Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

Russland etter Sovjets samanbrot

av Jan Erik Skretteberg

Røde Fane nr 4, 2003

Jan Erik Skretteberg studerer russisk storfag, og er medlem av AKP og av NKS ved Universitetet i Oslo


Korleis skal ein forstå SSSR og samanbrotet av unionen? Det var sogelaust i 1991 å seie at Russland har teke opp att demokratiet for første gongen sidan 1917.

Tsarveldet før revolusjonen var verre enn det styresettet Russland har no, og ikkje minst verre enn det som var under tida frå 1917 til 1991. Denne tida sytte for den raskaste auken i velstand for eit så stort tal menneske nokon sinne. Det vart òg gjort store feil i denne tida, både under Lenin, Stalin og alle dei andre leiarane. Men framstøytet på å skape eit kommunistisk samfunn leia til forbetra kår for folk flest. Etter SSSRs oppløysing har fallet i levestandard att ein gong vore kraftig, og det spesielt i dei åtte åra Boris Jeltsin var president. Levestandarden har teke seg litt opp att under Vladimir Putin, men ikkje nok til å rette på lengselen etter SSSR-tida i folket. I samband med tiårsmarkeringa for unionens oppløysing var det ei spørjeundersøkjing (1) om dette. Undersøkjinga syner at nesten fire av fem russarar vil ha unionen attende. Det er ei stigning på 10 % sidan 1992, då 69 % av russarane gjekk inn for å gjenopprette SSSR. Motstandarane av SSSR har falle frå 32 % i 1992 til 15 % i 2001. Lat oss kikke på dei siste åra medan SSSR framleis eksisterte.

Dei økonomiske reformene

Med starten på perestrojka og glasnost kom også reformer i det sovjetiske samfunnet. Frå midten av 1970-talet hadde den sovjetiske økonomien gått i stå. Det var bustadskrise og fødselsratene var låge, samstundes som levealderen sank takka vera eit høgt gjennomsnittleg alkoholforbruk, og dette sytte for at veksten i tilgangen på arbeidskraft sank. Etter Brezjnevs død vart denne tida i sovjetisk politikk kalla "stagnasjonstida". Gorbatsjov grunngav sin reformpolitikk på den 27. partikongressen i 1985 med at det å få i gong att den økonomiske veksten var nøkjelen til alle problema i SSSR.


Glasnost var i praksis noko som skjedde over tid, og ein kan eigentleg seie glasnost-perioden byrja under tida til Jurij Andropov, som overtok formannsklubba etter Brezjnevs død i 1982. Glasnost innebar større ope i det offentlege livet. Pressa byrja referere frå det politiske livet og folk kunne no få innsikt i kvar som gjekk føre seg i partiets sentralkomite, i politbyrået og ministerorganet, som alle frå Khrustshjovs tid hadde vore lukka for folk utanfrå. Etter kvart vart òg glasnost nytta som eit slagord etter at Gorbatsjov tok over etter Tsjernenko (februar 1984-mars 1985), Andropovs mindre liberale etterfølgjar. Ordet er vrient å omsetja, men kan tyde noko sånt som "publisitet" og vart under Gorbatsjov nytta som eit "middel" i perestrojka-prosessen.

Perestrojka tyder "ombyggjing" og var den prosessen Gorbatsjov sette i gong for å omstrukturere/reformere det stivna sovjetsamfunnet. Dette inkluderte økonomiske reformer en masse, glasnost, og sørga i realiteten for å framskynde SSSRs fall.

Desse reformene delar til dømes Åsmund Egge (2) inn i tre typar:

Som døme på den første typen reformer, er alkoholpolitikken under Gorbatsjov viktig (også for å forstå korleis russarane ikkje kasta Boris Jeltsin før han gjekk av friviljug). Levealderen byrja stige etter at styresmaktene innførte restriksjonar både på produksjon og omsetnad av alkohol. Men samstundes opna dette også for ein marknad på sida av planøkonomien, ein mafia som tente seg rike på omsetnad av ulovleg alkohol. Dessutan gjorde den frigjorte kjøpekrafta at inflasjonspresset auka, statens innkomer på alkoholavgifter falt bort, noko styresmaktene freista løyse med seddelpressa. Kampanjen mot alkohol svekka også Gorbatsjovs autoritet og popularitet.

Ein annan viktig reform av type ein var innføringa av ein statleg kvalitetskontroll. Vitsane og mytene om kvaliteten på Lada og andre sovjetiske produkt er mange. At nær 20 % av produksjonen i industrien vart forkasta etter kontrollen, var ikkje berre eit nederlag for funksjonærar og byråkratar i partiapparatet, men det sytte òg for at målsetnadene ikkje vart nådde, noko som i sin tur sytte for at arbeidarane mista bonusane sine. Dette opplevde dei som urettvist, då dette faktisk i dei fleste tilfella skuldast dårleg reiskap som forelda maskinpark osb. Til slutt vart det sagt om reformen at han var systemfiendtleg. Dette bidrog også til å gjera Gorbatsjov mindre populær.

Jamvel om ein òg hadde ei reform som i namnet heit "Lov om individuelt arbeid" - som i vestleg terminologi blir "privat verksemd" - så var nok den viktigaste reforma utvidinga av den kooperative verksemda i 1988. I praksis vart no kooperativa private foretak. Dette var eit ledd i Gorbatsjovs perestrojka-politikk, og sytte for misnøye mellom vanlege folk. Denne politikken sytte for at produksjonen vart auka mellom dei mest populære varene, medan ein nærast kutta ut produksjon av mindre lønsame varer og sytte for at folks oppslutnad om partisjefen vart mindre. Berre i Moskva og Leningrad var varetilbodet i stand til å dekkje etterspurdnaden. I motsetnad til måla, vart det framleis krise i sovjetøkonomien ved utgongen av 1980-talet. Grunna dårlege kornhaustar fleire år på rad auka utanlandsgjelda, auka kjøpekraft sytte i sin tur for inflasjon som ikkje vart kompensert med ytterlegare lønsauke. Folk måtte stå i kø for å kjøpe brød, noko som aldri hadde skjedd i SSSRs historie før. Andre varer vart rasjonerte og levestandarden sank kraftig. Særleg råma det pensjonistar, funksjonshemma og store familiar. På toppen av dette kom kostnadene etter Tsjernobyl-ulukka og jordskjelvet i Armenia desember 1988.

