Nettstader: AKP - RV - RU

Meir stoff om partiprosessen


Innstilling til vedtekter m.v
for "Det nye partiet" (DNP)

Innstilling frå sentralstyret i AKP, landsstyret i RV og landsstyret i RU


Vedtekter ||| Kontingent ||| Formalvedtak

Fullmaktsvedtak:

Dersom det syner seg at det bør gjerast mindre endringar i vedtektsframlegget på grunn av juridiske tilhøve (i samband med aksjelov, partilov, vallov el.l), har arbeidsutvala i RV og AKP og sentralstyret i RU fullmakt til å gjere dette.

Vedtekter

§ 1 Namn og formål

a) Partiet heiter {Det nye partiet (DNP)}. Det samiske namnet er {...}.

b) DNP driv politisk arbeid på grunnlag av partiet sine program og vedtekter.

§ 2 Medlemene sine rettar og plikter

a) Einkvan som godtar programmet og vedtektene til DNP og som betaler kontingenten, vert medlem i partiet.

b) Eit nytt medlem har rett til å få ei innføring i kva partiet står for (program, vedtekter og partiarbeidet).

c) Medlemene har rett til – gjennom ein grunnorganisasjon – å delta ved val av delegatar til årsmøte og landsmøte og til sjølv å vere delegat. Ingen kan binde korleis eit partimedlem skal røyste.

d) Medlemene har rett til å anke vedtak frå eit organ til eit høgare organ.

e) Medlemene har rett til å få rapportar om arbeidet til partileiinga og om utviklinga i partiet som heile.

f) Partiet skal leggje til rette for at medlemene kan arbeide aktivt i lag. Medlemene bør om mogleg delta i lagsarbeidet.

g) Medlemene skal betale medlemskontingent.

§ 3 Kontingent

a) Landsmøtet fastset kor høg kontingenten er. Satsane skal graderast etter inntekt. Medlemene vert oppfordra til å betale meir enn sats.

b) Landsstyret fastset reglar for innbetaling og kva verknad manglande innbetaling har på medlemsrettane.

c) Minst halvdelen av kontingenten skal tilfalle grunn- og fylkesorganisasjonane.

§ 4 Organisasjonsprinsipp

a) DNP skal vere ein open organisasjon prega av gjensidig respekt, der usemje vert verdsett og politikk vert utvikla i eit arbeidsfellesskap. Lag og medlemer skal gjere usemjer kjent i partiet for slik å bidra til politisk utvikling og eit reelt partidemokrati.

b) Leiinga på alle nivå har eit særskilt ansvar for at mindretalssyn vert kjent og reelt handsama i partiet.

§ 5 Grunnorganisasjon

a) Laget er den viktigaste eininga i partiorganisasjonen. Laga gjer det konkrete politiske arbeidet, diskuterer og utviklar ny politikk og vel representantar til øvrige organ i partiet.

b) Lag kan organiserast rundt bustad, arbeidsstad, bransje eller interessefelt. Alle medlemer tilhøyrer eit lag. Ein medlem kan berre ha medlemsrettar i eitt lag som har rett til å velje delegatar.

c) Fylkesstyret godkjenner nye lag. Der det ikkje finst fylkesstyre, godkjenner landsstyret nye lag. Tvist om slik avgjerd kan ankast inn for landsstyret og/eller landsmøtet.

d) Eit lag skal ha styre med minst leiar og kasserar. Fylkesstyret/landsstyret kan gjere unntak frå dette.

e) Berre lag kan velje delegatar til årsmøte i høgare organ og til landsmøte. For å ha rett til å velje delegatar, må laget ha minst tre medlemer og styre. To eller fleire lag kan velje å gå saman om å velje delegatar

§ 6 Kommuneorganisasjon

a) I kommunar med berre eit lag er dette laget kommuneorganisasjon etter vallova.

b) I kommunar med fleire lag skal det vere eit styre som koordinerer arbeidet. Om det høver best, kan eit slikt samordningsstyre dekke fleire kommunar. Dette styret representerer partiet i kommunen etter vallova. Styret kan bestå av representantar frå lagsstyra, eller det kan veljast på møte av delegatar frå laga eller på felles medlemsmøte (årsmøte) for heile kommunen. Valmåten vert fastset i lokal vedtekt. Vedtekten vert første gong fastsett på felles medlemsmøte.

c) Det skal vere minst eitt felles medlemsmøte i kommunen kvart år.

