
Den kommunistiske ungdomsunionen (KSM) i Tsjekkia mottok 16. oktober brev frå Innanriksdepartementet som fortalde dei at organisasjonen var oppløyst ved tvang. Grunnen er at organisasjonen vil erstatta privat eigedomsrett med kollektiv rett til produksjonsmidla. Dette er det altså ulovleg å hevda.
I Tsjekkia er det dimed eit lovbrot å kjempa mot kapitalsmen. Dette er eit trugsmål mot demokratiske rettar som ytrings- og organisasjonsfridomen, som den vestlege verda vektlegg så mykje i andre delar av verda. Spørsmålet om kven som blir dei neste, må også bli stilt. Stø dei tsjekkiske kommunistane; skriv under på http://4ksm.kke.gr.