Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Pensjon som fortent?

av Magnhild Folkvord

Røde Fane nr 4, 2002

Magnhild Folkvord er journalist i Klassekampen


"Arbeid skal lønna seg", seier både sosialministeren og andre. Mange kvinnelege pensjonistar har grunn til å spørja om det eigentleg lønte seg.

Dei færraste tenkjer mykje på pensjon og pensjonspoeng i dei første to tredelane av yrkeskarrieren, og ein god del får ei overrasking den dagen pensjonen skal utbetalast.

Alderspensjonen kjem meir eller mindre "av seg sjølv" når den tid kjem. Men etterkvart som stadig fleire har gått ut av yrkeslivet med uførepensjon før dei nådde pensjonsalder, er det mange som har erfart at det ikkje er særleg lukrativt å vera lågtlønt kvinne, og særleg ikkje om ein i delar av yrkeslivet har arbeidd deltid eller kanskje har vore heilt ute av arbeid i periodar. Framleis er det slik at pensjonsordningane er skreddarsydde for menn, og høver dårleg for kvinner flest. Og for ordens skuld: uførepensjon vil i all hovudsak tilsvara det ein ville ha fått som alderspensjonist.

"Bare det leveviset som er typisk for menn, fulldags inntektsgivende arbeid uten avbrudd, gir uttelling som sikrer en fortsettelse av tilvant levestandard," skriv Hege Brækhus, amanuensis ved Institutt for rettsvitenskap ved Universitetet i Tromsø i boka Et nødvendig gode. Folketrygdens plass i Velferds-Norge. Ho karakteriserer i same samanheng trygdesystemet som ein "garanti mot fattigdom for kvinner". Skilnaden mellom "garanti for tilvant levestandard" og "garanti mot fattigdom" kan dreia seg om mange tusen kroner i løpet av eit pensjonistliv.

Folketrygd med noko attåt

Det framlegget frå den regjeringsoppnemnde Pensjonskommisjonen som har provosert mest, er det som gjeld "fleksibel pensjonsalder mellom 62 og 70 år". Ikkje fordi det er motstand mot fleksibiliteten i seg sjølv. Men fordi det i Pensjonskommisjonen sitt framlegg ligg at dei som maktar å arbeida til dei er 70 år, vil få betre pensjon når dei går av, enn dei som sluttar tidlegare.

Argumentet om at "arbeid skal lønna seg", som no blir flittig brukt for å forsvara svekking av både pensjonsordningar og dagpengar for arbeidslause, og innstramming på retten til arbeidsinntekt for uføretrygda, er ikkje så lite arrogant. Det viser ingen respekt for at svært mange av dei som vel å bruka retten til avtalefesta pensjon frå dei er 62 år, er såpass utslitne av eit langt arbeidsliv at dei ikkje opplever at dei har noko reelt val.

Men sjølv før den nye "fleksibiliteten" eventuelt kan begynna å verka, er det mange slitne kvinner som erfarer at dei får lite pensjon att for mykje slit og arbeid. Det har - som nemnt - å gjera med at både folketrygda og tenestepensjonane i offentleg sektor er meir tilpassa menns enn kvinners yrkeskarriere. Sjølv om kvinners yrkesaktivitet har auka dramatisk i løpet av dei siste 30 åra, er det framleis vesentlege skilnader mellom ein typisk "mannleg" og ein typisk "kvinneleg" yrkeskarriere. Det gjeld både kor mange år ein er yrkesaktiv og graden av deltid i periodar av yrkeslivet.

Alle offentleg tilsette har lovfesta rett til pensjonsordning. For dei kommunalt tilsette har tenestepensjonen i hovudsak vore organisert gjennom Kommunenes Landspensjonskasse (KLP), sjølv om nokre kommunar har valt å kjøpa pensjonsordningar hos andre forsikringsselskap. For dei statleg tilsette er pensjonsordninga knytt til Statens Pensjonskasse. I praksis har desse pensjonsordningane same innhald. Når det gjeld alderspensjon, er hovudsaka at den som er medlem av pensjonskassa, skal vera sikra ein pensjon tilsvarande 66 prosent av lønna i det ein går av med pensjon.

Deltid kostar

Men det er ingen garanti for at pensjonen blir 66 prosent av full lønn når ein sluttar. For det første er det berre dei som har minimum 14 timar i veka eller minimum 50 prosent stilling som blir innmelde i KLP eller SPK. Det gjer at ein heil del deltidsarbeidande kvinner fell utanfor. No er det rettnok ein regel som seier at den som er tilsett i mindre stilling, men har hatt ei gjennomsnittleg arbeidstid tilsvarande 14 timar i veka eller 50 prosent stilling (eller meir) i eit kvartal, skal etterinnmeldast i pensjonskassa, og ein får tru at dei systema som skal sikra dette, er så effektive at det ikkje fører til at nokon taper pensjon dei skulle hatt. Men dersom den faktiske arbeidstida varierer frå kvartal til kvartal, kan det ta tid å få den oppteninga som skal til.

Det som avgjer kor stor pensjonen til slutt blir, er kor lang oppteningstid ein har, og kor stor stillingsdel ein har hatt. Full pensjon i KLP eller SPK krev medlemskap i pensjonskassa i 30 år. Fordi dei tjue beste åra er avgjerande, må du ha vore medlem i pensjonskassa i 30 år og hatt full stilling i tjue år for å få full pensjon. Den som til dømes har hatt 80 prosent stilling (eller veksla mellom heil- og deltid slik at gjennomsnittet blir 80 prosent) i 30 år, får ein pensjon som utgjer 80 prosent av 66 prosent av lønna når ein sluttar. Den som har jobba full jobb, men berre har vore medlem av pensjonskassa i tjue år, får ein pensjon som er to tredelar av 66 prosent av sluttlønna.

