akp.no

Filippinane

Styresmaktene driv terror og drap

Ida Cathrine Ruud intervjua av Ingrid Baltzersen

akp.no nr 4, 2006


Filippinane er ofte gløymt i internasjonale medium, noko Ida Cathrine Ruud prøver å endra gjennom Filippinsk ressurssenter. Det informerer om forfølging og drap av aktivistar, ein terror ho sjølv har opplevd gjennom å mista venner og kjærasten sin.

- Filippinane har faktisk vore litt i nyhenda den siste tida. Kva har skjedd?

- Styresmaktene erklærte unntakstilstand 24. februar, og me hadde kampanje mot dette. Unntakstilstand betyr at dei set rettssystemet til side, og arresterer folk utan grunnlag i lov og rett. Dei oppheva unntakstilstanden, men det gjer ikkje nokon stor forskjell, for det har vore uoffisiell unntakstilstand i fleire år.

Ida var på Filippinane første gong i 2001 gjennom Changemaker, ungdomsorganisasjonen til Kirkens nødhjelp. Då hadde president Gloria Macapagal-Arroyo nettopp blitt sett inn etter folkeleg motstand mot den førre presidenten, Joseph Estrada, men allereie etter eit halvt år kom krav om at ho også måtte gå på grunn av forfølging og menneskerettsbrot.

Drap av aktivistar

- Kva metodar bruker styresmaktene?

- Den største trusselen mot aktivistane er drap. Det er færre politiske fangar, men fleire drap no enn under diktatoren Ferdinand Marcos. Under Marcos var det kontinuerleg unntakstilstand, så han sette folk i fengsel utan rett og dom i staden. For grasrotaktivistar er det difor blitt ein stygt forverra situasjon sidan eg var der første gong. Utover 2002-03 blei det umogleg å ha demonstrasjonar og aksjonar på små stader. Kontor er stengte, og blad blir sirkulerte som om dei var illegale.

- Kva jobba du med på Filippinane?

- Eg jobba med organisasjonar som organiserer blant fiskarar og bønder. Dei opplyser om kva rettar folk har og kartlegg overgrep. Me måtte seie at me var frå ein kyrkjeorganisasjon for ikkje å bli stoppa av styresmaktene. Folk er redde, og kan vera skeptiske til organisasjonen i starten, sjølv om det blir overdøva av at dei blir sinte når dei får støtte i problema dei har. Dette er inspirerande, fiskarane veit kva dei ynskjer, men veit ikkje kva rettar dei har eller kva styresmaktene gjer utanom landbyen dei sjølv bur i. Når dei høyrer om det, får dei lyst til å organisera seg. Filippinane er viktig, fordi folk der har lang tradisjon for motstand, og fungerer inspirerande for andre land.

Systematisk terror

På Mindora, den øya eg har vore mest på, testa militæret ut ein strategi med å eliminera all motstand. Dei syntest det funka bra, så dei har gjennomført det over alt. Styresmaktene har ei godt utbygd etterretning, med støtte frå USA. Strategien minner om likvideringar i Vietnam og Latin-Amerika. Det er systematisk kven som blir drepne. Me prøver å forklara norske styresmakter dette. Det er merkeleg at verda lukkar augo.

Filippinsk ressurssenter: www.umauas.com