§ 7 Fylkesorganisasjon

a) Det skal om mogleg opprettast fylkesstyre i alle fylke. Fylkesstyret skal minst bestå av leiar og kasserar. Det representerer partiet i fylket etter vallova.

b) Om det ikkje er lag i eit fylke, kan fylkesorganisasjonen vere grunnorganisasjon også.

c) Landsstyret godkjenner oppretting av fylkesorganisasjon. Tvist om slik avgjerd kan ankast inn for landsmøtet.

d) Landsstyret kan godkjenne oppretting av ei samisk avdeling av DNP, og avgjer om dette skal vere grunnorganisasjon eller fylkesorganisasjon eller organiserast på anna vis.

§ 8 Årsmøte

a) Årsmøte i lag skal vere kvart år innan utgangen av februar. Det skal minst handsame rekneskap og velje styre. Årsmøtet skal varslast seinast ein månad før, og sakspapira skal vere hos medlemene seinast ei veke før.

b) Årsmøte i fylkesorganisasjonane skal vere kvart år innan utgangen av mars. Til fylkesårsmøte vel laga delegatar etter medlemstal. Anna ordning kan fastsetjast i lokal vedtekt. Dato for årsmøtet og delegatnøkkelen vert fastset av fylkesstyret og skal gjerast kjent minst åtte veker før. Lag kan anke delegatnøkkelen inn for partileiinga innan to veker etter kunngjeringa. Sakspapir til fylkesårsmøte skal vere hos laga seinast to veker før møtet.

c) Oslo er å rekne som fylke i samband med desse reglane.

d) Ekstraordinært årsmøte i eit lag skal haldast om ein tredel av medlemene eller ein tredel av styret krev det. Ekstraordinært årsmøte i eit fylke skal haldast om ein tredel av laga eller ein tredel av styret krev det.

§ 9 Landsmøtet

a) Landsmøtet er det høgste organet i DNP. Det skal haldast innan utgangen av mai minst annakvart år.

b) Innkalling, framlegg til dagsorden, delegatnøkkel og oversyn over forslagsfrister for landsmøtet skal vere ute i laga minst 12 veker før møtet. Sakspapir irekna alle innsendte framlegg skal vere sendt delegatane seinast tre veker før landsmøtet.

c) Landsmøtet skal minst handsame melding og reviderte rekneskap for perioden og handlingsplan og retningsliner for budsjett for komande periode. Landsmøtet skal vidare velje partileiar, nestleiar(ar), kasserar, landsstyre og arbeidsutval, samt revisor(ar).

d) For at eit lag skal kunne sende delegatar på årsmøtet, må det vere oppretta og godkjent innan 31. desember året før. Lag godkjent seinare skal få sende observatør til møtet.

e) Det samla delegattalet vert fordelt på fylka etter medlemstal 31. desember året før landsmøtet. Deretter fordelest delegatane på laga etter ein delegatnøkkel som landsstyret vedtar. Alle lag som er godkjent etter § 5e, skal ha minst ein delegat.

f) Delegatane vert valt med alminneleg fleirtal på lagsmøte (evt felles lagsmøte for fleire lag), der datoen er varsla minst tre veker før.

g) Berre valte delegatar har røysterett på landsmøtet. Landstyret har tale- og forslagsrett.

h) Ekstraordinært landsmøte skal haldast når ein tredel av laga krev det eller når fylkesorganisasjonar/lag som representerer minst ein tredel av medlemene, krev det.

§ 10 Landsstyret

a) Landsstyret leiar arbeidet mellom landsmøta innanfor rammer som går fram av vedtekter, program og landsmøtevedtak.

b) I landsstyret skal ein freiste å få ein så brei geografisk representasjon som mogleg. Minst ein av medlemene skal ha samisk bakgrunn. Leiaren i ungdomsorganisasjonen og ein til utpeikt av denne har fast plass i landsstyret med røysterett. Desse må vere medlemer i partiet.

c) Landsstyret skal møtast minst tre gonger i året. Vedtak i landsstyret kan ankast inn for landsmøtet.

d) Landsmøtet vel eit arbeidsutval blant medlemene i landsstyret. Når landsstyret ikkje er samla, er arbeidsutvalet det høgste organet i DNP. Utvalet leiar det daglege arbeidet til organisasjonen i tråd med retningsliner frå landsmøtet og landsstyret. Leiaren i ungdomsorganisasjonen møter fast i arbeidsutvalet med røysterett. Arbeidsutvalet er hovudstyre i DNP.

e) Landsstyret kan oppnemne utval som får politisk og praktisk ansvar for særskilde felt.

