akp.no

Tenestedirektivet
aukar sosial dumping

Torstein Skarbø intervjua av Jan Erik Skretteberg

akp.no nr 1, 2007


akp.no har intervjua Torstein Skarbø om tenestedirektivet. Han er leiar i Bergen Nei til EU.

– Kva er formålet med tenestedirektivet?

– Det er å gjera det enklare å selja tenester over landegrensene. Friare flyt og auka konkurranse på den europeiske tenestemarknaden vil få store konsekvensar for store grupper av arbeidstakarar. Det vil bli eit sterkt press på arbeidskostnadene (løns-, arbeids- og pensjonsvilkår) i konkurransen om tenesteoppdrag, og selskap vil underby kvarandre med auka sosial dumping som resultat.

Privat tenesteyting

– Kven er mest sårbare?

– Tenestedirektivet råmer i første rekkje bransjane innanfor privat tenesteyting; der organiseringsgraden er liten og tariffavtalane få. Her finn ein dei mest sårbare gruppene av arbeidstakarar, og sosial dumping er mest utbredt frå før her. Tenestedirektivet gjer i tillegg fleire eksisterande og føreslegne tiltak mot sosial dumping ulovlege. Me kan ikkje vedta ein lov som raserer rettar i arbeidslivet, som er kjempa fram gjennom mange tiår.

Veto

– Korleis kan me få regjeringa til å leggja ned veto mot tenestedirektivet? Ei norsk regjering har jo aldri nytta seg av denne retten før.

– Nei til EU er no i ferd med å samla ein brei allianse for å pressa regjeringa til å nytta reservasjonsretten. I denne alliansen legg me særskilt vekt på å informera og få med oss fagrørsla i kampen mot tenestedirektivet. Me ser jo at regjeringa har vorten redd for den store motstanden som allereie er. Dei har gått bort frå tidlegare lovnader om grundig demokratisk handsaming og konsekvensutgreiing. Dei freistar å få gjennom direktivet snøggast råd med den tussete høyringsfristen 22. februar. Næringsministeren sende ut høyringsbrevet to dagar før julekvelden!

Elles kan ein kanskje ha von om at denne regjeringa har lyst til å bli historiske av i alle fall ein positiv sak. Dei kan syne at denne reservasjonsretten er reell, som dei lova når dei kuppa EØSavtalen gjennom Stortinget, syna at han ikkje berre var eit lokkemiddel som ikkje finst i praksis.

Sei opp EØS-avtalen

– «Nok er nok – EØS-avtalen må seiast opp!» har Kleiv Fiskvik (leiar i LO Oslo) sagt. Har han rett i dette?

– Det har han sjølvsagt rett i. Det er den udemokratiske EØS-avtalen som gjer at me no må slåst mot tenestedirektivet og andre tunge, samfunnsendrande direktiv som kjem til å koma i tida framover. Noreg vil vera tent med å seie opp EØS-avtalen snarast og få på plass avtalar som gjer at me kan få attende råderetten over eige land. Samstundes er det viktig i kampen no at me også står saman med EØS- og EU-tilhengjarar som ser farene med tenestedirektivet og som dimed ikkje ynskjer det i norsk lov. Det er den breie alliansen som vil vinna denne kampen.