Folket skal seire!

Imperialismen
og dei undertrykte landa

Magnus Bernhardsen
jobbar i Noregs Mållag og er opptatt av internasjonale spørsmål.

Til heftet Folket skal seire! ||| Til AKP si heimeside


Etter 11. september høyrer me stendig fleire kritiske røyster mot USA. Karikaturteikningar og vitsar om den amerikanske presidenten florerer - til og med stader me ikkje hadde trudd me skulle få sjå slikt. At den amerikanske presidenten er dum og vond er eit vanleg syn hjå mange. Er dette eit teikn på at antiimperialismen står sterkare?

Ja og nei. Kritikken av USA og kampanjane mot George W. Bush er sjølvsagt med på å svekkja tilsluttinga til røvarkrigane USA står attom. Samstundes høyrer ein ting som: "Krigen mot Somalia eller Jugoslavia var grunngjeve med menneskerettar - krigen mot terrorisme derimot, han er berre eit skalkeskjul for krig for amerikanske interesser." Mykje av USA-kritikken botnar og i eit syn på at Europa (les: EU) må få ein eigen utanrikspolitikk.

AKP meiner ikkje hovudproblemet med USA er at George W. Bush er president. Det var Bill Clinton som sende kryssarrakettar mot Afghanistan fyrst, det var Bill Clinton som stod bak bombinga av medisinfabrikken i Sudan. Det var Bill Clinton som var president under åtaket på Jugoslavia.

Imperialisme er ikkje ein vald politikk. Det er ikkje slik at imperialistlanda vel å vera imperialistiske. Imperialismen er resultat av motsetnadene innan kapitalismen i denne tidsbolken.

Kapitalen vert konsentrert i de kapitalistiske landa. Ei fylgje av dette er kamp om kontroll over marknader og råvarer, ein kamp som ofte fører til krig, for det meste mot dei undertrykte landa i Latin-Amerika, Afrika og Asia, men og mellom imperialistmaktene. Den fyrste imperialistiske krigen var mellom USA og Spania, seinare var dei to verdskrigane imperialistiske krigar.

I partiprogrammet til AKP står mellom anna:

"Den internasjonale klassekampen har gjennom heile imperialismens epoke vært prega av flere grunnleggende motsigelser. Arbeiderklassen må kjempe mot kapitalistklassens utbytting. Undertrykte folk og nasjoner slåss mot et system som holder dem nede i avhengighet og fattigdom. Land som har forsøkt å forene nasjonal uavhengighet med sosialistisk oppbygging, har blitt utsatt for militære intervensjoner og økonomiske blokader. Samtidig er det skarpe motsetninger mellom ulike imperialistiske land om hegemoni og innflytelse."

"Det har veksla og vil fortsatt veksle hvilken av disse motsigelsene som er mest sentral. I dag er motsigelsen mellom imperialismen og verdens undertrykte folk og nasjoner viktigst. Og det er de folkelige, opprørsbevegelsene i den tredje verden som er hovedkrafta i kampen mot det imperialistiske verdenssystemet."

AKP seier med andre ord at hovudmotseiinga i dag går mellom imperialistane og dei undertrykte landa. Noreg er eit av imperialistlanda. Me er ikkje av dei største og mektigaste, og Noreg har ikkje høve til å sjølvstendig imperialistisk ekspansjon. Noreg er ein partnar til dei store imperialistblokkane USA og EU, og imperialistane i Noreg kivast om kva blokk dei vil vera del av. AKP organiserer folk som ynskjer å knusa imperialismen og byggja eit ekte folkestyre, der arbeidarklassen rår over produksjonen i samfunnet. Og der me ikkje lenger utnyttar dei undertrykte landa i sør.

I partiprogrammet til AKP står det vidare:

"I sør er kampen mot halvføydale produksjonsforhold fortsatt sentral, særlig kampen for rett til jord og arbeid for millionmassene av småbønder og landarbeidere, som fortsatt utgjør hovedtyngden av arbeidsstyrken i mange av disse landa. Samtidig er det i disse landa at arbeiderklassen vokser raskest, og den spiller ei større og større rolle i den antiimperialistiske kampen der. Ettersom dette stort sett er land med sterke halvkoloniale trekk, blir klassekampen fra arbeiderklassen også en del av den nasjonale kampen for sjølråderett og demokratiske rettigheter. Det er ikke den sosialistiske revolusjonen som umiddelbart står for døra i flertallet av disse landa. Men nasjonale og demokratiske revolusjoner kan føres videre over i sosialistiske revolusjoner dersom arbeiderklassen spiller den ledende rolla i disse kampene. Den antikoloniale kampen er i dag den viktigste krafta i kampen mot imperialismen. Den føres ikke bare med politiske og økonomiske midler, men også flere steder med våpen i hand. I de fleste imperialistiske landa i nord forener arbeiderklassens kamp mot kapitalen seg også i større grad med kampen for nasjonal sjølråderett og mot den internasjonale markedsliberalismens herjinger. Dette utvider grunnlaget for antiimperialistisk kamp i de enkelte landa, samtidig som det reiser utfordringa om å utvikle den internasjonale solidariteten mellom alle dem som slåss mot den felles fienden."

Mange på venstresida har vanskar med å stø opprør og statar i dei undertrykte landa om dei ikkje er korrekte eller sosialistiske nok. Ein ting er no at desse rørslene ofte er nærare å gjennomføra programmet sitt enn venstrekritikarane i vest etter alle solemerke nokon vil vera. Ei anna sak er at medan venstresidefolk i Europa ofte snakkar om å alliera seg med sosialdemokratiet i sitt eige land, vert dei fulle av vondord om dei som freistar gå så langt dei trur er råd i sosial retning i sør. Hugo Chavez er eit døme på det. Han er ikkje ein mann som vil innføra sosialisme over natta, men freistar få gjenom sosiale reformar og ta attende den nasjonale råderetten over ressursane i Venezuela. Dette er fårlege idear i landet som eksporterer mest olje til USA, og sjølv dei beskjedne reformane til Chavez fekk USA til å gjennomføra eit kupp mot honom i april i år. Eit kvart land som freistar gå sin eigen veg utanom diktata frå Verdas handelsorganisasjon, Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet står i fare for å verta kalla bandittstat, og må rekna med å verta bomba inn på rett lei i den nye verdsordenen. AKP stør land som freistar å stå opp imot imperialismen slik som Venezuela gjer no. Likevel har dei rett dei som seier at ein ikkje knusar imperialismen på det viset. I dei undertrykte landa er det byråkratkapitalistane og føydalistane som har makta. Dei er avhengige av imperialistane, og held folket i landa sine nede i fattigdom og ufridom. Dei revolusjonære partia i dei undertrykte landa freistar reisa kampen for nasjonal og sosial frigjering. Dei mest avanserte revolusjonære rørslene, slik som til dømes i Nepal, India og på Filippinane har frigjort store område, der millionar av menneske lever i nye statar, styrt av folkelege organ.

I kampen mot imperialismen er det dei undertrykte folka som viser veg. Dei bryt fri stendig større bitar frå klørne til imperialistane. Den beste hjelpa me kan gje dei er å gjera revolusjon i vårt eige land. Fram til den dagen må me syta for å gje revolusjonære i andre land all den støtta me kan makta, og stogga freistnadene frå den norske staten på å verta ei mektigare imperialistmakt.


Til heftet Folket skal seire! ||| Til AKP si heimeside