Folket skal seire!

Revolusjonær sex

Ingrid Baltzersen
er med i sentralstyret til AKP.
Ho er aktivist i Palestinakomiteen, og opptatt av legning og kjønn

Til heftet Folket skal seire! ||| Til AKP si heimeside


Orda homofil og heterofil kom rundt førre århundreskifte, omtrent samtidig med det romantiske ekteskapet. Før den tid fanst det vanlege folk og folk som av og til gjorde perverse handlingar, og ekteskapet var til av økonomiske og praktiske grunner, i alle fall for rikfolk.

Lokale skikkar i forhold til homoseksualitet fanst òg, i enkelte samfunn og samanhengar har homoseksualitet vore dyrka, til dømes mellom unge og eldre menn i det gamle Hellas. Homoseksualitet har alltid eksistert, men orda me bruker om seksuallivet vårt og om ynske og lengslar, er annleis enn berre for 100 år sidan.

Seksualitet: Kjøp og sal

Homokamp er både kamp for likestilling mellom homofile og heterofile, men òg ein kamp for seksuell og kjenslemessing frigjering av folk. Som i dei fleste kampar kan deler av kampen vinnast innanfor grensene for kapitalismen. Men menneskja kan aldri bli heilt fri så lenge kapitalismen styrer behova våre. Det ser me spesielt på eit område som seksualitet, der menneskelege behov vert omgjort til kjøp og sal av menneske og til menneskeforakt. Seksualitet er i vårt samfunn knytta opp til vellukkaskap. No for tida har ein valet mellom å definera seg som heterofil, homofil eller bifil, men ein vert som regel ikkje sett på som vellukka viss ein ikkje har eit seksualliv med ein annan person. Heterofil eller heterofil men open for forslag er framleis dei enklaste alternativa. Dette viser mange artiklar i pressa om såkalla "festklining", det at jenter kliner på fest når gutane ser på. Slikt gjer det ikkje nødvendigvis lettare å stå fram som ei "ekte lesbe".

I Noreg har me vunne dei fleste kampane når det gjeld formell likestilling mellom homofile og heterofile, med unntak av rett til adopsjon og andre lovar kring forholdet til barn. Det viktigaste er altså ikkje formelle rettar, men kampen om hovuda til folk. I denne kampen synest eg at me skal tora å vera kreative. Kvifor kjemper ein for til av økonomiske og praktiske grunner, retten til å gifta seg, men ikkje retten til å ikkje gifta seg? Kvifor kjemper me ikkje for nye ordningar i forhold til folk som har eit kjærleiksforhold og kanskje ein unge saman, men ikkje likar å bu saman, folk som vil bu saman med mange folk utan nødvendigvis å ha sex med nokon av dei osv. I lova om partnarskap står det at dei to partane som inngår partnarskap skal vera homofile. Kan ikkje bifile inngå partnarskap? Kvifor må dei vera to som gifter seg eller inngår partnarskap?

Uspanande kampar?

Kampen for meir spaning i samlivet er ikkje den viktigaste kampen for homsar, lesber og bifile, sjølv om me har oppnådd formelle rettar. I staden for kamp om spaning i samlivet er me nøydde for å kjempa for retten til å gå på utestadar utan å bli banka opp, kjempa for å bli akseptert som ein del av eit sosialt miljø på jobb og skule sjølv om det vert sett på som ein alvorleg avsløring om du seier du ikkje er hetero. Desse uspanande kampane tar me kvar dag. Men eg ville sett pris på om debatten var på eit litt anna plan, og på at me fann på noko å kjempa for etter at alle formelle rettar var oppnådd.

Knytt kampane saman

Eit problem i homokampen er at han ikkje alltid vert knytta til andre kampar. Undertrykking av seksualitet kan knyttast til undertrykking av kjønn, hudfarge, nasjonalitet osv. Om me skal vinna noko meir enn retten til å vera rike velutdanna, kvite gifte menn og kvinner, er det særleg to kampar eg meiner det er viktig å knytta homokampen til, antirasismen og kvinnekampen. Me må ta vare på erfaringane folk har fått gjennom kvinnekamp, om at kampen ikkje vert vunne viss ein reproduserer undertrykkingsmekanismar. I det siste har me lese mykje om at porno skal vera så seksuelt frigjerande for lesbiske og homofile. Mesteparten av pornoen viser ikkje utforsking av seksuell glede, men mekanisk sex for pengar. Pornoen viser at lesbiske berre er der for ein mann. Kvifor i all verda skal pornoen då vera frigjerande berre fordi han viser to av same kjønn som har sex?

Eg ynsker òg å knytta homokamp til antirasisme. Rasisme finst i homomiljø i sikkert like sterk grad som i andre miljø. Heterosjåvinisme finst i mange innvandrarmiljø (så vel som i norske miljø). Dette har nok hindra oss i å sjå at me har ein felles kamp. Homofile, lesbiske og bifile vert ikkje undertrykte fordi me er sjuke, men fordi me utfordrar det patriarkalske vestlege systemet. I kampen for eit meir spanande samfunn er det viktig at ulike undertrykte grupper søker saman og lærer å verdsetja kvarandre for å vinna.

Frigjering og kommunisme

Kampen for frigjering er for meg kampen for eit anna samfunn, kampen for kommunismen. Det er viktig at me lærer av erfaringane folk har frå tidlegare kampar. Ein må tenkja konkret. Når kvinnene i Sovjet på 20-talet kjempa for meir kollektiv samfunnsorganisering, kjempa dei konkret for produksjon av store gryter i staden for små, slik at storkjøkken vart prioritert. Eg vil ikkje at alle skal bli tvinga til å bu, eta og sova kollektivt. Men i dag vert me tvinga til å bu saman i ein kjernefamilie eller åleine, på grunn av politikk på korleis bustadar skal byggast.

Eit spanande samfunn!

Homokamp, kvinnekamp og antirasisme meiner eg bør vera kampar for eit meir spanande samfunn. Sjølvsagt er dagskampane viktige, kamp for partnarskap, for likelønn og mot jobbdiskriminering, men viss me mistar målet i dagskampen endar me opp med formell likestilling og toleranse, men ikkje respekt, likeverd og glede over likskapar og skilnader!


Til heftet Folket skal seire! ||| Til AKP si heimeside