13. mai 2001
Erling Folkvord
er nestleiar i RV og medlem i AKP

H, KrF og V vil partere Oslo-sjukehusa

Forsøk på å partere eller "slakte" store bedrifter har vorti nesten daglegdags. Meir og mindre smarte bissniss-folk gjer store pengar på vidaresal av dei bedriftsdelane som har høgast kortsiktig marknadsverdi. Dei er ikkje interesserte i om fjerninga av desse delane betyr at bedrifta sett under eitt blir mindre levedyktig.

Trepartibyrådet i Oslo (H, KrF og V) har no  med ekspressfart  sett i gang ein slik parteringsprosess på sjukehusa. Byrådet vil at det mildt sagt berykta meklarhuset Sundal & Collier skal få hauste gevinsten frå den første parteringsrunden.

Oslo kommune eig tre sjukehus: Ullevål, Aker og Sunnaas. Dei tre har 1.744 personalbustader. Det er stort sett små leiligheter, av det slaget som i dag blir omsett til skyhøge prisar i Oslo. Kvadratmeterprisar på 15.000, 18.000 og over 20.000 kroner er ikkje uvanleg. Fram til no har desse personalbustadene betydd mykje for rekrutteringa av personale til sjukehusa. Husleigene har auka dei siste åra, men er framleis rimelege når ein samanliknar med den "frie" leigemarknaden. Dei 1.744 bustadene er ein nødvendig del av sjukehusdrifta. Alle er fullt nedbetalte.

Rett før påske bestemte byrådet seg for å selje alle leilighetene så raskt at salet er fullført før Stortinget behandlar sjukehusreformen 6. juni. På rekordtid har byrådet funni ein verdig kjøpar. Det er meklarfirmaet Sundal & Collier som skal overta. Sundal & Collier har organisert ei kjøpargruppe der dei sjølve eig 70 proset og der Ivar Erik Tollefsen har dei siste 30 prosent. Tilsaman utgjer dei selskapet Fredensborg Boligutleie ANS under stiftelse. Det er meininga å tilby andre investorar å kunne kjøpe seg inn. Det har gått så fort at Foretaksregisteret i Brønnøysund framleis ikkje hadde fått søknaden om registrering av firmaet, dagen etter at firmaet hadde skrivi under kjøpekontrakt med Byrådet.

Prislappen er 715 millionar kroner, ifølgje ei verdivurdering som konsulentfirmaet OPAK har laga. På grunn av hastverket har ikkje byrådet tatt seg tid til å få eigedomane taksert! Den sakkyndige i OPAK har berre vori inne i 10 av dei 1.744 leilighetene før han konkluderte. Ingen veit derfor kva verdiar eigedomane har etter vanleg taksering. Byrådet sin plan er at salet skal vere fullført før Stortinget behandlar regjeringas forslag om å gjere alle sjukehus til statsforetak.

Prisen er låg, omtrent 7.300 kroner per kvadratmeter brutto golvareal. I dag er det ikkje vanskeleg å få det dobbelte for ei nokså sliten leilighet i Oslo. Dette betyr at Sundal & Collier kjem til å innkassere ein svært høg gevinst på vidaresal til andre. Dei første ti åra er dei rett nok forplikta til å leige ut til sjukehusa etterkvart som noverande leigekontraktar går ut.

Men det kan snart vise seg at sjukehusa ikkje er interesserte i å leige. Dei som bur i leilighetene i dag, betaler 42 millionar i husleige årleg. Dette er inntekt for sjukehusa, sjølv om dei bruker ein del av summen til drift og vedlikehald. Konsulentfirmaet OPAK meiner at marknadsleiga vil vere godt og vel det dobbelte, eller omtrent 86 millionar kronar. Den summen må sjukehusa ut med viss dei skal leige dei personalboligane som sjukehusa eig i dag.

For Sundal & Collier er dette ei gåvepakke dei har grunn til å gle seg over. For dei som arbeider på sjukehus og bur i personalbustad, betyr dette kraftig husleigeauke og mindre igjen å leve av.

Det alvorlegaste trur eg likevel er at dette betyr starten på ei partering eller "slakting" av dei noverande sjukehusbedriftene. Hyblar, leiligheter og drygt 100 mål tomtegrunn blir skild og lagt i hendene på finansfolk som sjølvsagt berre er ute etter å få realisert verdiane i bygningane og tomtene.

Etter LO-kongressvedtaket aukar presset no mot Ap-regjeringa. Det kan tenkjast at motstanden blir så sterk at AP, som har pusten i nakken frå nedgåande meiningsmålingar, må utsetje fristillinga av sjukehusa.

For dei tre byrådspartia i Oslo er dette eit skrekk-scenario. Det er nok bl.a. derfor at dei satsar på at den første runden av parteringa og slaktinga av Oslo-sjukehusa skal vere fullført før Stortinget behandlar saka.

Førre meining | Fleire meiningar | AKP si heimeside

Til AKP si hjemmeside