Det var ulike syn på korleis ein skulle takle denne krisa. Somme økonomar meinte det skuldast at reformene var for få og for lite omfattande og ville ha heilt overgang til marknadsøkonomien. Innanfor partiet var det naturleg nok stor skepsis til dette framlegget. Men i 1990-91 gjekk ein inn for kriseplanar i økonomien. Den russiske republikken vedtok i september 1990 å gå over til marknadsøkonomi innan 500 dagar var gått, medan ein i Det øvste sovjet gjekk inn for eit kompromiss for dei andre republikkane månaden etter. Våren 1991 gjekk ein inn for eit kriseprogram kor ein auka dei statlege prisane på forbruksvarer og gav fri 30 % av detaljhandelen. Om sommaren vedtok Det øvste sovjet ei kontraktlov, ei antimonopollov, ei konkurslov og ei privatiseringslov. I løpet av 1993 skulle 20 % av russisk økonomi vera privatisert. Sovjet vedtok å søkje fullt medlemskap i IMF, og i Leningrad opna ein børsen att.

Nye organisasjonar veks òg fram. Grunna glasnost-politikken kunne mange organisasjonar som før hadde operert under bakkenivå, stå fram i det offentlege rommet. Som i resten av Warszawapakt-landa, oppstod det mellom anna miljøorganisasjonar (til dømes Molodezj i Priroda), Natur og Ungdoms "syster"-organisasjon), spesielt kring Kola-halvøya. I dei baltiske statane oppstod det sjølvstendeorganisasjonar, og i Russland oppstod rørsla Pamjat', som i byrjinga var ei rørsle som skulle halde russiske minnesmerke og kulturarven i hevd, men som sidan utvikla seg i sterk sjåvinistisk og ikkje minst antisemittisk retning. Men misnøya med Gorbatsjovs politikk var i alle høve manifestert.

Som nemnd oppstod det i Baltikum nye nasjonalitetsrørsler. I januar 1991 kom det til svære opptøyer i Riga og Vilnius. Bakgrunnen for dette var at i Litauen hadde den litauiske folkefronten Sajudis eit fleirtall av plassane i republikkparlamentet. Veka etter vart Litauen erklært sjølvstendig og tok opp grunnlova føre krigen. I Latvia og Estland hadde ein òg vedteke liknande erklæringar, om enn av ein mildare art. Men i januar 1991 satte Moskva inn militære troppar mot sjølvstendeforkjemparane i Litauen. Dette bidrog til å:

  1. Syte for større avsky mot regimet innafor SSSR.
  2. Syte for internasjonal merksemd på dei stadig aukande problema i SSSR.
  3. Syte for at andre ikkje-russarar/slavarar også sette fokus på undertrykkinga dei hadde opplevd/opplevde, mellom anna i Stalins Georgia, Kaukasus og andre område der strider mellom ulike nasjonalitetar framleis er eit problem.
  4. Satelittane i Sentral- og Aust-Europa (så nær som Bulgaria og Tsjekkoslovakia) turte setja seg opp mot Moskva, noko som gjorde at regima fell føre SSSR vart oppløyst.

Dette vart toppa av at mange russarar tok opp nasjonalsjåvinismen frå tsartida, jamfør punktet om Pamjat' ovanfor. Opprinneleg inneheldt ikkje Gorbatsjovs reformprogram noko om nasjonalitetsspørsmålet. Han stod fullt og heilt på den offisielle lina om at alle nasjonalitetar har dei same rettane og pliktane i eit samfunn som etterkvart skulle bli utgjort av det sovjetiske folket. Men slikt kjente ein det ikkje i utkantane av imperiet, og mange forskarar peiker på dette som årsak til at SSSR etterkvart gjekk i oppløysing.

Unionen løysast opp

Grunna Gorbatsjovs perestrojka-program hadde det oppstått to fløyer i partiet; dei reformvensame, sjølvsagt med Gorbatsjov i spissen, og ei meir konservativ fløy (Jan P. Syse reagerte forresten sterkt på bruken av konservativ i denne samanhengen ...) med mellom anna KGB-leiinga i front. Dette splitta partiet, og grunna glasnost-politikken kunne kven som helst sjå at partiet var splitta, noko som aldri hadde vore tilgjengeleg for vanlege folk før. Gorbatsjovs utgangspunkt for reformpolitikken var å forbetre det som ein allereie hadde oppnådd (3). Men reformene levde sitt eige liv og Gorbatsjov måtte la seg rive med. Visjonane hans vart etter kvart å konstruere eit heilt nytt "sosialistisk" samfunn i eit nytt bilete. Endå var det folk i partiet som ville gå endå fortare fram. Folk som den seinare velkjende Boris Jeltsin, Moskvas komande borgarmeister Gavril Popov og leiar av byadministrasjonen i Leningrad, Anatolij Sobtsjak meldte seg ut av partiet i 1990 i protest mot det "låge" tempoet i reformene. Seint på hausten same år gjekk også Eduard Zjevarnadze, utanriksministaren, av i protest mot Gorbatsjovs innstramming av glasnost-lina. Medlemstalet i både partiet og KomSoMol (4) gjekk sterkt ned i perioden 1989-91, og heile rørsla byrja rett og slett å få økonomiske problem. Heile partiapparatet hadde dessutan fått ei enorm mistillit folket. Medan det i 1987 var overveldande oppslutnad om perestrojkaen, synte ei meiningsmåling i 1991 at berre 23 % ville ha støtta politikken i 1985 om dei hadde visst kva han hadde leia til. I lesarbrev klaga folk på tomme butikkhyller, arbeidsløyse, prisauking og voksande kriminalitet. (I slutten av 1970-åra synte internasjonale undersøkjingar at Moskva var den tryggaste hovudstaden i verda.) Boris Jeltsins popularitet auka. Den tidlegare førstesekretæren i kommunistpartiet i Sverdlovsk lova mellom anna studentane ved polyteknisk institutt i Leningrad i 1990 at KGB skulle nedleggjast om han nokon gong vart president. Denne fråsegna skulle Jeltsin bli hugsa lenge for. Jeltsin vart vald inn i Folkekongressen frå Moskva med overveldande fleirtal (89,4 % av røystene) ved det første valet i 1989, altså før han gjekk ut or partiet. Fleire av medlemene i Folkekongressen vart sterkt kritiske til politikken som vart ført. Mellom anna reiste ein kritikk mot miljøpolitikken (slik som i fleire andre Warszawapakt-land), kvinnepolitikken, matvaresituasjonen og det nasjonale spørsmålet.

