
akp.no har intervjuet Ingrid Baltzersen, som er nestleder i AKP, om Palestina-konflikten.
- Hva slags stat er Israel?
- Staten Israel er ein sionistisk stat, det vil seie ein rasistisk stat for jødar.
- Men er Israel en bra løsning for verdens jøder? Trenger ikke jødene et "hjemland"?
- Det at ein etter andre verdskrig sendte dei europeiske jødane til Midtausten var ikkje noka løysing, verken for jødane eller for palestinarane. Jødehatet i Europa var eit europeisk problem, og burde ikkje påførast ein uskuldig part, palestinarane. Jødane hadde ikkje trengt eit heimland viss Europa hadde prioritert å bekjempa jødehatet i staden for å oppretta ein koloni i Midtausten.
- Ca 18 prosent av innbyggerne i Israel er palestinere. Har disse de samme rettighetene som jødene?
- Offisielt har alle like rettar i Israel. Men det finst ein del viktige institusjonar, som nesten er statlege, der berre jødar har rettar. Til dømes har Jewish National Fund som oppgåve å kjøpa ikkje-jødisk jord, og forbod mot å selja det til ikkje-jødar. Palestinske landsbyar i Israel havnar sist på alle planar for oppgradering av vatn og kloakk. Mange jobbar krev at du har vore i militæret, og palestinarane gjer ikkje det.
- Finnes det noen løsning for palestinerne som samtidig innebærer at staten Israel fortsetter å eksistere?
- Det spørs kva ein meiner med at staten Israel held fram å eksistera. Med ei tostatsløysing, oppretting av to statar, kan den eine staten heita Israel, og liggja side om side med staten Palestina. Det vil vera ein stor minoritet i Israel som ikkje er jødisk også etter ei tostatsløysing.
Israel vil difor fortsetta å ha desse problema med mindre staten sluttar å vera sionistisk, det vil seie rasistisk. Det andre valet Israel har er etnisk reinsing av Israel, ei løysing som ope blir diskutert.
- Ser du på jødene i Israel som mer enn bare en religiøs gruppe? Er jødene i verden noe mer eller mindre enn andre religiøse samfunn?
- Jødane i Europa har for det meste budd i ghettoar, og det å vera jøde har vore knytta til slektskap, ikkje berre religion. Dette er ein tilstand dei deler med andre grupper, til dømes armenarane. Jødane i Israel kjem frå mange forskjellige land, dei pratar ikkje same språk, og dei hadde ulike tradisjonar. Internt i Israel er det mykje rasisme på grunn av desse skilnadane.
- Finnes det en egen palestinsk nasjon? Eller er det riktigere å sammenlikne "arabisk" med "europeisk" og "palestinsk" med "norsk"? Hva slags forskjell er det på en palestiner, en jordaner og en libaneser? Bor det ikke mange palestinere i alle nabolanda?
- Det er vanskeleg å bruka nasjonsomgrepet utanfor Europa. Palestinarane sin nasjonalisme kom mykje som ein reaksjon på sionismen. Arabisk nasjonalisme vart utvikla med inspirasjon frå Europa, men samtidig i si eiga form. Det finst ein palestinsk nasjonalisme, der ein jobbar samla for å få tilbake landet sitt. Og det finst ein arabisk nasjonalisme, eller ein pan-arabisme, som gjev samhald i dei arabiske landa mot vestleg imperialisme.
- PLO har brukt mye energi på å forhandle om en tostatsløsning. Disse forhandlingene har mislykkes. Hvorfor?
- Ei tostatsløysing tar utgangspunkt i grensene etter krigen i 1967. Det gjer at den palestinske staten blir på rundt 22 prosent av det opprinnelege palestinske området. PLO har godteke dette i forhandlingane, men Israel vil ikkje gje dei palestinske myndigheitene sjølvstyre, og dei vil ikkje fjerna busetjingane som deler Palestina i små delar. Det er nesten umogleg å laga ein stat på Vestbreidda og Gaza, sidan områda ikkje heng saman og er veldig små. Når Israel i tillegg har busetjingar og byggjer mur på området, blir det heilt umogleg. Ein får ikkje ei tostatsløysing før Israel trekk seg ut frå Vestbreidda og Gaza.
