akp.no

Forsvar lokalsjukehusa

av Jan Erik Skretteberg

akp.no nr 10, 2006


17. november samla kring hundre folk frå heile landet seg framfor Stortinget for å krevja at dei raud-grøne reddar lokalsjukehusa gjennom revidert statsbudsjett.

Tilskipar var Folkeaksjonen for lokalsykehusene. Kjendisar som Arne Garvang og Ole Paus bidrog med sine protestar gjennom song og spel.

Trass i fagre valløfter, sviktar nemleg regjeringa lokalsjukehusa i framlegget sitt til statsbudsjett. Sjukehusa går med 1,5 milliardar i underskot i år for å tryggja eit verdig helsetilbod, også i distrikta. Men regjeringa krev at helseføretaka skal gå i balanse. Dette vil tvinga fram uakseptable kutt i tilbodet. Kravet frå dei frammøtte var at underskotet måtte dekkjast inn og at den samla gjelda på 7,5 milliardar må bli sletta. Dei demonstrerande minna om at Stortinget i si tid gjorde dette med Gardermobana. Og det har Noreg sanneleg råd til!