
Nepal er eit lite land, klemt mellom kjempene India og Kina. Her kjempar revolusjonære og andre for å frigjera landet frå føydalisme, byråkratkapitalisme og imperialisme.
Det har ikkje vore større skilnader mellom rike og fattige i verda enn det er i dag. Dei rikaste er ufatteleg rike, medan dei fattigaste er like fattige som før. Nepal er eit land heilt i botn av skalaen. Om det står om Nepal i norske aviser, er det stort sett fordi nokon har vore på toppen av Everest, det høgste fjellet i verda. Men dei fattigaste i det fattigaste landet, korleis trur de at dei har det?
80 prosent av folket i Nepal bur på landsbygda. Utan elektrisitet, rennande vatn, og med elendige sanitære tilhøve og helsetenester. Kvinnene har ein venta levealder på 52 år. Kvart år vert kring 12.000 jenter, stort sett i alderen 9 til 16 år, sendt i prostitusjon i India. Dei fleste opplever ikkje trettiårsdagen sin.
I 1996 starta folkekrigen i Nepal. Initiativet vart teke av Nepals kommunistparti (maoistane). Dei fyrste åtaka var retta mot politifolk og politistasjonar for å skaffa våpen. Stort sett alle våpna til geriljaen er tekne frå politiet og hæren. Statsstyrkane derimot får våpen frå India, Storbritannia, USA, Belgia og no den siste tida frå Kina.
Imperialistane og dei regionale stormaktene er redde for at Nepal skal vera starten på ein revolusjon i heile Sør-Asia. Dei vil ha stabilitet og orden i det strategisk viktige området. Det er alt mykje kontakt mellom dei maoistiske revolusjonære gruppene i India og Nepal, og det går nærast ein slags revolusjonær korridor frå det sørlege India og til Nepal. Inspirert av revolusjonen i Nepal vart det nyleg skipa eit kommunistparti for fyrste gong i Bhutan.
Programmet til maoistane er å gje jorda til dei som dyrkar ho. Dei vil ta jorda frå dei rikaste bøndene og fordela ho til dei som arbeider der. For dei mellomstore bøndene vil dei krevja tak på kor mykje dei kan ta i leige av dei jordlause. All gjeld dei jordlause har, vil verta annullert. Dette programmet for jordrevolusjon er alt gjennomført i delar av Nepal.
I områda der den nye makta rår, vert føydale tradisjonar utfordra, som polygami, arrangerte ekteskap og kasteundertrykking. Kvinner har fått rett til å eiga og arva jord, til å skilja seg og til å vera med og kjempa i militiaen eller geriljahæren. Det vert sagt at 40-50 prosent av styrkane til maoistane er kvinner.
Den nye makta vert etablert med folkevalde lokale og regionale styresmakter. I tre firedelar av Nepal er det den nye folkemakta som styrer det sivile livet. Det er oppretta sivile styrer mange stader, og dei har gått saman og danna "det sameinte folkets revolusjonære råd" (United Peoples' Revolutionary Council). Fleire nasjonale minoritetar har fått eigne rettar innanfor dette systemet.
14. februar 2005 avsette kong Gyanendra regjeringa i eit kupp. Det avslutta 14 år med konstitusjonelt monarki og gjeninnførte direktestyre frå kongen. Maoistane krev ei grunnlovgjevande forsamling, slik at ein kan få fram korleis folk vil at Nepal skal sjå ut. Folkekrigen har tvinga fram ein situasjon der dei ulike politiske kreftene må ta stilling mellom kongen og dei revolusjonære sine krav.
Dette er og ein kamp for presse- og organisasjonsfridomen og for nasjonalt sjølvstende. Det er ein kamp mot at USA og dei regionale stormaktene India og Kina skal bestemme over landet på verdas tak.
Unicef er en av flere organisasjoner som driver humanitært hjelpearbeid i Nepal.
De sier: Det er 3,3 millioner barn i Nepal. Når barna får tilskudd av A-vitamin to ganger i året, spares 12.000 liv.
Omtrent halvparten av barna i Nepal lider av underernæring og vokser ikke som normalt. 194 barn under fem år dør daglig av diaré og akutte luftveisinfeksjoner. Nesten 70.000 barn dør hvert år av sjukdommer en kan forebygge.
Av drøye 800.000 barn som hvert år fødes i Nepal, dør nærmere 54.000 før de fyller ett år - mange på grunn av diaré. Ytterligere 20.000 dør før de fyller fem. 4.400 kvinner dør årlig i barsel, og 90 prosent av kvinnene føder hjemme uten kvalifisert hjelp.
Unicef deler ut ei lita pakke til kvinnene. Den inneholder et såpestykke, et sterilt plastunderlag, et barberblad og en steril hyssingstump.
I områder der informasjon om hygiene og ernæring har blitt diskutert med kvinnene, har kvinner sjøl tatt egne initiativer, og spedbarndødeligheten er halvert.
Fattigdom og et dårlig utbygd helsestell betyr døden for tusenvis av kvinner. Prostitusjon og usikre aborter skader og tar liv. Kvinner i Nepal slåss for å endre situasjonen.
I 1997 ble protestbevegelsen "Kvinner i sort" startet med utgangspunkt i nettverksorganisasjonen AATWIN (Alliance Against Trafficking in Women and Children in Nepal). Den startet med å ha en stille demonstrasjon i Katmandu, med plakater og løpesedler, hver siste fredag i måneden. Budskapet er: Stans handelen med kvinner og barn. Tusenvis av kvinner og barn blir hvert år solgt til prostitusjon i India.
I 2002 avkriminaliserte regjeringa abort. Parlamentet vedtok en lov som gir kvinner rett til sjølbestemt abort de første tolv ukene i svangerskapet og de første atten ukene dersom svangerskapet er en følge av voldtekt eller incest eller truer kvinnens helse.
Nepal har verdens fjerde høyeste mødredødelighet i forbindelse med svangerskap/fødsel, og seks kvinner dør daglig som følge av aborter. Abort har hittil blitt straffet med fengsel opp til 20 år.
Men som i mange fattige land: Sjølbestemt abort er veldig viktig fordi det åpner helsevesenet for kvinnene. Men når helsevesenet omtrent ikke finnes for kvinner flest, er de nesten like langt. Det er ikke nok leger eller andre med helseutdanning der flertallet kvinner bor. Kvinner vil derfor fortsette å ta aborter på sin farlige måte til fattigdommen er utrydda.
Kilde: FOKUS
LES OGSÅ: Kvinnekamp i sari - møte med kvinner i India og Nepal
Kilder: Economist, Wikipedia, www.cwin-nepal.org, Induspak