[Merknad: Den understreka setninga har si bakgrunn i lovverket. Heimelen/grunnen bør takast inn for å klargjere.]

§ 11 Nominasjonar

a) Når det skal stillast lister ved val til kommunestyre, skal det haldast nominasjonsmøte med røysterett for alle medlemer som er busett i kommunen. Nominasjonsmøtet kan delegere ferdigstilling av lista til styret i kommunen. Punktet gjeld også for stortings- og kommunevallista for Oslo.

b) Dersom det er direkte val til bydelsutval eller liknande, skal det gå fram av lokal vedtekt korleis nominasjonen skjer.

c) Når det elles skal stillast lister ved val til Stortinget eller fylkesting, skjer nominasjon på årsmøtet i fylkespartiet. Ferdigstilling av lista kan delegerast til fylkesstyret.

d) Landsstyret fastsett reglar om nominasjon til sametingsvalet.

§ 12 Kvotering

a) I alle organ innanfor DNP, ved val av delegatar og ved nominasjon til DNP sine vallister skal det vere minst 50 prosent kvinner. For å sikre kvinner høgt opp på lister, bør minst annankvar kandidat vere kvinne. Unntak frå dette kan gjerast ved vedtak i landsstyret eller andre organ landsstyret gir slik myndigheit til.

b) Ein skal freiste å ha ein høg arbeidarandel i alle organ.

c) I skriftleg tilfang frå partiet sentralt (papir og nett) skal ein freiste å ha ein høg nynorskandel. Landsstyret skal kvart år vurdere situasjonen på feltet og drøfte kva tiltak som trengst. Det skal finnast oppdatert informasjonsmateriell på samisk.

§ 13 Disiplinærtiltak

Om ein medlem skadar eller motarbeider DNP eller bryt vedtektene, kan grunnorganisasjonen eller landsstyret sette i verk disiplinærtiltak. Desse er: åtvaring, tilbaketrekking frå verv, suspensjon eller eksklusjon. Vedtak om disiplinærtiltak skal vere skriftleg med grunngiving. Eksklusjon krev 2/3 fleirtal. Eksklusjon kan ankast til landsstyret og/eller landsmøtet.

§ 14 Rusmiddel

Møte i regi av DNP skal vere rusgiftfrie.

§ 15 Økonomiske spørsmål

a) All offentleg partistønad til DNP (gruppe-, representant- og røystestøtte, møtegodtgjersle m.m.) er DNP sin kollektive eigedom. Stønaden vert disponert av landsstyret til fordeling til lag, kommunar og fylke og til drift av DNP sentralt. Dette gjeld ikkje lokal offentleg stønad som har vilkår om berre lokal bruk. Medlemer som får utbetalt godtgjersle, pliktar å sende denne over til DNP etter retningsliner vedtatt av landsstyret.

b) DNP løner sine tilsette etter prinsippet om likeløn. Dette gjeld både kontortilsette og lønna tillitsvalde. Landsstyret fastset løna.

§16 Ungdomsorganisasjonen

a) Raud Ungdom er ungdomsorganisasjonen til DNP.

b) Raud Ungdom har rett på tre delegatar på DNP sitt landsmøte. Desse må vere medlemer i DNP.

c) I distrikt og på felt der det finst parallell organisering, skal Raud Ungdom inviterast til samarbeid med DNP. Lokale vedtekter fastset kva rettar dei har.

