Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Bruddet -
hellige krigere og en ny verdensorden

Bokomtale ved Ingrid Baltzersen

Røde Fane nr 3, 2002

Ingrid Baltzersen er student og medlem av sentralstyret i AKP

Kari Vogt og Anders Heger: Bruddet - hellige krigere og en ny verdensorden,
Oslo: Cappelen 2002, 207 sider, ISBN 82-02-22073-4


Bruddet - hellige krigere og en ny verdensorden er ei av dei mange bøkene som kom etter 11. september 2001 for å forklara verda kvifor angrepet på World Trade Center og Pentagon hendte. Mange av desse bøkene gjekk tilbake til gamle teoriar om skilnaden på folkeslag, orientalisme, røvarhistoriar om muslimar og folk frå tredje verda. Dette er ikkje ei slik bok.

Fofattarane er Kari Vogt og Anders Heger. Bruddet gjev ei kulturhistorisk og religionshistorisk skildring av bakgrunnen til Osama bin Laden og nettverket hans. Boka starter med å ta for seg brevet som vart funne etter Mouhammad Atta, antageleg den leiande av kaprarane. Vogt gjennomgår brevet og referansane til Koranen, og forklarer dei for oss vestlege som ikkje har referansebakgrunnen til å forstå brevet. Desse delane vart forklart for vesten som uleselege eller uforståelege av media rett etter at dei var oversatt.

Etter det er boka er delt i fire deler. Del I beskriver bakgrunnen for islam og omgrepet jihad, og skildrer ein del religiøse paradoks i muslimsk motstandskamp, til dømes sjølvmordsangrep. Del II fortel om historia til Afghanistan, spesielt etter invasjonen frå Sovjet. Del III er ein kort biografi over Osama bin Laden og del IV er vel ei slags kort oppsummering av tida etter 11. september med den talande overskrifta "Apokalypse nå?".

Min første kritikk er at boka er for kort, og at ein kunne skrive fleire verk ut av kvart kapittel. Det er kanskje ikkje den mest konstruktive kritikken av ei viktig bok som er skriven raskt for å vera aktuell, kanskje meir ei oppfordring til å få fleire bøker om dette på marknaden. Men spesielt dei delane eg kan minst om, som biografien over Osama bin Laden, kunne eg godt tenkt meg var meir utførleg og betre dokumentert med kjelder. Dette er jo òg den vanskelegaste delen av boka å finna mange og gode kjelder på.

Det blir mykje fokusert på Osama bin Laden som person, som ein katalysator for at al-Qaida-nettverket kom i gang og som bakmann for 11. september. Men forfattarane er samtidig flinke til å få fram at det er ulik bakgrunn for hatet Osama bin Laden har til USA og hatet palestinarane og afghanarane har.

I boka vert Bush og bin Laden samanlikna. Begge har i følge dei sjølv Gud på si side, og begge kjemper ein kamp for verda og verdshistoria, ein kamp mellom det Gode og det Vonde. Denne samanlikninga viser to politikarar som veit å spela på kultur, religion og historie for å vinna folk med seg. forfattarane fordømmer angrepa på World Trade Center og Pentagon, men viser samtidig til at krigen mot Afghanistan ikkje tok ut nokon stor andel av dei folka Bush lova å få has på, og samtidig har ført til enorme tap for Afghanistan sin befolkning.

Forfattarane skiljer ikkje politisk mellom ulike islamistiske rørsler. Sjølvsagt har til dømes palestinarane og afghanarane det til felles at dei er muslimar og påvirka av islamisme, men kulturelt og historisk er det mykje som skiljer dei, og dei står i ulike situasjonar. Forskarar må og kunne ta stilling til kva som er progressivt og fører framover, og kva som berre vil føra til tap i dei islamistiske rørslene når dei føler dei har belegg for det.

Dette er ein debatt me må ta på venstresida, korleis me skal forholda oss til rørsler som er politisk uenige med oss, men som jobber for same sak som oss. Ein del på venstresida vil ha oss til å ta avstand frå alle islamistar av di dei automatisk vil øydeleggja all motstand viss dei kjem til makta. Der kan Bruddet vera eit innspel. Eg meiner at å dømma alle islamistar som til dømes er mot utdanning og mot demokrati, er ufruktbart. Ein kan berre sjå på skulane og universiteta islamistane kontrollerer i Palestina, der jenter går på skule, og samtidig vita at Taliban hadde forbod mot at jenter gjekk på skule, ofte med verdsleg grunngjeving som tryggleik for jentene sjølv. I forhold til demokrati kan ein sjå at Dei muslimske brørne i Egypt jobber gjennom parlamentarismen i ein så lite demokratisk stat som Egypt, FIS i Algerie vann gjennom demokratiske val, og organisasjonar som al-Jamaa al-Islamiya jobbar utanomparlamentarisk og ofte med valdelege aksjonar mot sivile mål.

Det å ta stilling til desse rørslene gjeld ikkje berre å ta stilling til politiske idear me er einige og ueinige med, men òg å ta stilling til om handlingane deira støttar eller øydelegg saka dei jobbar for, spesielt viss det er ei sak me er einige i. al-Jamaa al-Islamiya og Jihad al-Islami i Egypt jobbar mot IMF (Det internasjonale pengefondet), og jobbar med velferdsarbeid blant fattige i Egypt. Samtidig er det fleire sentrale folk i

al-Qaida-nettverket som kjem frå desse organisasjonane, han som sit fengsla for det første attentatet på World Trade Center er frå al-Jamaa al Islamiya. Dei har òg vore involvert i åtak på tilfeldige turistar i Egypt. Dette er ikkje handlingar som stør kampen mot IMF og fattigdom, og er ikkje vanskeleg å ta avstand frå. Men kampen dei kjempar mot IMF og fattigdom er ein kamp me må stø sjølv om dei som kjempar han har ein islamistisk overbygging.

Bruddet, både tittel, forord og etterord gjev eit inntrykk av eit brot i verdshistoria, før og etter 11. september. Eg meiner dette er ein litt idealistisk måte å forholda seg til utviklinga i historia på. Samtidig er innholdet nyansert og lærerikt.