- Er ei tostatsløsning overhodet mulig?
- Ei tostatsløysing er mogleg, men eg meiner alle løysingar er urealistiske når Israel er ein sionistisk og ekspansjonistisk aggressiv nabostat. Ei løysing krev ei endring i staten Israel. Denne endringa kjem ikkje før Israel blir utsett for sterkt press.
- Hva mener du sjøl er den mest farbare veien til en varig løsning i området?
- Eg trur den beste løysinga hadde vore at det blei ein stat, der alle hadde like rettar. Men eg meiner det er opp til palestinarane å bestemma sjølv korleis dei skal kjempa kampen, og kva dei vil godta i forhandlingane. Samtidig er det vanskeleg å få høyre meininga til alle palestinarane, spesielt sidan ein stor del av dei lever i eksil i mange ulike land.
- Den amerikanske okkupasjonen av Irak og de økende økonomiske problemene internasjonalt har skjerpa motsetningene i området. Har okkupasjonen ført til sterkere enhet mellom progressive krefter i Vest-Asia (Midtøsten)? Er det i ferd med å vokse fram en flernasjonal front retta både mot USAs okkupasjon av Irak og mot Israels undertrykking av palestinerne, der løsningen også blir felles?
- Mykje av motstanden i Irak og Palestina er panarabisk. Det kjemper palestinarar i Irak, fordi dei ser at viss USA taper der, kan det styrka deira eigen kamp.
- Trass i at Israel har sterke støttespillere her hjemme, har kritikken mot landet økt. Kan dette ha sammenheng med at Israel er nærmere alliert med USA enn EU-landa, og at EU-landa derfor har en viss interesse av at Israel ikke blir for dominerende i området?
- Det at EU og spesielt Frankrike ser ut som om dei stør palestinarane og var mot krigen i Irak, er av to grunnar. Ein svært viktig grunn er den folkelege motstanden mot uretten som har blitt begått mot palestinarane. Men ein annan grunn er dei storpolitiske spøsmåla: Europa hadde oljekontraktar i Irak, det hadde ikkje USA. USA har best kontaktar med Israel, og difor treng Europa andre kontaktar i regionen.
- Da Yasir Arafat døde, ble det et mediestyr retta mot de palestinske organisasjonene som prøvde å framstille disse som korrupte og sa at det foregår en udemokratisk maktkamp mellom ulike fløyer. Hva mener du er den reelle situasjonen?
- Det er sant at det finst korrupsjon og maktkamp i dei palestinske sjølvstyremyndigheitene. Samtidig er dei i ein vanskeleg situasjon i forhold til å endra på dette. Det største hinderet er den israelske okkupasjonen, ikkje dei palestinske leiarane. Slik situasjonen er no reproduserer berre strukturane seg, sjølv om ein erstattar folka.
- Er det håp for palestinerne og jødene i Palestina?
- Håpet er at staten Israel opplever så sterkt press at dei endrar politikken sin før det er for seint.
![]() |
Israel/Palestina som foreslått av FN i 1947 (Kart etter Palestinian Academic Society for the Study of International Affairs) |
![]() |
Israel/Palestina i dag (Kart: HOH) |
![]() |
Omtrentlig omfang av muren på Vestbredden Stiplet linje: Foreslått murtrasé Heltrukken linje: Vedtatt murtrasé Hvitt område: Israelsk område Lysgrått område: Palestinske områder omringet av muren Den ferdige muren vil bli mellom 800 og 1000 km lang (Kart etter Gush-Shalom) |
|
hver israeler i gjennomsnitt bruker 321 kubikkmeter vann per år, mens hver palestiner bare bruker 35 kubikk? Hvem kontrollerer vannet?