§ 17 Oppløysing

a) Framlegg om å oppløyse DNP eller slå partiet saman med ein annan organisasjon skal handsamast på to landsmøte med minst tre og høgst seks månaders mellomrom. Det første av desse skal vere eit ordinært landsmøte, og her krevst det 2/3 fleirtal for å gå vidare i prosessen. Det andre er eit ekstraordinært landsmøte. Dette stadfester eventuelt vedtaket om oppløysing eller samanslåing med alminneleg fleirtal. Samstundes vedtar dette landsmøtet kva som skal gjerast med partiet sin eigedom.

b) Framlegg om oppløysing kan berre kome frå organisasjonsledd i partiet eller landsstyret. Det må vere innkomen til partikontoret seinast 31. desember året før landsmøtet som først skal handsame det.

c) Fylkes- eller landsstyret kan oppløyse eller slå saman lag når det ikkje lenger er medlemsgrunnlag for å oppretthalde dei. Medlemene i laget har rett til å uttale seg på førehand. Fylkes- eller landsstyret vedtar også kva som skal gjerast med eigedomen til laget.

§ 18 Vedtekter og vedtak

a) Vedtak i DNP sine organ skal skje med alminneleg fleirtal, om ikkje vedtekt seier noko anna. Om to framlegg får like mange røyster, er ingen av dei vedtatt.

b) Om det er ulike tolkingar av vedtektene, gjeld arbeidsutvalet si forståing. Denne kan ankast inn for landsstyret, som skal handsame saka ved første høve. Om det trengst rask avklaring, kan telefonmøte eller liknande nyttast etter at alle partar har fått lagt fram sitt syn skriftleg. Landsstyret si avgjerd kan ankast inn for landsmøtet.

c) Vedtektene er juridisk bindande i tvistar som gjeld DNP sin eigedom.

d) Desse vedtektene kan berre endrast på landsmøte. Endring krev 2/3 fleirtal. Frist for å fremme forslag til endring av vedtektene er fire veker før landsmøtet tar til. Landsmøtet kan berre gjere endringar som heng direkte saman med framlegg som er sendt ut på førehand. Om ikkje landsmøtet vedtar noko anna, trer vedtektsendring i kraft straks. e) Lokale og regionale organisasjonsledd kan ha eigne vedtekter. Desse må ikkje bryte med dei sentrale vedtektene. Lokale vedtekter kan ankast inn for landsstyret.


Innstilling til landsmøtevedtak om kontingenten,
jf § 3 i vedtektene

1)Kontingenten i DNP vert fastsett etter inntekta til medlemen.

2)Studentar, skoleelevar, arbeidslause og andre med årsinntekt på under 190.000 kroner, betaler minimum 150 kroner. Medlem som har årsinntekt på inntil 450.000 kroner, betaler minimum 450 kroner. Medlem som har høgare årsinntekt enn dette, betaler minimum 900 kroner.

3)Medlem kan betale kontingent ved ordning som Raudreven, dersom årssummen minst blir i samsvar med satsane over.

4)Årsmøte i lag og fylkesorganisasjon kan vedta at laget skal ha ein lokal, friviljug tilleggskontingent.

5)Medlemer som har betalt kontingent for RV eller AKP i 2007, er – om dei ønskjer det – medlemer av DNP i 2007 utan å betale ytterlegare kontingent.


Innstilling til formalvedtak på RV-landsmøtet

1.RV-landsmøtet vedtar å endre partiet sine vedtekter i samsvar med vedlegg [som inneheld vedtektene over]. Namneendringa trer i kraft først 1. oktober 2007.

2.Medlemmer av AKP, som ikkje allereie er medlemer i RV, vert – om dei ønskjer det – medlem av RV med umiddelbar verknad.

3.RV overtar AKP sine eigedelar, gjeld, plikter og rettar, slik det er avtalt mellom organisasjonane.

4.I alle kommunar og fylke der RV har lokalavdelingar, held det lokale partistyret fram som partistyre inntil det er gjort nytt styreval i samsvar med dei nye vedtektene. I kommunar der RV ikkje har lokalavdeling, vert eventuell lokalavdeling av AKP lokalavdeling av RV med umiddelbar verknad. Det lokale partistyret i AKP vert då partistyre i RV og fungerer inntil det er gjort nytt styreval i samsvar med dei nye vedtektene.

Fullmakt: AU i RV får fullmakt til å justere denne innstillinga, om det trengst av juridiske grunnar for å gjennomføre intensjonane i vedtaket. Samordningsforumet skal høyrast i saka.


Til toppen av sida