Ikkje la Clemet ta frå deg nynorsken!

av Magnus Bernhardsen

Til innhaldslista for akp.no nr 9, 2004 ||| Til AKP si heimeside


Oslo-prosjektet dreier seg ikkje om pedagogikk eller skrivetrening, men er reint språkideologisk. Høgre vil ha nynorsken ut av Oslo.

Sidan 1814 har høgresida i Noreg vore mot norsk mål. Utdanningsminister Kristin Clemet og byrådet i Oslo vidarefører denne politiske arven i kampen mot opplæring i nynorsk i Osloskulen.

Høgresida har vore mot at Noreg skulle byta ut dansk med norsk, at nynorsk skulle verta jamstilt med bokmål, at alle elevar skulle få opplæring i både nynorsk og bokmål, og at nynorskelevane skulle få skulebøker på sitt eige språk.

Bakgrunnen for denne motstanden er at målstriden i Noreg uttrykkjer kulturelle og politiske skille mellom dei som vil at norsk kultur skal reflektera mangfaldet blant nordmenn, og dei som vil sikra at den tradisjonelle eliten har kulturelt hegemoni.

Nynorsken er ein samnemnar for alle dei norske målføra, medan bokmålet er ei tillemping av dansk til norsk ut frå talemålet til overklassen i Oslo.

Bløff om forsøk

No har byrådet i Oslo set i gong eit såkalla forskingsprosjekt, der elevane ved ni skular i Oslo kan få velja vekk undervisninga i såkalla skriftleg sidemål. Men det er til no ikkje noko forsking - ingen forskingsmiljø har vore med på å leggja opp "forsøket". Den offisielle målsetjinga er at elevane skal verta betre i bokmål av ikkje å skriva nynorsk. Inga skriveforsking viser at det er eit truleg resultat. Elevorganisasjonen i Oslo, som i utgangspunktet er positiv til sidemålsforsøk, er svært kritisk til "forsøket".

Elevar på dei ni skulane i Oslo bør velja å framleis læra nynorsk. Det er faktisk eit poeng å ikkje velja vekk ein del av norskfaget det er krav om å kunna ved lærarskulane, til dømes. Og det er viktig å stå i mot den nyliberalistiske ideen om at det einaste ein skal læra i skulen, er det som er bedriftsøkonomisk tenleg. Du får nok ikkje betre tenner av å skriva nynorsk, slik Are Kalvø hevdar, men du kan få større forståing for kvifor hovudstaden i Noreg berre er eit administrativt sentrum, og ikkje ein hovudstad for heile landet.