Den som av ein eller annan grunn har permisjon i kortare eller lengre tid, bør sjekka kva det får å seia for pensjonsrettane. Den såkalla permisjonsavtalen fastset at for visse lønna/ulønna permisjonar inntil to år blir permisjonstida rekna som tenestetid. Det gjeld til dømes fødselspermisjon og militær- og sivilforsvarsteneste.

Pensjonen som forsvann

Privatisering og konkurranseutsetjing kan ta pensjonsordninga frå mange tidlegare offentleg tilsette. Der tidlegare offentlege oppgåver skal ut på anbod, vil pensjonskostnadene kunne vera den differansen som gjer at den eine konkurrenten vinn over den andre. Ei viktig sak å passa på for alle politikarar og fagorganiserte som ser eit høve til å leggja inn vilkår for konkurranseutsetjing, er kravet om at dei tilsette ikkje skal få dårlegare pensjonsordningar enn tidlegare.

Kor mange som kan ha mista pensjonsordningar ved slike grep, er det så langt eg kjenner til, ingen som har oversyn over. Men det kan vera god grunn til å bli arg dersom offentlege arbeidsgivarar både spring ifrå denne delen av arbeidsgivaransvaret og dessutan gir private aktørar høve til å tena seg rike på dei lågtlønte slitarane den pensjonsordninga dei hadde rekna med å ha. Som kjent vil det ikkje vera alle dei arbeidtakarane som blir offer for konkurranseutsetjing, som har høve til å velja ein annan arbeidsgivar med betre pensjonsordning.

Dei som måtte tenkja at det er greitt å vera mellombels tilsett eller å ha eit utleigebyrå som arbeidsgivar, bør også sjekka kva det gir av pensjonsrettar. I Manpower sin informasjon til nye medarbeidarar heiter det under overskrifta "Trygghet": "Går det likevel galt for deg, vil folketrygdens ytelser bli supplert med våre egne ordninger. Alle våre medarbeidere har yrkesskadeforsikring. Den dekker skader og sykdom som du måtte bli påført under arbeidet. Ved dødsulykke vil etterlatte være sikret økonomisk." Slik eg les det, er dette ikkje meir enn det einkvar arbeidsgivar er forplikta til etter lova. Her står det ikkje eit ord om pensjon.

Minstepensjon mest for damer

Kor mange av dei offentleg tilsette som har så låg stillingsprosent at dei ikkje oppnår medlemskap i pensjonskassa, eventuelt så låg pensjon at det ikkje blir meir enn det dei i alle høve ville få frå folketrygda, har det ikkje lykkast å finna tal på.

Men Rikstrygdeverket sine tal fortel noko om kvinnepensjonistane sine økonomiske kår.

I folketrygda blir tilleggspensjonen rekna ut frå inntekta dei tjue beste åra, med krav om førti års oppteningstid for å få full tilleggspensjon. Altså skreddarsydd for ein mannleg industriarbeidar av det slag det ikkje er så mange att av.

Den som ikkje har tent opp nok pensjonspoeng til å få tilleggspensjon, blir minstepensjonist ved fylte 67 år, og blir slik sett økonomisk likestilt med dei som ikkje har vore i lønna arbeid i det heile.

I 1999 var 233.000 av dei 610.000 alderspensjonistane i landet minstepensjonistar. Ut frå Rikstrygdeverket sine prognosar vil ein stadig mindre del av alderspensjonistane bli minstepensjonistar - 23 prosent i 2010, og 13 prosent i 2020. Korleis det er mogeleg å slå fast like sikkert at berre tre prosent av alderspensjonistane i 2060 vil vera minstepensjonistar, slik det blir gjort i Rikstrygdeverket sin rapport 2002/20, er for meg noko uklart.

Totalt er seks av ti alderspensjonistar kvinner, men av minstepensjonistane utgjorde kvinnene heile 90 prosent i 1999. Full minstepensjon for ein einsleg person utgjer etter 1. mai i år 97.143 kroner.

Minst 40 år i landet

Vi har vore vane med å gå ut frå at alle iallfall er sikra ein minstepensjon når dei fyller 67, uavhengig av yrkesaktivitet. På eitt vis er det sant. Men ikkje heilt. Så lenge alle som bur er her er "norske nordmenn", er det sant. Men det kan vera viktig å sjå på kva følgjer det får at den som skal få full utteljing frå folketrygda, må ha minst førti års "trygdetid", det vil seia butid i landet etter fylte 16 år. Ein god del innvandrarar som kom har komme hit i godt vaksen alder, men utan trygderettar frå det opprinnelege heimlandet, har fått merka at alderspensjonen blir særleg skrinn. Eit minstekrav for i det heile å få alderspensjon, er tre års butid. Den som til dømes berre har ti års butid når ho når pensjonsalder, vil altså berre få ein firedel av den pensjonen som gjeld for dei som har førti år i landet.

Med dagens handheving av innvandrings- og asylpolitikk, vil det vera grenser for kor mange som får høve til å bli pensjonist i Noreg utan full butid. Men for dei det gjeld, kan regelverket verka både vondt og krenkande. I tillegg til at det er på høg tid å gjera pensjons- og trygdeordningane meir kvinnevennlege, kan det også vera lurt å sjå på kva som skal til for at asylsøkjarar og andre som kjem til landet i vaksen alder, skal sleppa å vera sosialhjelpsmottakarar gjennom heile alderdommen.