15. mars 2002

Leiv Olsen
er lærar og med i AKP

Tru ikkje på alt dei skriv


«Kjernekraftverket du ser på bildet var kaprernes fjerde mål 11. september. Hadde de lyktes, kunne hundre tusen liv gått tapt. Katastrofen var bare 15 minutter unna.» Skreiv Dagbladet 16. februar. Andre aviser brakte den same meldinga, med svenske Expressen som kjelde. Dei viser til ein amerikansk medisiner «som har innsyn i FBIs etterforskning».

Spørsmålet er om vi kan tru på denne meldinga. Dagbladet forsyner oppslaget med eit kart som viser ruta til flyet - både før og etter kapringa. Kartet viser at flyet etter kapringa snudde nesten 180 gradar og la seg på stø kurs - mot Washington. Det nemnde atomkraftverket (på Three Mile Island) låg ikkje i den same retninga. Dersom kraftverket var målet, måtte flyet skifta kurs ein gong til, noko som ikkje går fram av kartet. Eit slikt kart i ei laussalsavis må sjølvsagt tas med ei klype salt, men det må også slike meldingar bygd på lekkasjar frå maktapparatet i USA. Er dette informasjon som dei har lekka bevisst for å sverta motparten?

I det siste har USA måtta tåla kritikk for sin såkalla krig mot terrorisme. Då kan det passa bra å framstilla terroristane som menneskelege djevlar som kaldt og kynisk vil skapa kjernefysisk helvete i USA. Men dette er og blir ein påstand utan fnugg av bevis. Lauselege hentydningar til ein mann som hevdar å ha fått innsyn i hemmelege papir, er lite og inkje verdt, slike skuldingar kan alle koma med. Amerikanske myndigheter har spreidd mykje desinformasjon etter 11. september, blant anna prøvde dei å kasta skulda for miltbrannbakteriane på Irak. I dag er det klart at desse bakteriane blei framstilte ved eit av CIAs laboratorium i USA, men den nyheten fekk små oppslag. Trass i at myndighetene i USA veit at miltbrannbakteriane var deira eigne, held dei fram med å kasta mistanken på Irak! Kort sagt er all informasjon frå USAs maktapparat om 11. september-hendingane kronisk upåliteleg.

Dei fyrste spekulasjonane etter 11. september gjekk ut på at det fjerde flyet skulle ramma Det kvite huset i Washington. Det høver bra med kartet som viser flyruta. Det fell også godt inn i mønsteret som dei andre bombemåla teiknar: World Trade Center og Pentagon er USAs økonomiske og militære sentrum, Det kvite huset er det politiske senteret. Dei som stod bak desse aksjonane, var kyniske og brutale, men dei visste kva dei gjorde: det var maktas sentrum dei ville ramma.

Førre meining | Fleire meiningar | AKP si heimeside

Til AKP si hjemmeside