Krinsen rundt Gorbatsjov fekk innført presidentstyre på den ekstraordinære folkekongressen i mars 1990. Gorbatsjov fekk utvida fullmakter, men i praksis var posisjonen hans sterkt svekkja. Alle republikkane innanfor SSSR erklærte i 1990 republikklovene framfor Unionens lover. Jeltsin vart vald til president i Russland av folket, noko som manifesterte hans posisjon framfor Gorbatsjovs. Gorbatsjov vart nemleg vald av den berre delvis representative Folkekongressen.

August-kuppet

20. august skulle ein ny unionstraktat basert på friviljug tilslutnad til SSSR skrivast under. Initiativet til dette vart teke av Gorbatsjov. Men 19. august 1991 annonserte Tass (5) og Radio Moskva at Gorbatsjov av helsemessige grunnar vart forhindra frå å utøve pliktene sine og at visepresidenten Gennadij Janaev hadde teke over som fungerande president i spissen for "Statskomiteen for unntakstilstand i SSSR". Mellom desse menna var mellom anna forsvarsministaren og KGB-sjefen. Egge beskriv denne komiteen som "representanter for det politiske militær-industrielle komplekset" (side 288). I røynda var det et kupp mot Gorbatsjovs reformpolitikk som var i gong, og presidenten vart halden i husarrest på Krim. Trass i at breie lag av folket ville ha attende ro, orden og den stabiliteten som råda før perestrojkaen, fekk kuppet lite støtte innanfor hæren og KGB. Den støtta dei fekk frå folket, klarte dei ikkje å utnytte i særleg grad. Kuppet var dessutan dårleg førebudd og ikkje gjennomført på ein slik måte at kuppmakarane sette seg i respekt. Makta vart ikkje befesta. Etter to dramatiske dagar, 21. august (same dag som sovjetiske stridsvognar rulla inn i Praha 1968) gav kuppmakarane opp, freista flykte frå Kreml, men vart arresterte. Gorbatsjov vendte attende frå Krim.

Men kuppforsøket vart gjennomført av menn som var handplukka av Gorbatsjov. Gorbatsjovs truverd vart svekka. Partiets truverd vart svekka. Unionens sentralmakt vart svekka. Kort sagt var ingenting som før. Heile kommunistpartiet vart suspendert frå makta, partipressa stansa og partiets eigedom vart nasjonalisert. Gorbatsjov gjekk av som leiar (men heldt fram som president), unionsregjeringa avsett og RSFSRs (6) regjering tok over. I praksis ville dette seie at Boris Jeltsin fekk meir å seie i SSSR enn Mikhail Gorbatsjov. Jeltsin gjekk inn for eit fullstendig økonomisk systemskifte i Russland - (merk Russland, ikkje SSSR) - frå byrjinga av 1992.

Dei baltiske statane erklærte seg uavhengige av unionen i kuppdagane. Ein ekstraordinær folkekongress vedtok rett etter kuppet å oppløyse unionen. All makt vart overført frå sentralstyresmaktene til republikkane i ein overgangsperiode inntil ny traktat og ein ny grunnlov vart vedteke. I Ukraina vart det folkerøysting om sjølvstende 1. desember 1991. Resultatet vart at Ukraina ikkje kom til å skrive under på ein ny unionstraktat. Og 8. desember underteikna Russland, Kviterussland og Ukraina eit dokument kor det vart erklært at SSSR hadde opphøyrt å eksistere som juridisk og geopolitisk realitet. Samstundes oppretta ein Samveldet av uavhengige statar (SUS) som var ein lausare konføderasjon av tidlegare sovjetrepublikkar. Etter mykje om og men stod til slutt berre Georgia og dei baltiske republikkane utanfor SUS. Den 25. desember tok Gorbatsjov konsekvensen av at partiet og unionen hadde vorte politisk makteslause og trakk seg. Gorbatsjov sa:

"Kjære landsmenn! Medborgarar!

Grunna den situasjonen som har oppstått med danninga av SUS, vil eg innstille mitt arbeid som president for SSSR. Eg tek denne avgjerda på prinsipielt grunnlag.

Eg gå frå posten min med uro. Men òg med von og tru på Dykk, på Dykkar klokskap og åndskraft. Vi er arvingar av ein stor sivilisasjon og no avhenger av at alle slik at denne sivilisasjonen at ein gong blir fødde til eit nytt, moderne og verdig liv." (7)

Kva har skjedd vidare?

