30. juni 2002

Hans Olav Brendberg
er er lærar i fådelt skule

Treng vi menn med ære?



Drapet på ei tjueårs jente i Sverige sette i vinter i gang eit VM i moralsk kappgang. Skal ein unngå å bli stempla i ein slik atmosfære må ein fyrst gå kanossagang, og vedkjenna seg den heilage, alminnelege meining:

"Ja, eg trur og meiner at drap er utoleleg, at menn som drep kvinner må setjast på plass, at drapstrugsmål, sagte og usagte, som fær eit systematisk preg avdi det er knytt til forestillingane i ein subkultur er utolelege. Ja, eg trur og meiner at mange har svikta ­ både på høgre- og venstresida, av ulike slag motiv, både høgverdige og meir tvilsame. Og eg trur og meiner sjølvsagt at det er viktig å setja inn ressursar og naudsynte tiltak for å verna dei jentene dette gjeld. Og eg trur og meiner at menn sine ynske om makt, og oftast makt over kvinner, er umoralske og ein føydal uskikk."

Men so til saka. Ære er knytt til makt. Ærekjensle er knytt til maktposisjonar ­ små eller store. Men kva er alternativet til ære? Kva skal me med ærelause menn?

Dei ærelause mennene skal du ikkje gå langt etter. Eit døme: Den individuelle fridomen til å kjøpa seksuelle tenester har vorte sosialt akseptert i langt større delar av folket enn for ti-tjue år sidan. Dei som kjøper seksuelle tenester er ærelause menn. For menn med ære, menn med makt grunna på tradisjonelle maskuline felt: Fiskaren med eigen båt som driv sjøen, bonden som driv gard, den fagorganiserte industrielektrikaren ­ for alle desse er prostitusjon noko uakseptabelt og unemneleg. Det tyder ikkje at du ikkje kan finna horekundar mellom slike. Men det tyder at kjøp av sex kolliderer med dei æresomgrepa som er viktige å halda ved like i tradisjonelle, kollektive mannssfærer. Det er ikkje særleg karsleg å betala for sex!

Makt, ansvar og ære høyrer saman. For eit par generasjonar sidan hadde dei aller fleste menn sosiale posisjonar der dei hadde makt og ansvar. Samfunnet var bygd opp kring familiar ­ ogso yrkeslivet der ein stor del av folket var sjølveigarar. Det galdt små kjøpmenn, fiskarar, bønder eller småentreprenørar. Dei som ikkje var det, var knytta til "mannsbastionar" innanfor industri og liknande næring.

Desse har vi ikkje bruk for lenger. Ein fagarbeidar i industrien kan du liksogodt pensjonera når han er 50. Dei maskuline samfunnsarenaene er snart historie ­ eller harry. Han som vert maktlaus og ansvarslaus, vert snart ærelaus òg.

Det me fær i staden er all verdas dyrking av maskulinitet som er kopla frå meiningsfylte samfunnssfærar: Motorsykkelklubbar, kroppsbyggjing kampsport. Og vi får ein større og større mannleg del av folket som vert stengt ute, som aldri kan vinna posisjonar bygt på å gjera nytte for seg, tena pengane sine på eige arbeid og forsørga eigen familie. Og medan samfunnet for ein generasjon sidan hadde respekt for ærleg arbeid, set ein no inn all kraft på å avskaffa det ærlege arbeidet (i motsetnad til uærleg arbeid, som er i eksponentsiell vekst). Dei som styrer dette samfunnet ser med forakt på folk som aldri har kome lenger enn til eit fagbrev i mekaniske fag.

Eg trur desse omformingsprosessane er sopass grunnleggjande at ein ikkje vil forstå dei om ein avgrensar synsfeltet til kvinneroller og kvinnekår. Og eg trur dei som satsar på moralsk kappgang kan få ein lang veg å gå. For dei som trur at det kjem noko godt ut av å halda fram åtaka på dei arenaene som er att der menn kan søkja ansvar og ære ­ og for den del makt ­ innanfor felt der tradisjonelle, maskuline kvalitetar tel, trur eg heilt enkelt tek feil!

Den tradisjonelle maskuline makta over familien, der han far sjølv var Vårherre, og kjerring og ungar berre hadde å bukka å skrapa ­ denne makta er heldigvis historie. Ingen mannfolk med vørdnad for seg sjølv vil tilbake dit. Men makta til å skapa sitt eige liv, retten til å vera far og maskulint førebilete: Dette vil vi jo ha. Og likeeins treng samfunnet skikkelege mannfolk (av begge kjønn) som ikkje pratar bort i tåka, men seier ja eller nei ­ og slik blir det! Og alle desse unggutane med "åtferdsvanskar" ­ dei treng ikkje å prata ut i timesvis om dette og hitt. Dei treng ikkje å bli forstått. Dei treng å bli sett i arbeid der nokon har bruk for dei. So mykje bruk for dei at om dei let vera å møta opp, får dei høyra neste dag for ein forbaska unnasluntrar dei har vore ("eg måtte halda på til over åtte - og det der gjer du ikkje ein gong til!"). Med andre ord: I spelet om roller og kvinnefrigjering må både kvinner og menn finna posisjonar som dei trur på og opplever som positive.

Førre meining | Fleire meiningar | AKP si heimeside

Til AKP si hjemmeside