akp.no

- Velkommen på kvinnekonferanse!

akp.no nr 9, 2006


I helga 1.-3. desember arrangerer RV, AKP og RU ein kvinnekonferanse, som er open for alle kvinner som er interesserte i kvinnekamp. Staden er Nordseter skule i Oslo. akp.no har igjen møtt kvinneansvarleg i RV, Gudrun Kløve Juuhl.

- Kvinnekonferansen nærmar seg, kva har du gjort sidan sist?

- Me har vorte samde om eit program for konferansen, og det programmet ser ganske bra ut - og det speglar at me - RV, AKP og RU er eit ganske mangfaldig partiprosjekt. Det gjev rom til motsetningane og mangfaldet som finst både på venstresida og i kvinnerørsla - og som i tillegg kan gje alle som kjem, sjansen til å møta både nye andlet og nye tankar.

- Kva kan du friste interesserte kvinner med?

- Eg vonar me får Anneli Jordahl (skribent, forfattar av m.a. bøkene Klass - är du fin nog? og Var kommer du ifrån?) frå Sverige til å koma, det vert spennande å høyra på henne. Dessutan trur eg at Kjersti Ericsson kommentert av Kristin Førde (Fett) og Katarina Storalm (Ottar) kan verta interessant – og at me kan få gode diskusjonar ut av det. Det gjev òg eit godt høve til å lesa dei to Ericssonbøkene (Søstre, kamerater! og Den flerstemmige revolusjonen) som har forma den kvinnepolitiske tenkjinga til ein heil generasjon på venstresida - det har eg tenkt å gjera, og gler meg til det.

Elles er noko av det viktigaste med konferansen det at kvinner frå ulike miljø og stader møtest og får lyst til å slåss i lag for meir makt og pengar, og mot undertrykking - og gjer det til ein produktiv feministisk og revolusjonær verkstad. Det er damer og ikkje menn som må finna ut korleis me vil slåss, difor er ikkje menn inviterte.

- Har du elles noko på hjarte?

- Velkommen på konferanse! Det er berre å melda seg på i dag, på rv@ rv.no.

Vil du vite meir? Kontakt: