
Dei i fagrørsla som er mot veto mot tenestedirektivet, hevdar at det ikkje vil bli nokon skilnad i arbeidslivet dersom direktivet blir ein del av norsk lovgjeving. Sanninga er ei anna. Føremålet med tenestedirektivet er å fremja den frie flyten av handel med tenester over landegrensene.
Dette er kombinert med at direktivet gjer det vanskelegare for styresmakter og fagrørsle å ha kontroll over arbeidsvilkåra som arbeidarar på mellombelse oppdrag kjem til å arbeida under. Gjennom direktivet sin paragraf 16.2 gjer EU-systemet det heilt klart at eit land ikkje kan krevja registrering av utanlandske tenesteytarar som har oppdrag utanfor heimlandet. Konsekvensen er at verksemdene, dersom dei er interesserte i det, er vanskelege å koma i kontakt med for kontrollinstansane i arbeidslivet. Korleis skal styresmaktene og fagrørsla kunne kontrollera løns- og arbeidsvilkår hjå tenesteytarar som korkje har kontor, leiing eller dokument her i landet?
I tillegg til denne skilnaden frå dagens arbeidsliv, vil ei rad spørsmål bli overlatt EU-domstolen for tolking der i staden for i politiske organ. Dette gjer at politikk blir overførd til å bli juss. Då ligg kontrollen med arbeidslivet utanfor folkevalde organ.
Tenestedirektivet er ingen siger for den europeiske fagrørsla, slik mange har hevda. Riktignok er ikkje fri flyt av tenester noko nytt i Europa, og me er underlagt den frie flyten (som er ein av EUs fire fridomar) av tenester gjennom den udemokratiske EØS-avtalen. Det nye med tenestedirektivet, er at mange av reguleringane av den frie flyten ser ut til å falla bort.
Visst er det siste framlegget til tenestedirektiv mindre ekstremt enn det opprinnelege framlegget som vart lagt fram (det såkalla Bolkestein-direktivet, som mange såg på som ein direkte provokasjon mot fagrørsla). Men direktivet er framleis i same marknadsliberalistiske ånd som Bolkestein-direktivet var. Difor er ikkje det nye framlegget til tenestedirektiv i interessa til arbeidsfolk.
Sosial dumping er det flest har åtvara mot som den verste konsekvensen av tenestedirektivet. Mange land i Europa har ei lovfest minsteløn som garanti mot sosial dumping. Fagrørsla i Noreg har ikkje ynskt dette, då det undergrev tariffavtalane. Frå EU-tilhengjarar får me ofte høyra at det finst sosial dumping i Noreg allereie, slik at tenestedirektivet ikkje vil ha nokon innflytnad på dette spørsmålet. Det er sant og visst at det allereie finst sosial dumping i Noreg, til dømes austeuropeiske arbeidarar som bur kummerleg, som har luseløn og uregulert arbeidstid. Dette har vorten vanleg å lesa om i avisene.
Men dersom tenestedirektivet vert innført, er det ingen grunn til å tru at kampen mot sosial dumping blir lettare i Noreg. Vil vi den sosiale dumpinga til livs, må det førest kamp for ein nasjonal politikk som gjer det mogleg å sette i verk tiltak mot dumpinga. Altså mindre EU-politikk, ikkje meir.