På dei drøye ti åra som er gått sidan SSSR vart oppløyst, har levestandarden falt ytterlegare. Rett aust for Kirkenes kjem menneske over grensa til Noreg for å søkje asyl. Det skjedde ikkje tidlegare, og det var ikkje berre på grunn av dei harde grensetiltaka ein sette i gong for å unngå avhopparar at russarar ikkje kom strøymande over grensa under SSSR-tida. Stalin løyste matmangelen på 1920-talet på sin måte (kollektivisering, krig mot kulakkane og konfiskering av matvarelagra), medan Jeltsin ynskja løyse problema Russland stod ovanfor med marknadsliberalisme. Og det var fullt frislepp. Resultatet var ein galloperande inflasjon og ei arbeidsløyse som auka frå omtrent 0 til 20 millionar på nokre få månader. Russlands folkesetnad er redusert med 6 % sidan 1991. I reine tal vil det seie at det finst 9 millionar færre russarar enn ved SSSRs samanbrot. Årsaka til dette er lav fødselshyppigheit, lågare snittalder, særleg for menn, grunna eit stadig aukande alkoholforbruk, auke i sjukdomar som tuberkulose og difteri, færre sjukehusplassar osb. Den rå marknadsliberalismen har ført til dyrare bustadar, lågare løner, dyrare mat og dårlegare vedlikehald av det meste. Lat oss kike litt på Russland (8) etter SSSRs fall:

Boris Jeltsin og tida under honom

Boris Jeltsin (fødd 1. februar 1931) vart vald til president i Russland medan SSSR enno eksisterte (sjå ovanfor). Mannen heldt kva han lova, det skulle verkeleg bli systemskifte frå 1992. Store delar av industri og varehandel vart privatisert, berre samferdsel, skule og helse vart spart. Dei som hadde høve til å grabbe til seg mest mogleg, gjorde det, og desse menneska var gjerne identiske med lokale toppar i partiet/fagforeiningane. Dette sytte for at den gamle elita heldt på posisjonane sine, og at dei i tillegg vart mangemillionærar, ikkje i rubel, men i dollar. Dei mektigaste mellom dei mektige, er dei sju såkalla oligarkane, sju forretningsmenn som sannsynlegvis er Russlands rikaste.

Jeltsins første (av mange) statsministar, Jegor Gajdar, kalla overgangen til marknadsøkonomi for "sjokkterapi". Kortfatta vil denne "sjokkterapien" seie dette: Frå nyttår 1992 rådde monopolistiske eigarstrukturar i russisk økonomi. Gajdar sleppte prisane fri for å få varene ut på marknaden. Prisane skaut i vèret. Folk hadde nemleg pengar å nytte i Russland etter SSSRs samanbrot. Det var som i Noreg rett etter krigen. Folk hadde pengar av di dei hadde fått løn, men ikkje hadde hatt varer å kjøpe. Dei nye reformatorane sa at målet var å skape ein ny middelklasse. Fordelingspolitikk vart tillagd lite tyding. Unge partibyråkratar med utdaning den vegen hadde søkt tilflukt som leiarar i næringslivet då SSSR fell. Dei køyrde produksjonsnivået til botn og kjøpte produksjonsmidla til spottpris. Enkelt, men urettvist. Frå nyttår 1992 og ut 1993 vart volumet for industriproduksjon redusert med 44 %. For å ta ei samanlikning; det var meir drastisk enn ved det tyske åtaket i 1941. Illegal utførdnad av kapital til Vesten dette året går økonomar ut frå var på kring 40 milliardar USD (40.000.000.000 USD var den gongen 360.000.000.000 NOK). Skattenivået på formueskatt vart nemleg halda i hevd etter unionens fall. Folk vart sparka en masse. Rørslene i levestandard må nærast bli beskrive som filleproletarisering (russisk lumpenizatsija). Dette ignorerte styresmaktene. Folk vendte seg mot helten frå tida føre unionens fall. Raseriet over politikken vendte seg mot sigøynarar, kaukasarar og jødar. I dette kjølvannet oppstod Vladimir Zjirinovskijs fascistrørsle Det liberal-demokratiske partiet. Dei nye styresmaktene krangla helst med gamal-"kommunistane", og Zjirinovskij fekk ture fram som han ville. Med fråsegner som at han helst vil at russiske soldatar att ein gong skal vaske støvlane sine i Det indiske havet fekk han 25 % oppslutnad i dumavalet i desember 1993. Før dette hadde Jeltsin gjeve ordre om at stridsvogner skulle skyte mot Det øvste sovjet 4. oktober 1993. Grunnen til dette var Jeltsins totale ignoranse av korrupsjonen som hadde vekse fram dei to siste åra og tempoet i "sjokkterapien". Jeltsin merka motstanden vokse, og tolererte det ikkje då politikarar i protest forskansa seg der inne, derimellom Ruslan Khazbulatov (formann i Det øvste sovjet), Aleksandr Rutskoj (general og visepresident) og Viktor Barannikov (Jeltsins tryggleiksministar), og Jeltsin skulda desse for å ville attreise det gamle styresettet. Det var altså ikkje smågutar som var inne i huset. Ein av dei som var inne i huset, heitte Vladimir Putin.

