberg har kalla det europeiske sverdet. Frankrike vender seg sørover mot det gamle koloniimperiet sitt og serleg Algerie, som sel 70 % av all gassen og olja si til EU. Tyskland ser mot aust, mot Polen, Tsjekkia, Slovakia,Ungarn, Slovenia, Kroatia, Kaliningrad. Det Bismarck, Wilhelm og Hitler ikkje oppnådde med militærmakt, vil det nye Tyskland oppnå med frihandel og kjøp av råvarer. Men skulle europeiske verdiar koma i fåre, kan det europeiske sverdet hevast til hogg.

Ei hjartesak

Dei føderalistiske kreftene i EU har EU-hær som ei hjartesak. Unionen har etter kvart skaffa seg dei fleste kjenneteikna som me assosierer med ein stat: EU-kommisjonen som ei regjering, EF-domstolen som ei dømande makt, Ministerrådet som lovgjevande organ, EU-parlamentet som prateklubb (meir maktlaust enn noka anna nasjonalforsamling); felles grensekontroll og komande grensepoliti, Europol driv med etterretning og overvaking, EU-statsborgarskap er i kjømda, EU-flagget vert vist fram når høvet byd seg. Med EU-hæren vil EU ha komplettert valdsapparatet sitt. Europas sameinte statar kan ikkje vera dårlegare enn United States of America på dette feltet.

Me lever i dag i ei etter måten ustabil verd der store endringar kan koma på kort tid. Dersom nokon i 1988 hadde sagt at om 15 år ville Sovjetunionen for lengst ha vore ein saga blott, EU og Nato ha ekspandert inn i Aust-Europa, amerikanske basar i Sentralasia, Jugoslavia delt opp og dels omgjort til protektorat, ville folk teke det for oppspinn og eventyr. Det hadde lydd altfor usannsynleg. Noreg er framleis eit ressursrikt land med råvarer som fisk og energikjelder, og me er omgjevne av stormakter som Storbritannia, Tyskland og Russland. I 1930 var det ingen som spådde ein tysk invasjon av Noreg. No er det slett ingen akutt fåre for å verta invadert - til det er styresmaktene våre altfor underdanige og ettergjevande for stormaktene. Både olje- og gassmarknadsdirektiva og EØS-forhandlingane viser at den norske eliten gladeleg avskriv og sel det meste av ervesylvet utan å blunka. Kor mykje er den nasjonale sjølvråderetten verd for dei som drøymer om å setja seg på morgonflyet til Brussel og leggja bak seg folkeopinion, og dei som faktisk produserar verdiane i dette samfunnet? Det finst visseleg nordmenn som tener på EU-medlemskap, om det so berre er eit lite mektig mindretal. Dette mindretalet må pressast til å draga attende det norske bidraget til EU-hæren. Noreg bør ha ein nasjonal forsvarspolitikk, ikkje ein aggressiv overfallspolitikk saman med EU-landa.

Netstader