
Nettstader: AKP - RV - RU
Framlegg til stiftingsprosess
for "Det nye partiet" (DNP)
Framlegget er utarbeidd av ei gruppe med deltakarar frå AKP, RV og RU.
Det er no til behandling i organisasjonane.
- Forslag for grunnlag til det nye partiet blir laga i samarbeid mellom leiingane av RV, AKP og RU, og første utkast blir sendt ut til organisasjonane i midten av desember.
- Debatten om grunnlaget for det nye partiet skjer før landsmøta i AKP, RV og RU, først og fremst i desse organisasjonane, men ein prøver også å involvera andre i debatten.
- Forslagsfrist i første diskusjonsrunde er 28. januar.
- Landsstyret i RV, Sentralstyret i AKP og Landsstyret i RU lagar ny innstilling på møte 3.-4. februar.
- Det blir heldt landsmøte i RV, AKP og RU før stiftingslandsmøtet. Landsmøta i RV og AKP vedtek grunnlaget for stiftinga av det nye partiet. Det gjeld stiftingserklæring, prinsipp- og arbeidsprogram, vedtekter og leiing for det nye partiet. RU vedtar på sitt landsmøte om dei kan vera ungdomsorganisasjonen til eit parti med dette grunnlaget.
- Stiftingslandsmøtet er planlagt til 10.-11. mars 2007.
- Del 1 av stiftingslandsmøtet stadfester vedtaka frå landsmøta i RV og AKP. I denne delen av stiftingslandsmøtet er dei delegatar som var delegatar på RV, AKP og RU sine landsmøte. Ein kan også invitera andre til å ha fulle delegatrettar på denne delen, etter semje mellom dei tre organisasjonane.
- Del 2 av stiftingslandsmøtet vedtar hovudsaker og planar for valkampen og fråsegner. I denne delen av stiftingslandsmøtet har alle som vil vera med i det nye partiet tale- forslags- og stemmerett. Ein kan også invitera kompetansepersonar på politikkområde til å ha tale- og forslagsrett.
- Samordningsforumet vurderer nærmare fram til fellesmøtet i februar korleis handlingsplanen konkret skal behandlast på stiftingslandsmøtet.
Til toppen av sida