I etterkant av dette lot Jeltsin den populære St. Petersburg-borgarmeistaren Anatolij Sobtsjak redigere ei ny utgåve av grunnlova. Denne grunnlova tryggja nesten all makt hjå presidenten, og kom i stand føre dumavalet (det første etter oppløysinga) i desember 1993. Dumaen vart nemleg prega av Zjirinovskijs fascistar og Zjuganovs levningar av det tidlegare kommunistpartiet, som båe var svært kritiske til Jeltsin-regjeringa sin politikk. Dette var også årsaka til den nye grunnlova. Parlamentet freista ta frå Jeltsin denne makta, noko som enda med beleiringa av Det kvite huset. Jeltsin gav ordre om at parlamentet skulle bli oppløyst innan 4. oktober, noko fleire gjorde klårt at dei var heilt usamde i, for å seie det mildt. Mot dette sette Jeltsin inn stridsvognene. Nasjonal Redningsfront, ei politisk merkeleg, men temmeleg militant gruppe, freista omringe troppane og åtaka Ostankino (eit fjernsynstårn, som forresten vart sett opp i høve 50-årsjubileet til oktoberrevolusjonen i 1967, og som brann opp 28. august 2000) kor 62 menneske fall i kampane. Jamvel om Jeltsin ikkje hadde stor respekt frå det militære, oppførte dei seg lojalt og storma Det kvite hus 4. oktober. 70 menneske døydde i denne aksjonen. Jeltsin vann ikkje mange vener på denne manøveren.

Valet i 1993

Jeltsin lukkast i å oppløyse parlamentet, og det vart val til "det nye parlamentet" i desember same året. Dette parlamentet vart kalla Duma (9) etter namnet på parlamentet på slutten av tsar-regimet. Zjirinovskijs neo-fascistar i Det liberal-demokratiske partiet vann mange sete i parlamentet, men ikkje nok til å dominere. Dumaen vart nemleg splitta mellom neo-fascistane og reformkommunistane, medan "demokratane", som dei oftast vart kalla i norske media, hamna meir eller mindre på vippen. Det var eigentleg ikkje så farleg for Jeltsin at tilhøva vart sånn. Den nye grunnlova, som folket hadde stilt seg bak i folkerøysting samstundes som parlamentsvalet, gav som nemnd presidenten meir makt og parlamentet mindre. Men parlamentet kunne plukke ut statsministaren, og det vart Viktor Tsjernomyrdin. Sjølv sette han saman regjeringa si utan utpreiga økonomiske reformatorar, men han synte seg å vera ein dugeleg mann på dette området sjølv. Spesielt var Tsjernomyrdin oppteken av å stø dei store byane, noko som gjekk hardt utover Russlands landbruk. Men regjeringa tok kontroll over sentralbanken, og innan 1995 hadde ein fått inflasjonen ned frå 2.500 % i 1992 til 300 % i 1995. Regjeringa måtte lansere planar for å kontrollere budsjettunderskotet og utanlandsgjelda. For å finansiere dette, sette ein i gong eit offentleg pyramidespel. Konsekvensane vart at den attverande industrien vart privatisert og kom på henda til økonomiske spekulantar. Kraftverk og råvarebransjen vart lagde ut som pant mot lån til staten. Når lånetida hadde gått ut, klarte ikkje staten betale, og private hadde teke over heilt gratis. Ut frå dette trådde dei kjende oligarkane fram. Dei slo seg opp på privatiseringsbølgja. Oligarkane var i byrjinga sju: Boris Berezovskij (Sibneft, bilar og media), Vladimir Gusinskij (Mostbank, massemedia), Vladimir Potanin (Oneksim-bank, Norilsk nikkel, massemedia), Mikhail Fridman (Alfa), Mikhail Khodorkovskij (Yukosoil), Aleksandr Smoljanskij (Agrobank), Vladimir Vinogradov (Inkombank). Som ein ser, finst det ikkje nokon uavhengig, objektiv media i Russland per i dag.

Mafiaen

Mafiaen voks heile tida i røvarkapitalens Russland. I 1994 synte ein statistikk at ein av fem tusen russarar vart skotne, dobbelt så mykje som i Sambandsstatane og ti gonger så mykje som i Storbritannia. Mellom dei drepne var rockestjernar, politikarar, skodespelarar og fjernsynskjendisar. Ingen var i stand til eigentleg å gjera noko mot dette, ikkje Jeltsin heller, trass i høgtidelege løfte i (fest)talar.

Krig i Tsjetsjenia

Samstundes ville den kaukasiske delrepublikken Tsjetsjenia bryte laus og danne sin eigen stat. Dette var uakseptabelt for Jeltsin, og 11. desember 1994 marsjerte russiske troppar inn. Men separatistgruppene let seg ikkje knekke. Ein kort, vellukka krig var det Kreml trengte for å attreise respekten for styresmaktene. Men krigen vart ikkje kortvarig. Frå 1994 til fredsavtalen vart underskrive sommaren 1996 missa neste 130.000 menneske livet. Dessutan vart like mange flyktningar i eige land. For årsakene til denne krigen, les artikkelen "Den første krigen mot "terror"" i NKS blad Kva må gjerast? (Bladet kan fåast ved å henvende seg til NKS, postboks 21 Haugerud, 0616 Oslo eller send eit e-brev til ksanks krøllalfa online.no). Men her kan ein jo seie at olje står sentralt.

