
I mars ser det ut til at det blir stifta eit nytt revolusjonært parti i Noreg. AKP og RV vil då inngå i det nye og leggja seg ned, og inviterer alle som vil vera med i dette nye om å ta kontakt. akp.no har prata med Ingrid Baltzersen, leiaren i AKP, om det nye partiet.
Korleis har den politiske situasjonen endra seg, og kva er det som gjer det naudsynt med eit nytt revolusjonært parti?
Eg vil svara med å sitera vedtaket frå AKPs landsmøte i haust:
«Det er den politiske situasjonen som krever et slikt parti. Noen må med tyngde reise kampen når regjeringen fører Norge inn i en angrepskrig, fortsetter angrepene på pensjon og sykehus, fortsetter Erna Solbergs harde linje overfor asylsøkere og mister all miljøtroverdighet. Prosessen til nå viser at samlingen er fullt mulig, det er mer som samler enn det som skiller. Vi håper alle våre likesinnede nå kjenner sin besøkelsestid og melder seg på i prosessen for å danne et nytt, større og spennende alternativ som kan organisere motstanden.»
Det var ei splitting mellom revolusjonære i Noreg i 1990-91, men tida har gått, folk har jobba samen om så mykje likevel, så det er ikkje avgjerande usemjer mellom dei revolusjonære. Det ser ikkje ut til å vera eit grunnlag for å ha to parti. Me håpar at me kan samla oss og andre revolusjonære i Noreg i eitt parti.
Kvifor treng den faglege kampen eit nytt parti?
Eit godt døme er kampen mot pensjonsreformen. Mange fagforeningar og andre organisasjonar sloss det dei kunne. Samstundes mangla det initiativ ein heil del stader i landet. Mange fekk ikkje sjanse til å delta, det var krefter som ikkje vart utløyst. Det var eit stort problem. AP var for reformen, SV var delvis imot men organiserte inga motrørsle som parti, og gjekk seinare med på heile reformen for å bli med i regjering.
For å mobilisere breitt, trengst det fagforeningar, men ikkje berre dei. Det trengst eit effektivt parti, større enn det som i dag er RV og AKP, som er organisert langt fleire stader, og som kan gi argument og hjelp til motstanden ved den typen åtak som pensjonsreformen var. Det er naudsynt at nokon arbeider langsiktig, skaffer argument og organiserer.
Eit revolusjonært parti vil stilla krav om at pensjonsreformen må bli reversert. Men det vil vera det einaste partiet som vil stilla det, det ser me jo. Ei reversering er naudsynt. Me kan ikkje berre godta at folk skal få lågare pensjonar.
Men den som skal vera med på å administrera dagens kapitalisme, må godta åtak på pensjonane, elles får ein ikkje vera med. Kapitalen har trong til å stramma inn. Difor, dersom folk skal ha trygge pensjonar, er det ueineleg med kapitalismen slik han har utvikla seg. Så eit revolusjonært parti trengst i den konkrete forsvarskampen, men også for å skapa ein veg til trygge pensjonar.
Blir partiet noko nytt?
Svaret er både ja og nei. Det er nei fordi partiet vil vera mot kapitalismen, mot EU, EØS og tenestedirektivet, for sekstimarsdagen og mot norsk delta-king i USA sine krigar. AKP og RVs kjende fjes vil halda fram med å visa seg.
Men svaret er også ja. Første fase er stiftinga av partiet i mars. Då vil nok nokon nye koma. Men dei fleste nye vil koma når dei ser kva dette blir. Og partiet må sjølv gå aktivt ut og invitera folk, danna nye lokale lag i bransjar, på arbeidsplassar og i bustadsområde. Det er verkeleg trong til eit aktivt parti, som kan spela ei politisk rolle til venstre for regjeringa. At AP veldig lengje har vore eit Nato og EU-parti, er klart for alle. Men då SV sette seg på lasteplanet som regjeringspartnar, stilna det som var att av SV sin Nato- og krigsmotstand. Det er ingen fordel for venstresida i dag.
Så eg vil oppfordra folk som er opptekne av å byggja opp ei sterkare og større revolusjonær rørsle: Bli med på å laga den!