
"Prostitusjon er ikkje ein naturleg konsekvens av fattigdom. Prostitusjon oppstår der det er menn med pengar som vil kjøpe kvinner," seier Marit Kvamme.
Akp.no har intervjua Marit Kvamme. Ho er medlem av Kvinnefronten og er ein leiande ekspert på "trafficking".
akp.no: Kvifor er det å kjøpe sex av eit anna menneske gale?
Marit Kvamme: Fordi det er så skadeleg. For den enkelte kvinna, for alle kvinner og for samfunnet. Menneska sine kroppar skal ikkje vere til sals. Å gjere kvinnekroppen til vare og å akseptere at menn kan kjøpe denne vara, er eit hinder for likestilling og kvinnefrigjøring, noko som igjen hindrar demokrati og utvikling.
akp.no: Dei prostituerte vil ikkje forby sitt eige yrke. Meiner du at det er betre at dei går heilt arbeidslause og så og seie utan inntekt?
Marit Kvamme: For det første er prostitusjon ikkje eit yrke, det er eit overgrep, det er ein del av valden mot kvinner. Det vi krev, er at kvinnene skal få strakshjelp økonomisk og hjelp til utdanning og arbeid. Denne hjelpa må vere individuelt tilpassa og på kvinna sine premiss. Utanlandske kvinner som er offer for trafficking, må få opphaldsløyve i Noreg. Kvinner som har kome seg ut av prostitusjon, ser annleis på det. Dei fordømer prostitusjon og ynskjer kriminalisering av kjøp. Og dei skal vi også lytte til.
akp.no: Ein del feministar meiner at ein heller bør reise kampen for betre arbeidsvilkår for prostituerte og ser på det som eit yrke på lik line med andre?
Marit Kvamme: Vil desse feministane sjølve "jobbe" som prostituerte? Å få kroppen sin invadert av mange ukjente menn kvar dag? Å risikere liv og helse fordi menn skal ha tilgang til kvinnekroppar når dei ynskjer det? Eller skal dette vere "yrke" for dei andre? Dei som ikkje kan velje? Dei fattige og utslåtte? Dei som tidlegare har vore utsette for overgrep?
Marit Kvamme: Sjølvsagt er det viktig å bekjempe fattigdom. Men prostitusjon er ikkje ein naturleg konsekvens av fattigdom. Prostitusjon oppstår der det er menn med pengar som vil kjøpe kvinner. Derfor er det viktig at vi får eit forbod mot kjøp av kvinner i Noreg, slik dei har i Sverige, og snart i Finland og på Island.
akp.no: Det vert sagt at dette er den tredje største industrien i verda. Korleis kan det stemme? Det er vel ikkje meir enn eit par-tre tusen prostituerte i Noreg? Og det er vel ikkje ein daglegdags ting for ein mann å kjøpe sex? Det gjeld vel eit mindretall av menn og eit fåtall gonger?
Marit Kvamme: FN hevdar at mellom ein og fire millonar kvinner og born hamnar i sexindustrien kvart år. EU reknar at mellom 500.000 og 700.000 vert selde i Europa. Talet du nevner har vorte brukt om Oslo. Ingen har telt dei prostituerte i Noreg, men at det er atskillig høgare er sikkert. Endatil Interpol seier at menneskehandel med hovudformål sexindustrien no overgår narkotikaindustrien. 13 prosent av norske menn kjøper sex, dvs 100.000 menn. I land som har normalisert og legalisert prostitusjon, er prosenten mellom 40 og 60.
akp.no: Kvifor meiner du at kampen mot internasjonal prostitusjon, såkalt trafficking, er viktig for antiliberaliseringsrørsla?
Marit Kvamme: I Moldova, som eg besøkte i forrige veke, var enkelte landsbyar tomme for kvinner. Barn veks opp utan mødrene sine. Legar slo alarm om dette. At kvinnene hamnar i sexindustrien, er ein katastrofe for den enkelte kvinna, men også for den familien og det landet ho kjem frå. Unge kvinner får trekt ut fortennene for at dei betre skal kunne utføre oralsex. Så stygt er det. Desse kvinnene er i livsfare både når dei er i klørne på dei kriminelle bandene, men også om dei prøver å kome seg ut av det. Familiene deira er også truga. Og bak dette står alltid menn som er viljuge til å kjøpe.
Handelen med kvinner og barn må stoppast, og dette burde ha førsteprioritet for alle som er opptekne av den økonomiske globaliseringas konsekvensar. Og handelen stoppar du ved å hjelpe kvinnene, stoppe menn som kjøper og stoppe hallikar og bakmenn.
akp.no: I Sverige har dei vedteke forbod mot kjøp av sex. No nyleg konkluderte fleirtallet i eit offentleg oppnemnt utval med at det er lite å tene på kriminalisering. Kva tykkjer du om det?
Marit Kvamme: I det offentlege utvalet var det tre personar, to menn (ein kriminolog og ein politimann) og ei kvinne (lege). Det er vel ikkje tilfeldig at fleirtalet var dei to mennene? Det som er positivt, er at fleire og fleire organisasjonar sluttar seg til Nettverk mot prostitusjon og handel med kvinner. Det verkar som stadig fleire stør kravet om kriminalisering av kjøp.
akp.no: I Kina og Sovjet var prositusjon forbode då landa var reelt sosialistiske. Trur du at prostitusjon er noko ein først kan bli kvitt under sosialismen, eller trur du det er mogleg at ein for eksempel kan bli kvitt han i Sverige i løpet av dei næraste tiåra?
Marit Kvamme: Eg trur ikkje vi blir kvitt prostitusjon i løpet av kort tid. Eg trur ikkje det svenske forbodet mot kjøp åleine er nok til å bli kvitt prostitusjon. Vi treng først og fremst økonomiske alternativ for kvinnene i prostitusjon, slik at dei kan gjere andre valg. Ofra for trafficking må få opphaldsløyve. Vi treng ei massiv satsing på haldningsendringar først og fremst hjå menn, men også hjå kvinner. Vi må få menn til å slutte å kjøpe kvinner. Dei kriminelle bandane som tener på kvinnehandelen, må dømmast til strenge straffer. Vi må ha utstrakt internasjonalt samarbeid på alle plan. Næringspolitikk innanlands og utanlands må alltid ha eit kvinneperspektiv som fremjar likestilling. Store samfunnsendringar må til, men kampen må førast i dag og kvar dag.
akp.no: Kvifor er kamp mot prostitusjon viktig for den jamne mann og kvinne?
Marit Kvamme: Vi kan ikkje akseptere andre si liing. Vi kan ikkje godta at fattige og sårbare kvinner skal ofrast. Å gjere kvinna og kvinnekroppen til vare skader tilhøvet mellom mann og kvinne.
akp.no: Korleis meiner du at vanlege menn og kvinner kan føre kamp mot prositusjon?
Marit Kvamme: Ved å ta prostitusjon på alvor, skaffe seg kunnskap, markere motstand, delta i den offentlege debatten, organisere seg, argumentere på jobben, i familien, blant vener. Ta avstand frå ideen om at kvinner skal vere til sals og at menn skal kjøpe.