Presidentval. Økonomiske problem

Opposisjonen mot Jeltsin og hans politikk vart styrka i parlamentsvalet 1995. Reformkommunistane styrka sin posisjon kraftig og fekk 22 %. Jegor Gajdars nyliberale parti rauk heilt ut av parlamentet av di dei ikkje kom over sperregrensa på 5 %. Zjirinovskijs parti gjekk attende, men rauk ikkje ut. Det så stygt ut for Jeltsin føre presidentvalet juli 1996. Hans stadige skandaler på grunn av høyt alkoholforbruk døgnet rundt anten på fjernsynet eller i utlandet gjorde at russarar skamma seg over honom. I tillegg byrja dei bli lei av den økonomiske liberalismen og konsekvensane etter fem år med stadig lægre levestandard, inflasjon og så bortetter. Dessutan var Jeltsin svekka helsemessig. Han trengte ein bypass-operasjon for å koma til hektane att, noko han gjekk gjennom i november same år. Men før det var det altså val. I januar hadde Jeltsin berre 8 % oppslutnad, leiaren av kommunistpartiet, Gennadij Zjuganov fekk 21 %, medan Aleksandr Lebed (10), tidlegare general og motstandar av krigen i Tsjetsjenia, fekk 10 %. Men Jeltsin har mektige vener. Berezovskij bidrog med tre milliardar USD i presidentkampanjen. Media stengte nærast døra for andre enn Jeltsin, og Jeltsin klarte å vinne valet, av di opposisjonen vart splitta av dei to store utfordrarane. Dessutan hadde Jeltsin i mellomtida overtala IMF til å gje drøye 10 milliardar USD til Russland, pengar ein nytta til å betale ut dei alltid forseinka pensjonane og lønene. (Dette er som kjend framleis eit problem i Russland i dag.) I alle høve fekk Jeltsin 35 % i første valomgangen, Zjuganov 32 % og Lebed 14 %. Det vil seie at Jeltsin og Zjuganov gjekk vidare til 2. valomgangen. Her lova Lebed å oppmode veljarane sine om å røyste på Jeltsin mot at Lebed vart sekretær i Det nasjonale tryggleiksrådet. Tsjernomyrdin heldt fram som statsministar.

Etter valet vart semja kring Jeltsin frå finansfyrstene og "demokratar" til usemje. Dette dreide seg om den vesle statlege eigedomen som var att. Børsen i Moskva tredobla verdien sin i åra 1996-97, men i realiteten var dette berre ei boble, som så ofte tidlegare andre stadar. Lønene og pensjonane vart igjen ikkje utbetalt, noko som i sin tur sytte for at staten ikkje hadde skatteinnkomer. Resten av kapitalen strøyma ut or landet. I 1998 vart Russland råma av den same krisa som råma Asia (og land i Vesten, for den saka si skuld, men krisa starta i Asia). Børsen fall dramatisk, heftig inflasjon råka økonomien, og i Sibir streika gruvearbeidarane og okkuperte den kjende transsibirske jarnvegen av di dei ikkje fekk lønene sine.

I byrjinga av 1998 byrja Jeltsin med det mange nok kjem til å hugse honom for, sparkinga av sine eigne statsministrar. Tsjernomyrdin måtte gje plass for Sergej Kirienko. Kirienko var liberal teknokrat. Men Kirienko-regjeringa klarte ikkje, trass i internasjonal hjelp, å ordne opp i økonomirotet. I august gav dei opp, og devaluerte rubelen. Bankane kollapsa, og folk fekk ikkje utbetalt pengane sine. Staten rett og slett stengte sine konti.

Venstreopposisjonen i Dumaen freista stille Jeltsin for riksrett. For å unngå dette, sparka Jeltsin Kirienko og ville ha att Tsjernomyrdin som statsministar. Dette nekta Dumaen, og i staden vart det eit kompromiss med Jevgenij Primakov. Primakov synte seg som ein senterpolitikar og taktikar, og fekk i stand eit kompromiss med reformkommunistane. I byte mot nokre ministarpostar gjekk dei med på eit kraftig nedskjæringsbudsjett. Det vart sett i gong gransking av fleire finanstransaksjonar i samband med siste rest av privatisering og agustkrisa, som enda med Kirienkos avgang.

Gamle vener vart fiendar under den økonomiske krisa. Berezovskij, mest sannsynleg Russlands rikaste (og mektigaste?) mann, vart sett under etterforsking på grunn av skuldingar om korrupsjon. Resultatet var at Primakov vart sparka i mai, som den tredje på 14 månader. Sergej Stepasjin, ein "Kirienko-kopi" (ung byråkrat) tok over. Denne farsen vart avslutta med at den tidlegare KGB-offiseren Vladimir Putin tok over roret etter berre 82 dagar.

Vladimir Putin

Vladimir Putin, vekse opp i Leningrad, jurist av utdaning, hadde tenestegjort som KGB-offiser i Dresden (tidlegare DDR) i fem år. Her hadde han gjort seg lite bemerka, eller vore ein særs dyktig agent. (Det er vanskeleg å seie, KGB-arkivet har berre ein artikkel om mannen og tenesteperioden der. Men ein god agent legg ikkje att spor.) Etter det hadde han vendt attende til Sovjet og gått gradane i systemet. Mellom anna var han etter SSSRs oppløysing "kaffiskjenkar" for Anatolij Sobtsjak i Leningrad/St. Petersburg.

Putin fekk ein "god" start som statsministar. Tsjetsjenske opprørarar gjekk inn i grannerepublikken Dagestan, og russiske soldatar sette i gong ein suksessfull offensiv. Dette gjorde Putin svært populær mellom folket, og han heldt fram med den harde lina i Tsjetsjenia då bustadsblokkar plutseleg vart sprengde i lufta i Moskva. Putin-regjeringa skulda tsjetsjenske opprørarar for dette, men i ettertid har det kome fram opplysingar (11) som gjer at ein kan mistenkje FSB (12) for sjølv å stå bak desse operasjonane. Slik fekk i alle høve Putin ein grunn til med ein gong å syne seg som ein sterk leiar. Elles vil eg nok ein gong syne til Kva må gjerast? for å lesa meir om Tsjetsjenia og konflikten der. Krigen vart også eit middel for å dekkje over dei sosiale problema Russland slit med.

I desember 1999 var det på nytt val i Dumaen. "Einskap", eit nytt parti utan program, vann valet. Partiet stod last og brast attom Jeltsin og Putins line i Tsjetsjenia, og vart slik populære. Å trekkje inn Vladimir Putin må absolutt reknast som ein politisk genistrek frå Boris Jeltsins side. Folket stod igjen bak presidenten. Samstundes var det klart at Jeltsin av helsemessige årsaker snart måtte gje roret til nokon andre. Endeleg hadde han funne ein som verkeleg kunne styre etter gamal russisk oppskrift. Nyttårsaftan kunngjorde Jeltsin sin avgang, og Putin tok over fram mot presidentvalet i mars. Dette var overkomeleg for Putin, og han vann allereie i 1. omgangen av di han fekk klårt fleirtal. Som takk for Jeltsins tillit gav Putin honom immunitet, noko som gjer at Jeltsin aldri kan trekkjast inn for ein russisk domstol for overgrepa som skjedde mot den russiske folkesetnaden i sine drøye åtte år som sjef i verdas største land.

Putin gjekk inn for å styrke det nasjonale medvitet. Dette har naturlegvis samanheng med krigen i Tsjetsjenia. Slik vart mellom anna sovjethymna teke attende som nasjonalsong, om enn med ny tekst (legg merke til at alle syng den gamle teksten!), hæren har teke attende dei gamle gradsnemningane og SSSR-fanene og det blir ikkje fjerna fleire monument frå Sovjet-tida, jamvel om kampanjen for å endre namnet på Volgograd attende til Stalingrad er stogga.

Men Putin fekk snart problem og kritikk. Då atomubåten Kursk søkk i Nordishavet 12. august 2000, med over 160 offer som følgje, fekk regjeringa og det militære kritikk frå dei pårørande for å ha vore for ubesluttsome. Ikkje bad dei om hjelp frå utanlandske farty i området eller den norske kystvakta. Det er i ettertid dessutan diskutert om det var ein eksplosjon om bord som gjorde at Kursk søkk, eller om ubåten vart truffe av eit anna farty/torpedo. Gode argument peiker i båe retningar. Det endelege svaret vil ein neppe få. Uavhengige ekspertar seier at det som kan vera mest sannsynleg, er ein kulloslekkasje om bord på båten.

Krigen i Tsjetsjenia gjekk stadig vidare, og Russland vart stadig skulda for brot på menneskerettane av Amnesty International. Samstundes køyrde dei russiske troppane seg fast i vintersøla i Kaukasus. Folket har ikkje akkurat vendt seg mot styresmaktene i spørsmålet om krig eller ikkje, men mange stilte spørsmål ved at så mange unge gutar kom heim i kister. For levningane av den ein gong så mektige Raude hær er skrale saker. Dårleg utstyrte geriljagrupper klarer halde stand mot soldatane, som er stadig yngre når dei blir skrivne ut. Per i dag har Russland ein vervehær, men mange ungdomar "på skråplanet" blir innrullert i hæren. Desse får ei mager opptrening før dei blir sendt ut for å bli drepne eller å drepe.

Det som verkeleg fekk mange til å stille spørsmål om krigen i Tsjetsjenia, var gisselaksjonen på Dubrovka-teateret i Moskva i slutten av oktober i 2002. Som aksjon heilt genial; korleis overmanne gisseltakarane utan å drepe gissel samstundes? Detaljer vil eg ikkje gå i her, då denne hendinga sikkert sit friskt i minne hjå dei fleste. Men kort gjekk det ut på at opprørarane ville ha russiske troppar ut or Tsjetsjenia - umiddelbart. Putin kunne ikkje etterkoma desse krava, og heile Russland følgte situasjonen spent ei par dagar. På fjernsyn over heile verda kunne ein sjå pårørande og andre krevje stans i russarane si krigføring i Kaukasus. Krigen blir heile tida stadig meir meiningslaus for folk flest. Til slutt fekk det heile si ende ved at russiske styresmaktar grytidleg om morgonen 26. oktober sendte gass inn i lokala, med resultat at alle gisseltakarane og 117 gissel døydde. Frå tsjetsjensk side kan denne aksjonen seiast å vera både vellukka og ikkje vellukka. For det første fekk ein satt fokus på ein krig som held på å bli gløymd grunna alt som har hendt etter 11. september 2001, og ein klarte å syne delar av den russiske opinionen kor ille denne krigen er (hugs "Stockholmssyndromet" (13)). Men samstundes likna denne aksjonen på noko som like gjerne kunne ha skjedd i Al Qu'aida-regi, meinte mange. Dei same meinte så klart at dette berre stadfesta banda mellom Al Qu'aida og den tsjetsjenske frigjeringsrørsla.

Frå Putin si side, kan aksjonen reknast som vellukka politisk, trass i dei 117 uskuldige som måtte bøte med livet. Putin måtte syne seg fram som ein handlingas mann for framleis å ha legitimitet for å halde fram krigen i Tsjetsjenia. Raidet mot teateret kan òg seiast å vera eit prov på Putins vilje og handlekraft, og ikkje minst viljestyrke. No rasar krigen som før, jamvel om opinionen er noko endra.

Kva er eigentleg oppnådd?

Vladimir Putin er framleis landets mest populære politikar, men har han eigentleg oppnådd noko? Det er parlamentsval i haust og presidentval i 2004. Det synast å vera sikkert at Putin blir attvald. I ei spørjeundersøkjing etter Dubrovka-hendinga, sa 83 % at dei var nøgde med Putin, medan berre 40 % var nøgde med utviklinga av levestandarden. I følge opplysingar frå russiske styresmakter, veks BNP med kring 4 % i 2002, inflasjonen var på kring 15 % og arbeidsløysa på 7,1 %. Reallønna veks med 8,5 %. Sett vekk frå inflasjonsraten, er dette imponerande samanlikna med fleire EU-land (til dømes Tyskland, EUs lokomotiv), men ein må ha i mente at Russland har eit mykje lågare utgangspunkt. BNP fell til under 50 % av 1990-nivå det siste året Jeltsin var president. Dessutan trengst auken i løner; 27 % lever under eksistensminimum, fleire av dei pensjonistar, 4 millionar er heimlause, 3,5 millionar er stoffavhengige og eit ukjend tal er alkoholikarar. Ser ein på dette, er det kan hende vanskeleg å skjøne Putins popularitet. Det er mogleg det kan løne seg å sjå på Russland soge; lengselen etter ein sterk mann er kan hende det som er avgjerande. Dessutan vedgår Putin av og til at folk hadde betre levekår under SSSR-tida, noko Jeltsin aldri gjorde offentleg. Og Putin har, som forgjengaren, full kontroll over media.

At Putin vil bli attvald som president, er nærast uomtvisteleg. Det er i så måte meir spanande med parlamentsvalet i haust. Det er her folks misnøye med den sosiale utviklinga syner seg. Eg tør i alle høve ikkje å koma med spekulasjonar. Men det er ikkje overveiande sannsynleg at den jamne russar vil klare å skape seg ei betre framtid. Russland er i større grad turbokapitalistisk enn fleire vestlege land, trass i somme fornuftige løysingar frå SSSR-tida som gratis lokaltelefon, billege husleige og ein bra og billeg kollektivtransport over heile landet. Men arbeidsløyse, fattigdom og sosiale problem er uunngåelege under kapitalismen. Og korleis skal Russland bli rikare enn det er i dag? Landet har ein del olje, særleg i Sibir, men det er dyrt å utvinne ho på grunn av klimatiske tilhøve, permafrost, osb. Industrien er liten, militæret kjøper ikkje opp alt lenger (dei har ikkje pengar å kjøpe for heller), mafiaen kontrollerer det som er av annan næringsverksemd. Det døyr fleire enn det blir født, noko som er typisk for sentral- og austeuropeiske land etter Berlinmurens fall. Dette seier litt om korleis folk trivst. Har du ikkje noko von for framtida, er det i alle høve ikkje noko vits i å setja fleire til verda for å oppleve den same misèren. Russland treng ein moderne, økologisk og demokratisk sosialisme, ikkje den perverse versjonen vi såg der føre 1991. Men det var betre då ... I alle høve for breide lag av folket.


Kort historikk (1985-2002)

1985:
Gorbatsjov vald til generalsekretær i partiet etter Tsjernenko.

1986:
26. april.
Tsjernobyl-ulukka, som syner at Glasnost-prosessen har vore ein fiasko kva gjeld dekkjing av nyhende. Fakta om ulukka blir fordekte, med mange dødsfall (kreft, strålesjuke, dødfødde ungar, osb.) og sjukdom som resultat.
Oktober: Gorbatsjov og Reagans møte på Reykjavik.
Desember: Andrej Sakharov, kjent dissident og Nobelprisvinnar, får lov til å returnere til Moskva frå sitt indre eksil i Gorkij (no Nizjnij Novgorod).

1988:
Januar:
Uroleg situasjon i Stepanakert, Nagorno Karabakh.
Juni: Gorbatsjov opprettar Folkekongressen, kor to tredelar av representantane skulle vera folkevalde etter borgarlegdemokratisk mønster.

1989:
Gradvis tilbaketrekkjing frå Afghanistan.
April: Store demonstrasjonar i Tbilisi, Georgia. Knust med brutale middel.
August: Ikkje-"kommunistisk" regjering i Polen.
9. november: Berlinmuren fell.

1990:
Desember:
Eduard Zjevarnadze går av som sovjetisk utanriksminister.

1991:
Januar:
Kraftige opptøyer mot Sovjet-regimet i Litauens hovudstad Vilnius.
Juli: Boris Jeltsin blir teke i eid som president i RSFSR.
19.-22. august: Kuppframstøytet.
25. desember: Gorbatsjov går av.
31. desember: SSSR formelt oppløyst. Kommunistpartiet forbode.

1992:
Økonomisk sjokkterapi. Kommunistpartiet att ein gong gjort legalt. Inflasjon på 2.500 %. BNP fell med 12,7 %.

1993:
4. oktober: Stridsvogner skyt i stykker Det kvite hus i Moskva, som rommar Det øvste sovjet. 70 døyr, i tillegg til dei 62 i kampane kring fjernsynstårnet, Ostankino.
Desember: Val til Dumaen for fyrste gongen etter 1917.

1994:
11. desember: Russiske troppar inn i Tsjetsjenia. Framleis stor inflasjon.

1995:
Inflasjonen nede i 300 %.

1996:
Sommaren: Fredsavtale i Tsjetsjenia. Presidentval; Jeltsin vinn, mot alle odds.
Børsen tredoblar verdien sin.

1998:
Vår: Tsjernomyrdin sparka, erstatta av Sergej Kirienko. Økonomisk krise. Rubelen devaluert 17. august.
23. august: Kirienko sparka, erstatta av Jevgenij Primakov.

1999:
24. mars: Russland kritiserer (sterkt) Nato-bombinga av Jugoslavia.
Mai: Primakov sparka, Sergej Stepasjins korte mellomspel.
5. august: Stepasjin sparka, Putin inn.
Medio august: Tsjetsjenske opprørarar invaderer Dagestan. Russiske troppar set i gong motoffensiv.
31. desember: Jeltsin kunngjer sin avgang. Putin teke i eid.

2000:
12. august: Kursk går ned i Nordishavet med mange menneske om bord.

2001:
Oktober: Russland gjev Sambandsstatane/Nato full støtte i ein krig mot Afghanistan. Russiske troppar utstasjonerte i nesten alle dei gamle SSSR-republikkane.
10-årsmarkeringa for oppløysinga av SSSR feirast med måte.

2002:
Oktober: Gisselaksjonen i Dubrovka-teatret. Russiske styresmakter åtakar teateret med gass. Alle gisseltakarane og kring 120 gissel døyr.
7. november: Markeringar fleire plassar i samband med 85-årsjubileet til oktoberrevolusjonen.

2003:
5. mars: Femti år sidan Stalin døydde, uoffisielle markeringar fleire plassar.


Noter
Andre kjelder